søndag, august 31, 2008

God søndag

Tusen takk for overveldande respons på resultatet av bakgangprosjektet mitt. Eg har hatt litt sånn ok-det-vart-greit-nok-haldning til heile gangen. Og grunnen til det ser de ovanfor. I ettertid oppdaga eg nemleg dette biletet av Mari Eriksson i eit svensk magasin (hugsar ikkje kva slags), og sjå kor fint dette var då! Nå er jo dette ei matbod/skafferi, men likevel sååå utruleg koseleg. Men uansett tusen takk for kommentarane, eg sat verkeleg pris på kvar og ein av dei!

Denne helga er satt av til opprydning i bøker og blader. Det hopar seg opp med rot og rask dersom ein ikkje er flink å kaste, så nå er eg i full gong med å rive ut det eg likar og kaste resten. Trur jammen eg skal sortere i utklippspermane også, for smaken endrar seg etterkvart. Det eg syns var banebrytande og genialt for eit par år sidan, er kanskje kjedeleg og ordinært i dag.
I opprydninga dukka det også opp ein del barnebøker som låg feilplassert, og eg kom jo omtrent i julestemning av desse bileta. Elsa Beskow sine bøker og illustrasjonar må vere noko av det finaste som er!


Tilbake til opprydning, strikking og søndagskos her i huset, og det gjenstår berre å ynskje dåko ein fin dag!

tirsdag, august 26, 2008

Bakgang

Før:
Etter:



Bakgangen er så og sei ferdig oppussa. Før var det, som de kan sjå, lakka furu frå 50-tallet her. Herlig, ikkje sant Prinsesse Elin?
Eg har malt med kvit oljemaling, og til og med vinylbelegget i trappa har fått seg eit malingsstrøk (men det får de sjå ein anna gong). Eg likar at rom er mest mogeleg praktiske og ikkje alt for mykje dilldall. Så her heng strykebrett, strykejern, vaskemidlar, moppestativ og alt slags ting eg ikkje har plass til inni huset i skjønn forening med hage og hobby(!) utstyr. Prøver å få mest mulig ting opp på veggen og vekk frå golvet.
I dag kom nytt Bonytt i posten, så nå skal eg jammen lage meg ein diger kopp med te, og kose meg i godstolen. Ha ein fin kveld de også, de som måtte finne veien innom her.

mandag, august 25, 2008

Barnerom igjen...

I forbindelse med innvielse av nye sengklede, så knipsa eg litt bilder frå rommet til vesle snuppelure. Tusen takk for alle kommentarane angåande hushjelpa mi forresten, hehe.
Nederst i ein kasse i kjellaren dukka denne gamle godnattengelen opp. Trur det er 5 år sidan eg sydde den, og det var på tide at den kom til heder og verdighet igjen.
Sjå det fine sengetøyet eg har skaffa til vesle snuppelure då: Var det ikkje utruleg fint?
På eine sida ser det slik ut med påsydde hekla blomstrar i friske fargar, og på baksida (og på putevaret) er det rosa bakgrunnsstoff med kvite elefantar på. Sengetøyet er frå SEBRA og veslemor har også ein del hekla dukker og leiker i det samme merket (to av dei sit plassert i tallerkenhylla over).
Rart at ein kan bli så glad av eit sengetøy, men det er eg altså. Juhu :) Rart at eit sengesett kan bli så skrukkete etter ei natts bruk også, men slik er det altså. Buhu :)
Sånn ellers er eg straks ferdig med oppussing av bakgangen, og reknar med å få den bloggifisert ein dag også. Må berre bloggifiKsere og bloggifRisere litt først :)


Nå er minipizzaene til morgondagens skulelunsj ferdigsteikt, gulvet er nyvaska, reine klede lagt fram, og det er på tide å få seg litt skjønnhetssøvn. Ha det godt!

søndag, august 24, 2008

Lampeutfordring frå Bodil

For nokre dagar sidan fekk eg ei utfordring frå Bodil Bo om å visa den lampen eg likar best i huset og skrive om historien bak lampekjøpet. Det var jo nå eg skulle hatt BTC-lampar å vise fram. Men sidan dei kostar ca 3500 kr per stykk så trur eg ikkje det er det første eg kjem til å kjøpe meg. Desverre.
Denne lampen er ikkje den eg likar best i huset, men den er iallefall den mestfargerike og livlige me har.

I 2003 (når sønnen var 10 mnd gammal) måtte eg reise på jobbreise til Italia og vere borte frå han i 10 lange dagar. Herlighet kor eg lengta etter den vesle pluggen av ein godgut med det viltre krøllete håret, men det gjekk jo fint å vere borte frå han også. Italia er jo ikkje så aller verst å vere i. Det er ein grunn til at eg har vore der 11 gonger liksom.

På denne jobbreisa hadde me base i eit munkekloster i Venezia, og reiste rundt i området på møter og befaringar. På kveldstid var det heldigvis tid til å handle litt, og eg var lukkeleg då eg fann ein kjempekjekk leikebutikk. Ein slik butikk der dei selg skikkelege treleiker og slikt, som Sprell i Oslo og Pinocchio i Bergen. Eg fall pladask for denne lampen. Kikka på den i mange dagar, men den var veeeeldig dyr. Ein dag me var på møte i Bologna så hadde eg ti minutt åleinetid før eg skulle møte dei andre. Og der, i ein overfull krimskramsbutikk, stod ein lik lampe til berre ein brøkdel av prisen. JUHU! Slikt blir eg gira av veit du. Finne ting eg likar billig :) Lampen vart sporenstreks kjøpt og frakta heim til den vesle poden.

Den virkar slik at når lampen vert oppvarma av lyspæra, så snurrer innerdelen rundt og motivet i lampen visest på veggene og i taket på rommet. Det er nok vanskeleg på sjå på bildet, men motivet er symjande fiskar og sjøhestar. Og jammen har dei symjande fiskane vore til underhaldning for både han og fleire små gjester som har vore på overnatting hjå oss.
Nå har lampen gjort sin misjon på dette rommet. Til dagleg er den er plassert innerst i eit skap , men fekk komme fram i dagen igjen i dag. Den havnar nok snart på veslesøster sitt rom, kan eg tenke meg
Bodil er i lampemodus, så eg må utfordre tre nye til å vise fram sin favorittlampe i heimen, og då utfordrar eg:
Noralill
Haust
Borghildpia

Nå er det førebuing til ei ny veke som står på trappene, så det gjenstår berre å sei god natt og ynskje dåko ei finfin veke!

lørdag, august 23, 2008

Jippi! Hushjelp ansatt.

På grunn av uendeleg mykje husarbeid har i lengre tid vurdert å ansette ei hushjelp. Byrjar ein å rydde i eine enden av huset kan ein starte på nytt igjen ved start når huset er ferdigrydda, for der har allereie nokon vore og dratt fram alle pannene eller f eks nugattiboksen og smurt nugatti utover alt ;) Tenk kor herleg å ha nokon som kjem og vaskar huset for deg ein dag i veka.

Eg hadde tenkt å leige inn ekstern hjelp, men i dag kom redningen intern i la famiglia. Sjå berre på denne bestemte frøkena.
Ho er visst like oppgitt som eg er over skiten, og har funne fram klut og JIF. Hehehe. I mi tid som ansatt i reingjeringsbyrå (sommarjobbar) fekk me tips om å sjå velstelte ut. Ingen trur at ei skitten sjuske klarar vaske reint rundt seg. Det ser jammen ikkje ut som om mi hushjelp har fått dette med seg. Ho hadde funne storebrors godtepose og kosa seg med sjokolade i dag :)


Det er litt godt når sommaren er på hell (herlighet for eit fantastisk ver det var i dag forresten), og ein kan brenne stearinlys og faktisk sjå at dei er tende. Denne "lysekruna" heng ute over bordet på terassen og det er veldig koseleg å sitte her om kveldane når veret er fint.
Ha ein finfin søndag. Trur det kjem ei oppdatering i morgon også :)



torsdag, august 21, 2008

Strikka flettegenser


Då eg byrja på denne genseren i februar bestemte eg meg for at den skulle vere ferdig til skulestart. Og det klarte eg, juhu :) Det er jo alt for varmt å gå med ullgenser nå, men heldigvis er gensaren såpassa stor at den kan brukast lenge.

Pysjbuksa frå Molo (kjøpt hos Min Engel) er kanskje ikkje den finaste buksa attåt ein flettegenser. Men. Kor nøye er det, hehe? Slik er det nemleg når mammo må skunde seg å ta bilder rett før sengetid for store skulegutar :) Skuleguten et forøvrig sesongens siste ripsbær her:

Mønster: Sandnes SMART superwash hefte nr 5. Garn: Sandnes SMART superwash.

Dagane fyk for tida. Eg susar mellom SFO/skule, barnehagetilvenning, jobb, møter, kampsportskule, fotballtreningar og heimen. Bloggen vert derfor ikkje førsteprioritet nå heller, og eg har desverre alt for lite tid å skrive kommentarar hos dåko. Håpar ting går seg meir til etterkvart :)

Ynskjer dåko alle ei kjempefin og avslappandes helg!

mandag, august 18, 2008

BTC lampar

Her snakkar eg om bloggpause, men så oppdaterer eg likegodt med to innlegg i løpet av få timar i staden :)

I februar skreiv eg om ein kjøkkenreportasje frå Hjemmet der eg fall pladask for nokre lampar som vart forhandla av Hanne Christiansen i København.

Typisk nok, dagen etter at eg hadde montert opp mine billige Ikea-lampar, så oppdagar eg ein slik lampe i min nye favorittinteriørbutikk her i Stavanger. Anna Gretas Interiør i Madlaveien. Og eg då, som hadde gitt opp jakta og trudde eg måtte til København for å kjøpe meg to BTC-lampar. Men altså, eg kunne vel ha fått 22 Ikea-lampar for den prisen det hadde blitt for to BTC-lampar, så eg er ikkje direkte fortvila. Men lampane er dødsfine. Og eg diggar kakeform-lukkemekanismen på dei. Sukk, tenk kor godt dei hadde passa inn på kjøkkenet vårt...

Og i dag kjøpte eg det nye BoligMagasinet, og der hang lampane igjen ;) Syns resten av heimen til den heldige eigaren av to BTC-lampar var knallfin også. Fargerik og fresh :)


Vel vel, det er lov å drøyme :) Ha det godt så lenge!

Seinsommar

Nå er den over, dagen me har venta så lenge på. Nemlig den fyrste skuledag for godguten vår. Været var strålandes fint, og det var kjempekjekt på skulen. Humøret før me gjekk var det iallefall ingenting å sei på:
I ettermiddag tok med middagen med oss, og åt den på Ølbergstranda. Me har vore her mange gonger nå, men i dag var fyrste gong eg hugsa kameraet.


Kjenner at det går litt trått med bloggeinspirasjon om dagen. Har vurdert å ta ein lengre pause, men sidan bloggelysta har svinga før og teke seg opp igjen så avventer eg det litt.

Ha ein finfin seinsommarkveld!

onsdag, august 13, 2008

Hippe stolar

Eg trur at det hippaste på stolfronten nå for tida er Tolix stolar. Eit kvart interiørblad med respekt for seg sjølv har avbilda Tolix-stolar i ulike samanhengar opp til fleire gonger i kvart nummer.

I det nye Interiørmagasinet hadde dei ikkje fått med seg at stolane heiter Tolix, men pyttsan, fine er dei:

Bonytt:
Allt om Kök & Bad:
Maison:
Elle Interiør:
Det er rart at når ein først legg merke til ein ting (f eks Tolix), så dukkar dei opp overalt. Stolane er råfine, og finst i alle slags fargar, med og utan armlen og som små og høge krakkar (vil ha). Eg syns varianten utan armlen (som den i Maison over her) er finast, samt barkrakkvarianten utan ryggstø og armlen. Det kjekkaste av alt er at her i Stavanger kostar stolane omlag 700 kr mindre enn i Oslo, JUHU!
Men hakket finare enn Tolix er Navy chair frå Emeco, etter mi meining. Desverre er prisen tilsvarande fordobla også...

Navy chair har lang historie og vart produsert for fyrste gong i 1944. Også desse kjem i mange kule fargar, sjå berre her:


Og når me snakkar om å legge merke til detaljar, slike ting som dette heng eg meg opp i. Ser de at stylingen av kjøkkenøya er ulik på framsida og inni bladet? Legg de også merke til slikt?

Og så er det så sjeldan ein ser kyssebilder i interiørmagasin at eg berre må ta dette med, hehe:


I tråd med forrige dagens innlegg om å Leve Livet NÅ, oppfordrar eg alle om å anskaffe seg ein slik gryteklut. Om nokon lurer så står det Fuck the diet på grytekluten ;)

Ha det godt alle saman. Eg er straks tilbake med litt strikkenytt. Trur eg :)

mandag, august 11, 2008

Nistetrøbbel

Når ein skal byrje i 1.klasse og ikkje liker brødskive, så er det vanskeleg for dei vaksne å lage nistepakke. I vår barneskuletid på tidleg 80-tal fekk me høvesvis kneip med servelat eller leverpostei med majones dag ut og dag inn. Med klumpar av margarin trykt godt nedi brødskiva. Og gul saft på plastflaske med raud kork. Nokon som hugsar dei?


Sukk, vert reint nostalgisk her, for eg hugsar så godt den raude skulesekken min, den raude metallmatboksen med hestemotiv på og kjensla av alvor som starta med å byrje i 1. klasse.
I dag er det plastmatboksar med Batman, Spiderman og Ninja Turtles, skulesekk med flammar og blinkande lys på og drikkeflaske som matchar matboksen. Nå er det meste av det 1.klassingen her i huset likar å ete skribla opp på kjøkkendøra, og som de ser så er ein del av dagens niste minipizza. Eg sette i gong å bake ostehorn i går kveld, så nå er frysaren full av potensiell niste som er godkjendt.

Slik må det bli. Er det brødskive i nisteboksen, så går han heile dagen utan å ete i det heile tatt...Og slikt blør mor sitt hjarta av.

Eg har mi siste ferieveke nå. Kosar meg med strikketøy inne i regnveret, medan eg spring til og frå tilvenning på SFO. Tudeluuu!


lørdag, august 09, 2008

ABC Alphabet cards

Det går i ferietempo i bloggen for tida. Må berre beklage at oppdateringane ikkje kjem i hyppigaste laget. Verdas beste venn har vore på besøk hos meg og familien, og det har vore kjempekjekt. Han har nyleg vore på ferie i USA, og hadde med ein NYDELEG pakke til meg, hehe.
Pakken var eigentleg til ungane, eller den Er til ungane. Men eg elskar den, og skal jammen passe på at desse nydelege korta takast godt vare på.
Sjå berre dei nydelege illustrasjonane. Veit at Q-kortet hadde vore min favoritt som liten ;)

Og for meg som er inne i ein strikkeperiode i mitt kreative liv, syns at Y'en er heilt perfekt illustrert også, hehe.
Tusen takk K, du er:
Eg har aldri vore så oppteken av USA, og det er mange stader eg har lyst til å dra før USA. Men eg må innrømme at eit besøk innom nettsida til butikken pakken er kjøpt på fekk meg til å ynskje å dra dit for å handle. Besøk sida du også her.

Har ein besøk kan ein nytte anledningen til å lage god mat, og Devils food cake vart testa ut denne gongen. FANTASTISK mektig og god. Dei syrlege ripsbæra til Samson var faktisk perfekt på kaka. Som ei motvekt til alt det søte.


Yummi! Oppskrifta er frå boka Far heter Daddy, men ein variant finst også i boka Två systrars søta. Hadde opprinneleg tenkt å lage eit eige innlegg om akkurat det, over kor utruleg like oppskriftene i dei to bøkene er. Men har ikkje kome så langt, og nå har eg fått sagt det likevel. Hehehe, snakk om effektivitet.

Eg er ei pyse i tivolisamanheng, og syns eg var genial då eg organiserte det slik at veslefeen sov formiddagslur heime saman med pappaen, medan me andre tok turen til Kongeparken. Då kunne eg nemleg passe på verdisakene, medan K og S tok den eine karusellen etter den andre ;)


Ha ei kjempefin helg!