tirsdag, oktober 07, 2008

Netthandel på Etsy

Det er fleire som har spurt om ikkje eg kan fortelje om netthandel på Etsy, og det er klart eg kan :) Som det står på Etsy si startside: Your place to buy and sell all things handmade. Det er altså berre håndlaga ting som selgjast her.





Det første eg vil anbefale er å opprette ein PayPal-brukarkonto. Med PayPal handlar ein trygt og effektivt, der PayPal er eit slags mellomledd som sikrar at kjøpar ikkje får info om din bankkonto f eks. For å opprette PayPalkonto melder du deg inn her. Du blir trukke 15 kr frå bankkontoen ved opprettelse av PayPalkonto. Etter nokre dagar går du inn i nettbanken og på den transaksjon der 15 kr er trukke frå, står det ein firesifra kode. Denne firesifra koden brukar du til å verifisere PayPal-brukarkontoen. Når dette er gjort er det berre å handle i vei - enkelt og greit :) Og dei 15 kr blir tilbakeført til kontoen din så snart du har verifisert PayPal brukarkonto.


Og så var det ETSY då... Ein har fleire mulighetar til å finne fram til det ein er ute etter. Ein kan f eks bruke søkefunksjonen og søke etter spesifikke ting.



Her er ein litt kjekk måte å leite på Etsy, syns eg: Om eg finn ein selgjar som lagar fine ting som eg likar, så kikkar eg på denne selgjaren sine favorittar (står under profilen til den selgjaren du er inne på - som oftast i venstre hjørne av skjermbildet). Då finn eg enkelt fram til ørtifjørti fleire fine ting som eg vert inspirert av eller som eg kjøper.

Når ein bestemmer seg for å kjøpe noko, så er det mange selgjarar som krever betaling via PayPal - derfor denne oppfordringa i starten av dette innlegget.




Håpar eg klarte forklare det sånn nokonlunde :) Tvi tvi i jakta på Etsy-skattane :)


PS! Alle bileta i dette innlegget er frå Etsy

14 kommentarer:

  1. Jeg synes du forklarte veldig godt! Har selv handlet på Etsy flere ganger, og har kun gode erfaringer. Masse flotte ting, gode priser, rask levering. Bruker PayPal, det har jeg alltid gjort siden jeg oppdaget Ebay for en del år siden. Det føles trygt, og det betyr jo gjerne en del ved denne type shopping!

    Masse fint fra Etsy du viser i dag! Kan bruke mange, mange timer på å beundre lekre produkter, det er virkelig mye fint som legges ut for salg!

    Fikk forresten bildet mitt for noen dager siden, Keep Calm, håper å lage et innlegg om det snart! :)

    SvarSlett
  2. Kjempekjekt at du foklarar korleis me gjer det! Og ikkje minst at det faktisk er trygt å handle der ute i verda... Eg ventar på stoff bestilt frå ein nettutikk i USA...spent..

    SvarSlett
  3. hei hei.. har og konto på etsy, men æ oppretta ingen paypal konto først, men d e vel bare om Æ ska selg nokka der inne?? æ har foreløpig bare kjøpt...

    SvarSlett
  4. Takk for innføring, har bare vært innom og kikket litt... Utrolig fint sted :)
    Kanskje jeg skal ta meg en tur til nå...
    *siv*

    SvarSlett
  5. takk for tips!! herlege ting du viser bilder av frå Etsy..spesielt smikka er nydeleg, syns eg!
    har dåko haustferie nå, eller??? er dåko i stavanger??

    SvarSlett
  6. Etsy er fantastisk - og farleg for lommeboka! ;) Eg satsar på å handle ein del julegåver der i år, kjekt å handle slikt som ikkje er masseprodusert!

    SvarSlett
  7. Jeg lurer bare på om det er enkelte selgere en bør holde seg unna. Hvordan kan en vite om selgeren er pålitelig?

    Til dere som har kjøpt keep calm-plakat, hvilken selger har dere kjøpt det av?

    Og er det med ramme eller bare plakaten som selges?

    SvarSlett
  8. Hei Sine.
    For å vite korleis ein selgjar er påliteleg så kan du sjå under Selgjars profil så er det noko som heiter Rating. Dersom du trykker på prosenten, så kjem du inn på ei side som viser positive, nøytrale og negative tilbakemeldingar kvar selgjar har fått..

    Keep Calm vart kjøpt som plakat UTAN ramme. Eg kjøpte min hjå denne selgjaren: http://www.etsy.com/shop.php?user_id=6255688

    Lukka til!

    SvarSlett
  9. Hei Feen!
    Lager du fortsatt de kjempefine båtene dine...?
    Hilsen Anette:-)

    SvarSlett
  10. Hei Anette. Eg hadde egentlig ikkje tenkt til det, men nå seier mannen frå sofakroken at det kan me absolutt. Så då får du følgje med i bloggen :)

    SvarSlett
  11. Har flere ganger vært innom og tittet på etsy, men aldri kjøpt noe...mye fint en kan finne der!

    Jeg må bare anbefale deg denne mnd Maison, ååhhh så mye fint.... =0)

    SvarSlett
  12. heihei! Ta en tur innom bloggen min. Der ligger det noe og venter på deg!

    SvarSlett
  13. Oii, der var det myye fint!! Har du noen favoritt butikk i Stavanger ?

    SvarSlett
  14. Anonym9:08 p.m.

    Hei! Prøver å samle nettbutikker i en gratis katalog. Her kan alle registrere sin nettbutikk gratis, uansett størrelse og form! Jeg blir super-glad hvis noen har lyst til å registrere noen bra der. Det ligger ca 150 stykker i alle mulige former, men jeg trenger flere :) Takker
    Hilsen Annette

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ei lita helsing til meg. Eg set utruleg stor pris på kvar og ein av dei :)