fredag, mai 30, 2008

God helg



Med desse bileta frå Zara Home ynskjer eg alle som måtte komme innom bloggen ei god helg!


Tilføyelse. På ein liten surferunde midt i helgevasken dumpa eg innom Guro og fann desse:



Er ikkje dette verdas søtaste tøfler så veit ikkje eg. Og det mest fantastiske er at Guro har dikta mønsteret sjølv. Stikk innom henne og sjå meir *smil*

torsdag, mai 29, 2008

Sanninga om feen

Først og fremst: Tusen takk for overveldande respons på båtane me har laga. Både eg og sambo er lettare sjokkert og lukkelege.

Det var ikkje heilt planlagt at det skulle bli så stille her inne, men Bodil Bo kom på besøk på mandag (og reiste i dag torsdag), så me måtte sjølvsagt gjere alt anna enn å blogge. Me har farta rundt mellom interiørbutikkar, fotooppdrag, og masse anna kjekt. Me har vore på Maries Maison, Smak, Villa Rosa, Berland Interiør og Antikk, Engler, Søstrene Grene, og mange andre stader. Har kjøpt ein del dill og dall som sikkert dukkar opp her inne etterkvart. Hjå Smak klarte eg ikkje gå ifrå denne velkomsthelsinga:



Så har eg fått ei utfordring om å fortelje litt meir om med sjølv, og her kjem svara fort og gale:

1. Hvilke 3 navn går du under?
Mamma, Lindipindi og kjære. Men som oftast berre Linda.

2. Nevn 3 ting som skremmer deg.
DØDEN med stor D. Det eg er aller mest redd er å dø frå ungane medan dei er små. Ikkje berre fordi eg ikkje vil dei skal miste mor si, men fordi eg veit kor grusomt skremmande det er å vere liten og redd for at også den andre foreldren skal dø. Rotter er skikkelig ekle og skremmande. Sånn utover det er eg ikkje så skvetten, så eg kjem ikkje på fleire ting her...

3. 3 ting du ofte har på deg, helst bruker;
Den er enkel: BH, sminke og lesebriller

4. 3 sannheter om deg selv
Eg er ei utolmodig handywoman. Eg sagar, spikrar, sveiser, borar og gjer det meste sjølv. Mitt livsmotto er: Alt går! Men helst skulle eg hatt ting gjort i går, og vert irritert om ting tar for lang tid.

Eg søv alt for lite. 5-6 timar i døgnet er ikkje nok. Eg er så trøytt at eg ikkje hugsar kva eg har gjort når helga er over, hehe. Burde absolutt sove meir, men samtidig var det alt som skulle ha vore gjort då.

Den gode feen nicket fann eg på ein gong eg skulle lage meg MSN-profil (lenge før blogging, sying og alt). Den dag i dag er eg lukkeleg glad for at eg har det nicket, fordi det passar godt til meg og til tinga eg syr.

5. Nevn 3 ting du virkelig ønsker deg.
Det er ynskjer meg mest på jord er at alle eg er glad i skal leve lenge og ikkje dø frå meg. Eg ynskjer meg også ein slank og smekker kropp, utan rynker rundt augene på grunn av alder og søvnmangel, hehe. Og så skulle eg ønske at det gjekk an å få ungar utan at dei måtte fødast. Ha ha.


























Nå er det planlegging av 1 årsdag som står på tapeten. Tenk at det allerede (om nokre dagar) har gått eit år sidan vesle snuppemor vart født

Ha det godt alle saman!

lørdag, mai 24, 2008

Ship O'hoi

Kryss i taket, vero står'kje te påske, splitte mine bramseil, osv. Eg og mannen har slege våre kreative hjernar saman, og laga små seglbåtar. Eg såg nokre liknande båtar på nettet ein gong, og fekk mannen til å sage ut båtar, medan eg har dekorert dei. Syns dei vart veldig søte. Eg kjenner at kreativiteten boblar, og eg vil egentleg berre sy og sy og sy. Så gjenstår det å sjå om eg kjem frå planlegging til handling i løpet av dagen. Ha ein fin laurdag!



Båtane havnar straks i bloggsjappa.



Bakesett til borna



På nettjakt etter kjøkkenlampar, enda eg opp med å kjøpe bakesett til borna, hehe. Eg fann nemleg ein superkoseleg nettbutikk (Vidunderleg vakkert), og klarte sjølvsagt ikkje motstå desse søte tinga.

fredag, mai 23, 2008

Ein oransje fredag

Eg likar i grunnen ikkje oransje. Har aldri gjort det. Verken på klede eller i interiør. Men i dag har eg altså kjøpt meg eit forklede på Fretex. Og eg diggar det, trass i at det er oransje. Er ikkje dette sommarsleg og fint. Det var faktisk så fint at eg vurderte å ha det på då eg gjekk ut for å klippe hekken i formiddag. Hehe. Eg tok det ikkje på altså.

I stadan skal eg ha det på meg, når eg ein vakker dag skal setje meg ned med CD-mappa mi...

...og høyre på lydbokvarianten av ei av våre bøker med oransje omslag *glis*. Her likar me at alt matchar, ikkje sant?

CD-mappa kjøpte eg forresten også på dagens svipp-innom-Fretex-tur. Den er av merket Prôpagânda og kostar nok betrakteleg meir enn 10 kr i andre butikkar. CD-mappa er ubrukt og kul. Tykkjer eg. Trass i at Mr P (han som heng i glidlåsen) bit i ein oransje dings.

God helg!!

torsdag, mai 22, 2008

Torsdag porsdag

God torsdagsformiddag! Eg fortset med mine informative og spennande overskrifter eg, hehe.

I dag får de sjå ein liten sniktitt av kjøkkenøya vår. Den vart skrudd saman i natt (når skal eg lære å komme meg i seng tidlegare?), og er derfor verken dandert eller styla. Derfor berre denne sniktitten.




Fargen på mi kjære kjøkkenmaskin er ganske vanskeleg å kombinere med dei andre lyseblåe tinga er har på kjøkkenet. Den er isblå og derfor litt meir lys turkis enn lys blå. Kompisen min forslo at eg skulle setje maskina i kjøkkenskapet, men nei du. Denne er for fin til å stå gøymt i eit kjøkkenskap altså *smil*.
Og eplene i denne skåla:


skulle ha vore bytta ut med desse i frå stova:

for å matche betre med denne boksen (House Doctor):


HD boksen (som eg likar sååå godt) har til mi store glede samme isblå bunnfarge, som kjøkkenmaskina.

Eg har lenge beundra alt det fine som Line i Lines verden syr og lagar. Og sjå det fine ho har sydd på bestilling til meg:


Veska og clutchen er allereie tekne i bruk og eg er KJEMPEFORNØYD med dei.

Ha ein finfin torsdag. Nå står ein forkjøla liten fe i senga og roper på mammo si. Tudeluuu!

tirsdag, mai 20, 2008

På ein tirsdagskveld.

Er det fleire enn meg som tykkjer det er vanskeleg å finne på overskrifter til blogginnlegga?
Det er særleg vanskeleg om ein postar innlegg ofte, og kanskje ikkje har noko spesielt å sei, hehe.

Her har det heldigvis skjedd ein del, trass i at det har vore stille på bloggen. Kjøkkenet byrjar verte ferdig. Berre litt flisespikkeri mangler (litt fugemasse her, og litt sparkel der).



Veggene er gipsa, sparkla, pussa, sparkla, pussa og kvitmalte. Eg byrjar verte nøgd. Juhu. Mannen også. Juhu. Før var det skrekk og gru, og nå byrjar det så smått og bli meir meg/oss. Skal eg minne dåko om korleis det såg ut før. Ja, Prinsessa, dette er furuhelvete. Heldigvis er det passè.



Leselampen frå Hilmers Hus kjøpte eg på salg i februar. Tykkjer den er kjempefin. Døra de ser i bakgrunnen går ut i bakgangen. Den er neste oppussingsprosjekt. Gangen altså. Som de ser så tok eg bilete kl 0843 i dag tidleg, og etter det har meir oppussing føregått. Døra på bilete har fått tavlemaling i spegelen, så det vert ikkje så ulikt leiligheten i Bergen dette her *glise*.



Knaggrekke frå Ib Laursen, og favorittklokka mi er frå Ikea. Veska har eg sydd for ørti (ca fem år) sidan, og forkledet er kjøpt på Åhlens.


Håper det har det bra alle saman. Tusen takk for kommentarar på forrige innlegg, det er godt at eg ikkje kjedar dåko ihjel. Håpar eg rekk ta bunadskurs. Kom jo på at eg om ein månad er tilbake 100% hektisk jobb. Kanskje eg er litt for ambisiøs med desse bunadsplanane mine (Hjørdis: eg er GJERNE med og tar kurs med deg!). Men ein klarer alt ein vil, ikkje sant?

søndag, mai 18, 2008

Vel overstått

Vel overstått syttande mai, folkens. I dag postar eg faktisk bilete av meg sjølv, og det er vel ikkje daglegdags *smil*. Her er altså eg og dei to håpefulle pynta, og klare til å gå i tog:
Alma hadde på seg den nydelege matroskjolen Hobbyhus-Merete strikka til henne til jul. Og jammen var det bra at ho hadde så gode og fine klede, for sjølv om sola titta fram, så var det kjøleg.

Eg har store ambisjonar. Innan neste 17.mai så skal ungane ha bunad på. Ja, EG skal sy bunad til dei. Eg sjølv skal komme inn i min Sunnhordalandsbunad. Og sist men størst: Mannen skal også få bunad. Trur eg. Veit ikkje om eg vågar begje meg utpå slikt tradisjonelt handarbeid, som er tidkrevande og heilt sikkert dyrt, men med god hjelp må eg då få det til, vel? Går det an å gå på bunadsyings-kurs mon tru?

Nå skal eg straks gjere SISTE innsats på kjøkkenveggene før dei kan malast (sukk kor mykje arbeid det er med sparkling av gipsplater). Så om ikkje lenge er denne bloggen ikkje lengre som eit familiealbum, men litt meir interiørprega. Og for dei som har gått lei av bloggen min (ja, eg har fått slike tilbakemeldingar), så kan eg berolige om at syinspirasjonen er på stigande kurs. Eg har bestilt inn masse stoff, og gledar meg til å vere kreativ.

Og heeeeeilt avslutningsvis så må eg sende ein varm klem sørover til Emmeline. Håpar flystreiken varer lenge nok til at du rekk å ta igjen mannen din sin brunfarge. Knallgøy at du surfar frå utlandet!!

torsdag, mai 15, 2008

Eg mista visst piffen

Eg mista aldeles bloggepiffen brått og brutalt. Har i grunnen mykje eg skulle ha vist fram, både heimesnekra skap, nytt plantebord, nye varp, og mykje anna som eg likar. Men eg gidd rett og slett ikkje dra fram kameraet, hehe. Eg veit at bloggelysta kjem tilbake, men enn så lenge så kosar eg meg glugg ihjel med mine to små gullklompar. Små og små fru Blom, denne karen er snart skulegut.

Som de sikkert har sett, så har Flittiglisene lagt ut eit intervju med meg. Eg skulle ønske at huset var meir ferdigoppussa og ikkje minst styla. Bileta var jo ikkje tekne med tanke på intervju, men men, det får duge.

Bunaden vart testa i dag, og det er berre å innsjå realitetane at den er for stram. Eg såg nok annleis ut som konfirmant gitt. For det er vel meininga at ein skal kunne puste og bevege seg i ullkreasjonen? Nei, takke meg til kjole frå Kappahl i år, og heller satse på bunadsbruk neste år (også). Ynskjer dåko alle ei like herleg 17.mai feiring som eg planlegg.

tirsdag, mai 13, 2008

Kreativ blogger

Tusen takk for awarden eg har fått av Katarinas Verden og Hobbyhuset. Eg set kjempestor pris på å få award, sjølv om eg er litt treig av meg med å sende dei vidare *smil*.

Det er vanvittig mange bloggarar der ute som er kjempekreative, og som fortener ein award. Men eg har valgt ut nokre kreative flinke jenter (som sikkert allereie har fått awarden fleire gonger), og det er:
Tante Mimmi: som har ein nydeleg blogg, og som skriv på nynorsk. Herleg.
Noralill: ein anna nynorskbloggar som har ein stil og smak heilt etter mi nase.
Modern Country: som syr dei nydelegaste ting, og har ein blogg som osar god stemning og fred.
Hannas Form: ein svensk blogg med fantastisk fine bilete og herleg stemning


mandag, mai 12, 2008

For ei herleg tid

For ei herleg tid dette er. Tenk å kunne gå rundt i singlet og shorts i byrjinga av mai. Ikkje at eg pleier gå rundt i shorts altså, men eg kunne ha gjort det utan å fryse nå om dagen, hehe. Me har funne mange kjempekjekke turveier i nabolaget, og stortrivst her. Kongeparken er jo også supergøy. Eg pleier sjeldan gjere store sprell, og er framleis stolt over at eg overlevde Kongeraften der, hehe.

Det er travle dagar, utan at eg får gjort så mykje. Minstemor er ei travel dame. Før eg får sukka har ho velta drikkeglass, grautskåler og liknande, og kosar seg stort med å kline både seg sjølv og huset inn i klisset *smil*. Eldstemann er ein kjempeflink storebror, men han må jo passast på han også. Ein ettermiddag ute vart det veldig stille i hagen...Gjett kven som hadde knipsa bort dei fleste knoppane på den store peonen? Sukk, heldigvis er det eit par knoppar til, så eg i det minste får sjå kva farge det er på peonen i hagen... Hehe.

I dag er planen å stryke alle nyvaska for små babyplagg me har lånt av gode venner. I tillegg håpar eg å svinge tryllestaven på kjøkkenet slik at det plutseleg vert ferdig sparkla og pussa og klar for maling... ha ein fin 2.pinsedag de også!!


torsdag, mai 08, 2008

I'm back

Beklagar så masse at det har vore treigt med oppdatering her i det siste. Eg og dei søte små (tusen takk for alle kommentarar til fe-bildet) har hatt ein miniferie heime hos mamma. Der har me hatt det fantastisk kjekt, med mykje kos, litt rydding/oppussing og venninnebesøk. Bileta er av ei lysekruna (he he Emmeline) eg egentleg kjøpte til meg sjølv, men som eg fann ut at passa mykje betre inn hos mamma. Er den ikkje fin? Kjøpt til halv pris på opphørssalg på Kvadrat i januar.




Me kom heim igjen for fleire dagar sidan, men sidan veret har vore så herleg, så har eg rett og slett prioritert sol og turværet i stadan for internett (sunt!).
Her heng to laken kjøpt på Qxl til tørk. Eg har vaska dei i lavendelvaskemiddelet frå Durance, luktar herleg ! Lurer på kva eg skal sy av dei. Har sett nokon sydd liftgardiner av slikt, og kanskje eg skal herme? Tar i mot forslag til tips!

I dag svinsa eg innom Fretex. Og lukkeleg er eg for det (knall-lenge sidan eg har vore der). Sjå kva eg fann. Gamle kakeformer, akkurat slike eg har ønska meg. 30 kr for alle desse er ikkje verst gitt.


Dette handkleet er frå Qxl. Veit ikkje heilt kva eg skal med det. Einaste bror min som byrjar på H i min familie, men han bryr seg nok neppe om eit kjøkkenhåndkle med monogram hehe. Gratulerer med dagen din i morgon forresten kjære veslebroren min (tvilar på at du er innom her, men likevel...)

Heima hos mamma måtte eg sjølvsagt fleire gonger for dagen innom Sæbøvik gåver og leiker (godt at mamma bur 2 min i gangavstand). Kjøpte meg denne bøtta frå House Doctor som eg har sett på i fleire år utan å gjere noko med det før.

På plantebordet blømer og spirer det, og det er så kjekt. Kransen er kjøpt hos Gunhild - Something Blue. Skulle egentleg ha kransen inne, men det var før eg kom på at eg er allergisk mot bjørk, hehe.

Det er så fantastisk kjekt å ha hage nå når det er så fint ver. Eg elskar å stulle og stelle utandørs. Til og med å slå plenen er jo kjekt...enn så lenge iallefall.
Ha det godt, alle som måtte finne vegen innom her
Related Posts with Thumbnails