søndag, november 30, 2008

1. søndag i advent

Så var 1. søndag i advent her. Det er utruleg koseleg å ta fram den gamle julepynten i eit "nytt" hus. Det er jo første jula vår her i dette huset, så det er litt spesielt.
Ein lurer jo alltid på korleis forrige eigar hadde det, og korleis dei pynta, og om naboane er fornøyd med korleis me steller det rundt oss :) Papirstjerna og gamle heimelaga englar av papir er på plass, det samme er JUL-bokstavar frå Herr Fe si sag...

..og dei tre bukkene bruse frå den samme saga:
Utforbi skapar lysande kransar frå januarsalget til Bohus stemning saman med ein gamal kjelke frå Bergen og gamle skøyter frå Fretex.
#
Det passa perfekt at været var fantastisk fint denne første søndagen i advent. Sol frå skyfri himmel, frost og rim på bakken og frostrøyk ut munnen. Etter nyttår skal huset vårt renoverast med ny bordkledning, isolasjon, nye vindu og nye ytterdørar (har to like). Eg syns dei dørane me har nå er nydeleg fine, men det er ikkje særleg praktisk at dei bles opne når stormane susar rundt nåva.
Eg er ikkje ferdig med unganes adventskalender enno. Det ordner eg i kveld når dei er i seng. Men kalenderposane frå fleire år tilbake er komne fram, så får me sjå om dei vert tekne i bruk. Blir også spennande å sjå om at eg har kjøpt inn mange nok gåver... Travle tider, gitt.

Me kutta ut å dra på julegrantenning i sentrum i dag. Det var så godt og varmt inne, at det vart for fristande å slappe fullstendig av.
#
Me har nemleg hatt kjempekoseleg besøk i dag. Søskenbarnet mitt med familie kom på middag, og det var superkoseleg å sjå dei igjen. Ikkje minst, var det kjekt å møte den vesle nykommaren i familien deira. Småjentene fann tonen, og det var kjempekjekt å sjå dei saman :)

Eg skal prøve å oppdatere litt oftare denne veka, enn forrige. Berre synd at eg brukte opp alle nytekne bilder i dagslys på denne posten, ha ha.
#
Rart at de ikkje har fått sett bilde av adventsstaken enno? Ha ha, det har seg ein grunn. Det var nemleg ikkje berre kvit sytråd eg gløymte i går... Eg gløymte å kjøpe kvite kubbelys også. Jaja, det vert jul likevel :)
#
PS! Eg gløymte heilt å svare på korleis eg lagde melisglasuren til pepperkakehuset. Eg stivpiska 4 eggekviter, hadde i ca 4-5 dl melis, og ei teskei natron (oppskrift frå boka Knas). Melisglasuren er haldbar i fleire dagar i kjøleskap. Trikset med pepperkakehus er å dekorere dei ferdige før du limer saman delane.
Eg brukte tipset frå boka om å bruke små plastposar med glidelåslukking. Klipte eit lite hol i eine hjørna, og dekorerte huset og pepperkaker. Det vert lite griseri, og posane er kjekke å ta fram får kjølekapet om små kunstnarar får lyst til å pynte fleire pepperkaker.

lørdag, november 29, 2008

På tide med oppdatering :)

Grunnen til at det tar tid mellom kvart bloggeinnlegg for tida er det forbaskade mørket som har innteke heimen når eg kjem heim frå jobb på ettermiddagane. Utan kjekke bilder, så er det ganske så kjipt å blogge.
Sidan me i fjor reiv sukkerbit-engle-slottet vårt, måtte det bli pepperkakehus til advent i år. Eg har laga ein veldig forenkla variant av eit nyyydeleg pepperkakehus i boka Knas av Pernille Faye. Skal du sjå den perfekte utgåve av det pepperkakehuset bør du besøke Lisbeth sin blogg. Mitt pepperkakehus blir eit lite skur til samanlikning med Lisbeth sine (!), men det er heilt ok. Det gjer nytta si :)
Med gelantinplater som vindusruter, og med ei heil lyslenke inni, masse melisglasur, og eit melisdryss over til slutt og ikkje minst pepperkakelukta vert det stemning i heimen. Trass i at huset må stå relativt høgt oppe pga klåfingra småjenter :)
Nytt av dette året er ei kyrkje frå 70-tallet (QXL). Også denne med lys inni, og speledåse som spelar Glade jul, hellige jul. Eg og sønnen har planar om å lage ein liten landsby med små englar, nissar og fluesoppar i skjønn forening. Då bileta vart knipsa i dag tidleg var ikkje julepynten kome ned frå loftet, så kanskje de får sjå fleire bilder frå julelandsbyen vår seinare.
Alt er veldig provisorisk på desse bileta, og hjerteranken på veggen skal for eksempel ikkje henge der.
Ellers så har eg rukke å sy litt i det siste også. Her er ein kalenderpose med motiv frå Elsa Beskows Året rundt:
Julestrømper med motiv frå samme bok, og gamle blonder:
Og julestrømper utan blonde, men sløyfeband til dekor i staden.

Eg gjekk typisk nok tom for kvit sytråd midt i siste sy økt. Skikkeleg irriterandes når eg var så godt i gong. Det verste er at eg gløymte kjøpe ny tråd i dag også, så eg får heller hekle eller strikke denne helga her...Heldigvis hugsa eg kjøpe nytt alpakkagarn inn.
Vel, det var alt for denne gong. Nå skal straks adventspynten hengast opp, og kalendergåver pakkast inn. Ha ei riktig fin helg alle saman!

søndag, november 23, 2008

Herleg søndag

Tusen takk for alle fine ord angåande barneselskapet i går. Eg har desverre ikkje hatt tid til å komme innom dåko i gjengjeld, men håpar å få tid i kveld...kanskje :)


Ah, søndagar er min desiderte favorittdag i veka. Ein liten tur i akebakken like etter frukost gjorde godt for kropp og sjel. Nå er me inne i varmen og eg skal straks starte litt kreative sysler. I veka som gjekk fekk eg ikkje sydd ein einaste ny ting til skulehuset, så nå treng eg ei lang økt bak symaskina. Bloggbutikken blir snart oppdatert med fire seglbåtar. Ha ein finfin søndag de også!

lørdag, november 22, 2008

Vel overstått...puh

Då har endeleg helgefreden senka seg i den fe'iske heim. Eit tre timar langt barneselskap med 12 aktive 6-åringar på besøk lagar spor etter seg. Støynivået var på eit tidspunkt så høgt at eg trur nesten det vart for høgt for dei sjølve.Men kjempesuksess var det. Heldigvis. Det mest morsomme var fiskedammen der dei fiska hanskar, paprika, tøfler og Her Fe (!) før dei til slutt fekk godteposar på kroken. Ungane lo og lo, og det var kjempeløye for oss vaksne også. Ein klassikar i barneselskap som aldri går av moten.
På bileta ser de korleis sjokoladeskipet vart sjåandes ut. Det slo heldigvis an. Og jubilanten vart nøgd då han fekk pynte bordet med Bionicle-figurar som erstatning for laser-sverd-kake.
Rundt kaka svømte det massevis av gullfiskar, raude fiskar, krokodillar og sjokoladeskjell. Eg kutta ut blå gele som eg veit mange brukar rundt slike kaker. Såg for meg at det ville bli for mykje kliss.
Marshmellows duppa i sjokolade og kakestrøssel slo også an. Fekk idèen på ein blogg etter 5-årsdagen i fjor. Hugsar ikkje kven det var som viste denne idèen, men ser du dette så ser du at eg vart inspirert.

Då har Herr og Fru Fe slengt beina på bordet og kosar seg med spekemat og honningmelon. Glade og nøgde med vel blåst fest. Og kanskje litt glade over at det er eit heilt år til neste gong :) Ynskjer dåko alle ein fin laurdagskveld

fredag, november 21, 2008

Kvit helg

Stavanger er snødekka, og eg gledar meg over det fine lyset det vert innandørs. På mandag vart eg 35 år (HJELP), og i den anledning var eg så heldig å få meg nye ski. Gjett kven som skal ut og teste føret i helga :)

I morgon brakar det laus med 6-årsdag i heimen. Vår kjære, snille, skjønne, verdens beste godgut vert 6 år, og det skal jo sjølvsagt feirast. Kveldane denne veka har blitt brukt til høvesvis handel av gåver og matvarer, vasking og rydding.

I kveld er det kakebakst som står på programmet. Sønnen trur eg har eit kaketalent langt utover det normale. Han har nemmeleg bestilt kake som ser ut som ein Bionicle-figur. Når eg sa at det går desverre ikkje, så ville han heller at eg skulle lage ein Bionicle laserpistol. Eh... Me har kome til enighet om at det vert sjokoladekakeskip med seigmenn ombord og fiskar og krokodiller som svømmer rundt. Det skal eg få til - slik har eg laga mange gonger før :) Kryss fingrane for kakebaksten og festen, ok?

Ha ei riktig fin helg de også :)

søndag, november 16, 2008

Litt detektivarbeid

I siste utgåve av Boligmagasinet (kom ut nå den 14. nov) så er det ein reportasje frå det julepynta huset til Christina Rohde i Danmark.


Sjå den fine kvite stålampen frå Bestlite:
Christina Rohde er barnetøydesigner, og nokre av hennar kreasjonar kan kjøpast hjå Min Engel
Kjempekoseleg pynta juleheim dette, men årsaken til at eg skriv om den i dag er nemleg at eg syntes å dra kjensel på denne fine heimen. Eg leita litt i permane mine, og riktignok så har Boligmagasinet også tidlegare vore på besøk hjå Rohde. Sjå berre her :)

Litt artig å sjå kva dei har endra på desse åra, og kanskje enno artigare å sjå kor lite dei har endra :)
Nå syns eg faktisk at det var finare før dei pynta til jul, men men det har kanskje noko med det nydelege lyset på dei siste bileta å gjere.

Ha ei fortreffeleg fin veke :)

lørdag, november 15, 2008

Hei hå - nå er det snart jul igjen

Som dei fleste sikkert har fått med seg, så samlar eg på mykje rart. Noko av det finaste eg veit er gamle julekuler. Særleg dei som er halve. Dei sørste skattane i samlinga mi er desse to kulene eg fekk av mormors julepynt ein gong (sjå vekk frå den særdeles lite passande blåe tråden). Eg er så redd for desse kulene at dei får ikkje henge på treet ein gong. Og då flyttebyrået flytta tinga våre frå Bergen til Stavanger, frakta eg julekulene sjølv ;) Eg samlar også på små ting med fluesoppmotiv, og desse trelysestakane eg fekk tak i fjor er nokre av dei skjønnaste eg veit om :) Gledar meg til å dekke frukostbord i jula og dekorere med dei små soppane i år også.


Eg veit at det er fleire som er ferdig med årets julehandel allereie. Her i huset er ikkje ei einaste julegåve planlagt ein gong, men det skal då gå fint likevel. Har så vidt byrja handle litt smått til unganes adventskalender, det er det heile.
Enn så lenge skal eg glede meg, kose meg og nyte å planlegge jul. Ha ein finfin laurdagskveld!

fredag, november 14, 2008

God helg


Ekstra lange fyrstikkesker trukke med tapetrestar frå Laura Ashley er nokre av varene eg skal ha med meg ut i skulehuset i ettermiddag. Minifeen syns det er vanskeleg å halde "fingrane frå fatet" :)
Fleire strikkepinneetui er også ferdige. Vert spennande å sjå om skulehuset får like mykje besøk denne helga som forrige.

Blir eit kort innlegg i dag. Vil avslutte med å ynskje dåko alle ei fin helg :)

onsdag, november 12, 2008

Ei aldri så lita oppdatering

Eg skal prøve å hugse kameraet mitt neste gong eg drar ut i skulehuset, slik at de også får sjå "min krok" der ute. Posen over er ein kopi av ein pose eg sydde for mange år sidan. Følest iallefall som åresvis sidan sist eg sydde den første :)

Over her er eit vanvittig dårleg bilde av ei undertrøye eg strikka til minifeen for nokre veker sidan. Eg bomma fullstendig i antal masker, så den er veldig tight for å sei det slik, he he. Ein skjønnhetsfeil i mønsterrapporten på framsida, gjer at den ikkje kunne gjeast bort til yngre/mindre jenter heller. Så den får duge så lenge det varer :)

Tusen takk for alle kommentarar angåande strikkepinneetuia. Sånn i første omgong så må dei etuia eg har sydd nå leggast ut for salg i skulehuset. Men eg har planar om mange fleire etui, så då lovar eg å legge nokre av dei ut i bloggsjappo :)

Nå er det såpassa seint på kveld at eg dristar meg til å ynskje dåko ein kjempefin torsdag i morgon :)

søndag, november 09, 2008

Søndagskveld

Om det går trått med blogging for tida, så går det heldigvis ikkje trått sånn ellers :) Dagane fyk av stad, og det er stort sett fullt program heile tida. Jul i skulehuset ser ut til å vere ein knallsuksess, og eg er så takknemlig over at Marit og Elin ville ha meg med :)
I skulehuset sist sikra eg meg denne råfine lavendelputa. Den luktar herleg og har eit knallfint trykk. Me love :)

Eg må jo fylle på med litt sydde ting etterkvart som ting vert solgt. Og her er eit av fire etui eg sydde i dag. To strikkepinneetui (doble) og to heklenåletui i denne stailen (!) vart ferdige. Håpar dei også slår an. Etuia er sydd av ein lett miks av stoff og blonder frå Laura Ashley, Panduro, Stoff og Stil og Søstrene Grene (bandet).

Sånn ellers er eg klar som eit egg for ei ny veke, og det håpar eg at de også er ;) Ha det godt, eg er plutseleg tilbake ;)

fredag, november 07, 2008

HJELP!

Eit desperat nødskrik herifrå. Eg manglar fullstendig bloggeinspirasjon om dagen... Eg har laga ein del nytt i det siste, men rakk jammen ikkje ta bilder før tinga vart plassert ut i skulehuset.



I dag vil eg ynskje Marit og Elin masse lukka til med åpning av skulehuset . Eg har plan om komme ut ein tur i helga, og satsar på at de får mange på besøk :)

Ha ei finfin helg!

tirsdag, november 04, 2008

Retro til barn


Foto: Uggabugga
For mange år sidan viste Malin ein lenke til ein svensk nettbutikk som solgte sydde retro klær og hekla huer til barn. Eg har aldri gløymt butikken, og måtte ha hjelp av Malin til å finne tilbake til den . Desverre er butikken lagt ned, men ein del av klærne selgjast framleis i butikken Cissi och Selma.

Her er eit utvalg av ultrafine retro klær frå butikken:


Foto: Cissi och Selma

Foto: Cissi och Selma

I butikken fins til og med klær til mamma'ene også. Var ikkje denne fin?

Foto: Cissi och Selma

Eg kjenner eg blir såååå inspirert av slik bilder, og har berre lyst til å dra ut på loppis etter stoff og sitje heime og sy dagen lang. Men det har eg absolutt ikkje tid til, så det vert med draumen og ein liten saum i ny og ne :)



Ha ein strålandes fin tirsdag!

søndag, november 02, 2008

STYLING av Alexandra Villefrance

I dag var eg innom biblissen for å låne med meg favoritt-interiørboka mi. Nemleg STYLING av Alexandra Villefrance og Margareth De Lange. Det er ikkje fyrste gong eg låner den, og når eg tenker meg om så skal denne boka her førast opp på mi julegåve-ynskjeliste.
Boka kom ut i 2006, og allereie den gong presenterte Alexandra Tolix-stolane. Ettersom eg har forstått det, er bildene frå boka tekne i utvalgte nordiske heimar. Blant anna er det bilder frå heimen til ho som har te-salongen Tea Time. Ein heim som det tidlegare har vore reportasjar frå i Elle Interiør, eller var det eit anna magasin mon tru.

Det kjøkkenet over, er eit av dei finaste kjøkken eg har sett nokon gong. Kjøkkenet har ein eigen tv- og leike-krok, det har ei stor tavlemalingflate med påskrivne telefonnummer, det har kvit Kitchen Aid maskin, knalltøft blandebatteri og ein røff kombinasjon av kvitt, svart, sink og grønne planter. Diggar det verkeleg! Rokokkostolen er ei herleg brytning til alt det røffe :)


Boka var nok forut si tid då den kom ut i 2006, men det er jo spennande med bøker som er slik. Ein vert aldri lei av slikt :)

Her er det fin harmoni i spreke fargevalg, kombinasjon av gamle broderi og retro stoff. Så herleg, syns eg.
Alle som har lyst på ei annleis interiørbok enn Franske stemninger i hagen eller til jul: løp og kjøp. Eller gjer som meg og før boka opp på ønskelista ;)


Boka har ISBN nr: ISBN-10: 82-05-36215-7.
Ha ein super søndagskveld og ei fin kommande veke :)
Related Posts with Thumbnails