tirsdag, mars 02, 2010

I ♥ Oddvar

 

Eg har alltid hatt sansen for multikunstnaren Oddvar Torsheim. Streken hans er genial, og lukka var fullkomen då eg oppdaga at plakatar med somme av bileta hans er til salgs.


 Torsheim med det karakteristiske raude skjerfet er original som få. Eg diggar han.



The Kopisters er opprinneleg eit oljemaleri frå 1967. Nå er den å få kjøpt som praktplakat på 70x100 cm. Det er ikkje alle som har like tøff signatur som Oddvar:


Som de sikkert har merka, bytast det stadig ut på bileta og veggpryden over sofaen. Nett nå er det The Kopisters som gledar oss. Bilete heng i lågaste laget, men det er ein smal sak å fikse heldigvis. Sofatrekket er nyvaska og skikkeleg krøllete, men berre lat som om de ikkje ser rukkene.

 

I tillegg til Oddvar, så elskar eg også Bruka. Lysestaken over og bakken/brettet under er frå Bruka og kjøpt hjå fantastiske Sæbøvik gaver og leiker.  Damene som jobbar i butikken er verdas blidaste og kjekkaste, og eg er sikker på at dei hjelper deg om du kontaktar dei :)
 

Eg tok visst ein vinterferie frå bloggen. Og det er rart med det. Er ein borte nokre dagar, så kjem ein heilt ut av det liksom. Men nå er eg back on track igjen :)

Ha ein finfin tirsdagskveld :)

15 kommentarer:

  1. herlige ting fra bruka.. *elsk*-...

    SvarSlett
  2. Det var nå jammen godt å se livstegn fra deg igjen! Begynte nesten å lure på om det var noe galt fatt...
    Torsheim er helt RÅ! Og han har en datter som synger veldig fint også...:)

    SvarSlett
  3. Eg er heilt einig med deg i at Oddvar er skikkeleg bra, både bileta hans og musikken. Eg har til og med sysla med tanken på å gjere om til tekstil nokre av arbeida hans, men så langt har det blitt med tanken...

    SvarSlett
  4. Anonym6:32 p.m.

    Så koselig at du er tilbake Linda:)
    TAMO

    SvarSlett
  5. hei linda. Den lua du har på høyre siden av bloggen(står hue 2007 under den), hvor har du fått den oppskriften? Jeg har så lyst å hekle en slik en til lilletulla mi:-) Jeg er blitt så inspirert av flere av dere flinke bloggedamer, så nå er jeg på vei til å bli en racer med heklenår og strikkepinner:-)

    Klem fra meg

    SvarSlett
  6. Jaaa.. ikke sant han er fantastisk?? :-) Har noen bilder hengende her vi og. Sendte han en sms en jul jeg, prøvde å få tak i et bilde til sambo..gjett hvem som ringte like etterpå da? Ble litt paff kan man si. hihi Men sambo fikk tidenes julegave da!

    Ps. har du boken hans? :-) den perfekte "coffeetable" boken..hehe

    SvarSlett
  7. No er tapeten på vei til deg! Eg sendte den i går, så kanskje den kjem i morgon ;)
    Lysestaken frå Bruka var råstilig!

    SvarSlett
  8. Anonym8:03 p.m.

    Stilig og spesielt brettet:-)
    Ha en fin kveld, kos deg!
    Klem,Hege.

    SvarSlett
  9. i didn`t know his great work - till now. thanks ;-)

    SvarSlett
  10. Utrolig stilig bilde! Må si jeg likte signaturen hans også ja:)
    Velkommen tilbake fra vinterferien:)
    Ha en fin kveld!
    Klem Sissel Olin

    SvarSlett
  11. merete9:50 p.m.

    Takk for Torsheim-tipset!! Eg har allereie bestilt ein plakat!

    Er sjølv førdianar (det ein kallar ein person frå Førde, der Oddvar Torsheim bur) og stor fan! Har mellom anna "Dylan syng" på stoveveggen. Men dette biletet hadde eg aldri sett før. Takk for inspirasjon og flott blogg!

    Kan forresten anbefale boka "I nynorskens skog", visst du ikkje allereie har den: http://www.samlaget.no/item.cfm?id=14562

    SvarSlett
  12. Du må ta deg ein tur til Førde. Der er han stadig å sjå i sentrum. Og han har alltid med småbilder som han gladleg signerer til deg.
    Ein fascinerande type :-) Det er sikkert! Har hatt nokre samtaler med han :-)

    Klem frå Bjørg (eks-førdianer)

    SvarSlett
  13. Herlig bilde!
    Og enda bedre når man så nærbilde og hvor mye sjel det var i streken!

    SvarSlett
  14. Anonym8:31 a.m.

    Oddvar hadde utstilling på Galleri G Guddal i Rosendal i sommar. Fantastiske strekar han har. Kul fyr. Dette bilete er legendarisk bra.

    SvarSlett
  15. Lekre ting du har kjøpt deg! Du har et nydelig hjem med mange stilige detaljer. Deilig med vinterferie. En trenger litt fri en gan i blandt. Ha en god dag! Og kos deg med stoffene dine. :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ei lita helsing til meg. Eg set utruleg stor pris på kvar og ein av dei :)