Til mi store store glede forset postkassefesten for fulle. Fleire gonger i veka vert eg meir og meir bortskjemt med fantastiske pakkar som er adressert til meg. Den eine etter den andre. Eg blir så lukkeleg over dette, at eg har problem med å beskrive det.
Først ut i dag får de sjå nokre überkule, fantastiske, herlege stoff eg har bytta til meg med
Borghild. Det heile var nydeleg pakka inn, men eg flerra av papiret og tok meg ikkje tid til å ta bilder. Det ante meg nemleg at pakken var like fantastisk som den var.
Eg inviterte til stoffbytte for nokre veker sidan og har inngått bytteavtale med eit par stykker til nå. Eg vert rent ned av e-postar om dagen, så de som ikkje har høyrt frå meg angåande stoffbytte treng ikkje fortvile. Om eg ikkje har svart så er det ikkje fordi eg ikkje vil bytte, eg har berre ikkje hatt tid å dykke djupt nok ned i e-postbunken enno.
Søte Borghild sendte med massa anna snacks i tillegg til stoffet. Dødsfine postkort frå Tiger (ein av mine favorittbutikkar i Danmark), herlege treperler og fantastisk søtt matpakkebestikk. Og som om ikkje det var nok kom det også ein fiiiin bokstav. Den får de sjå seinare.
Tusen tusen takk, Borghild, eg vart som du sikkert forstår hoppandes glad for stoffbyttepakken min. Nå håpar eg du vert like glad for den pakken eg skal sende sørover til deg før helga :)
Eg har mange skjønne blogglesarar som skriv til meg og tilbyr med retro stoff og utstyr. Lesarar som har kome over ting som er på veg i ein eller anna container, og har tenkt "nei, uff, kva ville den gode feen ha sagt om ho visste dette". He he he, eg kan fortelje dåko at eg hadde besvimt ;) Heldigvis for meg så er det fleire som sender meg det dei har redda frå containerdøden. Juhu. Deriblant er dette fantastiske putevaret frå Lisa. Ho sendte med litt anna stoff også, og gleda meg veldig. Tusen takk!
Dette fantatiske stoffet her sendte ei anna skjønn dame. Ho hadde kjøpt det inn for eit par år sidan, men nå ville ho glede meg med det i staden. Noko så fint. Tuuuuusen takk til deg også :)
Og så har eg gløymt å vise dåko dei knallskjønne gamle puslespillbrikkene som kom i ein pakke tidlegare. Er dei ikkje fine? Og med den raude knappen på, så kan dei nesten brukast som hengjarar om ein limer brikkene opp med dobbeltsidig tape. Sååå skjønne.
På første bildet i denne lange postkassefesthyllesten ser de ein bit av siste prosjekt me har halde på med i ledige stunder her. Veggelefantar i tre. Så snart eg har tatt fine bilder av elefantane skal de få sjå meir av dei ;)
Eit sett med veggsoppar er ferdigtapetserte og har funne vegen inn i
Epla-butikken. Eg sjølv syns dei vart kjempefine i desse lyseblå tonane.
Dagane fyk så vanvittig fort for tida. Været er jo himmelsk fantastisk så tida vart nytta utandørs stort sett heile tida, og blogging vert litt nedprioritert. Heldigvis er det ikkje berre eg som har det slik. For me må kose oss og nyte det nå medan me kan - ikkje sant ?
Ha ein fortsatt fin kveld, og ei riktig god natt.
Klem frå Linda