tirsdag, juni 22, 2010

Hallo i luken


Eg elskar å få pakkar. Ja, kven gjer i grunnen ikkje det?
I går var postkassa merkverdig full då eg skulle hente inn dagens reklame og rekningar... Postkassa var full fordi ein mjuk, stor pakke låg gøymt oppi den. Hm, kva kan dette vere, tenkte eg, medan eg trippa lett på tå inn i huset igjen. Ikkje mange sekund etter kunne jubelropa høyrast i heile nabolaget. Innehavaren av nettbutikken Tamo, var så begeistra for det er sydde av forrige stoffladning derifrå, så ho ville sende meg stoff som ei sommarhelsing. Slikt vert ein stoffavhengig rusa og lukkeleg av ;)


Eg har sagt det, omtrent til det kjedsommelege, at det er sååå herleg å kunne kjøpe produkta til TAMO i Norge, og sleppe både tollgebyr og rådyr utanlandsporto. Stoffet til venstre på bildet over har eg tidlegare kjøpt i ein tysk nettbutikk (svindyrt), og brukte det blant anna til teppet under. Nå har eg meir på lager og kjenner at kreativiteten er stigande ;)


Meir herlegdom:


Knallskjønn klype med fluesopp i cernit. I love it.


Tusen takk, Barbara hos Tamo. Eg vart superglad for pakken. Ynskjer deg og dine også ein flott sommar :)


I morgon startar arbeidet med å bygge terasse i bakhagen. Sidan verken Herr Fe eller eg er superflinke på snekring, har me leigd hjelp til å setje opp rammeverket. Terasseborda skal me skru på plass sjølv. De skal få sjå bilder av prosessen. Leikehuset ligg umontert i forhagen, og planen er å prøve få det grunna i løpet av kortkort tid, slik at det er klart for montering etter terassen er ferdig :) Det blir sååå bra til slutt :)


Det er sikkert mange som er rålei av veggelefantane, uglene og soppane, men eg må likevel tipse om at eit nytt sett er på plass i Epla-butikken, og fleire sett finn vegen ut der i morgon.

Eldstemann har sommarferie frå i morgon av, og Alma har berre eit par dagar igjen i barnehagen før ferien brakar laus. Eg er lukkeleg over at eg derfor skal få tilbringe enno meir tid med gullungane mine. Ferieplanlegging føregår for fullt. Tusen takk for alle herlege tips eg har fått både på mail og i kommentarfelta! De vert oppdatert på planane om ikkje lenge.

Ha ein super sommarkveld, og ei god natt !!

13 kommentarer:

  1. Den stoffbutikken skal jeg jammen sjekke ut!! Fine stoffer:) Og nydelig lekehus!

    SvarSlett
  2. Åh, herlig :) Dette innlegget var til å bli glad av :)

    SvarSlett
  3. Åh, så mange deilige stoffer! Gleder meg til å se hva du tryller frem av de.
    Håper å se lappetepper i eplabutikken igjen snart også.

    Lykke til med terrasseprosjektet ;)

    SvarSlett
  4. Fantastiske stoffer, jeg elsker alle sammen!Det blir noen herlige kreasjoner av dem tenker jeg, skjønner at kreativiteten bobler når du får sånne stoffbunker i hus!Blir spennende å se hva du lager av dem:)God natt herfra:)

    SvarSlett
  5. Det var flotte stoffer!! Kjenner det klør i fingrene etter å skaffe meg mine egne når jeg ser hvor mye fint du får til!!
    Ønsker deg og dine en herlig sangthans feiring.

    Klem Madelén

    PS: blir aldri lei elefanter og sopper ;P

    SvarSlett
  6. Kjære Linda!
    Man blir aldri lei av de søte veggelefantane, uglene og soppane dine.

    Supersøte er de :-)

    Vh Connie

    SvarSlett
  7. Så hyggelig å få så fin overraskelse i posten,da! Takk for tipset om Tamo butikken. Kjente ikke til den, men den har jo masse fint for oss som liker å sy. Er allerede lagt til i favorittlisten. Disse elefantene du lager er virkelig søte!

    SvarSlett
  8. Kjempesøte elefanter:) Skulle gjerne kjøpt et sett i lillatoner hvis det blir lagt ut for salg:)

    SvarSlett
  9. Heldige deg! :) Har nettopp brukt masse pengar i tysk nettbutikk, og berre håpar at tollgebyret ikkje blir aaaltfor stort! :) Kjempekjekt med påfyll i stoffbunkane, i alle fall!

    Har forresten innsett i dag at eg skulle bedt om tips angåande liming av papir på tre..! Isj, eg er så frykteleg utolmodig OG optimistisk, men det er ikkje alltid resultatet blir som ønska.. Hehe, skal fikse bilder av det siste prosjektetet i løpet av dagen. Idèen var god, men gjennomføringa..njæææ... ;)

    Ha ein strålande dag!
    Klem

    SvarSlett
  10. Oj, så utrolig heldig du var som fikk en så fin pakke i posten:) Gøy at du som god kunde blir satt pris på!

    Lykke til med terasseprosjektet!

    SvarSlett
  11. For noen inspirerende og fine stoffer:-) Det begynner å klø i syfingrene når man ser slikt.

    SvarSlett
  12. Hei. Hva heter fargen (eller om det finnes en fargekode) du har malt den lilla kommoden i? Takk for en fantastisk fin blogg, jeg er stor fan! ;-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ei lita helsing til meg. Eg set utruleg stor pris på kvar og ein av dei :)