torsdag, september 30, 2010

Oppskrift på ein vellukka ettermiddag


Sol frå skyfri himmel og eit kassa-apparat frå loppis...


Heimelaga pengesedlar og ein bråte med smular og sukker....

Ein stabel med nysteikte vafler og ein gjeng glade ungar...
Leikebutikk som selg vafler er definitivt ein suksess. Prøv du også ;)

Ha ei super helg,
Linda :)

mandag, september 27, 2010

Tid for knallgod mat


Nok ein gong må eg reklamera for gratismagasinet Glad i mat som ein får på ICA. Eg syns dei har auka standarden på bileta og bladet generelt, så dei fortener litt gratisreklame.

Heilt sikkert ein fantastisk god eplepai ein får oppskrift på her, men eg svergar framleis til mi eiga vidunderoppskrift (super med både rabarbra eller syrlege norske epler i botnen). Prøv paien min, den er fantastisk. Og ikkje minst herleg enkel å lage når ein venter gjestar. Sist serverte eg vaniljekrem attåt, og det var stor suksess...

Det eg likar så godt med oppskriftene i Glad i mat, er at det er normal mat. Ikkje så mykje fænsi smænsi at ein får prestasjonsangst, og av ingredienser ein oftast har i hus. Til helga skal me jammen kose oss med ost og vin:

Eg anbefalar alle å plukke med seg eit gratismagasin neste gong de er på ICA.
Vel, nå var det nok reklame og eg bevegar meg heller over til det kreative hjørnet. Eg har mange prosjekt på gong, og sånn innimellom alt det andre får eg sydd pittelitt om dagen. Håpar å komme med meir spennande bilder av ferdige ting om ikkje lenge :)


Ha ei god natt og ein fin tirsdag i morgon.
Håpar på nok ein kald flott solfylt haustdag for både meg og deg :)
Ciao :)

søndag, september 26, 2010

Bestikk med kongeleg namn

 Skaugumbestikket har fått sin renessanse i desse dagar. Norsk design på sitt aller beste etter mi meining.

Frå før av samlar me på bestikket med kvitt skaft, men eg kunne ikkje gå forbi denne samlinga med skaft av teak på Fretex i går. For ein slikk og ingenting (220 kr) har me nå fullt bestikk til 10 personar (40 delar). Tilsvarande sett på Pur Norsk kostar over 3000 kr. Og det er eit sett til i 18 delar utan teskeier.  Det kallar eg eit kupp.

Bestikket såg litt slitt ut der det låg sammanrulla med ein gul strikk rundt skafta. Med litt teakolje vart skafta fine som nye. Og eg er jublande glad som de sikkert forstår, hi hi. Nå må eg gjere litt research her,  men reknar med at desse må vaskast opp for hand for å bevare treverket. Trur ikkje du også det?


God søndag til deg og dine :)

lørdag, september 25, 2010

I stoffhimmelen

 Eg har dann og vann skrive om det fantastiske tyske merket ByGraziela. Ei mor og dotter har relansert ein kolleksjon frå 60-70-tallet, og produkta er überkule.

Hjartesukket herifrå har vore at ByGraziela ikkje sender til Norge, og eg hadde liksom slege meg til ro med at dei vakre metervarene berre var tyske sydamer forunt. Heilt til eg fekk ein telefon. Den snille mammo til ei av Samsons klassevenninner ringte meg og lurte på om eg var intressert i å bestille stoff, så skulle ein venn av familien ta det med frå Tyskland. Hipp Hurra. I går kom metervarene i hus, og hjernen jobbar på spreng. Skal eg lage det, eller det, eller det, he he. Puter er nok først ut, så følg med for oppdatering på den fronten :)


Søte Kaspara legg i desse dagar ut pakkar med retrostoff ut i nettbutikken sin. Eg var heldigvis rask på labben og sikra meg desse himmelske bitane hin dagen. Eg er alltid på jakt etter retro stoff i blåtonar, og skaffa meg mange fine bitar i dette varpet. Tusen takk, Kaspara :)


Kronen på verket er denne biten her (har det samme i rødt og oransje etter farmor):



Lørdagen er godt i gong. 
Helgehandelen inkludert tur til Fretex er for lengst overstått. 
Nå er det soving på miniputt, maling på mellomsteputt, kompisbesøk på storeputt og avislesing på herr og fru fe.  Dagens kupp er foreviga og vert blogga i morgon.
Ha ein superduperfantasisk lørdag der ute.

klem klem :)

fredag, september 24, 2010

Helgenytt og putenytt


Det er mange år sidan eg kjøpte slike sitteputer frå JYSK (etter tips frå Bodil BO). I ettermiddag kjøpte eg ei ny ladning til sittebenken i gangen, medan dei gamle flytta ut på terassen.  Dei gamle var nemleg blitt ørlite misfarga etter å ha blitt gjengløymt i regnet. Nå kan dei berre ligge der ute og nyte sine siste dagar i regn og sol, medan innandørs strålar dei nye. Reine og fine som dei er.


Putene er knallfine og prisen er fantastisk. 19,90 kr per stykk er jo omtrent gitt vekk. 


 I stova tok dei putene eg har til overs plass på toppen av leikekassen. Og apekatten til Simon brukar anledningen til å få seg ein blund ;)


Eg tippar at det er mange av dåko andre som har dei samme putene som meg. Ikkje sant det er utruleg kjekt med så billige, fine ting? Juhu. God helg!!

torsdag, september 23, 2010

Favorittar nett nå



...ungane skulle meir enn gjerne hatt ein komplett ny garderobe av siste kolleksjon frå Pomp De Luxe.

....eg skulle meir enn gjerne hatt ein Kubus lysestake av Mogens Lassen på bordet.


...på barneromma skulle me hatt disse fantastiske spareelefantane frå Sweet Memories.
....epleduken frå samme butikk skulle eg absolutt også hatt.

...og sist men ikkje minst. Eg elskar Manokoppane som både den eine og den andre i bloggverda er så heldig å ha i hus. Eg har ikkje funne dei i ein einaste butikk enno, men i Bonyttbutikken dukka dei opp i kveld.

Så då er det berre å vente på telefon frå Hamar og Norsk Tipping sånn cirka i 2030-tida på laurdag ;)

Ha ein fin fredag i morgon :) Blir deilig med helg igjen :)

mandag, september 20, 2010

Steikte grønne tomater eller ...?


På forsommaren fekk eg mange skjønne små tomatplanter av tanta mi. Tomatplantene vart plassert i og rundt plantekassane i bakhagen og der vaks dei seg store og frodige. Etter kort tid kom det mengdevis med små tomater på plantene, men berre få rakk bli modne før sommaren var over.



Nå har me hausta inn tomatavlingen vår, og nå er spørsmålet "kva i all verda gjer me med dei?". Ein på jobben tipsa om chutney, men kva et ein egentleg chutney attåt? Nokon som har forsøkt seg på chutney?

Å sette poteter har blitt ein årviss tradisjon i hagen. Ungane elskar å vere med å grave fram poteter som har vakse seg store og rosa, og ein herleg bieffekt er at dei heimedyrka potetene går ned på høgkant til middags.

Med dagens innhausting er sommarsesongen definitivt over i kjøkkenhagen. Litt trist i grunn, men her gjeld det å sjå framover. Så nå gledar eg meg til ein herleg haust og mange, lange kveldar innandørs med kakao i koppen :)

Ha ein super mandagskveld!

torsdag, september 16, 2010

Snart helg igjen


Eg syns hausten kom så brått på denne gongen. I dag tidleg var det skikkeleg kald haustlukt ute, og både strømpebukser, ullundertøy og varmepumpe er godt i bruk. Med hausten og mørkret kjem også dårleg-fotolys-problemet tilbake for fullt. Her gjeld det å knipse bilder i vilden sky i løpet av nokre formiddagstimar i helga, slik at ein har noko å vise fram i bloggen ;)


Forrige helg sydde eg denne posen, som er tenkt brukt som ein barnehagepose for minstemann. Ein pose til matboks, drikkeflaske og kanskje eit klesskift. Sydd i den brune Småfolk-gaskluten frå Tamo, kanta med retro sengetøy frå Borghildpia, og fora med eit turkis gammalt sengetøy frå ei snill dame på Halsnøy. Det er mange som ikkje har funne gasklutane inne hjå Tamo, men sjå under Småfolk nyheter så finn du dei.


Denne helga har me tenkt oss på hyttetur. For første gong har me leigd ei av hyttene jobben min disponerer, og me gledar oss heile gjengen. Klede, reiseseng, spel og fiskestenger er ferdigpakka, og etter jobb/skule/barnehage susar me av stad i morgon. Kryss fingrane for friske småfear og opphaldsvèr i helga ;)

Ha ei riktig god helg, klem frå Linda

onsdag, september 15, 2010

og alle hjerter gleder seg...


Vår alles kjære Bodil BO hadde for eit par dagar sidan eit innlegg der ho slapp nyheiten om at det til neste år vert ei diger og garantert knallbra Interiør & BoligMesse i Bergen. Ein god nyheit kan aldri nevnast for ofte, så i dag vidarebringer eg det glade budskap :)



I SEPTEMBER 2011 VIL DU FÅ OPPLEVA: 
Design, kvalitet og karakter
Kulturelle overraskelser Den sosiale
praten Den gode opplevelsen Stue
Kjøkken Bad Soverom Barnerom


Du finn meir om messa på denne sida her. Ver med og spre det glade budskap :) Eg gledar meg til å besøke Bergen igjen med heile familien på slep. Om det er eit år til, så er det ingen problem. Berre lengre tid å glede seg. For ordens skuld: alle bilder i dette innlegget er saksa frå heimesida til arrangøren av messa.

Avslutningsvis må eg få takke supermasse for alle dei knallbra boktipsa de gav meg på forrige innlegg. Fleire av bøkene er allereie bestilt, andre hadde me allereie i hus og atter andre står på ønskelista. Me elskar å gå på biblioteket, men nå er det lenge sidan me har vore der. Bibliotekbesøk er derfor oppført som ein aktivitet i nær framtid.

Ha ein superduper kveld, klem frå Linda

tirsdag, september 14, 2010

Kjekke barnebøker

Eit gammalt bilde frå stova og DillDallNinaPuta mi i Eamsen ;)

Som i dei fleste barnefamiliar lesast det barnebøker titt og ofte her heime.
Det er jo ein kjendt sak at eg elskar bøker som eg las som liten (Emma og Thomas-bøkene, Jason-bøkene, Laban og Labolina-bøkene osv osv.), men nymoderne bøker er eg visst ikkje fullt så god på.

Samson er snart 8 år og er blitt kjempeflink å lese på eigenhand, og det er nå eg har oppdaga at me rett og slett manglar guttebøker som er interessante og lettleste. Me har godt utvalg i bøker som  me foreldre les for han (Mormor og de 8 ungene, Brødrene Løvehjerte, Charlie og Sjokoladefabrikken osv osv). Men bøker som har passeleg vanskelegsgrad, og passeleg mengde tekst er det værre med. Tar gjerne imot tips her, med andre ord :)


Og så kan eg samstundes tipse dåko om dei kjempekjekke bøkene ein kollega av meg har gitt ut. Det er bøkene om Ruggly Puffs - bjørnedetektiven. Det geniale med desse bøkene er, i tillegg til at dei er kjempespennande, så kan ein lære språk også. Kvar side er nemleg delt opp i ein engelsk og ein norsk versjon, eller ein spansk/engelsk versjon. Besøk gjerne  heimesida her så finn du meir informasjon om  bøkene.


I bildearkivet fann eg dette koselege bildet av minifeane i lesestund saman med pappaen *smil*.


Då er det klargjering for  ein ny dag som står for tur her. Morgondagen får ein litt roleg start då Simon skal på 15-mnd's kontroll på helsestasjonen. Kanskje eg til og med rekk stikke innom her for å lese barneboktipsa de forhåpentlegvis har til meg :)

Ha det godt så lenge, klemifleng

søndag, september 12, 2010

Utan tittel

Tusen hjerteleg takk for alle dei fine kommentarane på gårsdagens forkleinnlegg. Eg vert så glad så glad, ja rett og slette hoppandes glad, av alt de fine de skriv til meg :)



Ja, kven skulle tru at eg nok ein gong skulle pepre eit nytt innlegg med rykande ferske bilete av rykande ferske seglbåtar. Men det eine leda til det andre, og vips så hadde me visst laga 15 nye båtar.




He he, eg står vel i fare for å miste truverdigheten min, men dette er altså definitivt dei siste seglbåtane som kjem ut frå feens heim. Basta! For å gjere det enklast mogeleg, så kan alle som har bestilt båtar på mail, nå kjøpe dei i Epla-butikken i staden. Håpar det er ok :)

Ei herleg helg er overstått. Me har for det meste stulla rundt heime og rundt hushjørnene her. Med masse besøk av små venner og skjønne foreldre. Nå står tre ryggsekkar og tre matboksar klare til å fyllast, tre bunkar med klede ligg klare for morgondagen, og eg skal berre ta meg ein aldri så liten surferunde før eg køyar.


Ha ei superduper veke. Eg lovar å oppdatera mykje oftare enn dei førre vekene.

Klem frå Linda

lørdag, september 11, 2010

Lilla+gult+brunt=fargerikt forklede mm

Etter ein laber periode på syfronten, kjenner eg atter ein gong at lysta til å laga noko saman med Elna er stigandes. Herlig :) Elna står så tolmodig på kjøkkenbordet, og ventar på at eg skal vie henne litt oppmerksomhet. Det er jammen ikkje ofte eg får tid eller har giddo, men innimellom glimtar det til. Som nå. Nå har eg sydd eit forkle i barnestørrelse, samt ein pose til oppbevaring av bakeredskap. Dette er ei glimrande julegåve for den som tenker i desse banar allereie.


Tekstilane eg har brukt er jammen santen litt herifrå og derifrå, som så ofte når eg er i det kreative hjørnet. Det lilla Småfolk-stoffet (gasklutar) og dei gule gakk-gakk-knappane er frå TAMO, baksida er eit lillarutete kjøkkenhandkle frå Søstrene Grene,  lomma er sydd av eit dynetrekk eg fekk av ei snill dame, og det brune hjerte stoffet er siste rest av eit forklede frå Fretex.

Med dette er første del av utfordringa frå Tamo gjennomført, men eg har framleis ein grønn, ein brun og ein rosa gasklut med Småfolk-epler igjen å sy av. Kva neste eple-prosjekt vert gjenstår å sjå. Det var ei som lurte på kvifor eg alltid vaskar stoff før eg brukar dei, og det er for at stoffet skal krympe seg ferdig før eg syr av det og ikkje etter :)

 Eg har litt fleire ting på gong på syfronten, så om alt klaffar så får du kanskje sjå det her i bloggen i morgon.

Sånn ellers nyt eg lørdagskvelden med Pepsi Max i glaset, Herr Fe som sprudlande selskap og Skal vi danse på skjermen medan regnet piskar ned ute. I love it :)

Ha ein fin kveld, og ei god natt der ute. Diger klem frå Linda

mandag, september 06, 2010

Barneselskap for 50 ++ åring


Ei ny veke er i full gong, og ting skjer i full rulle som vanleg ;)
I helga som var hadde me besøk av mammo mi, altså småfeane si kjekke bestemor. Torsdag kveld var eg og mamma på fantastisk A-ha konsert, og på laurdag fylte gjesten vår år.


Ingen er for stor for eit skikkeleg barnsleg kalas. Alle som fyller år innanfor desse dørene vert feira på samme fargerike og glade måte. Knallkjekt for ungane, og jammen santen kjekt for dei vaksne også. Alma hjalp sjølvsagt velvillig til med dekoreringa. Det var ballongar, flagg og bordpyntblomstrar frå Pakhuis Oost. Det var pølser i brød til hovedrett og sjokoladekake til dessert. Kaka vart pynta med kakepynt, non stop og kakelys frå Søstrene Grene.


Jubilanten var strålandes glad, og det var alle gjestene også. Her er eit lite glimt frå festen. Herr Fe knipsa bilder av tre generasjonar med jenter frå feens familie ;) Og, jada, minifeen var atter ein gong iført bursdagskruna si, he he.


Ha ei flott veke, eg håpar på å oppdatere litt oftare nå som alle er friske og raske (bank i bordet). Eg fekk nemleg gjort både syarbeide og anna arbeide i helga, så eg har litt å vise fram.

Tudeluuuu...
Related Posts with Thumbnails