fredag, oktober 29, 2010

Etsy love


Nydelege epler frå La Pomme.

Hjertegirlander frå Maisy and Alice.

Yndig adventekalender frå  Pi'lo.


Skjønne skjønne hasselnøtter med tova "nøtt" frå Fairyfolk.

God helg alle saman :)

torsdag, oktober 28, 2010

Hendes verden gratis på nett

Bladet Hendes Verden er Norsk Ukeblads danske kusine. Der Norsk Ukeblad kanskje er litt meir vaksen og traust, er den danske kusina er ørlite meir hipp og fresh ;)

Masse fine oppskrifter og idèar å hente i bladet, og det beste for oss nordbuarar: Det finst gratis på nett nå :)

Masse fine oppskrifter og gode idèar på heimesidene deira også.
God fornøyelse og ha ein fin torsdagskveld.

PS! Ingenting nytt med vanngreiene. Så vidt eg veit har dei ikkje funne verken lekkasje eller tettheit i røyra, men nå har eg ikkje snakka med nokon røyrmenn på fleire dagar. Det endar nok med at me må få lagt nye røyr heilt frå hovednettet og inn til kvart hus. Puh. Men me har vatn nå altså. Sånn midlertidig løysing der slangar frå nabens utekrane er festa på vårt røyropplegg i huset. Hurra for vatn i dusjen, i doen og i vaskemaskina :) :)

onsdag, oktober 27, 2010

Planane er klare

I kveld har eg mimra og lese innlegg eg blogga frå førjulstida i fjor og året før. 
Det er 18 år sidan eg flytta heimefrå for å studere.
Kvar jul i desse 18 åra har eg reist heim til mamma for å feire jul.
I år skal me lage jul i eiga stove, og få julegjestar på besøk.
Du og du kor eg gler meg :)

 Pepperkakehus i gåve til snille damer skal produserast i år også.


Blokklys skal brenne frå nyvaska Norgesglas.


Adventsposane frå i fjor skal på veggen igjen.


Posane var forresten inspirert av dette bildet i BoligLIV.

 Ein inspirerande kollasj frå juleinspirasjonsmappa mi inspirerer like fullt i år.  


Bambifamilien skal vere essensielle i ein juledekorasjon eg planlegg.



Fløytekarameller skal lagast og nytast. Kan nesten ikkje vente når eg tenker meg om ;)


Og kanskje kjører eg i gong ein Frk Amaryllis førjulskonkurranse i år også. Hadde ikkje det vore litt artig :) Det er godt å ha planane i orden, så gjenstår det å sjå kor mykje ein rekk setje ut i livet. Ute i god tid er eg iallefall i år. Det er jo to månadar igjen å kose seg med førjulskos...heldigvis :)

Eg har også hatt tid til ein aldri så liten surferunde etter gammal julepynt på QXL i kveld. Og bildet over og under er jo glimrandes idèar til koselege juleverkstad.


Nei, nå må eg komme meg i sving med førebuingar for morgondagen, og ikkje sitje her og planlegge julepynt og aktivitetar, he he. Korleis er det med deg? Har du byrja planlegge jula, og kanskje til og med handla inn julegåver?

Tudelu :)

søndag, oktober 24, 2010

Helgefryd


Dagens bilder skulle etter planen publiserast på fredag, som ein slags oversikt over somme av planane for helga. Men eit aldri så lite virus på PC'en min satte ein effektiv stoppar for dette. Eg pleier aldri opne innlegg som er suspekte. Men då eg fekk ein e-post med beskjed om at ein pakke ikkje kunne leverast til mi adresse gjekk eg altså rett i fella. Eg har nemleg kjøpt noko som skulle ha ankome heimen for månadsvis sidan, og tenkte at det var det dette gjaldt. Nå har eg i staden fått eit virus som gjer seg ut for å vere eit antivirusprogram. Jaja kaja, eg klarar nok fikse opp i det. Og enn så lenge bloggar eg frå Herr Fe sin smekre Dell Studio stasjonære :)


Eg har, trass iherdige forsøk, ikkje klart å legge av meg magasinmanien min. På veg heim frå eit møte i Bergen på mandag, hadde eg før eg visste ordet av det, plutseleg kjøpt meg tre nye blad. Vissheten om at det sjeldan er så mykje nytt å hente i slike blad, forhindrar meg ikkje frå å kjøpe dei. Sånn i tilfelle eg plutseleg skulle få supergod tid til å lese dei liksom, eller det plutseleg skulle vise seg å vere superinspirasjon å hente.


Elle Interiør og Bonytt kjem i postkassa, og desse er framleis mine favorittar blant dei norske interiørblada (i tillegg til ROM123). Danske Boligmagasinet og BoligLIV har eg kjøpt fast i mange mange år. Eg diggar gutteromreportasjen frå forrige BoligMagasinet. MASSE inspirasjon. Spesielt den heimesnekra reolen av papprøyr og pleksiglassmonterane med plastinsekt i :)


Blant dei svenske magasina er Hus & Hem verkeleg blitt ein favoritt den siste tida. Masse fint inni her, men skulle ønske meg litt mindre reklameannonser i bladet...


Tusen takk for kommentarane på forrige innlegg. Det er godt å sjå at det er fleire som ikkje får tid til alt de vil, men samstundes godt å lese at det er fleire som lar humla suse og kosar seg med strikketøy. Det har eg gjort denne herlege helga. Eg er i sving med ei heimelaga jakkeoppskrift til Simon. Eg strikka ei lik til Samson, men den er så nuppete blitt, at eg prøver meg på ei ny. Vert det ein suksess, så kjem oppskrifta i oppskriftsblogge etterkvart.

Ha ei fin kommande veke der ute, og ikkje minst: ein koseleg søndagskveld. Kryssar fingrar for friske og raske barn og vaksne framover nå :)

fredag, oktober 22, 2010

Nydelege strikkeplagg



Når vinden ular utanfor, haglet bankar på vindusrutene, det er fyr i peisen og varm kakao i koppen - kva er vel då koselegare enn å krype oppi i godstolen med eit strikketøy?



He he, slike draumar får eg kvar haust. Realiteten er ofte annleis. Som oftast er scenarioet slik på mine kveldar:
Vinden ular utanfor, haglet bankar på vindusrutene, varmepumpa durar, og eg står på kjøkkenet og ryddar inn og ut av oppvaskmaskinen, samtidig som sekkar tømmast for matboksar. Deretter er det ørti klesplagg som skal brettast, ein unge som grin for h*n er tett i nasa, klær leggjast fram for neste dag, og støvsugaren sveipast over gulvet før eg stuper til køys. Og eg har ikkje vore i nærleiken av å ta i nokre strikkepinnar heile kvelden.


Men lysta til å strikke er innimellom overveldande. Slik er det kvar haust. Eg hamstrar inn garn og oppskrifter og går i gong. Somme plagg vert innimellom heldigvis ferdige, sjølv om det tar laaaaaang tid.



I går gjenoppdaga eg nokre mønster eg tenkte å dele med dåko. Mønstera er designa av Tora Frøseth, og ho har berre heilt fantastisk flotte mønster til både barn og vaksne. Magda-kjolen på det første bildet har eg kjøpt, og skal definitivt fullføre. Eg trur kjolen vil bli superskjønn til Alma. Det hadde nok desse i rosa også ha vore.

Alle bilder er lånte med tillatelse frå Tora Frøseth, som også har bloggen Knitting a lot.
Ha ein super fredagskveld der ute, og ha ei riktig god helg!

onsdag, oktober 20, 2010

Køkkendagbogen i hus


Eg elskar Danmark.
Eg elskar dansk interiør.
Eg elskar danske interiørblad.
Eg elskar danske kokebøker.
Eg elskar Køkkendagbogen.
Eg elskar masse anna også.


I går fekk eg siste tilskudd på kokeboksamlinga i hus. Køkkendagbogen av Anette Eckmann. Dette er jo strengt tatt ikkje ei rein kokebok, men meir ein miks mellom matoppskrifter, tips til kreative sysler alt tilpassa årstidene og kvar enkelt månad. Akkurat slik eg likar det.


Boka er spekka full av kjekke & fine ting, og gode oppskrifter. Bildene kunne strengt tatt vore større og fleire. Men det er også kjekt med ei kokebok, der du faktisk kan lese litt i også :)


Eg kosar meg heime med Simonminstemann i dag også. I går vaska me alle vinduene, og i dag har me skifta til nyvaska sofatrekk. God morgon Norge surrar i bakgrunnen, og eg har skikkeleg flashback til mammapermisjonen min. Herleg. Men nå er det opp og hopp. Straks tar Herr Fe over fortet og eg skal på jobb :) 


Ein fin onsdag til deg!
klem frå meg :)

tirsdag, oktober 19, 2010

A wonderful surprice


For ei tid sidan fekk eg ein superkoseleg e-post frå dama som lagar namnesmykka eg har vist fram på bloggen her dann og vann. Kvar gong eg skriv om smykket får ho eit rush av bestillingar frå Norge, og nå hadde ho endeleg funne bloggen min (tusen takk til deg som fortalte henne at det var her du fann linken til butikken).


Som takk for den gode reklamen ville ho svært gjerne gi meg ei gåve, og kva passa vel betre enn ei sølvplate der det står Love you forever. Hi hi, eg vert jo nesten rørt - så godt passar det. Det vert litt mange plater på samme lenke, så eg skal skaffe meg nokre litt større sølvringar som skal hengjast på lenka. Slik at eg får skilt platene litt frå kvarandre. Smykket fekk eg opprinneleg i julegåve av verdas beste Herr Fe for ein par-tre år sidan ;)


Tusen takk for all medkjensle når det gjeld vannmangelen i huset. Forsikringa vår dekker truleg ingenting, då røyra er gamle. Men feilen er framleis ikkje funnen, og torsdag kjem gravemaskinen på plass. Så snart me veit årsaken, veit me også meir om kva som må gjerast og kven som må betale for gildet :(

I dag har eg kosa meg heime med minstemann. Det er nå tredje runde med vannkoppar her i huset, berre avskilt av ei veke friskmelding innimellom kvar unge som har blitt smitta. Puh. Syns alle små har vannkoppar for tida, nesten som ein epidemi he he.

Nå er det nok snakk om elendighet og styr. Det luktar sjokoladekake i heile huset, me feirar nemleg Herr Fe sin bursdag på andre dagen, hi hi. Stikk innom Under the Moon design om snop deg eit smykke du også :)

Diger klem frå Linda

søndag, oktober 17, 2010

Ei helg i unntaksstilstand


Det vart stille i bloggen forrige veke - og det med god grunn... Natt til mandag forsvann nemleg vatnet i huset vårt (og i tre nabohus). Det var brann i nabolaget søndag morgon, og Vann og Avløp frå kommunen, trudde at røyra hadde gått tette under brannslokkingsarbeidet.  Dei grissla og gravde og fann i grunnen lite ut. Teorien er nå at det er lekkasje ein eller anna stad, og håpet er nå at rørleggjarane finn ut kor denne lekkasjen er, slik at me får det utbetra. Sidan dette er på den private delen av vassnettet må me sørge for utbetring sjølve, og dekke alle utgifter sjølve. Med tre små ungar i hus, er det ikkje berre berre å hente vatn frå ein vanntank uti gata. Ei supersnill nabodame lot meg vaske klær hjå henne, men her hopar mengdene seg opp fortare enn svint.



Det er utruleg kor ein merkar kor viktig slike elementære ting som vatn og straum er, når ein ikkje lengre har det. Eg har innsett at eg rett og slett er ein storforbrukar av vatn, slik som eg sutlar med vaskefilla til stadighet ;) På nattestid jobbar hjernen på høggir; tenk om terassen me fekk bygd i sommar må rivast bort, tenk om dei må grave opp heile hagane for å finne kor det er gale, kor mange millionar kroner vil dette koste osv osv.

Nei, då er det godt å komme seg heim til mammo og vaskemaskinen hennar. På Halsnøy er det alltid superkjekt, og jammen santen skein sola denne gongen også. Me har mata naboens skvetne kaniner, me har ete vafler, handla, prata og storkosa oss.


 

Nå er me vel heime i Stavanger igjen. Alle klesskap er fulle av nyvaska klede, alle er nydusja, og me er rett og slett klar for ei ny veke. Vannproblematikken er der framleis, men det heile verkar litt enklare når ein er aldri så lite meir utkvilt.
Ei fin veke ynskjast deg som er innom også :) Klem frå Linda


tirsdag, oktober 12, 2010

KK Julen gratis hjå Den gode feen


For mange månadar sidan fekk eg ei superkoseleg henvendelse, om eg kunne tenke meg å lage nokre ting (julegåver/julepynt) til KK Julen. Jippi tenkte eg og satte i gang, og prøvde samstundes å skyve prestasjonsangsten lengst bakerst.


Her gjaldt det nemleg å halde hovudet kaldt, og finne fram juleinspirasjonen sånn midt i mai/juni. Medan ungane plaska rundt iført badebukser, la eg siste verk på ferdigsydd julepynt, he he. Eg grubla ei stund over kva tema eg ville lage ting etter, og kom fram til at soppar er jo både julete og samtidig veldig meg.  Ikkje minst kan tinga fint vere heilårspynt som dei er, eller iallefall med litt andre stoffvalg og fargevalg generelt.


Veggsoppar, sydde soppar til oppheng, soppar sydd fast på gavelappar, små soppar til juletrepynt og digre soppar stappa fulle av stappevatt og ris vart produsert på kort tid. På skisseboka hadde eg også masse anna. Soppeting som ikkje er realisert. Ikkje enno ;)


Sommarferien, kombinert med tungrodd e-post-kommunikasjon gjorde at soppane og Den Gode Feen, gjekk i gløymeboka.


Nå er bladet allereie ute i handel har eg sett, men altså utan soppeinspirasjon. Like greit i grunn, eg peprar i staden dette innlegget fullt av soppar eg hadde tiltenkt bladets 120 000 lesarar. Så utruleg mykje tryggare for slike som meg som ikkje likar seg i rampelyset ;)


I går fann eg kakebildet ovanfor i eit gammalt BoligLIV, og kva passar vel ikkje betre enn ei kake pynta med kvit krem og soppar til dette innlegget her ;) Til og med fargane i bladet passar inn, hi hi.


Det mest tidkrevande prosjektet til oppdraget, var desse store soppane fulle av stappevatt og med ris i botnen.


Ikkje så tidkrevande å lage, men det vert alltid litt prøving og feiling når ein diktar mønster til ting. Faktisk så er dei enno ikkje heilt ferdige. To koppar frå Rice får duge som stilk til dei minste soppehattane, inntil dei vert ferdigstilte, ha ha. Sjå berre her:


KK Julen enda opp med å bruke mange andre fantastiske bloggarar i bladet sitt, og eg gledar meg masse til å sjå kva spennande dei har funne på. Glimt av reportasjane kan sjåast hjå somme av favorittbloggane mine; Kaspara, Fru Fly, Briggs lekehus og Fjeldborg. Glimta eg har sett har iallefall gjort til at eg MÅ skaffe meg KK Julen. Kanskje allereie i morgon ;)

God tirsdag til deg som er innom. 

PS! Publisering fram i tid er og blir genialt. Medan eg var til lunsj i går, la forrige innlegg seg ut på bloggen av seg sjølv. Nå satsar eg på at det samme skjer med dette ;)

mandag, oktober 11, 2010

Sydde gleder


Dei siste vekene har symaskinen dura på kveldstid i kjøkkenkroken. Som alltid vert eg ekstra motivert og inspirert med nye stoff i hus, og stoffbitane frå Kasparas nettbutikk og hjertestoffa frå By Graziela gjorde sitt til at eg fekk farten opp.


 Eplabutikken vart fylt opp i går, og meir er på veg inn der. Veit ikkje heilt når, men kanskje til helga igjen...


 Eg er framleis ikkje ferdig med min lilla kombinert med lys turkis periode, og produkta ber preg av nettopp dette, hi hi.


Samstundes var det utruleg herleg å sy noko pang-fargesprakande som teppet over. Dog er oransje, gule og raude fargar litt vanskeleg å fotografere. Fargane flyt liksom litt over i kvarandre, og det er vanskeleg å gje eit verkelegheitstru bilete. Men pytt, de ser nå korleis det ser ut uansett :)


Elefanten Ellers Leser vi Allers er født, det samme er fleire av søskena hans. Ryktene fortel at elefantmammo har enno fleire elefantar i produksjon, så dette vert jo spennande. 


Den der publiser fram-i-tid-funksjonen til Blogger er genial. Ja, det gjenstår jo forresten å sjå. Når eg skriv dette er det søndag kveld, og eg har valgt å publisere fram i tid. Dersom bloggen min oppdaterast med eit nytt innlegg mandag føremiddag så virker alt som eg trur og håpar at det skal. Eg skal nemleg på jobb i morgon, og har ikkje tid til å blogga overhodet. Snakk om effektivitet, he he.  Korleis gjer mine bloggevenner dette? Publiserer du innlegga med ein gong. Eller lagar du innlegg som du publiserer på datoar fram i tid?

Ha ein strålande flott mandag.
Related Posts with Thumbnails