tirsdag, mars 29, 2011

Audmjuk og umåteleg lukkeleg. Eg er kåra til Årets nynorskbrukar 2011!


De kan tru at eg vart forundra her ein kveld. Eg vart oppringd av ein mannsperson som lurte på om eg hadde to minutt til overs for å høyre om ei kjekk kåring. Den hyggelege mannspersonen kunne fortelje meg at styret i Nynorsk kultursentrum hadde kåra meg som Årets Nynorskbrukar i 2011. Ein pris eg ikkje ante at eg var nominert for ein gong. "Å, herlighet så kjekt. Er det sant?", utbraut eg, medan tusen tankar raste gjennom hovudet. Var dette ei tulletelefonoppringing? Var dette ein draum? Kunne nokon vennligst klype meg i armen slik at eg landa på Moder Jord igjen?  


Men det viste seg at det rett og slett berre var ein fantastisk kjekk telefon å få. Dette var ikkje noko tull. I særdeles godt selskap med Kjartan Fløgstad, Kari Traa, Maria Parr og mange andre høgtståande personar i norsk kultur- og samfunnsliv finn de altså vesle meg. Eg har fått den tolvte Årets nynorskbrukar prisen dei delar ut. Prisen er på femti tusen kroner. Det er utruleg kjekt. Gubbevaremegvel rett og slett. 



I etterkant har eg hatt fleire lange telefonsamtalar med direktøren for Nynorsk kultursentrum, der eg har diskutert bruk av nynorsk på bloggen. Sånn i ettertid ser eg det nesten som om han har måtta overbevise meg om at eg er ein verdig prismottakar. Dei fokuserer ikkje på små skrivefeil og ordfeil, men ser meir på formidlinga av nynorsk som heilheit. Dei legg vekt på syntaksen som det så fint heiter, og ikkje minst bruk av nynorsk i interiørsamanheng. Eg er utruleg audmjuk og lukkeleg. Tenke seg til at nokon skulle setje pris på at eg skriv nynorsk - noko som er heilt naturleg for meg. Eg har aldri vurdert å skrive bokmål ein gong. Det er for langt frå mi eiga dialekt og dermed for langt i frå personlegheita mi. Og det er jo personlegheita mi eg prøver å vise fram i bloggen.


Og så femti tusen då. Det er jo ekstremt mykje pengar. Herr Fe, Samson og eg hoppa rundt i ring på kjøkengolvet medan me hylte og lo, då eg kunne fortelje dei kva eg hadde vunne. "Nå skal me iallefall reise til syden" sa eg. Ungane har aldri vore i syden. Akkurat det er litt sårt for meg, at dei ikkje har fått vore i varme strøk slik dei fleste andre ungar me kjenner. Vel. Med eit smil om munnen logga eg meg like etter inn på Altinn.no, for så å finne ut at eg får tidenes baksmell på skatten. Opp som ein hjort, og ned som ein lort med andre ord. Jaja, sydentur skal me nok få til uansett. Ein vakker dag.

Og nå fokuserer eg berre på ein ting:  eg er Årets nynorskbrukar 2011. Takk til Nynorsk kultursentrum. Takk til mi flinke norsklærerinne på ungdomsskulen, Aslaug Sjo. Takk til min flinke veileiar på Universitetet, Ingunn Thorseth. Takk til Herr Fe. Takk til mamma. Og takk til deg som les bloggen min. Blogginga hadde aldri vore den same utan dei oppmuntrande og kjekke kommentarane de legg igjen her inne. Kan nokon klype meg i armen slik at eg landar på Moder Jord igjen?


PS. Som de ser av dagens bilete har eg nå funne fram nynorskordlistene våre frå bokhylla. Her må ein prøve å framstå som ein verdig vinnar ;) 


Her er forresten pressemeldinga som vart sendt ut i dag. Eg er ikkje 38 før seint i november, men pytt pytt ;) :


Bloggaren Linda Sæbø (38) i Stavanger er Årets nynorskbrukar 2011. Ho får prisen for utviklinga av bloggen ”Den gode feen” til ein viktig stad på Internett, og for innsatsen med å gjere det like sjølvsagt å skrive interiørstoff på nynorsk som det er å skrive om kunst, historie og politikk, seier styret i Nynorsk kultursentrum i si grunngiving for tildelinga.


Prisen er på 50 000 kr og blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 23. juni.
Geolog med interiørblogg 
– Eg er ubeskriveleg glad, seier prisvinnaren. – Det har vore sjølvsagt for meg å skrive nynorsk, og det har eg ønskt å gjere på min måte, seier Linda Sæbø. Kvar dag er 3000–5000 lesarar innom bloggen hennar. Sæbø er frå Halsnøy i Sunnhordland og bur i Stavanger der ho arbeider som geolog i Statoil. Ho er cand.scient. frå Universitetet i Bergen i 1998.
           
Bloggen har Sæbø skrive sidan 2003, og det var nokså tilfeldig at ho blei ein bloggar. – Vi var nokre jenter som hadde dagleg kontakt i eit handarbeidsforum, og vi fann ut at på bloggar kunne vi syne fram litt av det vi hadde laga. Den gongen var blogg veldig nytt, og eg heldt den hemmeleg den første tida. Å skrive blogg er ein hobby, men eg oppdaterer nettstaden fleire gonger i veka, seier Linda Sæbø.
Ein kulturpolitisk pris 
– Dette er ein kulturpolitisk pris, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Interiør og familieliv har vore eitt av dei sterkaste domena for bokmål, og språkpresset i Stavanger-regionen er formidabelt. Då kjem kvar einaste nynorskbrukar på Internett godt med. Hulda Garborg skreiv om interiør i vekebladet For Bygd og By på 1920-talet, andre følgde opp i Nynorsk Vekeblad i 1930- og 40-åra, og litt fanst i Dag og Tid i 1960-åra. I åtte år har Sæbø skrive om interiør og familieliv på nynorsk, og det har ho gjort utan førebilete frå ei vekepresse som behandlar nynorsk som eit framandspråk, seier Grepstad.
           
Den fremste nynorskprisen           
Det er 12. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.  
Årets nynorskbrukar 2000–2011
2000     Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
2001     Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
2002     Ringstabekk skole, Bærum
2003     Redaktør Martin Toft
2004     Musikkgruppa Side Brok
2005     Forfattar Kjartan Fløgstad
2006     Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007     Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008     ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009     Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010     Forfattar Maria Parr
2011     Bloggar Linda Sæbø

171 kommentarer:

  1. Anonym9:29 p.m.

    Fantastisk! :) Gratulerer! Eg har følgt bloggen din lenge, og har gleda meg over det fine nynorske språket ditt. Super blogg!

    SvarSlett
  2. Så FLOTT! Vel fortjent Linda <3

    SvarSlett
  3. GRATULERER såååå mye, Linda!! Disse gule bøkene var kjente (og kjære?!;) Så gøy! Håper dere får til en sydentur:)) Det er dere VEL unt!

    KLEM KLEM
    Anette

    SvarSlett
  4. Gratulerer så mye! Så moro! Jeg synes det er kjempefint at du - og andre med deg - skriver på nynorsk! Jeg synes nynorsk er utrolig vakkert, og det var ett av mine favorittfag på skolen! (Selv om jeg kommer fra et sted laaaangt fra nynorske dialekter, nemlig Akershus)

    Over til noe annet: Siden du i tillegg til å være en dyktig nynorsk- skribent er dyktig med symaskinen, lurer jeg på om du har mulighet til å hjelpe meg med et mønster til en forklekjole str. 1-3 år. Har googlet og leita men uten hell - jeg har aldri sydd en slik kjole før, og må antagelig ha et veldig nøyaktig mønster... Aner du hvor jeg kan få tak i???

    Klem

    SvarSlett
  5. Gratulerer! Dette var artig.

    SvarSlett
  6. Gratulerer, det er veldig vel fortjent, du skriver nydelig og ujålete nynorsk.

    Så pussig, jeg tenkte faktisk heromdagen at du hadde vært en veldig god kandidat til en nynorskpris...

    SvarSlett
  7. God kveld!

    Det synest eg var veldig artig! Ivrar sjølv for å spre nynorsken på min veg og set stor pris på at du er slik ein flott representant! Tenk på alle som les bloggen din og som ser opp til deg - det er gull vert!

    Gratulerer!

    SvarSlett
  8. Kjempemoro! Gratulerer!

    SvarSlett
  9. Gratulerer så mykje!

    No lyt eg faktisk kome meg på opninga av Dei Nynorske Festspela for om ikkje anna å sjå deg få prisen. Eg har vore inne på tanken om at ein interiørbloggar burde vore nominert til prisen, og var i haust veldig nære å sende ein mail til dei om dei fine bloggane på nynorsk.

    Dette kjem frå ei som ganske motvillig har flytta veldig nære nynorsken si vugge, og som til vanleg skriv bokmål, om ein ser bort frå når eg skriv små dikt :)

    Gjennom å lesa bloggar om interiør på nynorsk har eg fått opna auga mine for at nynorsk er ei vakker målform, og at den ofte er meir målerisk og skildrande enn bokmål. Det er noko med at når noko vert presentert med ekte engasjement, så vert det med ein gong kjekkare for lesaren også :)

    Så - eg bøyer meg i støvet! Nokon har tenkt det same som meg - eller riktigare, eg har hatt same tanke som dei som steller med dette i Nynorsk kultursentrum :)

    Gratulasjonsklem frå
    Moccamamma :)

    SvarSlett
  10. Oi, så moro!! Gratulerer!!! 50000 er 50000 uansett om de går til å betale skatt eller sydentur! ;-) :D

    SvarSlett
  11. Gratulerer så mye! Skjønner godt at du ble glad av dette!

    SvarSlett
  12. Helt FANTASTISK!!!
    Heia deg :)

    Masse grattis til deg :)

    Ida Susanne
    (sukkertøy for øyet)

    SvarSlett
  13. Jøje meg - så artig! Forstår godt at du blei hoppande glad for dette! Nynorsk er verkeleg så flott eit språk - og du er skikkeleg flink, Linda!

    God klem

    SvarSlett
  14. Gratulerer så mye og vel fortjent:-)

    SvarSlett
  15. Gratulerer så mye,Linda!Vel fortjent:)Jeg synes det er så flott at du skriver nynorsk og la merke til det ifra jeg begynte å lese bloggen din.Det er nydelig og du utrykker deg så fint når du skriver også.Dette var utrolig kjekt!:)Stor klem fra Monja

    SvarSlett
  16. Gratulerer så uendelig mye!

    Jeg synes ikke du skal lande på Moder Jord enda, for denne skyen synes jeg du skal kose deg på veldig lenge!

    pst.. Jeg skjønner at du synes det er sårt at barna dine aldri har vært i syden. Jeg var 27 år før jeg kom meg til varmere strøk. Det året mor og far skulle ta med lillebror og meg til syden fant jeg ut at jeg skulle ta meg 2 år i Forsvaret og jeg måtte møte opp midt i ferien. Men jeg elsket de feriene vi hadde i Danmark, London og hytta ved farmor og farfar.

    Håper dere får en flott tur når den tid kommer :)

    SvarSlett
  17. GRATULERER Linda!!!!!

    Gu kor kjekt!

    Syns det at du skriver på dialekt er en av de tingene som gir bloggen din noe ekstra. Nynorsken gjør at DU blir noe ekstra,kanskje du blir mer tydelig, mer synlig? Og jeg tror at det er flere lesere enn bare meg som synes at akkurat bruken av nynorsk gir bloggen din en egen tone og personlighet. VELDIG kjekt!

    Håper dere kommer dere til sydenlandet. Si fra hvis du trenger anbefalinger ;)

    Stor klem!

    SvarSlett
  18. Gratulera så mykje, Linda! Det er vel fortjent!

    Eg synst det var dumt at du ikkje fekk oppfylt draumen om sydentur med familien, så eg synst du skal setje av litt av premien til det!! Vi skal jo leve litt og!

    Nyt å vere årets nynorsbrukar!!

    Klem frå Solveig

    SvarSlett
  19. Gratulerer og velfortjent. :))

    SvarSlett
  20. Gratulerer så myer. Hørte det på Lokalen idag og ble så fornøyd på dine vegne. Og nå skal jeg innrømme en ting: Til mine elever som synes nynorsk suger (deres ord) og ikke kan brukes til noe som helst, så har jeg vist dem bloggen din og de har fått seg en wow-opplevelse. Nynorsk er ikke en utdøende rase som bare brukes av sære kulturpersonligheter, men til og med av fancy bloggere. Det må jo til og med "ogndommane lika".

    SvarSlett
  21. Gratulerer!!

    Det var soooo artig å lese om deg i lokalavisa vår i dag ( på nett ) som kjem ut i papirutgåve på torsdag..
    Da ej åpna nettsida og såg bildet ditt so tenkte ej, hm..... ho "kjenne" ej... iallefall igjennom blogg-verdenen!!!

    Gratulerer so mykje!!

    LINK: http://www.vikebladet.no/kultur/article323891.ece

    SvarSlett
  22. Dette er bare SÅ BRA og SÅ RIKTIG!!!! Ikke mere å si, - du er en virkelig verdig vinner! klem, klem og atter klem fra meg.

    SvarSlett
  23. Anonym9:52 p.m.

    Gratulerer så mye! :-)

    SvarSlett
  24. Gratulere så mye, vel fortjent. Håper dere kommer dere til syden. ....Det går an å reise billig.....ryanair fyker fra haugesund ;)

    SvarSlett
  25. Gratulerer så utrolig masse, Linda! Dette var virkelig vel fortjent. Du skriver kjempeflott på nynorsk og jeg storkoser meg med hvert eneste ett av innleggene dine. Og du er i et meget godt selskap, med både høyesterettsdommer og forfattere!

    Jeg skriver selv nynorsk i min jobb, og synes det er riktig så utfordrende. For meg er det nemlig i utgangspunktet sidemål.

    Nyt den flotte gevinsten!

    Klem Pink lady

    SvarSlett
  26. Gratulerer så mykje med ein viktig og flott pris!! ein fin blogg har du òg.
    Ha ein fin kveld.

    SvarSlett
  27. WOW så gøy:o)
    Gratulerer så mye!!!

    SvarSlett
  28. Gratulerer! Så absolutt fortjent! :)

    SvarSlett
  29. Guriland, så artig. Og velfortjent. Gratulerer så masse!! (og SØREN med den baksmellen!!!!)

    SvarSlett
  30. Gratulerer! så moro ;)

    SvarSlett
  31. Gratulerer så veldig mye, Linda!
    Jeg skulle ønske for deg at du IKKE var sår pga sydenturer som ikke blir noe av. Vi er mange som ikke får det til og alle vi som leser bloggen din ser at dine smågull har en mamma som vet å skape gode barndomsminner selv om syden glimrer med sitt fravær. Vi får fortsette å drømme om drømmeferien i sydenlandet...vær kry av deg selv!klem

    SvarSlett
  32. Fantastisk!
    Gratulera så mykje Linda!
    Da e så absolutt vel fortjent :)

    Du e rett å slett eit forbilde for oss andre. Oss andre vestlendingar, og kvinnheringar ikkje minst...!
    Eg har stadig tenkt at eg skal legge om bloggen på dialekt.. men tenkjer at eg kanskje då ikkje gjer meg like godt forstått for desse austlendingane... eller nordlendingane for den del... For nynorsk-skrifta mi.. den e nok blitt passeleg utvatna etter mange år i aust.
    Men kanskje ein dag? Du motiverar i alle fall meg! Og eg blir såå GLAD av å lese bloggen din... på NYNORSK!

    Gratulera igjen! :)

    *Kjersti*

    meeen.... synd med den baksmellen då... håpar det lar seg ordna meg nåken varme solstråler på dei små likevel ;)

    SvarSlett
  33. GRATULERER til deg!
    Så utrolig kjekt og vel fortjent...
    Artig at det å starte blogg kan føre med seg de utroligste utfall!
    Er stor tilhenger av bloggen din, har sikkert nevnt det før hi, hi, så får min dose nynorsk gjennom deg ;)
    Veldig kjekt.
    Kos deg med din nye tittel! :)
    Klem May Helen

    SvarSlett
  34. Gratulerer masse, kanonbra:))
    Velfortjent:)

    Marte

    SvarSlett
  35. Så utrolig kjekt!!!Gratulerer så mye.
    Jeg har alltid brukt bokmål selv, men ungene våre skal ha nynorsk:)
    Takk inspirasjonen du gir!!

    SvarSlett
  36. Takk for inspirasjonen...skulle det være;)

    SvarSlett
  37. Gratulerer så utrolig masse!
    Verdig vinner, det er det du er.
    Er så GLAD for at du er her, Linda!

    SvarSlett
  38. Gratulera så mykje! Vel fortent, rett og slett :) Frydar meg når eg les bloggen din, og at den er på nynorsk er jo berre ein kjempestor bonus.
    Hurra for deg, og nynorsken! :)

    SvarSlett
  39. Hjarteleg til lukke med prisen! Du er absolutt ein verdig vinnar, inspirerande for oss nynorskbrukarar!

    SvarSlett
  40. Gratulerer!!! Den fortjener du virkelig! Alltid kjekt å lese nynorsk når det kommer så naturlig som hos deg!

    SvarSlett
  41. Gratulerer!
    Eg har gleda meg over den ledige nynorsken din kvar einaste gong eg har vore innom bloggen din. Dette fortener du. Gled deg over prisen!

    SvarSlett
  42. GRATULERER og gratulerer ein gong til - det er så velfortent og så gøy! Bloggen din er inspirerande på så mange måtar - og for ein premie, då. Kjempeglad på dine vegner! :)

    SvarSlett
  43. Gratulerer så mye!!
    Det er en fryd å følge deg! :)

    SvarSlett
  44. Gratulerer så masse! Det var virkelig vel fortjent, da bloggen din både er en inspirasjon og en sann glede å følge med på. Språket du benytter er så flott og melodiøst, og bygger opp om det du formidler.

    Håper det blir litt igjen til kos og glede etter at skatten er betalt, for det er deg vel unt!

    SvarSlett
  45. Heilt rått, Linda! :-) :-) Hurra for deg! Nynorsk e best <3

    SvarSlett
  46. Gratulera so mykje med prisen !! Det var artig og du er absolutt ein verdig vinnar !

    SvarSlett
  47. Gratulerer! Jeg leste dette først i Rogalands Avis og tenkte "ja!" Du skriver så varmt og fint om hverdagen og de nære ting - og nynorsk gjør det enda mer poetisk :)

    - Joveig

    SvarSlett
  48. Gratulerer så mykje med prisen,det var verkeleg forjent! Har lenge fryda meg over det gode språket ditt, det er så herleg å lese bloggen din. I tillegg lagar du mykje fint då! Lukke til med prisutdelinga. Eg bur i det området, så kanskje eg ser deg i juni!
    Helsing A.

    SvarSlett
  49. Det er noe av det koseligste jeg har lest i bloggverden noen gang!

    Gratulerer så mye
    -og den sydenturen hadde jeg virkelig unt deg og dine... Håper dere får det til på tross av baksmell!!!

    (PS; få hjelp hos noen som virkelig kan regnskap for å se om du kan finne noen mulighet for å minimere baksmellen din...)
    -det skal jeg gjøre!

    Klem fra Elisabeth

    SvarSlett
  50. Gratulerer!!!! satt akkurat og kikke i avisa og se her
    http://www.rogalandsavis.no/nyheter/article5547102.ece

    lokal kjendis ser du! ;D

    SvarSlett
  51. Kristin B.11:03 p.m.

    Så fantastisk Linda, dette fortjener du virkelig!! Jeg elsker å lese nynorsk på den herlige bloggen din, ikke ofte man leser det ellers, men det er et vakkert språk å uttrykke seg på.
    Kos dere masse for pengene, håper det ordner seg med restskatten på en eller annen måte.

    Klem fra Kristin

    SvarSlett
  52. Så fantastisk Linda! Gratulera så masse! Lurte litt på om jeg også skulle skrive nynorsk da jeg begynte å blogge, men er redd det hadde sneket seg inn litt for mye dialekt, så da lot jeg det likegodt være. Egentlig dumt for jeg burde holde nynorsken ved like. Du er en sann inspirasjonskilde! Vel fortjent pris. PS! Håper dere får tid til å reise til syden snart tross baksmell.

    SvarSlett
  53. Gratulerer så mye!!

    SvarSlett
  54. Hei!
    Gratulera så mykje med prisen. Velfortjent. Du har ein kjempefin blogg som eg kosar meg med å lesa, ekstra kjekt si den er på nynorsk.
    Helsing ei stordajenta

    SvarSlett
  55. Såå stas, gratulerer så møje:),
    ungane her har nynorsk på skulen,
    syns det er vanskelig siden eg har hatt bokmål selv, øvelse gjør mester heter det vel;).
    Me bur på flataste jæren(orre) så burde vel kunne nynorsk;).
    Ha en super kveld.

    SvarSlett
  56. Så gøy!! :)
    Gratulerer!!
    KLEM

    SvarSlett
  57. Så utrolig nyskapende av nynorsk kultursentrum å dele ut prisen til en blogger. Og når de først kom på den tanken; hvem andre enn deg Linda! Du skriver fantastisk flott om hverdagslige og inspirerende saker og ting. Jeg elsker bloggen din for det friske flotte språket ditt. Du er en kløpper med ord =)

    Goooood tur til Syden ;0)

    SvarSlett
  58. Gratulerer så masse! Det er deg vel forunnt! :) Synd med baksmell da.. Kjenner meg litt igjen der :) Vi vant 10.000 på et flakslodd her om dagen, dagen etter hadde vi fått en stor sprekk i frontruta på bilen, pris : 17.000....
    Gratulerer nok en gang!
    -synnøve-

    SvarSlett
  59. Dette var jo kjempekjekt. Eg nyter å lesa bloggen din, pga. innhald men også fordi den er på nynorsk. Nynorsk skriv eg også, fordi det er naturleg for meg. Kjekt med fleire nynorske bloggarar !! Gratulerer så mykje. Unner deg dette og ein sydentur attpå !! Helsing fast lesar frå Sunnhordaland.

    SvarSlett
  60. Gratulerer!! Heia nynorsk!
    Hilsen en fast leser, og gammel UiB-geolog, fra oljebyen ;)

    SvarSlett
  61. Gratulerer så masse!! Så overaskende da!! Har begynt å tenke på " vårens gjøremål" her hjemme- og skal fikse opp lekehytta. Husker du hadde et innlegg på bloggen din om ei ringeklokke du hadde kjøpt til deres lekehytte. Lurte på hvor du her kjøpt den og evb pris?

    Mvh Janne

    SvarSlett
  62. WOW - Gratulera så mykje!
    For ein pris og for ein PREMIE! Eg hadde sjølv blitt hoppande glad! :)
    Håpar dykk får til ein sydentur i næraste framtid.

    SvarSlett
  63. Å kor flott!!! Gratulerer så mykje :-) Slikt likar vi nynorskfolk :-)

    helsing frå Hakallegarden

    SvarSlett
  64. Vi elskar at du skriv på nynorsk. Du er knall flink til å formulera deg...RETT OG SLETT.

    Gratulera!

    Klem F

    SvarSlett
  65. Gratulerer Linda. Vel fortent.
    Glad for at nokon er så flinke til å bruke nynorsk. Syns det er myke meir "liv" i nynorske tekstar. (Kanskje for det ligg nærat til dialekta mi.)

    Mvh
    Beate

    SvarSlett
  66. Gratulerer Linda. Vel fortent.
    Glad for at nokon er så flinke til å bruke nynorsk. Syns det er myke meir "liv" i nynorske tekstar. (Kanskje for det ligg nærat til dialekta mi.)

    Mvh
    Beate

    SvarSlett
  67. Gratulerer! Kjempeartig at du skriver på nynorsk! Har selv hatt nynorsk som hovedmål i alle år på skolen, men svikter desverre stort i voksen alder.. God der er noen som holder godt på språket sitt!

    Forresten flott bloggdu har!

    SvarSlett
  68. Gratulerer så mye! :D Utrolig fin pris å vinne, da! :)

    SvarSlett
  69. Gratulerer! Så utrolig bra! Hurra for Den gode feen, nynorsk og blogging!

    SvarSlett
  70. Hei Linda

    Kan tru eg e stolt av deg:)
    Dette her var en skikkelig kjekk lesning.

    Mange varme klemmer fra Elin:)

    SvarSlett
  71. Nei så moro!!! eg har veld å skriva på nynorsk eg, og håper eg vil fortsete med dette. !.

    Gratulerar så mykje!
    Klem villa bjørkhaug

    SvarSlett
  72. Gratulerer med flott pris! Bare synd med den skatten.......

    SvarSlett
  73. Gratulerer, vel fortjent!

    SvarSlett
  74. Gratulerer så mye !!
    Vel fortjent, koser meg alltid når jeg leser innleggene dine, så ekte og naturlig !
    *Cecilie

    SvarSlett
  75. Gratulerer så mykje!
    Sjølv om eg ikkje er så veldig oppteken av interiør, så er eg innom bloggen din kvar gong det kjem eit nytt innlegg. Det er eigentelg få bloggar på nynorsk, og det er derfor godt å kome innom her.
    Og så har du også mykje fint å vise fram og då !

    SvarSlett
  76. Hurra for deg! Gratulerer sååå mye!! Vel fortjent! Hurra hurra hurra!! Klæm

    SvarSlett
  77. GRATULERER SÅ ENORMT MYKJE!! :) Det er rett og slett heilt fantastisk å bli kåra til årets nynorskbrukar, og eg er svært stolt av deg! :) Det er så få av oss som brukar nynorsk i skrifleg form, så vi må verkeleg setje pris på kvarandre.
    Og så 50 digre for det òg - det er jo berre til å juble ekstra stort av. Då skal du sjå det vert ein liten sydentur på dykk, ja.
    Gratulerer nok ein gong, det er deg vel unnt :)

    Med venleg helsing,
    nynorskdama Kristin på Hekkan :)

    SvarSlett
  78. Masse gratulerer! Du er en veldig verdog vinner. Nyt tiden og premien! Litt morsomt synes jeg også at det var at min gamle ungdomsskole, Ringstabekk, stod som tidligere vinnere ;-)

    SvarSlett
  79. Så utrolig artig! Gratulerer så mye, det var virkelig vel fortjent :-)

    SvarSlett
  80. Gratulerer så masse!

    SvarSlett
  81. Kjersti9:44 a.m.

    Nå har jeg fulgt med på bloggen din i lange tider, men aldri lagt igjen en kommentar. I dag må jeg endre på det, atså: gratulerer så mye! Kjempekjekt at en interiørblogger får en slik pris. Det er så godt å lese blogger som er godt skrevet, som ikke er full av orddelingsfeil og andre skrivefeil, men som flyter lett og har et språk preget av bøttevis med personlighet og sjel. Du er kjempeflink! Jeg er sikker på at barna dine har en aldeles flott barndom - syden eller er - men jeg håper at dere får oppfylt drømmen og kommer dere sydover hele gjengen.

    Hilsen Kjersti fra Trondheim

    SvarSlett
  82. Gratulerer så mye. Veldig hyggelig å følge bloggen din. Liker spesielt godt at du skriver på nynorsk det gjør den mer personlig. :)Håper alle er fiske igjen hos dere. Ha en flott dag.

    SvarSlett
  83. Så utrolig flott og vel fortjent at du får denne prisen! Gratulerer! :-) Noe av det jeg setter sånn pris på ved bloggen din, i tillegg til din ubestridelige kreativitet, er nettopp det at du skriver på nynorsk, som er DEG. Dette var artig for hele blogglandia :-)

    Klem, Turid

    SvarSlett
  84. Oj Linda, gratulerer så masse!!
    Så utrolig kjekt da:)

    SvarSlett
  85. Anonym9:59 a.m.

    Gratulera så mykje med prisen! Det er vel fortent! Er innom bloggen din med ujamne mellomrom, er sånn midt på tret interiørinteressert, men eg likar så godt stilen og språkbruken din! Det er beint fram kjekt å lesa:)Vennleg helsing ei godt vaksen dame frå Rosendal:)

    SvarSlett
  86. Hei, dette er strålende nyheter all honnør til deg det er en fullt fortjent pris! mvh Linda P.

    SvarSlett
  87. Gratulerer så mye med prisen, Linda! Den er velfortjent- og jeg synes det er flott at blogger også gjør seg bemerket i slike sammenhenger. Du er en glimrende representant for mye bra, også godt språk. Håper det blir sydentur på dere etter hvert. Og i hvert fall at solen skinner i Stavanger som i Bergen i dag?:)God klem fra Heidi

    SvarSlett
  88. GRATULERER!! Det var kjempekjekt
    ;-)
    Og vel fortjent. Det blir en egen stemning av å lese bloggen din. Selv er jeg oppvokst med nynorsk som hovedmål, og synst det er vakkert å lese. Dessverre sliter jeg litt med å skrive nynorsk selv, etter mange år med bokmålslærebøker, studier der det var enklest å notere på samme målføre som foreleseren foreleste på osv. Hos meg blir det enten dialekt eller bokmål...
    GRatulerer nok en gang!

    SvarSlett
  89. Gratulerer! Det har du absolutt fortjent:). Kjempefin blogg som ej leser tidt og ofte. Lykke til vidare med blogginga - og håper det blir en liten sydentur til deg og familia!
    Hilsen vestlandsleser

    SvarSlett
  90. Gratulerer så mykje med nynorsk-prisen! Vel fortent! Ei glede å lese den frodige og fine nynorsken din!

    SvarSlett
  91. Gratulerer med prisen! En ærefull pris som du er verdt! Du har en flott blogg og et nydelig språk.
    Klem Tonje

    SvarSlett
  92. Gratulerer så kjempemasse!!! Så kjekt!! Eg la faktisk merke til at du skriev på nynorsk først i går; for oss vestlendinger er nynorsk like vanleg som bokmål. Heldigvis:)

    SvarSlett
  93. Gratulerer Linda, det var velfortjent.

    SvarSlett
  94. Gratulerer så mye, en verdig vinner!! :-)

    SvarSlett
  95. Gratulerer så utrolig masse!
    Tenk alt som skjer pga en blogg!!?
    Fantastisk....vel undt!
    Håper dere får til en ferie, baksmellen hadde jo kommet okke som ;)

    Hilsen Nina

    SvarSlett
  96. Først: gratulerer så mye - det er vel fortjent. Så tenker jeg, for en fantastisk oppmerksomhet og anerkjennelse at bloggere er en stemme i samfunnet! Det er så flott. Håper at du får gjort noe koselig for deg selv og familien - og at alt ikke drukner i gammel skatt. Kos deg med utmerkelsen :)

    SvarSlett
  97. Gratulere så mye :)

    Og du! La baksmell vere baksmell og ta ein tur te syden med familien. Det kjære deg har du fortjent ;oD

    SvarSlett
  98. GRATULERER!!!! Uttrolig øy da at en blogger får en slik anerkjent pris!! Dette har du fortjent!!!

    Burde vel egentlig legge denne komentaren inn et annet sted på bloggen din - MEN må bare komentere det du skriver om at barna dine aldri har vært i syden, slik som alle de andre som de kjenner...
    Jeg vet at "ALLE" i Norge har vært i syden, men jeg må si til deg som jeg sa til en alene mor som jeg jobbet med en sommer - hun var så lei seg for at datra hennes, nå som hun hadde flyttet fra samboeren i allefall ikke kom til å reise til syden eller ha en sommerferie som hun kunne minnes - det er bare tull, jeg vet ikke hvor gammel jeg var, men godt over 10 år da jeg oppdaget at jeg ALDRI hadde tilbrakt hele somrene mine på hytta til besteforeldrene mine, - faktisk aldri mere enn 1 uke - MEN det var slik jeg husket somrene - på hytta i Son ) og det er jo det jeg husker fremdeles, selv om jeg vet det har vært anneledes, men det er de minnene som sitter i!!) Nå har jo jeg - som også hadde veninner som HVERT ÅR var i syden - men var på min egen første syden tur da vi kjørte til Italia - FLYTTET til Syden - og jeg har et barn som klager over at de ALLTID reiser BARE til Norge.... Vesla tror at ALLE hotell har svømmebasseng, selv om vi lå på kanskje 5 forskjellige hotell en sommer ( det var jo søren meg billigere enn å leie oss inn på camping hytta, da vi ikke skulle bli mere enn ei natt - med fjord pass)- det var det et som hadde svømmebasseng i kjelleren - og Hotellet lå på Gol;-)!
    Jeg mener og tror at vi føler veldig på dette - mens når ungene når de blir eldre husker noe helt annet og har uttrolig gode minner fra det man gjorde UANSETT!!
    Mora mi husker veldig godt og kommer med uttrolig mange eksempler på det!!

    PS: håper du ikke gikk i minus etter baksmellen, - at premien gjorde godt slik i allefall!

    SvarSlett
  99. GRATULERER!
    Eg bookar dermed sein-juni for å møte opp og få med meg utdelinga av prisen til deg her i bygda!
    Stas:)

    SvarSlett
  100. Gratulerer så mye!

    SvarSlett
  101. Gratulerer så mye! Du er virkelig en verdig vinner!!!
    Klem:)

    SvarSlett
  102. Gratulerer, så flott!

    SvarSlett
  103. Gratulerer!

    Så absolutt verdig vinner!
    Jeg elsker det faktum at du skriver på nynorsk. Det gjør bloggen din ekstra spennende!

    :)

    SvarSlett
  104. Gratulerer med prisen :) Veldig kjekt at du vant den fordi jeg har alltid satt pris på at du skriver på den fine dialekten din.

    Nå har jeg akkuret hørt deg på radioen. Det var et fint intrevju og du klarte det med glans :)

    Lykke til videre med bloggingen din. Hilsen fra en tilhenger, Trude :)

    SvarSlett
  105. Gratulerer sååå mye!!! Så gøy!!
    : D !! Håper ikke hele premien går til baksmellen, men at dere kan nyte en del av den og ; )
    Klem Tove

    SvarSlett
  106. Ser at responsen er ENORM, men det heng vel saman med at mange er innom og MANGE syns du er ein verdig vinnar!! GRATULERER så mykje!

    Eg er strålande glad for at nynorsken blir løfta opp og fram, og brukar den sjølv, til trass for at folk av og til stiller spørsmålsteikn..hihi.. :)

    Lenge leve nynorsken og lenge leve inspirasjonsbloggen Den Gode Feen!!!

    God klem!

    SvarSlett
  107. Hei!
    Hørte deg på radioen så flott:-) gratulerer så mye, nynorsk er jo et mye vakkrere og rikere språk.
    Jeg skal følge med på bloggen din og alt det spennende du lager.
    Hilsen Sigfrid

    SvarSlett
  108. Fantastisk! For en ære! Gratulerer så mye!

    SvarSlett
  109. Hei - gratulerer så MASSE - så moro! Bokmål er mitt hovedmål, men jeg skriver masse nynorsk i jobbsammenheng, så den gule boka er velkjent. Nynorsk er et nydelig og poetisk skriftspråk.
    Ser at du har Frode Grytten i bokhylla - har du lyst på et boktips, anbefaler jeg boka "Mellom oss" av Ruth Lillegraven - nydelig bok - på nynorsk:)

    Hald fram;)
    God hilsen fra Bente.

    SvarSlett
  110. Fantastisk, gratulerer så masse masse. Leser bloggen din hver dag og selv om jeg skriver nesten bokmål, er det vel nynorsken som er nærmest min nordnorske dialekt. Ha en strålandes dag videre.

    SvarSlett
  111. Gratulerer!
    Jeg setter pris på at folk bruker sin egen stemme, viser sin identitet, også i skriftspråket :)

    SvarSlett
  112. Gratulerer så mye! Utrolig gøy da :D Har fulgt bloggen din en stund, og ja, du fortjener prisen. Fint at det er noen som skriver nynorsk, må jo ta vare på det skriftspråket man har:) Selv skriver jeg på bokmål, men synes nynorsk er et fint.
    Ønsker deg en fin dag videre, og igjen, du fortjener virkelig prisen:)

    SvarSlett
  113. Takk skal du ha for at du skriv nynorsk - det er så godt å lese at du skriv at det er det språket som er ditt - og at du aldri har vurdert noko anna - slik har eg det også - i tillegg til å dele din smak og di glede over alt flittige fingrar kan stelle istand! Gratulerer - du er ein verdig vinnar - ver du trygg!

    SvarSlett
  114. Gratulerer massemasse! Selv om jeg ikke skriver et ord nynorsk (og som alle andre mislikte det på skolen..) synes jeg det er veldig kjekt at du skriver på nynorsk - det er med på å gi bloggen din særpreg synes jeg:-) Hjertelig hilsen Hanne.

    SvarSlett
  115. Gratulerer, Linda! Så utrolig kjekt at "nesten vanlige folk" kan få prisen også (ja, for du er en så stor blogger at du liksom ikke her heeeelt vanlig..).

    Hipp, hipp, hurra!

    SvarSlett
  116. Måtte bare innom og si at mannen akkurat hørte intervju med deg på radio, han syns du hørtes sååååå grei ut ;)

    Skikkelig kjipt med den der restskatten din. SKulle ønske eg hadde et sydenhus å låne deg, men det har eg desverre ikke. Vi er heller ikke millionærer, men fikk sydentur ved å bestille kort tid før avreise, slik kan man få avbestilte flotte ferier rimelig. Og unngå å reise om sommeren, så varer pengene lenger ;)

    Jeg skjønner godt det du skriver om å ønske at barna skal få komme til syden, har tenkt sånn selv også. Man vil jo gjerne unne barna alt godt, og i tillegg alt man ikke selv har hatt kanskje. Jeg var selv aldri utenlands før jeg var voksen, og det var litt kjipt å være "hjemme" når "alle andre" dro utenland...men når det er sagt så hadde jeg jo kjempefine ferier på hytten med familie og slet da ;)

    Håpoer det ordner seg og at skatten ikke sluker alt.

    Stor klem og gratulerer en gang til ;)

    SvarSlett
  117. Anonym1:02 p.m.

    Gratulerer så mykje med den gjeve prisen!

    Kor bra at ein interiørbloggar kan få ein slik pris. Det viser at nynorsk er eit kvardagsspråk, eit bruksspråk, noko som kan nyttast til alt, ikkje berre til poesi, noko som tykkjest å vere oppfatninga til bokmålsbrukarar.

    Eg kjem på utdelinga!

    Helsing
    naboen til Ivar Aasen

    SvarSlett
  118. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  119. SÅ KULT! Gratulerer så uendeleg mykje! Du er vel verdt prisen. Eg er oppvaksen i nynorsken si heimbygd (Ørsta) og er ein aldri så liten nynorskforkjempar så HURRA FOR DEG! Ein anna liten artig greie er at eg har busett meg i ein anna del av bygda vår, nemmelig Sæbø (nabogarden til vinnaren 2009 Ottar Rekkedal)
    Klem Tonje

    SvarSlett
  120. Eg stiller meg i rekkja av gratulantar! Dette fortener du verkeleg! Då eg opna lokalavisa mi idag var det eit stort bilde av deg der (Sunnhordland). Du har inspirert meg til å skrive nynorsk på min blogg, tusen takk :) Klem Kristina

    SvarSlett
  121. Gratulere gratulerer! jeg elsker å lese nynorsk på bloggen din!
    så håper jeg dere kommer dere til syden en vakker dag..
    hipp hipp hurra for deg!
    klem

    SvarSlett
  122. Så utrolig flott, gratulerer så mye!

    Hilsen fra Mimmi-Leone

    SvarSlett
  123. Hurra og gratulerer!! Veldig fortjent :)

    SvarSlett
  124. Gratulerer så mye Linda. Vel fortjent :)

    Kos dere masse i Syden, du og familien.

    Klem Siri

    SvarSlett
  125. jeg er sååå stolt på dine vegne...gratulerer masse, masse, Linda


    go klem

    SvarSlett
  126. Jeg hørte den strålende nyheten på radio i sta. Så moro, og så velfortjent! Gratulerer Linda!

    SvarSlett
  127. Anonym3:12 p.m.

    GRATULERER!!!

    SvarSlett
  128. Anonym3:26 p.m.

    Dette var veldig fortjent! Gratulerer!
    Har fulgt bloggen din i en del år nå, og setter stor pris på den.
    Selv om jeg ikke skriver nynorsk selv, synes jeg det er godt å lese.

    SvarSlett
  129. Jippii, jippii, jippii! Så velfortjent og moro - gratulerer søteste:) Det aller fineste ordet som går igjen på bloggen din er "Mammo". DET er herlig, det!

    Kos deg så masse med fantastisk pengepremie også! Ferie? Også synes jeg du fortjener en designlampe til? :)

    KLEM,
    Ann Helen

    SvarSlett
  130. Utrolig morsomt, og jeg forstår godt vektlegginga av at du bruker nynorsk på en arena som ikke er "tradisjonell", selv om det er helt naturlig for deg. Gratulerer!

    SvarSlett
  131. Gratulerar så mykje! Vart så glad då eg fann bloggen din, og oppdaga at den var på nynorsk!! Eg skriv sjølv bloggen på nynorsk, og var redd eg kanskje var den einaste ;)

    Lukke til vidare! Og pegane er deg vel unt!

    Helsing Torbjørg

    SvarSlett
  132. Å kjære vene, så utrolig kosleig:)
    GRATULERER så masse :)


    Hurra hurra hurra fra Nina :)

    SvarSlett
  133. Monica fra Sykkylven5:01 p.m.

    Gratulerer så masse! Vell fortjent :-)
    Du e flink,

    SvarSlett
  134. Gratulerer så masse, kjempeflott!!!
    Håper det ordne seg med sydentur:)
    Klem fra Mette(Stavanger)

    SvarSlett
  135. Intervjuet med Nærnett ligg no ute på http://nernett.no/?do=article&id=10229

    SvarSlett
  136. Anonym6:01 p.m.

    Vel fortjent! Dei har haudet på rett plass.

    Trufast lesar.

    SvarSlett
  137. Gratulerer så mykje til deg! No må eg til og med skrive nynorsk. Så kjekt å lese om deg i avisa også. Har du ikkje fått tak i artikkelen som sto i Sunnmørsposten, så berre send meg eit lite pip. Så sender eg til deg. Når det gjeld sydentur, så ser det ikkje ut til at det er det som teller. Vi hadde aldri råd til det medan ungane var små. Men ingen av dei har klaga på det, tvert om. Mange andre koselege ting ein kan finne på saman heile familien. Kos deg med tanken på pris fram til utdelinga til sommaren!

    SvarSlett
  138. Gratulere!! Du er flink til å bruke det nynorske språket, så prisen var fortjent :) Har hatt liknande ordbøker om hende, men det var mest då eg gjekk på skule.

    SvarSlett
  139. Stine B7:10 p.m.

    Gratulerer!!! Vel fortjent! Er innom bloggen din dagleg :)

    SvarSlett
  140. Jeg hiver meg på gratulasjonslisten.
    Gratulerer - for en flott pris å få!
    Så velfortjent!
    Hilsen Anna

    SvarSlett
  141. Gratulerer, vel fortjent! Har alltid likt språket i blogggen din - så fargerikt!
    Synd med baksmellen da, men hell i uhell likevel. Nå kan livet fortsette som før! :)

    SvarSlett
  142. Lovlig seint ute med gratulasjonene jeg, det var faktisk mannen min som hørte det på nyhetene og som ringte og fortalte meg det! Hvem skulle vel ant at han var så oppdatert på hvem som er på min bloggroll??

    Gratulerer så utrolig masse, supervelfortjent, og jeg synes det er så morsomt at prisen gikk til en blogger!

    Håper du ikke trenger å bruke hele premien på baksmell, noe så kjedelig! :D

    SvarSlett
  143. Anonym7:33 p.m.

    Grattis, grattis, grattis, så velfortjent og så artig da!!! :))

    keep up the good work! som det heter på trøndersk ;)

    Inkala

    SvarSlett
  144. Så utrolig stas da! Og dette synes jeg du fortjente ejg altså! Gratulerer så mye"*smile*

    SvarSlett
  145. Gratulerer som Årets Nynorskbrukar! Det er så kjekt å lese bloggen din. Den føles så ekte, mykje på grunn av språket ditt, trur eg. For meg, som deg, er det heilt naturleg å bruke nynorsk, for det er nynorsk eg har vokse opp med og det er nynorsk som er nærast dialekta mi. Språk er identitet og språk er personlegheit. Derfor er det uaktuelt å skrive noko anna. Takk for ein kjempekoseleg blogg som er til glede og inspirasjon for meg (og tydelegvis kjempemange andre)!! Helsing nynorsk-skrivande Statoil-ansatt i permisjon i utlandet :)

    SvarSlett
  146. Stort tillykke fra en blog læser i Danmark. Dejlig inspirerende at følge din blog. Mange hilsner fra Charlotte

    SvarSlett
  147. Gratulerer så mykje!
    Ser du er komen i godt selskap - lenge leve nynorsken!!!
    Sonja :)

    SvarSlett
  148. Anonym7:45 p.m.

    Gratulera så mykje med prisen Linda!!! vel fortjent:)Fantastisk kjekke blogg du har:) Må innom den kvar dag for å kikka. Nyt prisen og så håpar eg de finne ei lomma full av penger, slik at syden turen også blir et faktum. Klem frå Rita Matre, Halsnøy.

    SvarSlett
  149. Anonym9:01 p.m.

    Gratulerer SÅ gøy!!!!
    Jeg som er helt imot nynorsk i skolen, tenk bruke tida på nynorsk, når ikke ungdommen behersker sitt eget bokmål engang;))
    Men bloggen din leser jeg!!
    Hilsen -Irene-

    SvarSlett
  150. Gratulerer, så flott!

    SvarSlett
  151. For ei ære, dette var umåteleg kjekt. Frr du noko du kan henge på veggen? :-) Trass i at du fekk baksmell på skatten, fekk du pengar du ikkje hadde hatt elles. Og eg kan trøste deg med at eg er snart 30 år og har aldri vore i Syden :-)

    SvarSlett
  152. Anonym9:28 p.m.

    Gratulerer! Vel fortent! Du har eit levande språk, og ein blogg som inspirerer både i høve til språk og innhald!

    SvarSlett
  153. Gratulerer! Du har en flott blogg, med et flott språk. Og de har helt rett, du når nok ut til veldig mange =)

    SvarSlett
  154. Gratulerer:) Jeg er innom din blogg dagelig for inspirasjon. MVH Janne Andreassen, Østfold fredrikstad:)

    SvarSlett
  155. Så flott! Gratulerer så utrolig masse! :) Dette har du all grunn til å være stolt av :)
    Klemklem

    SvarSlett
  156. Hei, og gratulerer.
    Har fulgt bloggen din lenge. Liker den velig godt; både språket, bilda, ja rett og slett alt =)
    Så då lokalavisa mi hadde dette hovudoppslaget igår, følte eg at det var ein kjenning som var avbilda:
    http://www.vikebladet.no/kultur/article323891.ece
    Dette var deg vel unt!

    SvarSlett
  157. Så gøy!!! Gratulerer så mye:):)

    SvarSlett
  158. Meget unnelig! Gratulerer, jeg synes nynorsk i bloggen din gir den noe ekstra! Jeg er ikke flink til å skrive nynorsk selv, rett og slett fordi jeg har vokst opp med bokmål, men liker godt å lese nynorsk:)

    Klem fra
    Karianne

    SvarSlett
  159. Såååå kult! Grattis!!

    SvarSlett
  160. GRATULERER!!!! Det at du skriver nynorsk gir en ekstra spiss på bloggen din, jeg liker det:) Skulle egentig ønske at jeg skrev nynorsk selv, for det er jo så utrolig mye finere enn bokmål, men det skal nok noe til for å endre det når det er så inngrodd...

    Nyt tiden og oppmerksomheten, den er vel fortjent! :)

    SvarSlett
  161. Gratulerer så mye!Det er veldig fortjent,og tenk at blogging får sånt fokus;DJEg er alltid imponert over bloggen din,og er innom rett som det er. Håper du fortsetter å blogge i mange år!. Klem!

    SvarSlett
  162. WOW, så fantastisk!
    Litt av en gjeng du nå trår inn i. Forfattere og andre kulturpersonligheter!

    Jeg er norsklærer og jeg liker så godt at mange bloggere skriver nynorsk! Koselig!

    Hurra for deg, Linda!

    SvarSlett
  163. Til lukka med prisen. Dette var deg vel unt. Ein av grunnane til at eg stadig er innom bloggen din er nett den gode nynorsken. Eg storkoser meg med det du skriv.

    SvarSlett
  164. Gratulerer! Vel fortjent.

    SvarSlett
  165. Gratulerer! Vel fortjent.

    SvarSlett
  166. Gratulerer med prisen! Kjekt å lese om deg i lokalavisa!

    SvarSlett
  167. Gratulerer så mye. Bloggen hadde ikke vært den samme på bokmål! Kos dere i syden!

    SvarSlett
  168. GRATULERER så mye Linda. Dette fortjener du. Jeg har tenkt på det mange ganger når jeg leser bloggen din at den blir sånn ekstra koselig på ny-norsk. Det er måten du skriver på og bildene du legger ut som gjør det til en hærlig blanding.

    SvarSlett
  169. FANTASTISK - jeg har alltid likt nynorsken din - og tror jeg har nevnt det også noen ganger. det er liksom litt ekstra koselig her inne hos deg, nettopp pga dialekten din :-) Jeg husker stemmen din, og hører deg snakke når jeg leser, det er en fin ting å kunne skape. gratulerer så masse, det var en knallkjekk pris å få i interiørbloggenes rike.
    jeg håper du får reise til syden - det drømmer mine om også. Klem fra molly!

    SvarSlett
  170. Gratulere så mykje :-)
    Nynorsk e hærlig, det var nok en av mine beste fag på skoln og ikkje minst å lese nynorsk. Æg som e i fra Nord-Norge burde ha vært flinkere med å skrive dialekt. Våres dialekt har en del likhet med nynorsken. Bloggen din e hærlig!
    Mvh Merete

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ei lita helsing til meg. Eg set utruleg stor pris på kvar og ein av dei :)