Her kjem eit bilderas av Simon iført den ferdige strikkejakka eg har halde på med i det siste. Den er ganske stretchy, og ikkje fullt så trang over magen som den kanskje ser ut til. Eg har ikkje hatt tid til å væte den og strekke/forme den, for då Simon såg jakka i dag ville han ha ho på med ein gong. Han veit å sjarmere mammo si veit de ;)
Oppskrifta finst, som eg har nevnt tidlegare, i denne boka frå 1982:
Nå er eg såpassa freidig og deler oppskrifta med dåko, sidan det er så mange som har etterspurt den - og boka ikkje er i handel lengre. Eg strikka jakka i Drops sitt Nepal-garn. Skulle eg ha strikka den på ny, hadde eg derimot kjøpt eit litt tjukkare garn for å få jakka enno større.
Litt høgare forstørrelse:
Når eit strikkeprosjekt er over, gjer eg meg sjølv "lov" til å kjøpe meir garn. Det er alpakkafest hjå alle forhandlarar av Drops sitt alpakkagarn for tida. Minus 25 prosent på alt Drops alpakkagarn fram til 31. desember.
L O V E L Y
for oss som elskar garnet, fargane og å klirre med både heklenål og strikkepinnar.
Nå skal eg gå å stjele meg ein kos hjå denne herlege krabaten her. Best å gjere det nå, før eg havnar i fengsel for deling av gamle oppskrifter ;)
Ha ein flott laurdag. Håpar solstrålene treff nasa di også!