mandag, januar 02, 2012

Bakstekjerring

Mamma hadde laga Nordlandskaker til jul. Småfeane elska dei. Nyttårsafta laga eg difor vår eiga ladning av desse mjuke gode kakene. Bakstekjerring for første gong. Mamma brukte steiketakke. Det har ikkje eg. Ei og ei kake omhyggeleg steikt i steikepanne. Det kan eg love at tar tid. Resultatet vart imidlertid like godt. Heldigvis.

Som vanleg trakkar dei to minste i hælane på meg, medan storebror er oppteken med kompisar. Nordlandskakedeigen vart for klissete for små hender, men heldigvis hadde me ein pepperkakedeig på lur ;) Eg brukte eit pannelokk til å stikke ut kaker med, og derfor fekk eg dei sånn nokolunde jamnstore. Tjukkleiken var derimot ei utfordring å få lik. Øving gjer mester, er det ikkje slik?



Nyttårsafta vart feira på bedageleg vis, og eg byr på nokre glimt frå middagsbordet. Den finfine telysestaken fekk eg til jul. Høgdepunkta for småfeane var sjølvsagt knusinga av pepperkakehusa. Det hjalp lite at eg la bakepapir under kvart hus - støvsugaren måtte fram uansett for å seie det slik ;)


Høgdepunktet for eldstemann     og      meg sjølv, var at me stakk til 
Vålandstårnet for å sjå på Stavanger kommunes fyrverkeri kl 24. FANTASTISK. 
Herr Fe var heime og passa på dei to miniane som sov seg gjennom
bråket.... Håpar du også hadde ein fin inngang til det nye året!!
Her ser me fram til siste juleferiedag i morgon.
Ha ei flott veke. Den fyrste i 
2012

12 kommentarer:

  1. Godt nyttår! :)
    Skjønne kaker og så likte jeg utrolig godt den lille telysestaken! ;)

    Fin uke til deg og dine.

    SvarSlett
  2. Så koselige bilder!!
    Pepperkakehuset var utrolig stilig! og smakte sikkert like godt også;)

    Ønsker deg og dine ett riktig Godt nytt År!

    SvarSlett
  3. Nordlandskaker. Det beste mannen vet. Det var noe å overraske med til bursdagen hans i slutten av mnd.

    SvarSlett
  4. Hvor ser det skønt ud.
    Godt Nytår til dig og dine :)

    SvarSlett
  5. koselig stemning lyser ut av disse flotte bildene.
    ønsker deg alt godt i 2012

    klem fra Anita S

    SvarSlett
  6. Godt Nyttår..
    Vi har også planleggingsdag i dag - en dag i avslappingens ånd..
    Så flott pepperkakehus - nesten for ille å slå de i stykker.. Vårt knuses enten til helga eller neste..
    Mari Johanne

    SvarSlett
  7. Godt Nyttår, Linda :) Og eg ser at du har kosa deg ein heile haug heima hos mammo! Imponerande haug med Nordlandskaker du har produsert og, eg har ei svigermor som er superflink på dette, til minsten sin store fryd, ho har også takke slik som mor di.

    I går rauk pepperkakehuset våras også, og sidan det er planleggingsdag i dag så er eg heime og er no godt på veg å rydda vekk jula for i år. Herlig herlig og herlig! No gjenstår det berre å fullføra og så henta fram støvsugaren.

    Gleder meg til alle dine framtidige innlegg i 2012 - det er alltid like koselig å komma innom her til Den Gode Feen.

    Nyttårsklem frå Eli :)

    SvarSlett
  8. Godt nytt år, Linda!!
    Å se fyrverkeriet fra Våland er bare ei flott oppleving! Såg det alltid fra tårnet sjølv då eg budde på Våland :)

    Ha eit fantastisk 2012!

    Klem

    SvarSlett
  9. Vi har også en tradisjon å knuse pepperkakehus på nyttårsaften;)

    Veldig moro for ungene i alle fall.

    SvarSlett
  10. Hei, og godt nytt år!
    Nyttårsbordet ditt var så lekkert, og spesielt de sorte/grå små treene. Kan jeg spørre hvor de er kjøpt?

    SvarSlett
  11. Godt nyttår! For en fin nyttårsaften dere hadde :) Og så fint og inspirerende du hadde dekket bordet, likte spesielt godt konglene på hver tallerken. Kjempe fint! Og den lysestaken med lykke og glede var helt nydelig

    SvarSlett
  12. Godt nyttår!
    Så mange flote bilder. Må føye meg inn rekken av de som liker den te-lysestaken. Den var nydelig!

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ei lita helsing til meg. Eg set utruleg stor pris på kvar og ein av dei :)