onsdag, mai 16, 2012
L for LUKKE
De hugsar L for LINDA?
Nå har eg fått ein L for LUKKE også.
Tenke seg til.
Dette er til å bli LUKKELEGE LINDA av altså ;)
Det har seg nemleg slik at eg bestilte ei t-skjorte frå Svingen Møbel. Forøvrig verdas finaste t-skjorte, men sidan dette ikkje har blitt ein moteblogg enno, så glimrar t-skjorta med sitt fråvère i blogginnlegga.
Kathrine som driv Svingen Møbel sendte med L for LUKKE-koppen til meg, som takk for at eg har inspirert henne opp gjennom tidene. Så kjekt, tusen millionar takk, Kathrine. Eg elskar koppen. Nå som
eg har to, så har eg ein på jobb og ein heime.
FANTASTICO
I morgon er det 17.mai. Eg legg lista lågt i år. I kjøleskapet ligg det pølser og pølsebrød. I frysaren finst is. Til Alma har me fått låne bunad, må berre fikse sko. Simon pressar eg inn i Samsons gamle bunad (str 2 er knapt, men går). Og så Samson då stakkars. Han får vere iført vestlandsbunaden - også kjendt som regntøy. Det er jo han som skal ut i Stavangers gater og representere familien i barnetoget.
Ha ein flott dagen før årets mest-hektiske-dag-for-småbarnsforeldre-dag!
PS! Om du trur du ser støv på bildet over, så er det berre eit synsbedrag. I vårt hus finst det nemleg ikkje støv, og det må vere du som ser feil ;)
L - for liker sier jeg :)
SvarSlettHa en fin 17. mai
Klem fra Tine
Fine kopp så absolutt!! Eg har den med bokstaven min......kaffe drikkes av den kvar dag, tar den faktisk med på jobb også:-)! Må visst skaffe meg fleire ja. Ha en flott 17....gode feen med familie!
SvarSletther har vi også l-kopp... for Loppa eller Lotte da...
SvarSlettønsker dere en fin-fin 17.mai feiring
beate
fin bokstav ;)
SvarSlettønsker dykk ein flott dag i morgon. regnklede må då vere godkjend som nasjonaldrakt her på vestlandet ;)
-klem
Ønsker deg og dine en riktig god 17.mai! Ha en flotters dag!!! klem
SvarSlettHahaha, støvet er selvfølgelig ikke-eksisterende! Er det ikke slik hos alle interiørbloggere?
SvarSlettJeg har kastet noen lange blikk etter disse koppene en liten stund, og skal nok få ut fingeren og investere i et par stykker om ikke lenge. Så enkelt, så klassisk, så vakkert!
Riktig flott nasjonaldagsfeiring til deg og dine! Her tar vi dagen med knusende ro, siden våre eneste barn er firbeinte og mer opptatt av kos enn korps.
Fantastisk PS :)
SvarSlettMette:)
Fine koppen:) Eg har bestilt to til barneromma - ein M og ein O :)
SvarSlettHåper dåke har hatt ein fin dag! Her har det vore hektisk! men kjekt. Godt det er noen år til neste gang eg skal være med i 17.mai komiteen ja:)
Gjorde veldig godt å kunne komme til duk og dekka bord etterpå, og mor di si heimelaga betasuppe:)
Hello from Portugal!
SvarSlettSince a long time I see your blog... it is great...specialy the things you do with the kids!
Dei koppane lurte eg på om eg skulle ta inn i vår butikk, men var litt usikker på om dei ville forsvinne i alle fargane osm er her. Men stilige er dei. Støv??? Kva er det for noke??? :-)
SvarSlettHakalle-helsing