Hin dagen kom det pakke til meg i posten. Som de allereie veit, så elskar eg pakkar i posten. Jippi! Inni pakken låg det mjukaste sengetøyet frå BadaBoom. Sengetøy laga av bambus. Utruleg herleg kvalitet; silkeglatt & herleg. Sånn i det daglege er ikkje stryking av sengeklede noko eg syslar med. Til det er livet for kort, unnskuldar eg meg med. Men i føremiddag og anledning dette blogginnlegget så måtte derimot både strykebrett og strykejarn fram. For sengetøyet er nemleg så fantastisk herleg at det fortener på komme på bloggen.
Til vanleg lid eg av lakenskrekk, men i kveld gledar eg meg regelrett til å krype under dyna. Mmmm, kikk innom Badaboom og dei fantastisk gode sengklærne du også. Der finn du også meir info om kvifor sengekleda er så gode.
Finaste søndagen til deg i morgon!
Kunne tenkt meg eit slikt sengesett ja, kjenner til det med lakenskrekk:-)
SvarSlettOm ikkje barna dine ville late som dei sov, så fekk du no iallefall nokre blinkskot av dei. Utruleg skjønne barn du har.
Ynskjer dokke ein herleg søndag!
Klem frå Mari
God søndag til dere også! :-)
SvarSlettTusen takk :)
SvarSlettHei Linda!
SvarSlettKoss gjekk det det den såpa som du fekk tidligare? Den som skulle hjelpa mot eksem og sånn.
Hei...og takk for mange koslige og fine blogginnlegg...er innom deg hver dag.. :-)
SvarSlettVil bare snu noe på hodet av det du skrev:Livet er for kort til IKKE å ligge i nystrøket sengetøy...gir bare den beste følelsen!!
Kos deg og ha en strålende søndag..
Det så helt skjønt ut.
SvarSlett*tine*
Spent på om du sov godt :)
SvarSlettHege og andre som måtte lure: eg søv fantastisk godt i desse herleg mjuke og glatte sengklærne. Mmmmm, søv som ein stein med andre ord :)
SvarSlett