tirsdag, januar 31, 2012

Dårleg gjort?

Skillingskraterboller.
Du har kanskje ikkje høyrt om skillingskraterboller før? Storebroren til skillingsbolla og kraterbolla?

Det har jammen ikkje eg heller. 
Ikkje før eg laga dei i helga. 
Lagde skillingsboller etter vanleg framgongsmetode, og la til slutt ei teskei med kanelsukkersmør-blanding på toppen av ferdigheva boller.  Inn i steikeovnen med dei, og vips herleg lukt i huset, og etterkvart god smak i munnen.

Bolleoppskrifta eg brukte denne gongen var denne. Knakandes gode boller som anbefalast på det sterkaste.

Kanskje litt dårleg gjort å publisere freistande bollebakst midt i alle-er-på-slankekur-månaden, men frå nå av skal det bli andre boller ;)

Tusen takk for brillefine kommentarar på forrige innlegg. De er dei aller finaste - alle saman!

God klem herifrå


mandag, januar 30, 2012

I've got the Moods of Norway


Aj aj aj, kva gjer ein ikkje for Moods of Norway, norsk design og fine vestlandskarar? Publiserer bilete av seg sjølv der ein ser pottesur ut? Fine vestlandskarar frekventerer neppe interiør/hobby/familielivbloggar og kjem aldri til å få vite om mi begeistring for dei, norsk design og merket deira.



Men pytt kva gjer vel det? Nå veit i det minste du det. At i valet mellom Versace, Dolce & Gabbana, YSL, Calvin Klein og så bortetter, så går ein traktor frå Stryn rett heim hjå meg. Finaste, kulaste lesebrillene. Store, synlege briller er min trendspot på brillefronten. Moods of Norway hadde dei største brillene i butikken. Lett val. Stort smil. Skulle nesten tru at eg er sponsa for å skrive dette innlegget, men dessverre nei.  

He he he, etter å ha tatt sånn cirka ein trillion bilete av meg sjølv i spegelen, medan søndagsmiddagen putra under grytelokket, var dette det beste eg klarte komme opp med. Tok ikkje ein gong av meg forkledet, skulle jo straks vende attende til komfyren. Men forklede og slikt er jo litt i god Moods-ånd. Pussekluten er for eksempel forma som eit vaffelhjarte, med Grandma's recipe for waffles trykka på eine sida.

Ha ei brillefin natt der ute :)

søndag, januar 29, 2012

Mat♥tid


Helg.
Tid.
Finaste gjengen.
God mat.
Fine skåler.
Fine koppar.
Fint bestikk.

Det er akkurat som om maten smakar betre.
Når servicet er fint, meinar eg.


Alle dei svart-kvite skålene og koppane er frå nettopp finfine Ølen Møbel. Maten er diverse godsaker som me likar på ein laurdag. I tillegg til heimelaga foccacia. Mmmm. Utanfor linsa, stod det også pølser i brød til ungane på bordet. Dei er jo som ungar flest, ikkje så veldig begeistra for mozzarella, foccacia og brie.



 Trur nesten eg må ut på kjøkkenet og sjekke om det er nokre restar igjen i dag ;) Fin søndag til deg.

lørdag, januar 28, 2012

Vårt Mekka?

I romjula fann eg alle interiørelskarars Mekka.
Eg har allereie nevnt butikken fleire gonger, men butikken er så vanvittig bra at den fortener ein fin presentasjon. Og er du i nærleiken, er det for gale at du berre susar forbi om du ikkje veit om denne vestlandets perle av ein butikk. Eg snakkar sjølvsagt om Ølen Møbel. Butikken som jenter og menn valfartar til frå nord og sør, vest og aust. Alle venninnene mine i Sunnhordland reiser hit. Jenter frå Bergen, Haugesund og Bergen og omegn drar hit på jentetur. Gjerne i kvar sin bil, for å ha best mogeleg plass til å ta nyinnkjøpte ting med heim.

I romjula kom også eg meg dit. Eg la returen frå julefeiring på Halsnøy til Stavanger på ein dag butikken er open. Kva skal eg sei. Herliga London. Eller rettare sagt Herlige Ølen. Eg har nesten ikkje ord, og vart regelrett veldig satt ut av det vanvittige utvalet og breidda i vareutvalet. Kven hadde forventa at eg skulle finne By Nord, Tine K, Tolix, Jielde, Bestlite, Day, Washi tape, etc etc etc i Ølen? Eg hadde jo høyrt ryktene, men dette var over all forventning. Nå planlegg eg ein stopp neste gong me skal på helgebesøk til mamma. Må berre sørge for ledig plass i bilen og oppsparte midlar til innkjøp.

I forfjamselsen gløymte eg å ta bilder. Om eg hadde hugsa det, hadde eg sikkert ikkje våga spørre om å få lov uansett. Eg syns nemleg det er litt pinleg å spørre om å få ta bilder av butikkar. Dagens innlegg er derfor krydra med bilder tjuvlånt frå butikkens Facebookprofil. Satsar på at det går greit. Anita som driv butikken, har forresten ein finfin og koseleg blogg som du finn her.



Denne kvite Ghost sofaen frå Gervasoni er kanonfin...




Nå er det kveldskos med gjengen min som står for tur. Rettare sagt disko før sengetid. Nesten kvar lørdagskveld spelar me høg musikk og danser. Ungane elskar det. Foreldra også ;)

God klem frå Linda
PS! I morgon kjem det innlegg med eigne bilder og prosjekt igjen ;)

torsdag, januar 26, 2012

Keisarar

Washi-taperullar, kjøpt i den fantastiske butikken Ølen Møbel, heng på eit skap og skrik etter å verte brukt i kreative krumspring...Kanskje i helga?


God aften der ute :)
Eg er på plass framfor skjermen igjen etter ein hektisk ettermiddag som taxisjåfør til og frå fritidsaktivitetar og klassekontaktmøte. Nå gjenstår berre å tømme/vaske nokre matboksar, lage ein sti gjennom rotet og så trur eg ikkje eg gidd gjere meir i kveld. I tillegg til generell giddalause, har eg planar om å vise dåko dei dødskule nye brillene mine i morgon, og treng litt skjønnhetssømn dersom dette skal lete seg gjere.

Før eg kastar inn handkledet for kvelden, så må eg berre tipse dåko om ein blogg eg elskar. For ja, de veit jo at eg er glad å dra fram kjekke bloggar som du kanskje har gått glipp av at er vel verdt å lese. Sidan keisarane i tillegg har ein konkurranse med herlege premiar, får eg det sparket bak som eg treng for å få det gjort.


I Trondheim bur det to keisarar som verkar som verdas aller kjekkaste keisarar. Dei to bileta over og under denne teksten er tjuvlånt frå bloggen deira. Stikk innom, bli inspirert, imponert og glad i dei du også! Keiserens nye trær finn du her. Og sjokoladerullekake med smørkrem er noko av dei aller beste kakene som finst.


Finfin kveld til deg, for nååååå kastar eg inn handkleet :)

mandag, januar 23, 2012

Klokka er..

Sjekk ut den finfine skjermspararen eg har.

Tøffa liksom opp datakroken denne her.
For den som er oppteken av tida er den rett og slett genial.
Eg trur eg er forelska. I ein skjermsparar :)

Eg fann han inne hjå Haust i dette innlegget. Fine Haust som har blogga nesten like lenge som meg.

Fin mandagskveld til deg. Kanskje med fin klokke på skjermen din også?

Tudeluuu :)


Ut på tur. Aldri sur. Eller?


Nokre blinkskudd frå dagens utflukt. Dei fleste bileta er det faktisk 9-åringen som har tatt :) Som sagt gjekk ikkje turen lange stykket i dag, men likevel til stader me ikkje har vore før. Eiganes Gravlund og Ledaal lystgard og kongebustad. Det var bitande kaldt og svært glatt, så å gå heile Eiganesturen utsette me til plussgradene er på plass. Ein liten tur ut er imidlertid alt som skal til for å få litt frisk pust i lungene, god stemning i familien og for å verte litt meir kjendt i eigen by. Enkelte familiemedlemmer vart litt motvillig med på turen, men initiativtakaren gleda seg over å observere at dei som hadde minst lyst kanskje var dei som kosa seg mest?   




Korleis er det med deg? Er batteria lada for ei ny veke? Eg har sortert cirka tjue tusen LEGO-delar denne helga, innimellom alt det andre. Heldigvis ser eg/me slutten på jobben. Føler eg har LEGO-klossar på netthinna, og kjenner med passe svimmel og stiv i korsryggen ;) Planen er gjenoppbygde LEGO-bygg, til glede både for storebror med venner og to litt mindre småsøsken. LEGO er kjekt, men ikkje i tusen knas.

Ha ei super veke.

søndag, januar 22, 2012

Glimt


Glimt av ein einsleg ryddig krok.
Glimt av leik.
Glimt av rot.
Glimt av kos.
Glimt av vinter.
Glimt frå ei fin helg.









Sola skin.
I dag vert det tur på oss.
Ikkje lange vegen vekk frå huset i dag. Eg trur me satsar på denne.

God søndag til deg også!


tirsdag, januar 17, 2012

Endeleg

Me har hatt ei forlenga helg her i huset. Seine frukostar, mykje sofakos og LEGO-bygging har det blitt. Her gjeld det å fokusere på det positive. Alle dei tre etterkommarane våre er nå heldigvis på bedringens veg, så nå satsar eg for fullt på at me går friskare tider i møte :) Frukostpådekninga ser jo nesten påskeaktig og vårleg ut. HERLEG.

Ha ein finfin kveld. Me bloggast :)

søndag, januar 15, 2012

På bordet


Kvifor sitje i sofaen når det er ledig plass oppå bordet ;)
Eg måtte berre forevige dette - utsikta mi frå sofaen. Eg og dei to minste har tilbrakt dagen - ja omtrent heile helga innandørs.
Begge to er febervarme og hostar stygt. Pippi og Emil på DVD, saftis i handa og etterkvart i magen gjer susen.  Sitje tett i tett i sofaen er også herleg, både for friske og sjuke.


Eg har forresten eit nytt strikketøy på pinnane. Genser til 9-åringen, inspirert av sjølvaste Eeeeeeemil sin raglangenser. Ikkje lett å forevige Emil, men ser du filmen der Emil har juleselskap for dei fattige, så ser du genseren eg vart så inspirert av her ein dag. Garnet eg strikkar i er ein tråd tynn alpakka og ein tråd eit spettete Tirolgarn som kjem i 200grams nøster. Det er utruleg dårlig utval av spettete garn på garnbutikken for tida, så eg enda altså opp med eit garn som inneheld akryl - noko eg egentleg ikkje likar. Jaja, pytt. Mønsteret eg brukar er fritt etter noko eg fann på Drops sine sider, så det vert i grunnen spennande å sjå kven genseren passar til slutt.



Pyton, når dei små er sjuke, men tippar me ikkje er dei einaste i Norges land som er i denne situasjonen om dagen...Vår eigen vesle Emil-kloning slokna på sofaen, med den rosa favorittsekken til daddo på ryggen. Verdas beste Simongullklump.

God veke til deg som er innom :)

PS! Gledeleg nytt på tampen. Eg er nominert som kandidat til Årets Mammablogger 2011. Jippi, så kjekt. Du kan gå inn og sjekke dei andre nominerte og stemme på din favoritt her inne.

tirsdag, januar 10, 2012

Krigsropet

Hei hei. Hadde store planar om å komme meg tidleg i seng i kveld, men her sit eg og berre nett MÅ blogga litt først, he he. Nokon som kjenner seg igjen eller? Dagens innlegg er proppa fulle av gamle bilete frå desktop'en.  Ja, før eg kjem innpå kvifor, må eg jo nett fortelje om alle dei flinke 4.klassingane eg møtte i dag. Dei var råflinke, og innimellom var det nesten ikkje bruk for hjelp frå verken meg, lærarane og dei to skjønne bestemødrene som stilte. Eg har aldri gløymt desse uglene som Micano med bloggen Nyte Livet presenterte ein gong, og tipsa læraren om dei. Ho fall like pladask som meg, så nå er alle i sving med ugleproduksjon.  Gøy :)
Men tilbake til årsaken til at desse gamle bileta, med mitt største bruktfunnkupp i fokus, er posta nå igjen, er Frelsersarmeen sitt vekemagasin Krigsropet. Dei har nemleg ei spalte der kjendisar og slikt viser fram sine beste Fretexfunn. Eg hugsar ikkje heilt kven som har vore i Fretex-Favoritten-spalta, men syns å hugse Surferosa, Sigrid Bonde Tusvik osv osv. Og nå meg. He he he, Den Gode Feen mengar seg med kjendisane ;) Det er vel like før eg blir fotografert på veg inn på kino eller på veg ut av treningssenteret og havnar i Se og Hør.

Neida, eg skal slutte å tulle. For eg beundrar verkeleg arbeidet Frelsesarmeen gjer. Det er ingen veldedig organisasjon som står hjarta mitt nærare enn Frelsesarmeen. Ingen over. Ingen ved sida. Dei tar seg av dei som er lågast på rangstigen. Dei mettar. Dei gjev folk verdighet. Og dei er der for alle. Det var derfor med jublande glede eg takka ja til å vise fram mitt beste Fretex-funn. Nemleg trestolen eg sikra meg i forfjor ein gong, og blogga i dette innlegget. Her er resultatet og korleis funnet mitt vart presentert i Krigsropet:

Sidan teksten/oppløysinga er litt i minste laget skal de få det skriftleg presentert her:
KVEN: Linda Sæbø, geolog og bloggar. Bloggen hennar Den gode feen, har blant anna blitt kåra til Noregs beste boligblogg i 2010. 

KVA: - Verdas finaste og mest behagelege stol. Eg oppdaga stolen på Fretex på Mariero i Stavanger etter stengetid ein kveld eg var for å levere klede i Fretex-containeren. Dagen etter hasta eg av gårde for å prøvesitte den og sjekke om eg likte den like godt. Heldigvis stod stolen der og venta på meg då eg entra butikken lettare vill i blikket. Eg aner ingenting om stolen, men funderer på om det er ordentleg design det er snakk om. Eit solid stykke handverk er det iallefall. 

KVIFOR: - Eg har alltid vore glad i stolar, men inga stol-glede slår denne. Alt tiltalar meg: fasongen, breidda, høgda, fargen på treverket og den blanke lakken. Stolen skal få vere akkurat som den er. 

VISSTE DU AT ALT SOM ER BRUKBART OG SALGBART I PRINSIPPET KAN GIS TIL FRETEX? DET DU IKKE LIKER LENGER, KAN DET HENDE AT NOEN ANDRE LETER ETTER.

Beundarar du som meg Frelsesarmeen, føreslår eg at du trykker på Liker knappen på Facebooksida deira. Ok, då har eg fått utlaup for litt skriveglede i kveld igjen og det er på tide å legge inn årene for denne gong.

Bloggast i morgon kanskje? Klem klem

Related Posts with Thumbnails