lørdag, desember 29, 2012

Sesong


På Halsnøy opna det eit kaffigalleri for ei tid sidan.
Kaffigalleriet Sesong.
Her kan den som vil nyte ein kopp te eller kaffi, nyte kunst og ta seg tid til ein pust i bakken. Tid til den gode praten.
Kaffigalleriet er ein forlengar av interiørbutikken Sæbøvik Gåver og leiker og det meste av tinga som er brukt i kaffigalleriet er for salg/er varer frå butikken.
Det er Trude Vaaga, som nokon kanskje hugsar som ildsjela bak Interiør og Boligmessen i Bergen, som står bak kaffigalleriet og ikkje minst kunsten på veggene. Og som alt anna Trude har ein finger borti, er også kaffigalleriet delikat ned til minste detalj.

I dag har Bodil BO og eg storkosa oss i fri utfoldelse. Me fekk nemleg dekkje eit nyttårsbord i kaffigalleriet med ting og tang frå butikken. Kongler, valnøtter, glasflasker, lys og enno meir lys vart brukt i talrike mengder. Me brukte alskens glasvasar i ulike variantar som lysestakar, og resultatet vart koseleg om eg skal seie det sjølv ;)

Biletkvaliteten er så som så, som vanleg i denne dunkle årstida me er midt inni, men men eit inntrykk får du iallefall. Og du som befinn deg i Sunnhordlandske trakter bør ta turen innom for å sjå både bordet, butikken og kaffigalleriet med eigne auge ;)
 
Håpar du nyt fine romjulsdagar slik eg gjer ;)
 
Tudeluu!

torsdag, desember 27, 2012

Kanelsnurreboller


Sånn innimellom all julematen er det godt med "normal" kosemat også.
I dag vart det bakt kanelboller snurra på svensk vis i heimen.
Bollene gjekk ned på høgkant attåt eit glas iskald melk eller to.
Nammenammenam.
Eg gjorde ein enkel vri med ferdig bollemikspakke frå Mølleren og gjær for søtdeig. Korleis du snurrar deigen finn du mange trinn for trinn framgongsmetodar ved å google 'hvordan lage kanelsnurrer'

Ha fortsatt fine romjulsdagar :)

mandag, desember 24, 2012

G O D J U L



 G O D    J U L



 Måtte jula di verte fredfull, harmonisk, avslappande og finfin!
 
Juleklem frå meg til deg

lørdag, desember 15, 2012

Pepperkakelandsbyen anno 2012


I dag byr eg på bilderas av pepperkakelandsbyen vår.
Om ingenting anna er klart til jul, så har me iallefall denne landsbyen klar ;)

Ungane har pynta kvar sine hus, og eg har pynta to.
Kvar dag er det leik i landsbyen, og det er stor stas.


Fin laurdagskveld til deg der du er!

fredag, desember 14, 2012

Å sove godt


Litt nytt på soverommet har kome til i det siste.
I samme pakken som nattkjolen frå Designstjerner kom det nemleg nytt sengesett, også frå Beach House. Sengesettet er i fantastisk mjuk og god kvalitet då det er laga av bomullsjersey (t-skjortekvalitet). Inntil dette kom i posten var eg ikkje klar over at type sengetøy kan bestemme kor godt ein søv. Det er ikkje tull ein gong, eg søv betre i dette sengetøyet enn i vanleg bomullssengetøy. Det er vanskeleg å beskrive kor mjukt og godt det er. Bodil BO: dette er sengetøy for deg - du som hatar kreppsengetøy og andre harde tekstilar når du skal sove ;)

Etter å ha testa sengetøyet i nokre veker, kan eg gje det mine beste anbefalingar. Det beste av alt nett nå før jul, for dette er ei perfekt julegåve, er at alt frå Beach House framleis er på rabatt inne hjå Designstjerner. Eg trur jammen santen eg skal bestille meg eit par sett i kvit farge også. Julegåve til seg sjølv er vel lov? Eller kanskje eg heller skal kjøpe i bryllaupspresang til nokon eg kjenner som har gifta seg ;)

Har ein først fått noko nytt i hus ballar det ofte på seg. Ny vegglampe frå Living og julestjerne i vindauga frå Marksløjd of Sweden.

Det er problematisk å halde senga fint oppredd her i huset.
Her er det nemleg ein liten kar som elskar å hoppe i senga.
Det får han også lov til :)

Ha ei flott 3. søndag i adventshelg!

tirsdag, desember 11, 2012

♥ + bambus


Hei på deg.
I dag deler eg nokre glimt frå hjarteleik på stovegolvet.
Post-It hjarter kjøper eg alltid på Clas Ohlson til nokre få kroner.
Så få kroner at hjartene kan gå rett i resirkuleringsdunken når leiken er overstått og klisteret ikkje virkar lengre *les: er fullt av støv*.


Nå om dagen er dei tre mindreårige her i huset så heldige å få teste ut det nye superundertøyet til Badaboom. Trøyste og betre. Sjølv om eg har fått plagga, er meiningane mine om dei like fullt mine eigne. Kvaliteten på undertøyet er så herleg at det er vanskeleg kan beskrivast. På Badaboom sine sider står det: mjukt som silke, og det kan eg skrive under på.  Bambustekstilen er mjuk og glatt, men likefullt er plagga varme og gode og overhodet verken klamme, kløande eller stikkande. Dei to minste ungane nekta å ta klærne av seg då dagen var over, så undertøyet fungerar som nattøy også, he he he. Klærne har allereie vore fleire gonger i vask, og ser like bra ut framleis. Så snart det er tørt er det rett i bruk igjen. Eg trur me har fått oss ein ny favoritt som dankar ut ullundertøyet her i huset.
Bileta tok eg nå i helga. Herleg med helg der ein er heime når det er nokolunde dagslys, og der ein innimellom alt det andre får tid (og ikkje minst lov) til å flette håret på frøken Snøkvit ;)

Ha ei fortsatt finfin veke!

 

søndag, desember 09, 2012

Vinnarar...


Med hjelp av min gode ven Random.org er to heldige vinnarar av Beach House nattkjolar kåra.

Gratulerer til ..... *fanfare*:

Nr. 44. Nina
og
Nr. 55. Borghild.

Utruleg kjekt at det var dåko to som vann.
Gratulerer kjempemasse og send meg e-post med adressene dåkas, slik at eg får formidla desse vidare til riktige instans.

Takk for kommentarar på pepperkakehusa. Fem hus er ferdigmonterte, så i morgon ettermiddag skal me pynte og lage vår eigen minipepperkakelandsby :)

Pepperkakebakeri

Som de kan sjå av bileta er produksjonen av vår eigen pepperkakeby i gong. Eg stod til langt på natt og steikte det eine huset etter det andre. I dag tidleg fekk ungane kvar sitt hus til å dekorere. Nå er kjøkkenet fullt av melis og sukkertøy, så medan byggverka ligg til tørk skal støvsugaren sveipast over golvet..... igjen.




Sånn ellers bur eg i nattkjolen frå Beach House, og har leika meg i Photoscape for å redigere desse bileta som Samson tok av meg. Denne nattkjolen er i fargen Belle Smoke og eg fekk den i posten frå Designstjerner i går. I Photoscape har eg brukt filteret Film Effect/Agfa High.

Nattkjolen er überfantastisch, mjuk og god og særdeles fin i snittet. Du har framleis tid til å vere med i trekninga av din eigen nattkjole (to vinnarar får kvar sin Belle White). Stikk inn her for å delta, eller scroll lengre ned på sida her :)

Nå skal eg og dei to minste på kino med nokre andre små og store venner for å sjå Reisen til Julestjernen.

Ha ein fin søndag der du er!
Related Posts with Thumbnails