Eg vart så full i lått hin dagen.
Eg oppdaga nemleg sveisen og sminkinga på sminkedukkene.
Snakk om Bad hair day, gitt.
Eg fram diademet til snuppiluppa, og vips såg alt så mykje betre ut :)
Ha ein fin bad hair day, bad make up day or whatever!
tirsdag, februar 19, 2013
søndag, februar 17, 2013
Søndag
Glimt frå ein roleg heimesøndag.
Eg hadde planar om både bilvask og veggmaling, ja nevnte eg ikkje til og med Plantasjen i går?
Hm... så langt har me berre pusla rundt. Popcorn, ballettkostymar, kul musikk og reint hus får vere stikkord som beskriv dagen så langt.
NÅ: bilvask...trur eg :)
PS! tusen takk for knallkjekke kommentarar på forrige innlegg - it makes me happy :)
lørdag, februar 16, 2013
I'm bad and I'm back
Hei hei.
Med eit par utsnitt frå magnettavla på kjøkkenet vender eg tilbake til bloggverda.
Takk for alle bekymringsmeldingar :) Det er godt å vere sakna innimellom.
Det er ingen dramatiske årsaker til mitt fråvere.
Har berre hatt behov for ein pause.
Håpar de nyt fine vinterdagar.
Sjølv kjenner eg sug i magen og sakn etter våren.
Trur eg skal stikke til Plantasjen i morgon for å kjøpe frø (!).
Nokre spirer i glaskarmen hadde nemleg gjort seg.
Ha ei fortsatt fin helg,
tudeluuu :)