onsdag, mars 13, 2013

Brothers in arms




For eit fantastisk vintervårvêr me har å kose oss i for tida.
På bileta ser de gullgutane mine som kosar seg på tur i låg vintersol iført nye knallfine jakker og huer frå Polarn O Pyret. Litt stas å gå rundt i like klede, men eg tippar det er kort tid før ein av dei protesterar på akkurat det. Det er så kjekt å sjå samspelet mellom gutane utviklar seg etterkvart som Simon vert eldre. Minipini er som ein kloning av eldstemann, berre innehavar av meir temperament på godt og vondt.
Sukk, kan nokon vennligst stoppe tida?
Eg treng nyte denne tida litt ekstra, takk!



3 kommentarer:

  1. Oh dear, den tida rasar avgårde i ei hekkans fart... Det er mest som det går fortare og fortare, og gutane her veks i vill fart. Stemmeskifte, pubertetsbart og varierande humør på eldstemann og mini'en er ikkje baby lenger... Med tanke på at han er blitt 10 år så er det vel lenge sidan han var det i grunn, ja! Samtidig må det innrømmast at me vaksne nyt friheten det gir at gutane er blitt så store, og klara så mykje sjølv. Heldigvis veks søskenbarn flokken med tre i år, så tante-kos det skal eg nok få ;-)

    Klem Eli

    SvarSlett
  2. Det er bare å nyte de gode øyeblikkene så godt man kan!

    SvarSlett
  3. Så fine gutter:) haha, må le litt av det bildet nr 3, der lillebror liksom går i vei:) Vi får kle de likt så lenge det går, er mitt motto:)
    ha en fin dag i sola, i Trondheim er det full vinter og knallsol:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ei lita helsing til meg. Eg set utruleg stor pris på kvar og ein av dei :)