torsdag, november 17, 2011

Torsdagslukke

I dag har eg hatt ein finfin dag, og det håpar eg du også har hatt.
Det er 38 år sidan eg såg dagens lys for første gong, og det har blitt feira på ein perfekt måte.
Sånn i bunn og grunn likar eg ikkje merksemda, men så er det jo egentleg utruleg kjekt også, he he.
På jobb var det kaker både til frukost og til to-pausen. Vel heime frå jobb var det festmiddag på bordet, sjokoladekake og pakkejakt. Og sjølvsagt ballongar :)
Eg har fått fantastisk mange fine gåver, som de skal få sjå. I morgon har eg nemleg fri frå jobb, og då skal det knipsast bilete innimellom alt det kjekke me skal finne på.

Det eg egentleg skulle sei i kveld er at de kanskje ser at eg har fjerna Gje-vekk-trekningsinnlegget. Det er fordi Herr Fe følte han hadde vore lenge nok i rampelyset, og slikt må respekterast veit de ;) Vinnar-bodskapen har uansett nådd ut til den heldige vinnare (kjem forresten tilbake til henne etterkvart).
Dei to nederste bileta er av ei hue eg har hekla til ei superskjønn venninne som treng gå mykje med hue framover *uff*. Eg brukar aldri mønster når eg heklar huer, så det er alltid spennande å sjå kven den ferdige hua passar til. Satsar på at denne er breid nok til ei vaksen fin jente som SKAL bli fort frisk igjen. Måtte hua bringe pittelitt glede oppi alt. Hua er hekla i alpakkagarn,  og nå minkar det i jamt og trutt i garnlageret også - kanskje eg bør notere meir garn opp på handlelista :)

Finfin fredag til deg i morgon. Nyt dagen!

21 kommentarer:

  1. Gratuler med dagen!! ser ut som at alle har stelt pent med deg:)

    fine heklelua. den skal nok bringe mange gode ting med seg skal du se.

    Stor klem fra Mirjam

    SvarSlett
  2. Hipp hipp hurra Gratulerer med dagen.

    SvarSlett
  3. Gratulerer med dagen! Høyrest ut som om den har vore BRA! Blir kjekt å sjå utfall av knipsinga ;-)

    SvarSlett
  4. Gratulerer med dagen! De beste ønsker til både deg og din venninne.

    Klem

    SvarSlett
  5. Gratulerer med dagen, og hipp hurra for den gode feen! KLEM!

    SvarSlett
  6. Gratulerer med dagen!
    Kjekt å stå i fokus for ein dag :o)
    Ha ein strålandes fri fredag!

    SvarSlett
  7. Gratulerer. Sønnen her i huset har også bursdag den 17. En fin dag å fylle år;)

    SvarSlett
  8. Gratulerer med gårsdagen og håper du får nyte fridag i dag (eg har også fri - herlig!!)

    SvarSlett
  9. Gratulerer med dagen i går!
    Kjempe søt lue!
    Klem

    SvarSlett
  10. Gratulerer med gårsdagen, og masse lykke til til venninna di! Ei god gåve du har hekla: )

    God helg: )

    SvarSlett
  11. Anonym9:12 a.m.

    Gratulerer med dagen i går ! Samme dag som meg.
    Fin blogg du har, har lest den lenge.
    Ann-S

    SvarSlett
  12. Gratulerer med dagen!!!
    Jeg mener å ha hørt at en dame føler seg "på topp" når hun er 39 - så nyyyt det! Nå er du på det beste punktet i livet!!
    Klem Heidi :)

    SvarSlett
  13. Hipp hurra for deg og gratulerer med dagen!! Håper det går godt med din venninne!

    SvarSlett
  14. En litt forsinket bursdagshilsen...
    Gratulerer med vell overstått..

    klem
    HegeT

    SvarSlett
  15. gratulera så mykje med dagen som var! :)må helga bli fin, og litt di den og ;)

    -klem

    SvarSlett
  16. Gratulerer så mye med dagen din som var, høres ut som du har hatt en fin dag!

    SvarSlett
  17. Gratulerer masse med dagen! Klem fra Gro, Tromsø.

    SvarSlett
  18. Gratulerer med 39-års dagen! Bloggen din er kjempefin, og jeg synes det er flott at du skriver på nynorsk - det er jo språket ditt :-) Beste ønsker til venninnen din også!
    Hilsen fra Rigmor

    SvarSlett
  19. you are so good with colors
    enjoy your weekend

    SvarSlett
  20. Så bra at venninna di får ei fine hua og pynta seg med, kryssar fingrane for at ho vert frisk snarare enn snarast! Det høyres ut som du har blitt godt ivaretatt på bursdagen din - veldig bra :) Gleder meg til å sjå alt det fine du har fått.

    Fortsatt god helg!

    Klem Eli

    SvarSlett
  21. Gratulerer så mye med dagen på etterskudd, artig å se flere som har bursdag den 17.11 :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ei lita helsing til meg. Eg set utruleg stor pris på kvar og ein av dei :)