I dag har eg hatt ein finfin dag, og det håpar eg du også har hatt.
Det er 38 år sidan eg såg dagens lys for første gong, og det har blitt feira på ein perfekt måte.
Sånn i bunn og grunn likar eg ikkje merksemda, men så er det jo egentleg utruleg kjekt også, he he.
På jobb var det kaker både til frukost og til to-pausen. Vel heime frå jobb var det festmiddag på bordet, sjokoladekake og pakkejakt. Og sjølvsagt ballongar :)
Eg har fått fantastisk mange fine gåver, som de skal få sjå. I morgon har eg nemleg fri frå jobb, og då skal det knipsast bilete innimellom alt det kjekke me skal finne på.
Det eg egentleg skulle sei i kveld er at de kanskje ser at eg har fjerna Gje-vekk-trekningsinnlegget. Det er fordi Herr Fe følte han hadde vore lenge nok i rampelyset, og slikt må respekterast veit de ;) Vinnar-bodskapen har uansett nådd ut til den heldige vinnare (kjem forresten tilbake til henne etterkvart).
Dei to nederste bileta er av ei hue eg har hekla til ei superskjønn venninne som treng gå mykje med hue framover *uff*. Eg brukar aldri mønster når eg heklar huer, så det er alltid spennande å sjå kven den ferdige hua passar til. Satsar på at denne er breid nok til ei vaksen fin jente som SKAL bli fort frisk igjen. Måtte hua bringe pittelitt glede oppi alt. Hua er hekla i alpakkagarn, og nå minkar det i jamt og trutt i garnlageret også - kanskje eg bør notere meir garn opp på handlelista :)
Finfin fredag til deg i morgon. Nyt dagen!
Att tänka på när du köper gummistövlar!
for 3 dager siden
21 kommentarer:
Gratuler med dagen!! ser ut som at alle har stelt pent med deg:)
fine heklelua. den skal nok bringe mange gode ting med seg skal du se.
Stor klem fra Mirjam
Hipp hipp hurra Gratulerer med dagen.
Gratulerer med dagen! Høyrest ut som om den har vore BRA! Blir kjekt å sjå utfall av knipsinga ;-)
Gratulerer med dagen! De beste ønsker til både deg og din venninne.
Klem
Gratulerer med dagen, og hipp hurra for den gode feen! KLEM!
Gratulerer med dagen!
Kjekt å stå i fokus for ein dag :o)
Ha ein strålandes fri fredag!
Gratulerer. Sønnen her i huset har også bursdag den 17. En fin dag å fylle år;)
Gratulerer med gårsdagen og håper du får nyte fridag i dag (eg har også fri - herlig!!)
Gratulerer med dagen i går!
Kjempe søt lue!
Klem
Gratulerer med gårsdagen, og masse lykke til til venninna di! Ei god gåve du har hekla: )
God helg: )
Gratulerer med dagen i går ! Samme dag som meg.
Fin blogg du har, har lest den lenge.
Ann-S
Gratulerer med dagen!!!
Jeg mener å ha hørt at en dame føler seg "på topp" når hun er 39 - så nyyyt det! Nå er du på det beste punktet i livet!!
Klem Heidi :)
Hipp hurra for deg og gratulerer med dagen!! Håper det går godt med din venninne!
En litt forsinket bursdagshilsen...
Gratulerer med vell overstått..
klem
HegeT
gratulera så mykje med dagen som var! :)må helga bli fin, og litt di den og ;)
-klem
Gratulerer så mye med dagen din som var, høres ut som du har hatt en fin dag!
Gratulerer masse med dagen! Klem fra Gro, Tromsø.
Gratulerer med 39-års dagen! Bloggen din er kjempefin, og jeg synes det er flott at du skriver på nynorsk - det er jo språket ditt :-) Beste ønsker til venninnen din også!
Hilsen fra Rigmor
you are so good with colors
enjoy your weekend
Så bra at venninna di får ei fine hua og pynta seg med, kryssar fingrane for at ho vert frisk snarare enn snarast! Det høyres ut som du har blitt godt ivaretatt på bursdagen din - veldig bra :) Gleder meg til å sjå alt det fine du har fått.
Fortsatt god helg!
Klem Eli
Gratulerer så mye med dagen på etterskudd, artig å se flere som har bursdag den 17.11 :)
Legg inn en kommentar