mandag, desember 30, 2013

R O M J U L


Hei på deg.
Romjula 2013 er straks på hell.
Me er heime igjen i Stavanger etter herleg juleferie og feiring på Halsnøy.
Det har vore godt å ha ferie, men kjenner at både kropp og hjerne byrjar gire opp mot jobb og kvardag igjen nå.
Eg er i full sving med å rydde i huset.
Planlegg sortere i skap og skuffer, og få orden her og der.
Vurderte faktisk tradisjon tru å fjerne julepynten i dag, men den skal få stå nokre dagar til...

Ungane skal knuse pepperkakehuset i morgon, så i dag er siste gong det vert foreviga.
Det er best eg fortset ryddejobben før piffen går ut av ballongen :)


Fine julegåver samt fine gåver frå meg til meg er på plass i den einaste ryddige kroken i stova...

På kjøkkenet står ein ny skittentøypose og pyntar opp blant 'gamle' skattar.
Alt som kan gjere klesvasken meir lystbetont vert hjartleg ynskja velkoment til meg.

Jepp, dette vart dagens glimt herifrå. Då gjenstår det berre å ynskje deg:
 eit GODT 2014!!

søndag, desember 01, 2013

A D V E N T 2013

Hei på deg.
Då var det på tide med eit lite livsteikn igjen :)
Plutseleg var det desember og snart jul igjen.
Hei hvor det går.
 
Årets pepperkakehus har fått gullglittertak, som ein aldri så liten variasjon frå forrige åra. Det er ikkje så mykje stæsj rundt huset enno, for ungane får slike ting i kalenderen (ein pakke kvar tredje dag per unge). Juletrærne som står rundt huset låg innpakka i nummer 1.




 G O D   1. S Ø N D A G   I   A D V E N T 



Related Posts with Thumbnails