torsdag, juli 22, 2010

Vem kan segla förutan vind?


Hi hi, desse båtane kan ikkje segle om det bles verken bris eller storm. Men pynte opp - det kan dei.


Det er mange som har etterlyst seglbåtar sidan forrige gong me laga slike. Eg har svart at ein vakker dag kjem det fleire. Og i dag er dagen. Dette vert nok definitivt dei siste me kjem til å lage, for makan til pirk skal ein leite lenge etter. Det blåblomstrete stoffet i seglbåten over er frå Tamo. Syns det er fantastisk fint :) Båtane har segla inn på Epla, og er klar for å segle ut i verda.


Dagen i dag har vore av den energiske sorten. Hekken og plenen er nyklipt og eine terassen er nybeisa. Ungane har bada i bassenget i hagen. Sola skin frå omtrent skyfri himmel og alt er såre vel. Herleg! Det spørs om ikkje eg må finne fram fotbadet i kveld og lage meg ein diger smoothies for i feire fullført arbeide.


Ha ein flott torsdagskveld.

Klem herifrå :)

onsdag, juli 21, 2010

I fullstendig feriemodus


Den siste veka har feriemodusen verkeleg sunke inn. Det er berre snakk om veker før eg skal tilbake til kvardagen med full jobb og mindre tid til dilldall. Eg har derfor bestemt meg for å nyte vekene til  fulle, og tar litt sånn halvveis ferie frå blogginga.
  

























Me ferierar heime i Stavanger i desse dagar, der me ventar på feriegjester ;) Herr Fe og eg puslar med litt kreativt innimellom, og nå er Eplabutikken fylt opp av Bambiar og slikt. Meir varer er i produksjon, så er du intressert er det berre å stikke innom dann og vann.


Før eg trekker beina under meg og finn fram hekletøyet i sofakroken, må eg berre takke så inderleg og hjarteleg på den fantastiske responsen på forrige innlegg. Eg er rørt, lukkeleg og glad for alle dei finfine kommentarane. Tusen tusen takk til kvar og ein av dåko!!

Nå gjenstår det berre å ynskje dåko alle riktig fine sommardagar. Kos deg! Varme klemmar frå Linda

torsdag, juli 15, 2010

Velkommen inn i lekehuset Linda

Endeleg har eg fått tid til å sortere/redigere bilder av det neeeeesten ferdige lekehuset. Litt smådetaljar som gardiner, nokre planlagte forheng og dilldall manglar, men de får sjå det som det er idag likevel.

Huset vårt er kvitmalt med svarte dører (har to inngangsdører på framsida), og leikehuset vart svartmalt med kvit dør og detaljar for å passe til heilheten. Akkurat det valget er eg superfornøyd med, eg syns nemleg huset vart ekstra stilig som svart :)

Ved inngangsdøra har me festa ei ringeklokke frå Clas Ohlson (stor suksess), postkasse frå Bruka, og flagghaldar. Alma leiker nemleg at ein eller annan (vi i familien, eller dukker & bamser) har bursdag kvar einaste dag og då må det flaggast :)

Leikehuset var fødselsdagsgåva vår til Alma, men brødrene hennar er sjølvsagt like velkomne til å bruke hytta som henne. Men det er ikkje fritt for at dekoren der inne er ganske jentete. Eldstemann syns den er alt for jentete for hans smak, og me har derfor avtalt at eg skal lage til eit forheng slik at han kan gøyme vekk det "verste" når han skal leike med ridderane sine der inne. Skal sjå om eg rekk henge opp forhenget allereie i dag, for eg vil jo veldig gjerne at han også skal bruke huset og ha stor glede av det.

Komfyren har flytta ut i leikehuset, saman med gamle små emaljepanner, ein leiketekjele og gamle blikkboksar og utstyr. Her trekkast det kaffi til alle som vil likar den slags.

























Ein sofakrok er laga av to billige TV-benkar frå Ikea. Med tid og stunder skal korger til leiker plasserast på hylleplatene under benken, men så langt er me ikkje komne. Bordet (Hemnes) er også frå Ikea. Lysekruna me hadde på kjøkkenet har flytta ut her, men skal sjølvsagt ikkje tennast i.


På komfyren putrar ei merkeleg suppe av jordbær, gulrot og egg ;) Mon tru om eg ikkje bør hekle litt fleire grønnsaker slik at suppa vert meir freistande å tilberede...


På veggen ser de Herr Fe sitt siste verk laga på bestilling frå meg. Nemleg ein diger tapetsert Bambi. Ikkje sant den er fin? Eg er iallefall superfornøyd med både bambien og den flinke mannen min ;) Bambiar dukkar nok opp i Epla-butikken etterkvart.


Den lilla hylla er ei gammal skuffe frå kjellaren som vart spraymala og tapetsert med papir. Bambi og Trampe-motivet er frå ei gammal Bambibok som eg mota meg opp til å klippe i. Det gule gåvepapiret krølla seg vanvittig, men er det så nøye då, he he.


På gulvet ligg ei dørmatte frå Plantasjen. Og den knallfine kjolen til Alma er frå Noa Noa, og er kjøpt på Litle Blå.


Leikehuset er i bruk frå tidleg morgon til seint på kveld. Utruleg fantastisk kjekt at det fell så i smak, når ein har kava i vekesvis med planlegging, grunning, snekring, maling og dilling. Huset er knallfint og vel verdt kvar ei krone og kvart eit minutt med jobb :)

Eg kan anbefale alle som vurderere å sette opp dette lekehuset å gjere det. Det heiter altså Lekehuset Linda, er frå RKC og forhandlast blant anna av Montèr, Maxbo og Sommerbutikken. Jepp, det var dagens reklame ;)


På bildet over er sola er i ferd med å gå ned. Flettene er dregne ut or håret, flagget er teke ned, og Alma skalkar luka.

Nå er imidlertid ein ny dag i full gang, og i denne stund syngjast det Hurra for deg som fyller ditt år med høg røst der ute i hagen ;) Ha ein strålandes fin torsdag. Klem frå Linda

onsdag, juli 14, 2010

På ein gråværsdag....


...då leikar me butikk og snurrer film (Tom & Jerry).

Nokre nydelege gamle dynetrekk fungerer perfekt som kamuflasje framfor bokhyllene, og som dukar over butikkdisken.


I butikken kunne ein kjøpe både pølser i brød, kake, saft og pop corn for ein billig penge. Betjeningen var strålandes blid, og det var ingenting å sei på servicen ;)

Hjå oss er det ei utfordring å finne på ting å gjere som er spennande og kjekke både for 7-åringen og 3-åringen. Dette var stor stas for begge to. 1-åringen tok seg ein formiddagslur medan butikkdrifta pågjekk.

Der betjeningen hadde problem med å halde styr på rekneskapet, var det godt at kunden hadde oversikta ;)


Dette gjekk så strålandes fint at mammo kunne trekka seg tilbake i sofakroken og nyte eit herleg fotbad. Eg var så strålandes glad for ei tid sidan, for eg vann nemleg dette fotbadet i ei trekning inne hjå Hokusfiliokus/Interiør & Design. Noko så herleg å vinne nå før sommaren. Eg går stort sett barbeint heile dagen lang i denne årstida, og beina ser ut deretter. Men nå er dei mjuke, reine og fine. Lovely :)


Det er eit par dagar til me reiser på ein ny liten ferietur, og me kjem difor til å tilbringe fleire gråværsdagar heime. Har du kjekke tips til ting å gjere med dei små?

Leikehusbilder kjem truleg i neste innlegg. Me bloggast :)

tirsdag, juli 13, 2010

Ein liten smakebit på kva som er i vente


Kveldens innlegg er berre ein liten smakebit på kva det kjem meir av i morgon. Nemleg interiør- og eksteriørbilete av ferdig leikehus. Ungane er i full sving med leiken der ute allereie. Sååå kjekt å stå i kjøkkendøra og sjå kor dei kosar seg der inne. Å glede små hjerter er den største gleda ein kan ha!

Ha ei riktig god natt...

søndag, juli 11, 2010

JoJo hus

For noko som verkar som evighetar sidan blanda eg ein farge til Kulørs palett: Bloggernes farger.  Like etter lansering av fargane fekk me 12 bloggarane vår representative maling tilsendt.  Spannet med fargen min, JoJo, har blitt ståande sidan (fargekode: NCS S 2040 B). Eg har liksom ikkje hatt riktige prosjektet for den.

I dag derimot, då kom spannet fram i dagen i samanheng med at mitt høgt elska, men særdeles falleferdige, fuglehus vart renovert. Ved hjelp av JoJo og Kulør har huset fått glansen i lakken tilbake. Huset kjøpte eg då eldstemann var baby, og me var i København på handletur (i butikken Notre Dame).  Nå for tida får ein tak i fuglehus i omtrent kvar einaste interiørbutikk ein besøker. Eg diggar dei nye, men eg elskar mitt gamle.

Som de kan sjå er hekleprosjektet mitt betrakteleg større enn sist gong eg viste det fram. Dei siste dagane har eg derimot ikkje hekla ei maske, for det har gått i maling av leikehus.

Nå er sommaren verkeleg her. Me har vore på skogstur i dag, og kom heim med nok blåbær til eit godt måltid for dei to eldste. Sommarens første, men garantert ikkje det siste :) Me var ute i tidlegaste laget, for dei fleste bæra stod igjen uplukka slik at dei kan vekse seg store og søte.


Håpar du også har hatt ei fin helg, og ynskjer deg ein god kveld.
Me bloggast :)

torsdag, juli 08, 2010

Jippi - me er i gong


Leikehuset er halvveis ferdig, og eg er lukkeleg glad. Eg har tru på at sluttresultatet vert kanonfint, om det kanskje ser litt så som så ut nå. Det har vore eit ganske langtekkeleg forarbeide med grunning av alle flater, maling av innvendige veggflater, fjerning av jordmassar, få det heile i vater osv osv. Men å setje sjølve huset opp var faktisk overraskande lett. Hurra. Hipp hurra, rett og slett :)


Nå gjenstår taket, rekkverket, og det aller kjekkaste av det kjekkaste: dekoreringa. Eg kjem herved med ein advarsel: det kjem garantert mange detaljerte leikehus-innlegg framover. Men slik er det når ein draum går i oppfyllelse. Eg anar ikkje kor mange år eg har samla på utstyr som skal inn her. Jippi, nå er det nærare enn aldri før.

Eg ber også om at de overser alt ugraset mellom steinhellene og rot og rask generelt. Fokuser heller på frodig vekst i plantekassane og eit lite hus i frammarsj ;)

Nå skal eg ut og legge tak. Trur eg.

Ha ein flott torsdagskveld. Klem frå Linda - full av barnsleg fryd og glede!

onsdag, juli 07, 2010

Kvardagspynt


Småfeane har ferie i desse dagar. Ja, eg sjølv har faktisk også ferie nå sidan fødselspermisjonen er over. Denne veka kosar me oss heime, og eldstemann deltar på ein superduper ferieklubb (Fiks Ferrige Ferie). Fantastisk utruleg kjekt og kan verkeleg anbefalast! Kvar dag kjem han lukkeleg heim og fortel om morgenbad i Gamlingen, besøk i Oljemuseet, besøk på  Vitengården, og til og med Kongeparken.

Alma kosar seg heime med meg, men i dag var ho invitert til ei markering i barnehagen. Er ikkje det fantastisk flott? At dei ringer og inviterer henne sjølv om ho har ferie? Utruleg kjekt.

Eg har gått litt amok på salget og har kjøpt denne kåpa frå Aya Naya, tilhøyrande skjerf og dei finaste lilla skorne frå Angulus til henne. Victoria-butikken på Kilden har -40% på alle vår/sommar-varene og -50% på desse kåpene blant anna. Dagens barnehagebesøk var ei perfekt anledning til litt kvardagspynt, og eg syns at skatten vår vart bedårande skjønn i habitten.


Eg diggar klærne frå Aya Naya som er sydd i dei finaste stoff, har knallfine fargar og hekla detaljar! Og så er det såååå mykje kjekkare å kjøpe klær til småfeane enn til meg sjølv. Det er berre å raske med seg klær som er fine, for dei passer perfekt uansett. Og slik er det iallefall ikkje når eg skal handle til meg sjølv. He he :)


Grønnsaker & dip står på bordet og hekletøyet ligg klart i sofaen. Ynskjer deg også ein god onsdagskveld. Tudeluuu!

tirsdag, juli 06, 2010

Hips om haps


På våre herlege Sørlandsferie kom eg plutseleg over butikken Annas Rom. På veg mot ei hytte me leigde i Møvik, dukka den flotte butikken, som bugnar både utandørs og innandørs, opp på høgre side av vegbana. Eg svinga raskt inn på parkeringsplassen med påskudd at eg måtte ringe for å få vegbeskrivelse til hytta. Dei to minste småfeane sov søtt i baksetet, og eldstemann og mamma venta tolmodig medan eg gjekk på handel og fekk meg ein koseleg prat med skjønne Anniche.

Vel, den store handelen vart det desverre ikkje. Bilen var smekkfull av bagasje, og eg var litt småstressa av at dei søte små kanskje hadde vakna og laga ei voldsom brudulje i baksetet. Men litt snacks fann eg, og deriblant boksen frå Falby og duftelyset frå Yankee Candles som de ser på første bildet. Isteen me har kosa oss med i ettermiddag er også frå Annas, og du og du kor god den er!! Eg fekk den hjå Anniche, og vart lukkeleg glad. Eg anbefalar alle som er i nærleiken av Kristiansand i sommar å ta turen til Langenes og handle i den koselege butikken. Dersom du ikkje skal til dei trakter er nettbutikken deira vel verdt eit besøk!! Kos deg :)


Me som har blogga/lese bloggar i nokre år har fått tatt del i Annas Rom heilt i frå den spede oppstart som nettbutikk og til i dag. Utruleg kjekt å få sjå butikken "live", merke den gode stemningen og sjå at det går så det suser. Mmmmm skål :)


Epla-butikken min er så tom at det omtrent er ekko der inne, men det skal det straks bli slutt på. Herr Fe har trylla fram fleire skjønne skapningar, og om litt kan du finne både...

..fuglar...

..hjerter..

...og elefantar der inne :) Eg har berre nokre småtroll som skal puttast trygt under dynene sine først.

Ha ein riktig fin tirsdagskveld!!

mandag, juli 05, 2010

På fire hjul i svingen...


Verdas skjønnaste vesle dukkevogn vart mi....eg meinar Alma si... hin dagen ;) Alma er (heldigvis) ei skikkeleg dukkejente, og sjølv om ho har tre vogner frå før så måtte eg berre kjøpe denne då eg kom over den på Fretex. Vogna er jo som om den skulle vore designa av meg sjølv, med kvit emalje, prikkar, lyseblå, blå plastdetaljar på hjula osv osv.

Desverre er det lyseblå prikkete stoffet skikkeleg slitt og bærer preg av tidens tann. Så snart eg klarar lausrive meg frå hekleteppeprosjektet skal eg skifte prikkane ut med eit nytt stoff :)



Ha ein finfin mandagskveld :) Klem frå Linda

søndag, juli 04, 2010

Oppskrift på hexagonane

I forrige innlegg spurte eg om nokon var intressert i oppskrifta på hexagonane, og nå har eg gjort det utruleg enkelt for meg sjølv, he he.
På jakt etter innlegg om det forrige heksagonteppet mitt, kom eg nemleg over ei rekkje med kjekke hexagonteppeinnlegg ute i blogglandia.

Oppskrifta eg brukar fann eg opprinneleg hjå Moonstiches, men i dag kom eg over IGI's oppskrift. og her fin du denne (eg gjer det på eksakt samme måte, bortsett frå at på siste omgang så heklar eg fire stavar der ho heklar tre. Dvs 4 stavar i luftmaskebuen, 1 luftmaske, 4 st + 2lm + 4st i neste luftmaskebue, 1 luftmaske, 4 stavar i neste luftmaskebue , osv osv).

Hjå Moonstiches finn du oppskrift på korleis hekle hexagonane saman samstundes.

Her ser de mitt uferdige teppe som eg har halde på med dann og vann sidan 2008...

Nå er teen min rykande varm, ute regnar det og eg skal krølle tærne under meg og hekle i sofakroken :)  Herr Fe ser på Poirot, og det skal jammen eg også. Litt herleg at VM går mot slutten ;)

Ha ein fortsatt fin kveld, klem klem

Dilla er her igjen


Den har vore ytterst langt vekke i det siste. Hekledilla mi. Det går veldig i berg og dalbanar med mine kreative krumspring. Sydilla held seg noko lunde stabilt, men innimellom elskar eg å strikke eller hekle. Og sjølvsagt med nytt garn... Gamle uferdige prosjekt vert fullstendig ignorert, ja det er som om dei ikkje eksisterer.


I går starta eg på eit nytt hexagonlappeteppe. Eg har jo eit uferdig i alpakkagarn liggjande, men nå går det i bomull. Bomull = Sommar. Ambisjonsnivået er ikkje særleg høgt, og eg satsar på å hekle eit dukketeppe denne gongen. He he, kan ikkje ta sjansen på at dilla varer lenge nok til eit stort teppe. Så godt kjenner eg meg sjølv etterkvart.  Eg syns det vert skikkeleg fargerikt og fint :)


Framgongsmåte for hekling av hexagoner (sekskantar) finst det flust av på internet, men dersom det er interesse for det så kan eg gje dåko oppskrifta mi :)

Ha ein flott søndagsettermiddag/kveld!!
Related Posts with Thumbnails