tirsdag, juni 30, 2009

Trapp i sving

Nå har eg desverre eit litt dårleg før-bilete, men mange undervegs :) Me har byrja på prosjekt trapp. Den styggaste trappa som eksisterar på jord. Skreiv litt om trappa i dette innlegget.

Før mikroen vart født ( i god tid før) malte Herr Fe kinapanelet som dei øggli teppebekledde trinna var omgjeve av. Det vart straks ørlite betre. Me kjøpte også eit trinn av eikeparkett, og i dag sagde me det til og testa det ut :) Trinnet satt som eit skudd, så i morgon skal me ut for å kjøpe resten av trinna. Trur de ikkje det vert bra?

Før (om det skulle vere noko tvil):

Etter:
Følg med for oppdatering i morgon :)
PS! Litt oppdatering då eg ser at eg var litt tilbakehalden med info i utgangspunktet. Me vurderte å fjerne både teppe og panelen (kallast det korea eller kina panel mon tru), for så å slipe den gamle trappa ned og male den kvit. Eg har lese i ein svensk blogg om ei som tilsatte litt sand i kvitmalingen for å hindre at trinna vart for glatte - og vurderte derfor å gjere det samme. Men me valgte lettaste løysinga, ikkje fjerne noko som helst. Berre male og legge nye trinn oppå teppetrinna. Eiketrinna har eg tenkt at me skal behandle med kvitpigmentert olje, så vert den ikkje så gul. Sukk, så kjekt det skal bli når dette vert ferdig :)

mandag, juni 29, 2009

Baden Baden

I dag kjøpte me oss to Baden Baden stolar på Plantasjen. Me kjøpte svarte av den enkle grunn at dei passar til ytterdørene ;) Men eg mistenker i grunnen at dei falmar med tida, og ikkje minst at dei er særdeles varme å sitje i. Men pytt, kva gjer ein ikkje for utsjånaden ;)

Så gjenstår det berre å sjå om eg tar meg tid til å slenge meg nedi ein av desse og klarar nyte nokre solstråler *smil*.

Så til anonym som lurte på kva vogn eg brukte til dei to minste nå. Me kjøpte Phil & Teds vogn til Alma i fjor vår. Nå når mikroen var venta, kjøpte me søskensete til denne samt bærebag. Vogna er supergrei. Og ikkje minst veldig praktisk, i og med at den er like smal som ei vanleg vogn, men med plass til to små krabatar. Kan anbefalast :)
Tusen takk for alle kommentarar på forrige innlegg. Det er herleg med sommar og sol og fri. Og herleg med ein baby i huset. Mikrofeen er smilandes og blid, og stort sett fornøyd. Dei to stolte storesøskena taklar kjempefint å få han i hus, og er snille, ansvarsfulle og opptekne av at han skal ha det bra :)
.
Ha ein fin mandagssommarkveld!

søndag, juni 28, 2009

Når det er for varmt i solsteiken..

..er det herleg å ha eit lite telt å krype inn i
medan mamma steiker vafler ute...
...er det godt å ete vafler under solparasollen

...er det godt å vere inne og sove på pappa sitt fang


Håpar de andre også kosar dykk i det flotte været.
Ha ein flott søndag :)

fredag, juni 26, 2009

Pallestol

Sjekk desse kule stolane ein kan lage av gamle paller. Instruksjon til bygging kan kjøpast her. Eg kunne jammen tenke med å ha eit par slike stolar på verandaen.

Med Playmo på teppet

I går fekk eg tid til noko eg knapt har hatt tid til etter at minifeen vart født, og det er å leike med eldstemann. Eg har sjølvsagt hjulpe han med leiker, bygd Lego, lese bøker og slikt, men ikkje skikkeleg leika. Det heng nok ikkje berre saman med at eg har hatt dårleg tid, men sjølvsagt også at han har rikeleg av leikekompisar han heller leiker med enn mora :)

Takk og lov!

I går fekk me tid til å leike med Playmoen ute. Kjekt!

Eg knipsa eit par bilder frå hagen medan eg først hadde kameraet ute. Som eg har sagt før, så er hagen ikkje førsteprioritet i år. Littegrann har eg dilla og dalla likevel. Den grøne vatnekanna kjøpte eg på Fretex i fjor. Det er rusta hol i botnen på den, men det gjer ingenting. Den står jo berre til pynt uansett. Fuglehuset kjøpte eg på Notre Dame i København for mange mange år sidan. Like fint den dag i dag. Hekken i bakgrunnen ser framleis litt skamforen ut etter at eg klipte den tidleg i vår...


Humleplante som klatrar på pinne, lavendel som snart blomstrar og blomkarse som veks frodig og grøn. Og god hjelpar i hagen også :


Sukk, så herleg det er med sommar. Og ikkje minst kjølefunksjon på varmepumpa ;)


Ha ei fortreffeleg god helg!!

torsdag, juni 25, 2009

At trådsneller kan vere så fine

Sjå desse skattane av nokre fine gamle trådsneller eg kjøpte på QXL for ei tid sidan. Ein kan samle på mykje rart, og eg samlar blant anna på skattar som desse :) Eg syns forøvrig at det var kjekt å sjå igjen den ikkje fullt så gamle gule plastsnella med kvit tråd som de ser bakerst i venstre hjørne.
Dei fleste snellene er av utanlandsk opphav, men også norske kom med i kjøpet:

Det var all blogging eg rakk for i dag, tilbake i morgon med nytt innlegg :)

onsdag, juni 24, 2009

Leander

På Finn kjøpte me Leandervugge før mikrofeen vart født. For slike hysteriske mødre som meg, er det veldig greit å ha ein plass babyen kan sove i nærleiken av der ein er til ei kvar tid. Skulle han ha sove i 2. etasje, så hadde eg sprunge opp for å sjekke han heile tida. Som de kan sjå, så har eg gode hjelparar til å passe på krabaten *smilefjes*Vugga er absolutt finast når den heng på krok i taket, i staden for i stativet. Men eg veit ikkje kor bærebjelkane er, så enn så lenge heng den iallefall i stativet. Trygt plassert attmed sofaen.


Ha ein flott onsdag!

tirsdag, juni 23, 2009

Tuuuuuusen takk

Tusen hjartans takk for alle gode gratulasjonar. Me set pris på kvar og ein. Dagane er hektiske, så eg er sikker på at eg ikkje kjem til å klare å svare på alle personleg. Derfor dette takkeinnlegget :)
I dag har me sett på bilder frå då dei to andre var nyfødte, og funne ut at mikrofeen (tusen takk for eit genialt kallenamn Emmeline ;) ) er ei fin blanding av dei to andre. Eg tykkjer han er mest lik storebror, medan pappaen tykkjer han er mest lik storesøster. Han er snill og god, og alt går kjempefint med oss. Tusen takk for omtanken :)

I mangel på tid til å laste opp nye bilete, repeterer eg bileta av dei nydelege alfabetkorta eg (Oooops, ungane ;) ) fekk av min kjære venn Kjartan, sist han hadde vore i Amerika. Dei er så fine at dei ligg trygt bevart oppå ei hylle i påvente av at mini og mikrofeen skal vere store nok til å bruke dei.
Håpar de hadde ei flott St.hans feiring. Her har me kosa oss heime, og berre slappa av.

Ha det godt så lenge!

søndag, juni 21, 2009

Baby

Her er han.
Vår vesle, skjønne babygut.
Alt gjekk over all forventning, og mammo sjølv er letta, glad og takknemlig. Hadde faktisk gløymt ut kor godt slike små luktar, og kor gode lydar dei lagar :) Må berre vise dette herlege bildet av snuppilure som fekk vere med for å hente oss heim i dag. Var så godt å sjå henne igjen, og utruleg rart å sjå kor stor ho faktisk er :)

Sukk, sukk, sukk. Eg er litt tom for ord, er berre så utruleg glad. Jippi.

Tusen takk for alle lukkeynskjer og gratulasjonar. Trur alle dei kryssa fingrane hjalp :)

Klem frå Linda

onsdag, juni 17, 2009

Eit kjempetilbud

For dei som bur i nærleiken av ein Coop OBS butikk må eg berre tipse om 7-greiners bukettar med peon til 29.90 kr. Herleg!

Må også tipse om at på KID er det 50 % på alle sengklede, og masse andre tilbud. Eg kjøpte nye sengklede til oss, og nå surrer dei rundt i lavendelvaskemiddel i vaskemaskinen. Lovely :)

Det var dagens gratisreklame for KID og OBS *tihi*

Ha ein finfin onsdag!

tirsdag, juni 16, 2009

Fine rislampar

Til 2-årsdagen 1. juni kjøpte eg to nydelege rislampar på Åhlens. Eg fekk kjøpe utstillingsmodellane, då dei var heilt tomme for desse på lager. Lucky me. Til bursdagen hang dei på terassen, men nå har eg hengt dei opp på jenterommet.
Den eine har lyspære inni, og den andre heng berre til pynt så lenge. Har plan om å flytte den til eit anna rom etterkvart.

Eg har vel sikkert aldri vist fram desse kule ekte cowboystøvlettane Alma fekk frå ei tante og ein onkel som hadde vore på Amerikaferie. Gledar meg til dei passar ;)

Tusen takk for alle lukkeynskjer og kommentarar på forrige innlegg. Eg skal være ærleg og innrømme at eg gruar meg veldig til sjølve fødselen, men må fokusere på det positive... I det sekund babyen er der, så er det verste over :)
Ynskjer dåko ein flott tirsdag :)

mandag, juni 15, 2009

Det meste på stell

Nå kan du snart komme vesle miniminife. Mamma og pappa har det meste klart til du ser dagens lys. Og storebror og storesøster gledar seg. Ja, me gledar oss alle til å sjå korleis du ser ut, til å halde deg, lukte på deg og passe på deg. Så kom når du er klar :) Me håpar du kjem til å trivast med familien din!

Ha ein fin mandag, du som kikkar innom bloggen min.

søndag, juni 14, 2009

Er piggsvina vakne?

Ein del av morgonritualet til denne vesle snuppa, er å sjekke om piggsvinfamilien som bur under hekken er vakne. Ho strekker halsen langt, men ingen spor av dei i dag...


Nok ei herleg helg er overstått.
.
Det har vore lite interiørrelatert stoff i bloggen den siste tida, håpar å få retta på det ganske så snart :)
.
Ha ein flott søndagskveld.

lørdag, juni 13, 2009

Drappa Dot


Eit av mine favoritt barneklemerke er Drappa Dot. Klærne har kjempegod kvalitet, og stoffa er kraftige og slitesterke. Ikkje minst elskar eg fasongen, særleg på buksene. Prisen er rimeleg stiv, så ofte venter eg og håpar ting kjem på salg før eg slår til.
.
Kids & Care på Tvedt senteret i Stavanger fører dette merket, og i går var dette settet nedsatt med 40 %. Juhu. Desverre fekk eg vite at Kids & Care skal stenge, og har berre åpent ut juli mnd... Så løp og kjøp på salg for de som er i distriktet :)
.
Ha ein fin lørdag!

fredag, juni 12, 2009

God helg og reinhaldstips

Eg har i lengre tid tenkt på å dele eit genialt tips med dykk.

Alle som har kvit sofa, eller sofa med tekstiltrekk veit at det legg seg støv på toppen av puter og armlener. Forsøker ein å tørke dette bort med ein fuktig klut for eksempel, så gniast støvet berre nedi tekstilen, og resultatet vert mindre bra. Det legg seg sjølvsagt støv på skinn også, men her unngår ein probem med at støvet ikkje fjernast så lett.

Vel, så til det geniale tipset: Reingjer sofaen med klesrulle. Slik klesrulle som ein typisk får kjøpt i klesforretningar eller på Clas Ohlsson. Rulle med klisterpapir. Eg lærte dette trikset av mi kjære svigerinne, og nå er klesrulleritualet blitt ein del av torsdagshelgereingjeringsjobben (wao - fint ord). Etter at eg byrja gjere dette, har sofatrekka vart lengre mellom kvar vask. Både tid, pengar og miljø spart. Lovely :)

I går var det torsdag og med MP3 på full guffe i stereoanlegget gjekk helgereingjeringa som ein draum.

Ynskjer alle ein super fredag og ei god helg!!!

torsdag, juni 11, 2009

Nymalte flater

Eg dillar og dallar og stuller og steller. Og ikkje minst: eg skamkosar meg. Blodtrykket sank til normalen i det eg gjekk ut i permisjon. Så herleg. Dei siste par dagane har eg slengt på eit nytt malingsstrøk på skapdørene i gangen i 2. etj. Den svarte stigen som heng på veggen, er stigen me brukar for å komme oss opp på loftet.

Gangen i 2. etasje skal pussast opp frå grunnen av på sikt. Nytt tak, nytt gulv og nye garderobeskap. På sikt altså. Inntil vidare ser gangen iallefall betre ut med nymalte skapdører.

Vinduskarmen på badet har også fått nymalt overflate (ikkje lett å få til fine bilete tekne i motlys gitt).

Eg har andre malingsprosjekt i sving i tillegg, men ventar med bilete til dess det er ferdigstilt *smile*.
Ha ein flott torsdagskveld!
Ciao..

onsdag, juni 10, 2009

Hipp hurra

I dag oppfordrar eg alle som ein å gå innom til verdas kjekkaste, snillaste og flinkaste fotograf, kunstnar, mamma og venninne - nemleg Bodil BO. Ho har bursdag i dag.

Gratulerer knallmasse med dagen, både eg og heile familien Fe er kjempeglade i deg :) Hipp hipp!!

PS! Bodil har alltid minna meg om ein nydeleg Monchichi bamse, så dette bildet er til ære for skjønne snille Bodil!

tirsdag, juni 09, 2009

Snikandes kreativitet


Eg syns madrassa som tilhøyrer Maileg-vugga var så klumpete og tjukk. Ja, det er for så vidt både dyna og puta også, men madrassa har eg iallefall gjort noko med. Eg veit ikkje kva slikt kan kallast, men eg sydde iallefall små punkt med jevne mellomrom i madrassa, og lagde små knutar. Sydd i rosa broderigarn. Madrassa vart tynnare, og til og med søtare, syns eg.
Strikka også eit lite beppe (teppe) til kaninene. Ikkje noko tull her i gården. Her er det strikka av ekte Nøstebarnull til småkaninene :) Ein liten lapp av soppestoffet frå "From Japan with love" vart også festa på med store sting:Ikkje mykje som skal til, og gleda hjå vesle trultemor var stor. Nå må eg berre få laga nokre små klede også, så er lukka fullkommen for henne.



Lukka var fullkommen for meg også i dag. Sist eg var på Fretex såg eg med lange blikk etter ei dame som hadde funne ein liten settekasse. Skulle så gjerne ha grabba kloa i den før henne. Men i dag hadde eg flaks. Ein større og finare settekasse vart min for 39 kr. JUHU!
Eg har nemleg også, som så mange andre, blitt skikkeleg inspirert av dei dekorerte überkule settekassane til Retrovilla. Nå skal kassen malast og dekorerast med fine papirrestar.
Resultatet deler eg sjølvsagt med dåko :)
Ha ein fin tirsdagskveld, klem frå Linda

mandag, juni 08, 2009

Tidsfordriv

Er det fleire enn meg som av og til kjedar seg på nettet?
Ingen bloggar er oppdaterte, og ingen nettaviser har noko spennande å lese.

Av og til er eg rastlaus, men orkar ikkje finne på noko.


I slike tilfelle er løysinga for meg å surfe på QXL og Finn. Særleg på QXL kan ein finne mykje spennande ;) Ikkje så ofte at eg sleng meg på budrundar, men syns det er moro å finne ting som er tøffe, som eg hugsar frå barndommen eller som rett og slett er gørrstygge.
Denne bolla frå Cathrineholm er jo berre ultratøff syns eg, men eg har framleis ikkje kasta meg inn i budrunden:

Er ganske så sikker på at mamma hadde denne kaffikanna av merket June ;)

Og Rosti-redskapar var vel ein klassikar på 70-talet.

Alle bilder er frå auksjonar som føregår her og nå på QXL.
Blir glad for andre kjekke tips til tidsfordriv på nett :)
Ha ein flott kveld.
Eg er så godterisjuk at eg straks sprettar kokesjokoladen og surfar vidare :)
Related Posts with Thumbnails