torsdag, juni 24, 2010

På reisefot...


I morgon går startskuddet for årets første sommerferiereise på oss. 
Eg, mamma og småfeane skal på ein aldri så liten sørlandsferie, og me gler oss stort. 
Me kjem til å benytte oss av mange av dei supre tipsa som kom inn sist eg spurte etter tips til reisemål. Me skal køyre Nordsjøveien nedover, besøke Sogndalsstrand, Jøssingfjord og Helleren og masse anna. Det kjekkaste av alt er at me skal låne sommaarhuset til Emmeline og familien. Sååå takknemleg og glad over at det finst sånne snille folk.

Om det vert stille her inne og på e-post neste veke så veit de kor eg er ;)
I'll be back. 
Ha ei riktig god helg, og ei flott veke.
Tudeluuuu :)

Varp


Som så mange mange andre interiørbloggarar, har eg i mange år vore på jakt etter den rette gamle slitte kontorstolen. Og i dag fann eg han. Sjølvsagt på Fretex. For 25 kr var denne raude skatten min.
Lukke :)



Akkurat passe gammal, akkurat passe slitt, og akkurat perfekt for rumpa mi :)


Skorne på bilete under er ikkje loppefunn. Dei er eit funn frå mammas loft, og eg tøffa rundt i desse i 2-årsalderen.


Eit par gamle dynetrekk vart med i posen heim i dag også, nå må eg jammen snart få tid til å sy igjen :)


Ha ein flott torsdag !! 
Klem frå Linda

onsdag, juni 23, 2010

Grunn. Grunnere. Ferdig grunnet.


Dagen i dag kan stort sett oppsummerast på desse bileta. Leikehuset me har kjøpt må grunnast før montering, og den jobben vart gjort i dag. Eg må innrømme at eg fekk litt skrekken i meg når eg såg kor mange delar leikehuset kom i, men etter å ha sortert litt plankar ser eg at det er ein logikk i det heile. Nervene har roa seg igjen, og eg trur rett og slett at Herr Fe og eg skal klare å setje det saman. Det neste på tapeten nå er at dei flatene som skal vende inn i hytta skal malast med kvitmaling. Utsida malar me først når huset er ferdig montert.

Å, kor eg gler meg. Postkassa som skal henge på hytta vart innkjøpt for mange år sidan. Det samme med blomsterkassen og masse anna dill dall :)


I bakhagen har me nå ein fiks ferdig terasse. HERLIG! Trappa ut der er imidlertid ikkje bygd enno, så eg venter litt med å knipse bilder.


Ynskjer alle som ein ei fortreffeleg Sankt Hans feiring i kveld :)

Stor klem frå Linda

tirsdag, juni 22, 2010

Hallo i luken


Eg elskar å få pakkar. Ja, kven gjer i grunnen ikkje det?
I går var postkassa merkverdig full då eg skulle hente inn dagens reklame og rekningar... Postkassa var full fordi ein mjuk, stor pakke låg gøymt oppi den. Hm, kva kan dette vere, tenkte eg, medan eg trippa lett på tå inn i huset igjen. Ikkje mange sekund etter kunne jubelropa høyrast i heile nabolaget. Innehavaren av nettbutikken Tamo, var så begeistra for det er sydde av forrige stoffladning derifrå, så ho ville sende meg stoff som ei sommarhelsing. Slikt vert ein stoffavhengig rusa og lukkeleg av ;)


Eg har sagt det, omtrent til det kjedsommelege, at det er sååå herleg å kunne kjøpe produkta til TAMO i Norge, og sleppe både tollgebyr og rådyr utanlandsporto. Stoffet til venstre på bildet over har eg tidlegare kjøpt i ein tysk nettbutikk (svindyrt), og brukte det blant anna til teppet under. Nå har eg meir på lager og kjenner at kreativiteten er stigande ;)


Meir herlegdom:


Knallskjønn klype med fluesopp i cernit. I love it.


Tusen takk, Barbara hos Tamo. Eg vart superglad for pakken. Ynskjer deg og dine også ein flott sommar :)


I morgon startar arbeidet med å bygge terasse i bakhagen. Sidan verken Herr Fe eller eg er superflinke på snekring, har me leigd hjelp til å setje opp rammeverket. Terasseborda skal me skru på plass sjølv. De skal få sjå bilder av prosessen. Leikehuset ligg umontert i forhagen, og planen er å prøve få det grunna i løpet av kortkort tid, slik at det er klart for montering etter terassen er ferdig :) Det blir sååå bra til slutt :)


Det er sikkert mange som er rålei av veggelefantane, uglene og soppane, men eg må likevel tipse om at eit nytt sett er på plass i Epla-butikken, og fleire sett finn vegen ut der i morgon.

Eldstemann har sommarferie frå i morgon av, og Alma har berre eit par dagar igjen i barnehagen før ferien brakar laus. Eg er lukkeleg over at eg derfor skal få tilbringe enno meir tid med gullungane mine. Ferieplanlegging føregår for fullt. Tusen takk for alle herlege tips eg har fått både på mail og i kommentarfelta! De vert oppdatert på planane om ikkje lenge.

Ha ein super sommarkveld, og ei god natt !!

mandag, juni 21, 2010

Elefantkjede


På ein rask svipp innom Indiska hin dagen, formeleg ropte denne elefantlenka med perler & bjelle på meg. For 59,50 kr vart den med meg i posen heim. Såååå fargerik og fin :)

Ha ein flott mandag i (forhåpentlegvis) sola :)

søndag, juni 20, 2010

Partytime

Simons 1-årsdag er omsider feira med brask og bram. Ein herleg dag. Eit supert selskap. Det såg til og med ut som om jubilanten skjønte at det var han me feira. Han vakna frisk i dag. Kunne ikkje ha passa betre :)



Nå må siste rest av kliss og klass fjernast.
Ha ein flott søndagskveld der ute. Klem frå Linda

lørdag, juni 19, 2010

Kjærleik i lufta



Tusen takk for alle gratulasjonar angåande mikrofeens 1-års-jubileum i går. Me kryssar alt me har for at godguten er i form til å feire dagen sin i morgon. I så fall blir nok kaker og pynt fotodokumentert og publisert her inne kjenner eg meg sjølv rett :)


Midt i vigselen av Sveriges forelska kronprinsessepar var eg på handel i dag. Eldstemann var i bursdagsselskap, og eg benytta tida til å sikre meg ting og tang. Eg har mange plasttepper, men ingen i lilla. Dette frå Kremmerhuset fall eg pladask for. Det skapar sommarstemning på kjøkkenet her og nå.

Appelsindrops frå samme butikk smakar himmelsk.

Victoria er forelska i Daniel. 
Eg er forelska i eit teppe av plast, he he. 
Kvar sin smak ;)



Ha ei fortsatt fin helg, klem frå Linda

fredag, juni 18, 2010

Hipp hurra!

Bilde: Flickr
Tenk i dag er det 1 år sidan den vesle, gode og herlege kruttønna vår kom til verda. Simon er 1 år i dag, og som mammo hans er eg både takknemlig, stolt, vedmodig og glad i dag. Vedmodig over at livet rasar så fort av gårde. Glad for at dei fleste rutinar går seg meir og meir til. Takknemleg over at også minstemann er velskapt og frisk. Og aller mest stolt og lukkeleg over å ha ein så knallgod 1-åring, ei herleg 3-åring og verdas beste 7-åring i hus.

Desverre er den vesle godguten forkjøla og ikkje 100% i form, me har derfor utsatt feiringa til søndag.

Alle småfeane er ville etter pappaen sin og befinn seg til stadighet på fanget hans. Her er dei to minste i kjent positur under eit middagsbesøk :)

Ynskjer alle ei flott helg.

Diger klem frå Lindapindapøne

onsdag, juni 16, 2010

Kakebokssamling i vekst


God morgon der ute :)
Her vart det stille eit par dagar, men det er travle dagar i juni med avslutningar både her og der. I dag tenkte eg at de skal få sjå siste tilskudd i kakebokssamlinga mi. Den turkise frå IRA har eg vist før - elskar den framleis.


Begge dei nye "gamle" er funne på mine sonderingsrundaar på Fretex. Den med epler på fann eg for nokre månadar sidan, og den med gult på for nokre veker sidan. Epleboksen har eit bulkete lokk, men eg syns mønsteret var så fantastisk fint at eg kjøpte den uansett. Den med med gule hjerter og blomstrar på er i perfekt stand. Jippi!

Eg elskar kakeboksar, sjølv om dei er tomme for kaker 99% av tida her i huset. Det er utsjåanden og ikkje innsida som tel i dette tilfellet :)
Nå skal eg straks lage pannekakerøre til eldstemann og ein kompis kjem frå skulen. Eg skal på lunsj og galleribesøk med alle frå jobben. Sola skin og dette ser ut til å bli ein super dag!

Ha ein flott onsdag, klem frå Linda

søndag, juni 13, 2010

Hærverk...

Sjå kva vesle mollemor har gjort med favorittbuksa mi i et par ubevokta sekund. Ja, altså ikkje med ein av mine bukser, men med den buksa ho har som mammo likar best :) Ei bukse frå Aya Naya, eit av mine favorittmerker i jenteklær.

Ho elskar vere med meg når eg syr, og ein sjeldan gong får ho lov til å klippe små stoffrestar i småbitar, sidan ho er veldig flink med saks. Ein dag var det visst mykje meir spennande å gå laus på buksa, enn på dei tildelte stoffbitane. Heldigvis visste eg råd, og i dag hadde eg meg eit raid på føremiddagen der eg fiksa både denne buksa, og mange andre plagg med hull og rakna saumar. Ååå, så god samvittigheit eg får av slikt arbeide ;)

Eg sparar strykemerkene til andre prosjekt, og sydde på ein fluesopp som skjular det meste.


Ein bitteliten slitt flekk på kneet vart skjult av eit eplemerke frå Stoff og Stil. Med enkle grep vart buksa fin som ny, og kan brukast enno nokre månadar før ho treng ny :) Herleg.

Eplabutikken vart oppdatert i formiddag, og til mi store overrasking er alle putetrekka på veg til nye eigarar. Tusen takk for at de likar tinga eg/me lagar så godt :) Lavendelsoppar, eit veggelefantsett og eit veggsoppsett finst framleis i butikken for dei som er intressert.

Soppestoffet på bildet over er frå Tamo, det lilla med små kvite blomstrar frå Stoff og Stil, det stripete frå Panduro og resten er gjenbruksstoff.

Då var søndagskvelden her, og førebuingar for siste innspurt før ferien brakar laus er i gong. Matboksane står klare på kjøkkenbenken, halvfulle vannflasker er plassert i frysaren og eg skal straks slenge beina høgt og lese dagens Dagbladet. At bloggen min er Ukens Blogg i Søndagsmagasinet er knallkjekt for meg.

Ynskjer alle som er innom ein finfin søndagskveld, og ei god kommande juniveke!
klem frå Linda

Heilt på tampen...


Ja, dette vart på tampen...klokka har passert midnatt og dagens innlegg vart litt i seinaste laget, he he. Men slik er det når mammo sovnar saman med ungane ein regnfull og vindfull laurdagskveld :)


Enkelte ting eg lagar er ting eg har planlagt i åresvis. Og det er SÅÅÅ godt når eg får det gjort, og kan fjerne tingen frå lista av uferdige prosjekt frå bakerst i hjernen. Som slike bordbrikker som denne. Dette er den første som er ferdig, og er sydd av stoffstrimler eg har klipt av rundt kantane på putene eg har sydd dei siste dagane. Idèen er at eg skal sy fleire slike brikker i forskjellige fargetonar etterkvart som eg har ulike prosjekt på tapeten. Til slutt skal me etter planen ha ein stabel av fargeglade bordbrikkar i hus.  Det blir bra, trur eg :)

Nå kom eg plutseleg på at det var ei som lurte på kor eg har kjøpt dei turkise tallerkane, og det er på Living. Eg kjøpte dei for ganske lenge sidan til full pris, men i det siste har dei blitt solgt til 15 kr per del (har middagstallerkar, frokosttallerkar og skåler).


Tre puter er ferdige, mange soppar er halvferdige, og Herr Fe legg siste finpussen på nokre elefantar. I morgon vert Epla-butikken oppdatert :)


Nå skal eg krype tilbake i draumeland.
Ha ein flott søndag i morgon.
Klem frå Linda

fredag, juni 11, 2010

I love Lilla og lys blå/lys turkis


Fredagar er min favorittdag etter søndagar. Som oftast er huset ganske reint, for så sant eg har mulighet vert helgevasken tatt på torsdagar. Kjøleskapet er fyllt opp, og eg gledar meg til at små og store fear skal vere masse saman og ta ting på sparket.


I ettermiddag fekk eg sydd litt nytt i favorittfargekombinasjonen min for tida, nemleg lilla og lys blå/lys turkis. To putetrekk eg ferdige, og vert sannsynlegvis grundig fotodokumentert i morgon.
Med regnet som kom i dag boblar kreativiteten og lysta til å kose seg inne. I kveld skal eg derfor date Elna på kjøkkenet, medan Herr Fe kosar seg med VM i fotball.


Eplabutikken er så tom for tida, og eg har lyst til å pøse på med sydde ting.



Avslutningsvis treng eg nokre tips av dåko. Om nokre veker skal eg og småfeane på Sørlandsferie med mamma. Kor bør me reise?  Eg har lyst til å besøke Sogndalsstrand, og Dyreparken med nyåpna badeanlegg. Men treng fleire tips til ting som er verdt å sjå, og kjekt å oppleve for store og små. Eg håpar de har mange kjekke ferietips til oss, både når det gjeld attraksjonar, overnatting osv.

Ynskjer alle som er innom ein fin fredagskveld og ei god helg!


torsdag, juni 10, 2010

Nyprodusert

Tusen takk for all respons på leikehytta. Kjekt at så mange andre også likar den og trur det vert fint. Barnsleg som eg er, så klarar eg knapt vente, he he.

I formiddag har eg hatt meg nokre timar bak symaskina. Denne veska med bambi applikert på vart ferdig. Eg syns det er trist at eg ikkje rekk lage så masse til ungane som eg ynskjer. Eg skunda meg å sy saman eit nytt dynetrekk til dukkevogna til Alma, slik at det vart ei kjekk overraskelse for henne då ho kom heim frå barnehagen i dag,

Favorittdukka er framleis ganske glossy i ansiktet. Trultemor pleier nemleg forsyne seg av stellekremen til veslebror og smørre dukka inn. Den har derfor fått svinga seg ein omgong i vaskemaskinen utan at alt forsvann. Om eg ikkje rekk lage så masse til dei små, så har heldigvis  Alma ei fantastisk kjekk mormor som har strikka nydelege dukkeklær til henne. Klærne er strikka til ei større dukke, men denne vesle dukka er favoritten og om klærne sleng litt her og der, så plagar det verken dukka eller Alma :) PS! Mamma om du les dette: nei, eg har framleis ikkje brodert blomstrar på jakka...*flau*.


Dei nydelege stoffa med bambiar på får du tak i hjå TAMO. Herleg kvalitet og som eg har sagt før: eg syns det er så kjekt å endeleg kunne få tak i japanske stoff i Norge. Love it :)

Etter å ha slumra inne det meste av ettermiddagen skal me ut ein tur nå.
Ha ein flott torsdagskveld du også.

Klem frå Linda og gjengen
Related Posts with Thumbnails