mandag, juni 30, 2008

Det går framover


Det går framover med heklateppet mitt. Fine fargar?

søndag, juni 29, 2008

God søndag

Det er SÅÅÅ herleg med helg :)

I går tok me turen til interiørmekkaet Sandnes. Eg hadde eigentleg ikkje plan om å kjøpe så mykje, men litt havna i korga likevel. Er det ikkje typisk?

Klarte blant anna ikkje motstå denne puta frå Villa Collection. Kjøpte den hos Berheim Interiør & Antik. Butikken er forøvrig Emmelines draumebutikk. Green Gate til ein relativt billig penge ;)

Og desse sinkpottene frå Sia tenkte eg ville passe godt til pellisane.

Det aller største kuppet gjorde eg hin dagen på Fretex. Sjekk her då:Gammalt sølvbestikk frå Rogers & Bros til berre 30 kr per del. Er nok ikkje ekte sølv, men heller sølvplett. Men pytt, er det så nøye då? Eg elskar iallefall fasongen på knivane og dei store gaflane. JIPPI! Endeleg har eg også fint gammal bestikk. Må nok sy etui til dei, men det får bli seinare.
I hagen spirer det og gror. Har beisa plantekassane mørk brune, og den oppmerksomme vil legge merke til at basilikumplanten i forkant har sett sine bedre dagar, hehe. Nå er det altså testa ut at krydderurter frå kjøkkenbenken ikkje alltid overlever å flytte utandørs. I utgangspunktet ville eg ha kassane svarte, men sidan dei ikkje solgte anna enn 3L spann med beis, så vart det samme farge som terassegulva.

Gresskarfrøa me tørka frå Halloweengresskaret blømer også nå. Er ikkje blomsten fantastisk fin?

I går beisa eg terassegulva, og er det ikkje typisk at regnet kom før det hadde tørka skikkeleg. Satsar på at det vert fint likevel...til slutt.Ja, det var alt for denne gong. Ha ein superduper søndag de også!

onsdag, juni 25, 2008

Tusen takk

Tusen takk for alle kjekke kommentarar, beklagar at eg ikkje får tid til å komme innom dåko om dagen. Og tusen takk for den hemmelege venn gåva eg fekk i posten hin dagen. Her ser de bilde av den:

Eg fekk krone-telysestake, håndlaga såpe frå Inderøy, prestekrager og to utskrifter med skjønne motiv, i tillegg til koseleg kort. Tusen takk igjen :)

Eg er som de kanskje har fått med dåko i full sving på jobb igjen. Det har gått over all forventning bra. Har til og med snakka engelsk på eit møte, hehe. Kjekt å bruke hjernen igjen.
Men det er ikkje til å unngå at det vert mindre tid til blogging, så de får ha litt tålmod med meg.
Ha det godt!

fredag, juni 20, 2008

Fargerik helg

Eg vart litt overraska då Katarina etterlyste litt meir fargar i heimen min. Eg tenkte at her er det jo mange fargar :) Men ho har nok rett i at eg enno ikkje har våga ta heilt av med sprelske fargar. Iallefall i stova. Men det er vel berre føreløpig.

Det rommet som har mest spreke fargar er nok veslefeens rom. Den-ikkje-fullt-så-vesle-feen-lengre har også spreke fargar, men det får de sjå ein anna dag. Eg ventar nemleg ein knallfin ting til rommet hans i posten, og ventar med fotografering til det er på plass.

Gakkgakk-matboks frå Der spiegelburg, englevingekrokar frå Ting:

Dynetrekk sydd av eit større eldre dynetrekk. Dynetrekket var nystroke, men ser ikkje slik ut lengre etter veslefeens formiddagslur.

Gammal koseleg speledåse frå tante Anne i Oslo:
Leikehandlekorger med lesestoff og leiker:
Andemor med kyllingar som bevegar seg når ein drar i snora. Hysterisk morosamt for ein 1-åring. Badedrakten frå Monsoon matchar støvlane. Me like ;)
Eg er i full gong med hekleteppe. Heklar det i finullgarn og alpakka, og håpar det vert både fint, nyttig og varmt til slutt. Kjenner at det er godt å sitte i ro og jobbe med handarbeid igjen. Alt for lenge sidan sist.
Ja, det var litt fargar herifrå. Eg har lyst til å kjøpe Barbapapaklistrepåveggenfigurar herifrå, men har ikkje bestemt meg enno. Ha ei superduper fin helg!!

torsdag, juni 19, 2008

Bestikketui i glade fargar


Ja, då har mottakar fått den hemmelege interiørvenngåva eg sende i sommarens gåverunde, og eg kan vise fram kva eg sydde til henne. Denne rundens tema var Franske sommerfølelser. Ettersom eg har sett frå bloggen til Borghildpia så er ho ikkje så veldig fransk-landstil-aktig, så eg satte heller saman ei fargerik gåve med tanke på (forhåpentlegvis mange) picnicturar i sommar. Sydde dette bestikketuiet de ser over her, men det kan jo også brukast til heklenåler eller fargeblyantar om ein vil ;) Resten av gåva kan de sjå hos Borghildpia. Kjempekjekt at du likte den!

onsdag, juni 18, 2008

Endeleg

Me har endeleg kjøpt oss ny seng. Etter å ha lege på madrasser på gulvet sidan februar, var det godt å komme opp i høgda igjen. Soverommet vårt er det einaste rommet i huset som ikkje treng pussast opp, og godt er det :)
Seng og oliventre frå Ikea og nattbord frå Ellos. På soverommet står også denne vesle kista. Den har eg fått av grandtanta til mamma. Oldefar min og sønnene hans brukte pakke mat i den og tok den med når dei reiste på fiske før i tida. Eg som alltid har elska gamle ting og gamle historiar var lukkeleg glad over å få den.

I huset vårt er det to like ytterdører med nokre meters mellomrom. Hovedinngang og kjøkkeninngang. Går ein inn kjøkkeninngangen kjem ein inn i denne herlege furuatmosfæren før ein går vidare inn i kjøkkenet eller ned i kjellaren. Nå vert det slutt på lakka furu frå 50-tallet. Panelen har allereie fått eit strøk kvitmaling, og det vert så lyst og fint atte.
Nå skal det heklast teppe her. Ha ein fin kveld!

tirsdag, juni 17, 2008

Tirsdagsprat

Det er rart kor bloggelysta svingar frå dag til dag. Bloggelysta heng ofte saman med fotografering hjå meg. Har eg ikkje fotografert nye bilete har eg liksom ingenting å blogga om. Nå tok eg ein kikk i fotoarkviet frå Juni, og kom på ein ting eg ikkje har bloggifisert som planlagt.

I garnkorga ligg påbegynte og planlagte prosjekt og ropar om merksemd. Det kvite i bakgrunnen er arangenseren eg har lova at sonen skal få til hausten. I framgrunnen garn frå 123Knit som eg skal bruke til å lage teppe av. Trur eg.


Vart nemleg så vanvittig inspirert av hexagonruteteppet Moonstitches hekla for ei tid sidan. Ho har til og med ein tutorial som syner korleis ein heklar kvar heaxgon saman etterkvart.


Så tenkjer ein ikkje på alle trådane som må festast... Trur eg skal bestille meg litt meir garn først før eg går i gong. Har nemleg lyst til å ha det fargerikt og friskt :) Så gjenstår det å sjå kor mange ruter eg orkar hekle før eg går lei, hehe.

Eg har vore så heldig å fått to awardar denne veka!! Tusen takk, satte veldig pris på begge to!

Først ut var Therese i bloggen Min verden med å gje meg Sweet home blogger awarden. Eg vart kjempeglad. Og nå vil eg gje awarden vidare nokon av dei eg tykkjer har det kjempekoseleg:
Emmeline som har det finaste huset på Landås
Bodil som har det kjempekoseleg og eit kjøkken eg gledar meg til å sjå "live"
Karna som er i ferd med å få den finaste hagen i Hordaland
Huset i hagen som har det finaste barnerommet eg har sett
Amor Vincit Omnia som har eit nydeleg kjøkken og knallfin blogg

Og frå Lises fekk eg denne kjekke awarden, og skal vidare utnevne 5 bloggar "that makes my day"



Forutan dei eg nominerte i forrige award vert det:
Annette som syr dei herlegaste skapningane og er kjempekreativ!
Katarina som gjer oss litt innblikk av livet i København
Hobbyhuset som tryllar med strikkepinnane.
Marie Friis som har hatt heile barnehagen på besøk i den fine hagen i dag
PrinsesseElin som er enno meir energisk enn meg


Jøss, så vart det eit blogginnlegg likevel dette då. Eg hadde jo liksom ingenting på hjerta, trudde eg. Nå får eg ei matbestilling frå Ektorpen, og må kokkelere litt på kjøkkenet ;)

Tudelu så lenge

søndag, juni 15, 2008

Supersøndag

I dag har eg jammen vore effektiv. Har fått gjort såå mykje, og enno er eg ikkje ferdig med alt eg vil og skal.

For det første er omsider alle båtbestillingane ferdige:

Har også sydd ei pute av striesekken eg var så heldig å få i forrige omgong av interiørgavealongen.
Vart den ikkje fin?

Og om eg på eit eller anna tidspunkt skulle bli lei av striesekken så kan eg alltids snu den, og ha baksida fram:

Snart-skuleguten vår er blitt så lang og "vaksen" at han krev sin plass i stova. Så nå har me kjøpt enno ein Ektorp slik at han og pappaen kan ligge på kvar sin sofa og sjå på TV, medan mora svinsar rundt og serverer kald drikke og snacks ;) PS! Fekk ikkje til å beskjære bort linselusa i nedre kant, hehe.



Ja, i tillegg til dette er heile huset nyvaska, klesskap rydda, lause skapdører skrudd på plass osv osv. Og enno er kvelden ung. Ha ein strålande søndagskveld alle som ein!

lørdag, juni 14, 2008

10 minutt kjole

Denne kjolen tok det i underkant av 10 minutt å lage. Fann ein blogg i går, og likte så godt desse kjolane. Putevarkjole. Fint namn også. Veit ikkje om eg sydde den på same måte som i tutorialen, for eg klipte hovudstykket i eit stykke. Bretta stoffet dobbelt og brukte saumen midt bak på bakstykket.
Nederst pynta eg med eit blondeband og ei kvit breid kroklisse for å skjule saumane.
Stoffet passar ikkje heilt i mønsteret bak, av den grunn at eg ikkje tenkte så langt i farten.
På mindre varme dagar (som i dag) kan kjolen brukast som topp over kvit body og kvite bukser

Ynskjer alle som er innom ein fin laurdag.

fredag, juni 13, 2008

God helg med hageinspirasjon

På samme måte som ved juletider, må eg berre kjøpe enormt med interiør- og hagemagasin på forsommaren. Blada bugnar av inspirasjon og herlege reportasjar. Denne gongen syns eg Interiørmagasinet Maison var det kjekkaste og med finaste reportasjar. Fordelen med Int Maison, Interiørmagasinet og Bonytt er at dei ALDRI viser reportasjar som har vorte publisert før, noko eg syns er særs irriterandes med BoligPluss og Rom 123... I kvar einaste utgåve av sistnevnte magasiner finn eg reportasjar eg har sett før (ofte i danske magasin). ARGH!



Her er eit lite utvalg av det eg likte best i dei nyinnkjøpte blada:

Legg merke til det utruleg koselege uthuset i nedre venstre hjørne. Eg er ganske så sikker på at eigaren av dette har blitt like inpirert som meg av dette bilete frå Bonytt 1997 eller 1998 (bilde frå mi hageutklippsbok):


I Interiørmagasinet Maison (i samme reportasje som det raude uthuset) finst også denne herlige utedusjen. Det hadde vore noko å hatt på heite soldagar.

Tusen takk for herlege kommentarar på forrige innlegg. Eg blir jo nesten flau, for eg er ingen superwoman. Årsaken til at eg får tid til så mykje er nok fordi eg knapt ser TV i tillegg til at eg søv alt for lite. Noko som ikkje er bra for helsa i følgje dagspressa. Men eg har så mykje meir eg skulle fått tid til og har liksom blitt van med ein fem-seks timar søvn i døgnet. Sove kan eg gjere når ungane er vaksne tenkjer eg, hehe.

Nå gjenstår det berre å ynskje alle saman ei god helg! Eg lovar alle som har båtbestilling inne at båtane skal sendast av gårde seinast i morgon. GOD HELG DÅ!!

torsdag, juni 12, 2008

Snart torsdag porsdag igjen

Tenkte at eg skulle vise litt bilete frå hagen i dag. Hagen er overhodet ikkje førsteprioritet, den må vente til huset er ferdig. Men ørlite av planane er gjennomført.

Dette vegghengte skapet bygde eg og svigerinna mi for 5 år sidan. Skapet har sidan den gong stått i mamma sin kjellar og berre venta på at eg skulle få meg eit hus. Og nå er det på plass. På veggen i MITT eige hus. JUHU! Skapet er snekra av terassebord, huntonittplate (til bakvegg) og hønsenetting i døra. Trur eg fekk idèen til dette skapet i eit Bonyttblad frå slutten av 90-talet. Inni skapet står mange fiiine terracottapotter eg fekk etter Merete si farmor (tusen takk!). Der står også gjødsel, sinkkanner, og hagetråd.


Plantekassar til grønnsaker og urter har eg også hatt på planen i mange år, og nå er også den planen realisert. Kassane er bygd av impregnert materiale, og skal beisast svarte når regnet forsvinn. I kassane er det planta tomater, sukkererter, løk, basilikum, sitronmelisse, grasløk og gresskar. Ei vakker dag skal eg også ha drivhus som skal stå ved sida av desse kassane.



Her er resultatet av dagens sying. Ein soppkjole til veslefeen. Bunnfargen er lys lys rosa, men det visest knapt på bilete. Kjolen er sydd utan mønster på måfå etter ein anna kjole ho har, og eg er kjempespent på om den passar (alle småfear søv søtt nå).

Ha ein fin torsdag!

tirsdag, juni 10, 2008

Tørka støv tå symaskina

Det er heilt sant, altså. Symaskina var full av sparkelstøv, og måtte pussast før syøkta i dag. Først sydde eg liftgardin til veslefeens rom. Den er sydd av det eine gamle lakenet eg kjøpte på QXL for litt sidan. Tykkjer det vart bra, men det er jaggu ikkje lett å ta bilete i motlys.
Vart det ikkje fint med lakenet som gardin? Kjem meir til sin rett her, enn på ei seng. Tykkjer eg iallefall.

Kanina Kjell ligg henslengt på bordet, og ser ganske så slakk ut. Kanskje det er det brå vèromslaget som har slege han ut?

Planen er å fortsetje med å sy litt klede til veslefeen. Har kjøpt inn litt forskjellige stoff, og nokre av dei ser du her:

Får håpe planen held. At symaskina får kjørt seg skikkeleg når den først er kome ut or skåpet.
Ha ei triveleg natt :)

Happy Birthday to you


Foto: Martha Stewart.com



Hipp hipp hurra.
I dag har Bodil-Bo bursdag. Gratulerer knallmasse med dagen. Me er sååå glade i deg, og håpar du får ein superduper dag.

Stor klem frå Linda, dei små feane og den store alven ;)

mandag, juni 09, 2008

Mandagstørke

Dagane fyk av stad, og blogging kjem litt i bakevja her. Eg merkar at effektiviteten dabbar litt av når ein ikkje er i jobb, alt kan liksom utsetjast pittelitt. Nå må eg imidlertid trappe opp, då det berre er to veker igjen til eg er i sving som geolog igjen. HJELP!

I dag har eg derfor vaska heile huset, vaska klede, lagt saman tørre klede (og på plass i skap og skuffer), bada ungane, rydda og ordna, vore på tur, på handel og gjort mykje som EG syns er kjekt.

Eg har også øvd meg på engelsk. Eg må nemleg snakke mykje engelsk på jobben, og eg har berre ikkje ordforråd lengre. HJELP. Og når engelsken er litt meir omfattande enn "my name is Linda", men som dette: Moreover, there are hardly any sandstones which are so free of clay laminae, mica and dispersed clay matrix that the availability of dissolved silica sets a limit to the rate of quartz cementation. On the contrary, the slowest and therefore rate-controlling step in the overall quartz cementation process is the precipitation step. Quartz precipitation rate per unit surface area is an exponential function of temperature, and this implies that the amount of quartz cement in a sandstone is determined by two factors - så seier det seg sjølv at eg må øve. Samstundes skal det nevnast at eg gledar meg til å bruke hjernen til anna enn bleieskift altså. Det er berre nå før eg er i sving det virkar skremmande og skummelt ;)


Denne skuffa/skuffo/skuffen på bilete over fann eg i kjellaren her. Planen er å ha alt slags dill og dall i den, men har ikkje kome lengre enn å vaske den rein.



Det er fleire som har lurt på om vesle snuppemor har fått seg barnehageplass, og det har ho!! Var så letta og glad at tårene rann då me fekk tilbod om plass i posten. HURRA! Det er ikkje berre berre å finne dagmamma i ein framand by, men nå slepp me det. Takk og lov.

Dette vart eit innlegg med mykje uinteressant info, men slik er det når eg gløymte ta med meg kameraet på langhelgetur.... Ha ei fin veke!!

Related Posts with Thumbnails