Bunad og non stop.
Like norske begge to.
Bunad har eg hatt på hjernen heile helga....Non Stop.
Frøken dings byrjar i 1. klasse til hausten.
Det vil seie at ho til neste år skal gå i 17.mai-tog med barneskulen.
Me snakkar 17. mai 2014.
Ho må sjølvsagt vere standsmessig kledd denne dagen.
Eg kjøpte derfor inn "kit" til å sy bunad på laurdagshandelen.
Jelsabunad skal det bli til slutt.
Herliga London, seier eg til meg sjølv. Korleis skal dette gå. Har vel ikkje brodert ein millimeter på 100vis av år, iallefall ikkje dei siste 25 åra.... Bunads-kit'et var ikkje akkurat gratis. Det var regelrett svindyrt, så her er det ikkje rom for slurv og sjuskeri. Eg tok mot til meg å byrja brodere på sjalet først, og nå er eg altså i gong. Nå gjenstår det berre å sjå om bunaden vert ferdig i tide....eller om den til slutt havnar på eit framtidig barnebarn.
Biletbevis følgjer:
Jammen santen kom det godt med at eg ein gong i tida kjøpte slike broderingsrammer på Fretex, så slepp eg ha vondt av at om eg evt syr for stramt eller for slakt slik at stoffet buktar seg.
Bunadsmottakaren sjølv ville også brodere. Ho fekk teikne på eit bomullsstoff festa til ei lita broderiramme, fram med rosa tråd og stor nål, så vart det brodering både på mor og dotter. Stor stas :)
Ynskj meg hell og lukke med tolmodighetsprosjektet eg har sett i gong!
Ha ei flott kommande veke.
Klem frå Linda