mandag, juni 27, 2011

Fantastisk, knallkjekt og overraskande


Eg er vel heime igjen etter ei helg eg sjeldan har hatt kjekkare. Det heile starta med prisutdeling i Ørsta, det fortsette med glitrande glanshelg i hovudstaden, før eg til slutt enda opp vel heime i Stavanger seint i går kveld. Eg har møtt fantastiske menneske og medbloggarar både den eine og den andre staden, knallkjekke alle saman.


I Ørsta møtte eg koselege og kjekke Moccamamma og Magfly, tusen takk for at de var med på å gjere jonsokafta super for meg.

I Oslo møtte eg naturlegvis så mange kjekke bloggejenter at eg ikkje klarar nevne alle. Eg har likevel lyst til å dra fram to bloggarar som vegra seg frå å sei bloggnamna sine til meg, for "du har aldri høyrt om bloggen min" og "du har iallefall ikkje høyrt om min". Kjære, skjønne jenter, de har knallkjekke bloggar begge to, og nå deler eg lenka med dåko der ute. Besøk Søster Anne her, og Pepperkakehuset her.


NIB-jentene hadde stelt i stand til ein glansdag som vart ein suksess de luxe, proff til fingerspissane og fantastisk kjekk. Snakk om rause, hjertevarme, kreative og flotte jenter. Eg lo og vart rørt så tårene trilla i tide og utide. Ein super glansdag vart avslutta med prisutdeling, og eg var så superheldig at eg fekk prisen Årets Trendbloggar 2011. Tusen takk til alle dåko som stemte på bloggen min, trass i at eg berre sporadisk har hatt tid til å legge sjela mi igjen i bloggen den siste tida.

Og premien? Denne fantastiske überkule Fiducia-vasen som eg har ønska meg sidan første gong eg såg den. ENDELEG er den i hus. Tusen takk igjen! Vasen var forresten sponsa av BO BEDRE.  Eg har fått supermasse anna kjekt denne langhelga, men må fordele alt saman utover fleire innlegg.

Nå er bilen pakka full av klær og dilldall, og me er straks klare for å starte sommarferien. Turen går aller først til Kristiansand. 

Ha ein god sommar alle saman.

Klem frå Linda

torsdag, juni 23, 2011

Hurra for nynorsken


I denne stund befinn eg meg i vakre og frodige Ørsta. Takka vere nynorsken er eg på plass for å ta del i opningshøgtida av Dei nynorske festspela som sparkast i gong i kveld. I kveld er det høgtideleg utdeling av Årets nynorskbrukarprisen 2011 som eg var så heldig å få. Ein stor pris for vesle meg. Eg skal halde ei kort tale i samband med utdelinga, og den må eg gå i gong å førebu nå.

Eg knipsa nokre bilete herifrå Ørsta då eg gjekk ein tur i stad. Lokalkjende vil kanskje smile og kjenne att kva del av byen eg er i. Eg storkosar meg. Her er det flott geologi, koselege hus, kjekke butikkar og verdas beste rømmegraut på kafèen. 






Her sit han. 
Den forsteina utgåva av nynorsken sin far.
  Tusen takk, Ivar.
Takk for nynorsken!

I morgon går ferda til Oslo og glansdagen og mykje anna moro. Kven veit, kanskje rekk eg oppdatere derifrå også?

Ha ei flott jonsokfeiring :)

tirsdag, juni 21, 2011

Oransje drypp

Sukkertøy for øyet har ei herleg utfordring på gong. Ho utfordar oss til å inspirere henne ved å vise fram oransje innslag i heimane våre. Eg er svært glad i nokre få, men spenstige oransje detaljar. For det meste går det oransje igjen i tekstilar og gamle tapetrestar her i huset, men til og med i kjøleskapet fann eg nydelege oransje produkt. Sjå berre her :)






 Mamma sitt überkule silkeskjerf frå dei glade 70-åra. Rosa og oransje saman er ein super kombinasjon, og saman med litt svart og kvitt vert det perfekt. Solbrillene er frå H & M og veska frå Lindex.

Har du mykje oransje heime hjå deg? Og ser du for deg å bruke meir av fargen i framtida? Eg sjølv er på jakt etter gamle oransje Ball-lampar og ein oransje Cathrineholm-kaffikjele. For ikkje å snakke om ein knallfin oransje kombisykkel med turkisblå blomsterklistermerke på. Ein slik som nabojenta på Halsnøy hadde... Ha ein finfin onsdag i morgon. Klem herifrå :)

mandag, juni 20, 2011

Verdas beste


Verdas beste vesle Simon vår vart 2 år på laurdag. Tenk, allereie to år. Var det ikkje i forgårs han låg her i Leandervogga si? Med Simon i familien vart lukka fullkomen, det er iallefall sikkert og visst. Dagen vart feira på beste måte. Me vakna opp til strålande sol på laurdag. Festen eg hadde førebudd innadørs, utvikla seg derfor etterkvart til eit hageparty. Eit poolparty rett og slett. Her er ei ladning bilete frå dagen:

 Opning av gåver før frukost.
 Makkejakt med daddo si.

 
 Eit festbord utan gjester innandørs. Jubilanten hadde så det så moro på gebursdagen at han slokna momentant på puta då kvelden kom. Herligt.


Håpar alle har hatt ein fin vekestart denne mandagen. Denne veka vert supertravel her i gården. Men kjekt travelt, altså. Tre arbeidsdagar, pakking og balering. Torsdag er det Dei nynorske festspela som står for tur (meir om dette seinare) og fredag er det Oslo og Glansdagshelga som står for tur (meir om dette også seinare).
Gøy gøy gøy!

fredag, juni 17, 2011

Partytime

 I morgon brakar det laus igjen. Verdas beste vesle Simon vår vert 2 år. Mammo er treig i avtrekkaren på grunn av vanvittig stress i det siste. Medan pappaen les på sengekanten for dei små, har eg hatt meg ein inspirasjonsrunde på Flickr. Makan til flotte kaker. Kaka eg skal lage til i morgon kjem overhodet ikkje til å vere i denne kategorien. Det vert ei vanleg browniekake frå Møllerens, men det er uansett kjekt å bli inspirert :) Deler litt inspirasjon med dåko også. Ha ein finfin fredagskveld, klem frå Linda


torsdag, juni 16, 2011

Torsdagslukka er...



..at ei marihøne hadde forvilla seg inn i huset vårt. Ho spaserte blid og nøgd rundt. Lenge nok til at alle rakk ynskje seg tre ting. Lenge nok til at me rakk studere henne og dei to fine prikkane hennar. Lenge nok til at eg rakk knipse nokre bilete av henne. Så hjalp me henne ut igjen. Til der ho høyrer heime :)

tirsdag, juni 14, 2011

Sengekameratar


Med to skjønne sengekameratar ventande i sprinkelsenga er det ingen sak å få minste-morten-spelemann i seng for tida. "Apetattene lalla sei" skrattar han, og er så nøgd, så nøgd. Sengekameratane er verdas skjønnaaste små Monchichibamsar - velbrukte til tusen, men fulle av sjarme og glimt i auga.


Tusen takk for kjemperespons på forrige innlegg. Det er alltid med hjarta litt oppi halsen eg publiserer såpassa personlege innlegg, men når responsen er god, så fell hjarta på plass igjen. Tusen takk igjen. På dagar der livet buttar i mot skal eg gå inn og lese kommentarane frå dåko snillingar og få tilbake smilet i fjeset :)

Ha ein fin kveld og ein fin onsdag i morgon, tudeluuuu

mandag, juni 13, 2011

Kamuflering av flekker

Eg har ein tunika frå Indiska som eg likar ganske godt. I det siste har eg ikkje kunna bruke den, fordi eg hadde grisa armen til med svart tusj som ikkje gjekk vekk i vask. I tillegg var det eit pittelite hol på magen. Slik kan ein ikkje gå veit de, så her måtte eg til med heklenål og stoppenål.


Alt eg hadde av bomullsgarn vart stappa oppi ei skål. Typisk meg å oppbevare små handarbeidsprosjekt i skåler. Klart til servering liksom ;)


I tillegg til flekkene hadde også perlene på snorene falle av. Det vart fiksa ved hjelp av perler frå Almas perlebehaldning.


Heklenålsamlinga er fornya med gamle nåler frå bruktbutikken sidan sist. Stilige nåler med ulik farge etter storleiken.  

På måfå hekla eg nokre små lappar som eg så brukte til å dekke over flekkene og holet. So far so good.
Så var det imidlertid over til det vanskelege prosjektet. Å få tatt bilete av ferdig flekk-kamuflert-tunika. Ikkje lettare sagt enn gjort å ta bilete av seg sjølv, skulle det vise seg.

 Ok, her er eg å skimte i bildefeltet, men det var då svært vanskeleg å sjå heklalappane her. Prøver igjen....


Fullstendig skivebom.

Dette vert betre og betre, men det var då voldsomt så rotete det var i vinduskarmen. Ok, ryddings. Hvis eg berre snur kameraet pittelitt meir mot høgre så....


Hey hey hey. Eg prøver å få tatt nokre bilder her, ungar. 

Ok, eg zoomar berre inn så skal du sjå den sit. Jepps, der har me 'an. Her er altså tunikaen med alle heklalappane i all si prakt.  Gratis, enkel og personleg fornying. Ingen har lengre maken, det er iallefall sikkert.


Fotografering saman med ungane framfor spegelen skal eg jammen gjere ein dag. Tusen takk for idèen ungar :) Må berre vaske spegelen først. 
Ha ei flott kommande veke.

PS! Dersom du ventar på nysydde prosjekt her på bloggen dei førstkommande dagane, er eg redd du ventar forgjeves. Eg kom aldri lengre enn å dra symaskina ut av skapet og rote til kjøkkenet. Og i kveld skal eg på jobb, trur eg. 

PPS! Det var då voldsomt til bilete av seg sjølv ho hadde i dag, tenker du kanskje. Men nå skal eg snart både til Ivar Aasen tunet i Ørsta og til Glansdagen i Oslo i regi av bloggen, så nå er det ikkje fare for at ingen kjenner meg igjen i det minste *skrattar høgt*.

søndag, juni 12, 2011

Pinsedag


Det går framleis hovudsakleg i grått og svart i stova, samt eit sprekter av små  fargedrypp i eit lett samansurium. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å ta på dei kvite sofatrekka nå som sommaren er tilbake, men det er så herleg enkelt med grått. På dei grå trekka held det lenge å gå over flekker med ein fuktig klut. Derimot: å tørke over med ein fuktig klut på sjokoladesøl på kvitt trekk, er å gjere vondt verre.


Ein flott pinsedag er straks overstått, og eg syns det er fantastisk herleg å tenke på at me også har morgondagen fri. Då SKAL symaskina fram. Huset er blåst nå i kveld, berre for at eg skal ha frigjort tid til saum i morgon. Gledar meg :) I tillegg SKAL badedrakten verte våt. Kvir meg ;)
 
Nå: hekling i sofakroken. 
God klem herifrå :)

lørdag, juni 11, 2011

Laurdag



                                    Ein ryddig krok på kjøkkenet.
                                    Ein vase med blomstrar frå hagen. 
                                    Ein veslebror som søv formiddagslur.
                                    Ei veslesøster som leikar med Playmobil i hagen.
                                    Ein storebror som syklar med ein kompis.
                                    Ein pappa som lagar kaffi. 
                                    Ei mamma som har vaska alle vindauge. 
                                    Ein typisk laurdag = ein god laurdag
                                    Ein fin laurdag til deg også :) 
                                        ♥


Related Posts with Thumbnails