tirsdag, mars 30, 2010

Sopp til middag


Her ser de dagens verk. Sånn cirka 40 soppar har fått tapetdekor og så snart dei har tørka skal dei sendast ut i verda ;) Litt deprimerandes at eg klarte å øydelegge den eine soppen i sluttfasen. Papiret vert alltid litt blørete og ujevn før det tørkar. Eg var for ivrig etter å gni bort blørene på den eine, og papiret rivna...På bildene ser de at papiret er litt ujevnt på soppane som ligg til tørk. Nå er papiret heilt slett og fint igjen, nå som dei er tørre.

Er du ein av dei som har bestilt soppar, så kan du forvente deg ein e-post frå meg i umiddelbar framtid :)


For eit par veker sidan fekk eg ei bytte-stoff-førespørsel på e-post.  Eg fekk denne halvparten av eit ultrafint dynetrekk, og i gjengjeld sendte eg tilsvarande mengder av ei knippe frå mi samling.

 

Den snille byttedama sendte i tillegg med bonusstoff som ho kalla det, og sjekk herlighetane her:


Trur de ikkje samme dame sendte meg ein stoffpakke i påskegåve i tillegg (har ikkje hatt tid til å knipse bilder av det enno)?  Det er så kjekt at det finst så mange snille jenter der ute.

Eg har planlagt å ta bilder av stoff eg har til bytte, så kanskje fleire har lyst å bytte litt med meg? Eg har veldig masse i oransje og gult, men kunne veldig gjerne tenke meg å auke samlinga av blått og grønt og brunt og lilla ;)

Nå må eg vie dei søte små litt oppmerksomhet. Det er grenser for kor lenge eg klarar aktivisere dei med chips og brus ;)

Ha ein flott kveld, klem frå Linda

PS! Det med chips og brus var tull altså (betre å skrive det her enn å få fullt av e-postar over dårleg barneoppdragelse ;)).

mandag, mars 29, 2010

Påskelukke er...


...å tilbringe ein ettermiddag på stranda.

...å spidde pølser til middag.
























....å sjøsetje ein liten båt produsert av strandsøppel.



...å fylgje båten ut til havet.



...å ta seg ein middagslur attåt lyden av bølgjeskulp og skrålandes måker.



...å ha ei hand å halde i når bølgjene verkar skumle.

Dette var litt frå vår søndag.
Tusen takk for alle ros over dei fire elefantane. Fleire elefantar er på veg. Kanskje dukkar dei opp her i bloggen i morgon eller i overimorgon.

God natt :)

søndag, mars 28, 2010

Møt Ebbe, Elmer, Ellinor og Else


Eg har i fleire veker eller rett og slett månadar og år hatt desse elefantane på planen. Det er utruleg godt å få ting bort frå planleggingsstadiet og ut i verda. Litt samme kjensla som ein har når ein går heim etter ein vellukka og god arbeidsdag der ein har fått unna det meste på to-do-lista si. Sidan eg har vore i permisjon sidan slutten av mai, så er det leeeenge sidan eg har kjendt den kjensla. Då er det så herleg at eg får tilfredsstilt litt av nå-var-eg-effektiv-og-flink-kjensle-behovet mitt på heimebane, he he. 

På det første bilete ser de Ebbe, han har blomstrar i augene, medan Else har blomstrar på baken.


Blomstrete stuss har også Ellinor....


...men hennar er oransje.



Elmer er litt sjenert og det ser nesten ut som om han prøver gøyme seg oppi Eames'en ;)

Fasongen på elefantane er lik fasongen på elefanten Samson fekk frå Australia for fem år sidan :) Men desse  er sydd i retro tekstilar og i litt enklare utforming.

Dagen i dag har vore heilt super, og kanskje du får sjå bilder i bloggen i morgon :)

Ha ein fin kveld, og ei god natt
Klem frå Linda

PS! Elefantane har marsjert inn i Epla-butikken

fredag, mars 26, 2010

Fredagsnytt og Gravid


Aj aj aj, så herleg. Fredag, sola skin og det er nesten t-skjortevèr ute. Akkurat det med t-skjortevèr var overdrevent, men i sola er det rett og slett lunt nå. Trur rett og slett at hagemøblane skal komme ut i løpet av helga. Eg har rydda og vaska heile huset i dag, åpna alle vindauge og lufta godt ut. Inn med våren. Sååå godt.


Då passa det heilt perfekt at Herr Fe hadde med seg tre pakkar til meg frå postkassa akkurat i det eg var ferdig med huset. Denne posen har skjønne herlege Kaspara sydd, og eg fall pladask. Den skal ikkje henge akkurat her, men under fotoseansen fekk han selskap med kjøkkenkrokugla eg kjøpte på Monsoon for nokre år sidan.

Posen er sydd i dei nydelegaste fargetonar og er favoritten i heimen nett nå. Ta deg ein tur innom Kaspara og nettbutikken hennar, så ser du alt det fine ho skapar.


Det er kanskje nokon som stussar over overskrifta. Det er ingen grunn til å setje teen i halsen. Eg er overhodet ikkje gravid ;) Derimot så er eg i bladet Gravid.

 Dette bladet kjøper eg av forståelege årsaker stort sett aldri. Men i denne utgåva er det ei spalte med tips frå meg i bladet, og eg fekk bladet tilsendt frå journalisten i dag. Så nå skal eg nyte teen min i favorittkoppen kjøpt hjå Tamo, og kikke i bladet og mimre tilbake til hine hårde dagar då eg var gravid og ikkje minst då dei tre små feane skulle pressast ut :)


At eg vert omtalt som Lina i artikkelen går heilt bra. At journalisten har endra kor ein får tak i plastteppe til gulvet frå Nettpynt.no til Pappelina.com er ikkje like greit. Men pytt pytt.

Ha ei fortreffeleg god helg, og god påske til dåko som tar ferie frå nettet nå :)

Klem frå Linda

torsdag, mars 25, 2010

Overvelda og Kreative superkvinder


Tusen hjarteleg takk for alle soppbestillingane Eg er aldeles overvelda. Kjempekjekt at så mange likar det eg og Herr Fe lagar.

I dag har eg og fleire frå familien min vore på ei nydeleg minnesmarkering i forbindelse med at det på laurdag er 30 år sidan Alexander Kielland ulukka der pappa omkom. Ei utruleg fin markering. Så fin at eg i kveld er heilt varm om hjarta. På bileta ser det ein skjønn liten hjarteforma metallboks med sterinlys inni som eg fekk av pappa som liten. Eg har spinka og spart på stearinen i alle år, og tenner det berre ei lita stund kvar 27. mars. For å minnast.


Eg kjenner meg overhodet ikkje som noko superkvinne, men kreativ det kjenner eg at eg er. At mitt mangemangeårige favorittmagasin BoligLIV kallar meg og andre for ei kreativ superkvinne gjer meg lukkeleg glad. Tenk at dei har oppdaga vesle meg *glad*. Eg surfa innom ein av mine favorittar DillDallNina nettopp, og det var ho som fortalte at me begge og fleire andre var nevnt. Så kjekt, så kjekt :)

Med fred og ro i sjela ynskjer eg dåko alle ein flott kveld :)

onsdag, mars 24, 2010

Onsdagen er i full gang.


Tusen millionar takk for alle dei flotte og kjekke kommentarane på forrige innlegg. Det er så kjekt med positive tilbakemeldingar på ting ein er nøgd med sjølv. Nett i dag har eg få nye bilete å komme med. Me held på å tømme kjellaren for rusk og rask, og det er generelt ubloggifiserbare tilstandar i heimen.


Eg har imidlertid fått fotografert papirutvalet, og klargjort Den Gode Feens butikk for soppbestillingar. Eg kan garantere at desse soppane er fullstendig harmlause i forhold til anna sopp som innimellom kan etablere seg i hus og hytter ;) Har du lyst å bestille deg ein sopp eller to eller tre så sender du meg ein e-post på linda.saebo@lyse.net.

Avslutningsvis på denne onsdagen der opprydning står i fokus, vil eg tipse om at Prinsesse Elin nå kjører støvsugarkonkurranse. Så om du ikkje er Mathilde frå Oslo, så har du nå altså ein ny sjanse til å vinne deg ein god støvsugar :)

Ha ein flott onsdag :)

tirsdag, mars 23, 2010

Ein kikk inn på barnerommet


Det kjem sikkert ikkje som noko bombe at eit gjennomgangstema på barnerommet til dei to minste vert soppar.

Inspirert av nokre soppar i tapet i siste BoligLIV (eller var det nestsiste), fekk eg Herr Fe til å svinge saga og skjære ut nokre soppar i tre for meg. Tresoppane vart så pussa, malte og tapetserte av underteikna i løpet av gårsdagen, og ved hjelp av dobbeltsidig tape klistra til veggen i dag. Vart det ikkje dekorativt? Eg er kjempefornøyd. Sopplampen har flytta opp på barnerommet som de kan sjå :)

Dei lilla korgene kjøpte eg på Søstrene Grene hin dagen. Dei kosta i underkant av 40 kroner per stykk og husar nå kveldslitteraturen til minstemor, samt Vesle Anna og litt anna dilldall (blant anna ein av adventsposane for den observante).


Fuglehuset i glaskarmen er også frå Søstrene Grene. Litt meir dilling, litt maling og ganske mykje meir sying gjenstår før de får sjå resten av barnerommet. Dersom du har lyst til å bestille deg veggsoppar du også, så skal eg oppdatere Den Gode Feens Butikk (ikkje Epla denne gongen) med bilder, prisar og papirdekorval etterkvart.


Her er det elle melle om eg skal slenge meg nedpå aldri så lite, eller om eg klarer dagen med berre 3-4 timars søvn i natt... Simon søv kjempegodt enkelte netter, medan andre netter er det berre styr. Jaja, ting går seg til :)

Ha ein strålandes flott tirsdag!

søndag, mars 21, 2010

And the winner is...

 
 Så er trekninga overstått. Det var overveldande mange som ønska vinne støvsugaren. Heile 717 kommentarar. Det er iallefall pers på denne skarve bloggen her. Tusen takk for alle dei fine orda de la igjen samstundes med deltakinga. Eg set pris på kvar og ein, sjølv om eg ikkje har sjanse å gjengjelde kommentarane hjå dåko som har blogg ein gong.

Kveldens trekning føregjekk på ein enklare måte enn førre gong (med printing, klipping og liming). Herr Fe og Samson skreiv ned mange tall mellom 0 og 717 på lappar. Samson trakk to lappar (ein frå kvar av dei), og så plussa han saman kva nummeret på vinnarkommentaren vart. 207 pluss 493 er lik 700.
 
 
 
 
  Kommentar nummer 700 er Mathilde frå Oslo som skreiv fylgjande.
 
Anonymous said...
 Hei. Jeg deltar gjerne i konkurransen om den fine støvsugeren. Hilsen Mathilde, Oslo
Gratulerer kjempemasse, du kan glede deg til å få ein kjempegod støvsugar i hus så snart eg har adressa di. Send meg adressa på e-posten min: linda.saebo@lyse.net
Og til alle dåko andre som desverre ikkje vann denne gong, kan eg glede med å fortelje at fleire andre bloggarar skulle få samme tilbod som meg. Eg veit for eksempel at ei bloggerske med royal bloggtittel fyrer laus konkurranse i neste veke ;)
Ha ein god kveld. Her skal siste film av helten min Pedro Almodovar nytast. 
Klem frå Linda

30 minutt igjen. Tikk takk...

Eg gjer etternølarane 30 minutt før eg stenger støvsugarkonkurransen for kommentarar og trekker ein heldig vinnar. Bli med - bli med :)

Og så må eg berre få legge til at eg sjølvsagt forstår veldig godt at det fort vart rot og lett å legge igjen fleire kommentarar når mange var inne samstundes. Ingen problem, eg berre fiksa opp i det med eit par tastetrykk.


Ok, nå lager eg meg ein kopp te og fikser litt utstyr til trekninga, så kan de følge med frå cirka 2030 ;)

Tvi tvi!

Sprelske høns



Eg er ikkje god på påskepynt. Altså å pynte til påske. Eg syns liksom dei der gule kyllingane eg hugsar frå barndommen berre er noko lite pjatt. Og eg likar ikkje påskeliljer innandørs (sikkert fordi eg som allergikar ikkje klarar lukta av dei). Som oftast drar me bort på påskeferie, og då er det heller liten vits å pynte med anna enn unganes påskepynt laga på skule og barnehage. Om eg syns at små påskekyllingar er pjatt, så eeeeelskar eg påskepynt laga av ungane mine. Berre for å ha det sagt altså :)

I år skal me vere heime i påsken, og eg har byrja tenke på at me må jo ha litt å pynte med. Sprelske høns i retro stoff vart resultatet av formiddagssyslene til jentene i huset i dag. Eg tok meg tid til å ta bilder også, så oppskriftsbloggen blir oppdatert med høneoppskrift straks
Kjekt at så mange vil vere med å vinne støvsugar. Akkurat her og nå skulle eg ønske at eg kunne dele ut ein støvsugar til kvar og ein av dåko, men det kan eg jo ikkje. Eg har sletta alle som har posta meir enn ein kommentar (de får sjølvsagt behalde den første kommentaren de skreiv) - dette for at trekninga skal bli mest rettferdig. Så dersom du sit og trur at du har kommentar nr 579, så har du ikkje det nummeret i kommentarlista lengre sidan eg har sletta sånn cirka 20 kommentarar hist og her.


Trekning føregår etter at ungane er i seng i kveld. Kom innom bloggen sånn cirka i 21-tida, så får de vite kven som har vunne.

Ha ein fin dag så lenge, klem

PS! Alma er iført ein fantastisk herleg kjole frå Dundelina i dag. Dundelina er forøvrig ute med ein knallfin kolleksjon nå, og eg har lyst til å snope masse fint til Alma...

fredag, mars 19, 2010

Vil du ha ein støvsugar?

Ein til meg og ein til deg?
Eg fekk ei førespørsel på e-post frå ei veke sidan cirka. Om eg var intressert i å teste ut den splitter nye modellen av Electrolux Ultra Silencer. Og om eg samstundes var intressert i å arrangere ein konkurranse på bloggen, der ein av lesarane mine har mulighet til å vinne seg ein støvsugar. Kven seier nei takk til ein støvsugar til cirka 3000 kr? Ikkje eg iallefall. Ikkje du heller?


Reklamen seier at støvsugaren er den stillaste på marknaden. Så stille at du faktisk kan høyre på musikk samstundes som du støvsuger. Eg har støvsugd heile huset  med nykomlingen i dag. Ein skikkeleg god støvsugar er min dom. Eg har vore borti mange støvsugarar i mi karriere, og denne er absolutt ein av dei beste eg har brukt. Veldig god arbeidsstilling, godt munnstykke og genialt at ein kan regulere styrken på støvsugaren med kontrollknappar på handtaket.

På lågaste styrke (1-5) er den faktisk utruleg stillgåande. Eg brukte lågaste styrke då eg støvsugde innimellom alle Lego-figurane på gutterommet og der fungerte det perfekt. På høg styrke er den framleis ein relativt stille støvsugar samanlikna med andre, men den er jo ikkje akkurat musestille for å sei det slik.


At støvsugaren er fin å sjå på, er jo ikkje akkurat negativt heller.

Det einaste som eg ikkje var heilt strålandes fornøyd med, var at når eg støvsugde inni kronglete stader, så kom eg borti Av/På knappen på handtaket og skrudde støvsugaren av utan at det var planlagt. Det er jo ein bagatell, men eg syns jo nesten at eg bør setje fingeren på noko.


Småfeane forelska seg fullstendig i nykomlingen. Berre kom deg opp og gå nå Simon, så skal du få støvsuge så mykje du vil ;)



Har du lyst til å delta i trekninga om ein superduper støvsugar, så legg igjen ein kommentar i dette innlegget (det hjelper ikkje å sende e-post desverre). Både anonyme og dei med blogg kan delta. Eg trekker ein vinnar på søndag etter at roen har senka seg for kvelden (ca kl 20). For ordens skuld: berre ein kommentar per lesar ;)

Lukka til då ;)

I går gjorde eg det


Ja, i går gjorde eg det. Det eg har hatt lyst til å lang tid. På ein vanleg torsdag ettermiddag. 

Eg stakk innom Møbelgalleriet og kjøpte med ein RAR Eames Plastic Armchair. Designa av Charles Eames i 1950, og reprodusert av Vitra. Sparepengane fauk ut or kontoen med eit par tastetrykk på betalingsterminalen i butikken, og gyngestolen vart med meg ut i bagasjerommet på Peugeoten. Så strake vegen heim, og rett inn på kjøkkenet.  Rett på plass i kroken der den var tiltenkt.
Den passa inn som hand i hanske. Eg kjøpte den i fargen krem, og syns stolen er nydeleg vakker. At den er god å sitje i er ein ekstra bonus ;)

Alma skuler litt mistenksom på nykomlingen. Hennar favoritt er nemleg barnegyngestolen frå Ikea. Heilt greit for mammo, for då kan me sitje og gynge i kvar vår stol :)


I går fekk eg ein pakke frå snillaste Kjartan i Sandefjord. Han hadde vore heime hos mammo si og funne fram litt snacks til meg. Tusen takk, kjære deg. Sjå lekkerbiskane her:

Her har virusa stått i kø den siste månaden, og i dag er Alma heime på tredje dagen. Ho er heldigvis frisk igjen, men det er greit å utsetje barnehagereturen til mandagen (sjølv om ho spør annakvart minutt om ho kan få gå i barnehagen). Me skal derfor kose oss med innesysler nå, og male- og teiknesaker står klart.

Ynskjer alle som ein ei fantastisk kjekk og god helg. Klem frå Linda på gyngande grunn

PS! Det vert støvsugartrekninginnlegg i kveld :)

onsdag, mars 17, 2010

Papir-onsdag


Eg har som dei fleste andre falle pladask for Rie Elise Larsen sine papirklipp og design. Då eg  var innom Smak på Sandnes på mandag, kjøpte eg nokre etterlengta rullar med papiret hennar. Eg har mange planar for papiret, og først ut nokre tapetserte fyrstikkesker. Eg har pleid å bruke lim til å tapetsere fyrstikkesker før, men nå brukar eg restane av ein liten boks ferdigblanda tapetklister. Så enkelt og så greit.


Litt av papirsamlinga mi har fått plass oppi ei av metalltrådkorgene eg kjøpte til 70% rabatt hjå Hilmers Hus.  Oppi korga er det papir frå Rice, Blafre, Rie og Clas Ohlson, samt tapetrestar frå Laura Ashley, Sandberg og eit par gamle tapetrullar. Rie Elise Larsen si heimeside er vel verdt eit besøk, og sida finn du her.

Tusen takk for overveldande kjekk respons på gårsdagens hytteinnlegg. Det var ein del spørsmål der, og nokre har kome tidlegare. Nå skal eg prøve å svare på dei eg hugsar:
- sopplampen lyser i lilla når den er tent, men den avgjer ikkje lilla lys i rommet (så vidt eg har observert iallefall).

- det gamle slagbordet de har sett attmed sofaen vår er malt i ein lysegrønn farge eg ikkje aner koden på.  Det er så mange år sidan det vart mala, at alzheimersen slår inn og malingsboksen er kasta. Eg hadde ein gong ein maling som heiter Isvann, men hugsar ikkje om eg brukte den på bordet. Men de kan jo sjekke om isvann liknar på bordet - for då er det i så fall den eg brukte.

-elefanten fekk eldstemann i ein baby-swap me deltok i, men eg har planar om å sy liknande for salg.

- gulfargen på stolen og spegelen over sofaen vår heiter Signalgul frå Butinox. Eg trur at fargen egentleg har gått ut av fargekarta, men på malingsbutikken kunne dei finne fargekoden på dataen og blande den til meg. Eg har fortid som sommarjobbansatt i malingsforretning, og hugsar derfor at knallgul maling heiter signalgul ;)

Er det fleire spørsmål eg har gløymt svare på så må de berre spørre igjen.

Ynskjer alle som er innom ein strålande kjekk onsdag.

tirsdag, mars 16, 2010

Fargeglad leikehytte under trappa


I dag kan me invitere til ein kikk inn i den glade fargeklatten under trappa. Eg verkar sikkert som ei gniarlus når eg til stadighet jublar over salg, billige kupp og loppefunn. Men eg er egentleg ikkje gniten, eg er berre opptatt av å formidle at ein kan gjere det koseleg utan at det kostar skjorta. Og dette prosjektet her har omtrent vore gratis.







Dei to eldste ungane svinga malekosten og skamkoste seg. Billeg arbeidskraft ;) Neida, men ungane elskar å hjelpe til. Og så sant det er praktisk mogeleg og trygt, får dei sleppe til å vere med på det som føregår. Praktisk å male i bar overkropp, for så å bli direkte plasserte i badekaret etterpå :)  

Postkasse på døra og skilt som ynskjer velkommen på utsida. Dette bildet minnar meg på at eg egentleg hadde tenkt å skru fast nytt handtak til døra, men det får bli ein anna dag.






















På ein liten formiddagastur til Sandnes i går, kjøpte eg denne knallfine sopplampen. Den passa jo perfekt inn i hytta. Vimpelrekkja hadde eg planar om å sy sjølv, men innimellom er det greit å kunne kjøpe ting ferdige også. Vimpelrekkja er frå Maileg.  Den blå boksen med prikkar er eit gammalt loppefunn (kanskje mitt beste loppefunn ever).


Skyene i tre kjøpte bestekompisen min til Samson på ei USA-reise. Skyene er klistra på plass ved hjelp av dobbeltsidig tape.

Madrassa som tilhøyrte Alma si sprinkelseng er trekt med gamle dynetrekk. Tre puter er pressa inn mellom gulvet og nederste hylle slik at ingen skal dunke seg i hyllekanten. Korgene er gamle og elefanten fekk Samson i ein Baby-Swap me deltok i ein gong (nokon som hugsar den?).

Så gjenstår det å sjå kor lenge hytta er såpassa fri for leiker og ryddig ;)
 
Avslutningsvis lurer eg på om de er de klare for ein ny konkurranse snart. Eller rettare sagt ei ny trekning? Eg har fått tilbud om å gje bort ein støvsugar frå Elektrolux til ein av lesarane mine, så følg med følg med. Ein av dei første dagane kjem innlegget med meir informasjon ;)

Ha ein flott tirsdag! God klem frå LindaPindaPøne
Related Posts with Thumbnails