mandag, juni 25, 2012

KÅNKEN mini


Ei lita jente.
Ein liten gut.
To bursdagsgåver.
Grøn til han.
Lilla til henne.
To Kånken-mini sekkar.
To vitaminbjørnar.
Jordbær til henne.
Blåbær til han.
Den finaste eplematboksen.
God niste.
Klar for ein fin dag i barnehagen.

Håpar morgondagen vert like fin som denne dagen har vore!
Smask :)

søndag, juni 24, 2012

Frisyretips


Dette er sånn cirka den aller enklaste metoden for å lage ein superskjønn oppsatt frisyre. Hårband med stretch kan du lage sjølv, eller kjøpe på butikken. Den gule vår er frå H & M og den gullfarga frå Pomp De Luxe.
Bileta talar for seg sjølv.
Prinsippet er enkelt. Byrje i eine enden og jobb deg mot den hin enden medan du surrar håret opp og stappar det bak strikken. Det tar sånn cirka to minutt frå start til slutt.

Frøken dingsedangs er ikkje superbegeistra for å få ny frisyre sånn utan vidare, men er supernøgd med Youtube-stund med mamma som premie. Mammo viser fram fordums heltar, og i bunn og grunn kosar me oss like mykje begge to.

Vil du også mimre litt, så finn du verdas aller finaste song her:

Time after time

For ikkje å snakke om denne:
True colors

Og for å sprite opp stemningen sånn avslutningsvis kan me jo ikkje unngå:
Girls just want to have fun.

Ok, ha ei hårfin veke - med eller utan oppsatt hår :)
Tudelu

T R E



Kjære vesle Simon vår vart 3 år forrige veke. Det måtte sjølvsagt feirast med brask og bram, og de får sjå små glimt frå feiringa her :)

I samband med at Alma vart 5 år, fekk eg tilsendt ei eske med Moshimonsterutstyr til ungane frå Axholm & Co i Danmark. Eg er ikkje sånn superbegeistra for at ungane får gåver i tide og utide, derfor passa det jo veldig godt at Simon har bursdag 18 dagar etter storesøster. Moshimonsterfeberen har råda i heimen etterpå. Dukkene, som heiter Poppet, Diavlo og Zommer, kan snakke om du knepper på dei, og dette skrattar ungane av her i huset. 


Det har vore supertravle dagar i det siste, så de har ikkje akkurat blitt bortskjemde med oppdateringar her på bloggen. Eg håpar imidlertid å klare oppdatere litt tettare framover.

Håpar du har hatt ei fin St. Hansfeiring i dag!!

Tudelu :)

søndag, juni 17, 2012

ARV


Til stadighet tar eg meg i å smile når eg ser at hobbyar og interesser eg alltid har hatt går i arv hjå ungane.
Interessa for småkryp, naturen generelt, fuglar, steinar og blomstrar har hatt innabords sidan Dag 1. Nå trur eg at den er innabords hjå alle tre etterkomlingane. Sååå godt å sjå :)

Til 5-årsdagen fekk Alma, blant mange andre fantastiske gåver, eit herleg sett med håv, blomsterpresse og insektsboks m/forstørrelsesglas i lokket. PERFEKT til ei lita blomsterjente og forskarspire med andre ord ;) Sjå berre her:


Nå gjeld det berre å ha tolmod og vente til blomstrane er ferdig tørka og pressa :)

Ha ein flotters søndag.

torsdag, juni 14, 2012

Hyllis

Hyllis, Hyllis, Hyllis.
Den nye trendy bokhylla.
Du har nok sett den i mange andre bloggheimar.
Sjølvsagt har me den også.
Heile tre stykk Hyllis har tatt plass i huset vårt.
Ei tøffare bokhylle til berre 79 kroner skal du leite lenge etter.
Ei av Hyllisane gjorde gjestevisitt på kjøkkenet.
Måtte nett berre sjekke om den passa inn der.
Den passa for så vidt inn, men har nå flytta opp på gutterommet.
Saman med dei andre Hyllisane.

Herligheten finn du sjølvsagt på IKEA, men det visste du sikkert :)



Ha ein FLOTT fredag. Gubbevaremegvel, allereie helg igjen! Kor vart denne veka av liksom?

tirsdag, juni 12, 2012

F E S T

Eg har premiere som gjestebloggar inne på Interiør og boligmessen 2012 - bloggen i dag. Har du lyst til å sjå fleire bilete frå sommarfest på benken klikker du deg inn her.

Ha ein fortreffeleg fin kveld.
Klem frå Linda

søndag, juni 10, 2012

Nytelse

For ein herleg dag. Ynskjet mitt om ein solrik dag gjekk jammen i oppfyllelse. Hurra!
Den gamle sengehimmelen eg i si tid kjøpte då Samson var baby er perfekt som tilfluktsstad/telt på terrassen. Med vatteppe, puter og litt snacks & drikke var nytelsen fullkomen i kveldssola. 
Litt optimistisk tok eg ut siste Elle Interiør ut i tilfelle eg fekk nokre sekund ledig....

....og eg fekk nøyaktig ti sekund der eg såg glimt av knallfin styling av Linda Elmin, herleg Sjelefred hjå innehavaren av Patina og ikkje minst kunngjering av årets interiørtalent Jeanette Lunde (VELDIG velfortent) . Supergøy og eg gledar meg til kikke meir i detalj i bladet. Eg vart nemleg overfalt av to koseklumpar i teltet, og måtte legge bladet til sides.


Nå i kveld kjenner eg meg herleg sliten, og kunne ønske meg enno ein dag med helgefryd ;) Korleis er det med deg - er batteria lada og du er klar for ei ny veke?

Sov godt


Hin dagen kom det pakke til meg i posten. Som de allereie veit, så elskar eg pakkar i posten. Jippi! Inni pakken låg det mjukaste sengetøyet frå BadaBoom. Sengetøy laga av bambus. Utruleg herleg kvalitet; silkeglatt & herleg. Sånn i det daglege er ikkje stryking av sengeklede noko eg syslar med. Til det er livet for kort, unnskuldar eg meg med. Men i føremiddag og anledning dette blogginnlegget så måtte derimot både strykebrett og strykejarn fram. For sengetøyet er nemleg så fantastisk herleg at det fortener på komme på bloggen.


Til vanleg lid eg av lakenskrekk, men i kveld gledar eg meg regelrett til å krype under dyna. Mmmm, kikk innom Badaboom og dei fantastisk gode sengklærne du også. Der finn du også meir info om kvifor sengekleda er så gode.

I morgon satsar eg på ein solfylt og fin søndag. Eg har nokre blogginnlegg på planleggingsstadiet, og håpar eg får sett idèane ut i verda i morgon. Då treng eg både sol, varme og opphaldsvèr, så kryss fingrane ;)

Finaste søndagen til deg i morgon!

torsdag, juni 07, 2012

Fager kveldssol smiler


F A G E R  K V E L D S S O L

Fager kveldssol smiler
Over heimen ned, 
Jord og himmel kviler
Stilt i heilag fred.

Berre bekken brusar
frå det bratte fjell.
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld.

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
inga klokke bera
honom kvilebod.

Så mitt hjarta stundar
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.

Sola skein så fint inn i stova i kveld, og då var eg snar å ta fram kameraet.
Ørsmå endringar å skimte på interiørfronten i stova. Veggen er nymåla (når rekk eg ta resten mon tru?), golvteppene har bytta plass med kvarandre og station boardet er bytta ut med ei gammal boddør frå kjellaren. Planen er å tilbakeføre litt fargar i interiøret her, etter ein grå-, svart- og kvit-prega vinter. Eg har visst ikkje kome heilt ut av vinterdvalen sånn interiørmessig enno, men det kjem. Det kjem.

Då er det lite som gjenstår før det nok ein gong er helg. Kan ikkje anna enn smile over kor herleg akkurat det er :) Finfin fredag og god helg til deg som er innom.

Tudelu...

Related Posts with Thumbnails