mandag, august 31, 2009

Puter med futt i

Dei to første putene eg sydde i går vart skikkelege vitaminbomber når det gjeld fargevalg. Det er fantastisk gøy å sy når eg først er i moduset til det, og eg kunne ha holdt på non stop.
Stoffa eg brukte er ei lett blanding av Amy Butler og andre designstoff, samt eit fantastisk fint dynetrekk etter farmor Haldis. Dynetrekket er av kreppkvalitet og er for eksempel det som er brukt i midten på puta under:

Eg har spart på dynetrekket i meir enn sju år, og nå var tida moden for å ta det i bruk :) Linselusa mi er med der det skjer, og sneik seg med på putebilder også, hihi.


Tusen tusen takk for alle fine, kjekke og morsomme kommentarar eg får. Eg set umåteleg stor pris på dei.

Bloggen min vart nevnt som favoritt (blant fleire) i Dagbladet i går. Tusen takk for det. Kjempekjekk reportasje der det var intervju med Fru Pink (Flittiglisene), Kardemomme (Huset ved Bekken), Janne Bråthen (whatsblogging my view), samt ei utanlandsk dame eg ikkje kjem på namnet på i farten (designspongeonline.com). Kjempekjekt å sjå bilder av dåko jenter, og kjekt å lese reportasjen. Blogging er tidkrevande og kan ta heilt av. Denne utanlandske dama hadde 13 frilansarar som hjelper henne med å skrive innlegg og finn fram stoff for henne. Vel, vel, det er ikkje målet mitt iallefall. Eg har ein fantastisk kjekk jobb til vanleg, og blogging er berre hobby.

Drømmen om en eplehage har tipsa meg om at bloggen min er nevnt i Allers også, så då må eg visst kjøpe det også denne veka. Hihi, så kjekt :) Jantelovstankane "Du skal ikkje tru du er noko" osv legg eg lengst bakerst, og prøver tenke positivt.

Nå er frukosten innteke, huset er stille, og eg skal sy vidare. Ha ein flott mandag!

søndag, august 30, 2009

På date med Elna

Slik ser det ut på spisebordet når eg og Elna er på date. Elna er trufast, og klagar ikkje når ho er nedprioritert. Ei heller snurt og fornærma etter å ha tilbrakte månedsvis innerst i skapet. Neida, ho klukkar fornøgd og syr dei finaste saumar, slik berre mi Elna kan. I kveld kosar me oss saman, anar ikkje kor lenge det er til neste gong me får tilbrakt tid saman.Band kjøpt på Fretex i Bergen for åresvis sidan.
Mormor mi er ei herleg dame, ho samlar på absolutt alt. Å gå på skattejakt i hennar skap, skuffer og kott har vore ein fast fritidssyssel kvar einaste ferie sidan eg var liten. Trur nesten eg veit betre enn henne kor alt ligg :) Stoffet over var stovegardinene mormor hadde på 70-talet.Og stoffet under var baderomsgardinene. Gjett om ho hadde dreisen på interiøret :)


Tilbake til daten mellom meg og Elna. I kveld er det puter me produserer. Puter for salg i Galleri HIJ. Dei vart i samme stilen som desse eg sydde denne gong og denne gong. Men med litt andre fargar. Gu' kor eg ynskjer meg fleire sengklede og stoff med retro fargar og 70-talsmønster. Mormor har ikkje fleire gardiner på lur... Trur planen for morgondagen er å dra på Fretex for å myse :)
Ha ein flott søndagskveld du også :)

lørdag, august 29, 2009

Eit gammalt klenodie med ferskt innhald

Desse pittesmå yndige blondetrøyene i tynn linkvalitet hadde mamma og onkelen min på seg som små babyar. Flaks for meg at dei dukka opp før Simon hadde vakse ut or dei. Ikkje at han er ikledd desse til dagleg, men til ein aldri så liten improvisert foto-shoot er dei perfekte.
Somme av bileta trur eg at eg skal sende til mormor (småfeane si oldemor). Må jo vere stas for henne å sjå dei gamle klenodiane i bruk igjen.
Simon er ni veker gammal og aldri så lite lik på storesøster si
Ha ein flott lørdagskveld :)

Kanelboller i lange baner

I går kveld bakte me kraterboller. Eg har sett så mange fine svenske fletta kanelboller rundt omkring i bloggane. Og av ein rest av deigen forsøkte eg å få desse til. Ikkje hugsa eg korleis flettene såg ut, og ei heller korleis kanelblandinga vart påført. Men forsøkte å få til ein variant.

Dersom du også har lyst å lage slike kan du gjere som meg:
Eg lagde vanleg bolledeig. Eventuelt kan du kjøpe ferdig bolleblanding som du blandar ut etter framgongsmetoden på pakken.
Trilla lange pølser.
La to lange pølser attmed kvarandre, og bretta på midten, slik at det nå vart fire pølser som skulle flettast saman.
Eg er ingen ekspert på å flette, men prøvde så godt eg kunne. Endane stappa eg inn under den fletta bolla.
Flettebollene vart så plassert på bakepapir for ferdigheving.
Over dei ferdigheva boller fordelte eg 3-4 ts med smør-kanel-sukker blanding (knepte mjukt romtemperert smør saman med sukker og smakte til med kanel).
Når bollene steikte, smelta blandinga over bollene.
Nam nam, smakte himmelsk :)

Eldstemann ville ikkje bli tatt bilder av i går, og skjulte seg bak den fine handa si :)
Minifeen sutla skikkeleg med deigen, brukte kakeformene som armbånd og pensla med vatn. Kliss frå topp til tå. Men det er jo slikt som høyrer med :)

Nå står symaskina framme på spisebordet. Eg laffar rundt i jobbebukse. Babyen søv. Ungane har venner på besøk. Somme av dei spelar Wii Sports Resort og hyler og ler. Minifeen og co leiker med dukker og forsyner seg fritt av bleier og babytøy frå stellebordet. Eg lukker augene. Så snart tekoppen min er tom skal eg sy.
Ha ein flott lørdag du også :)

fredag, august 28, 2009

Med hausten på trappene dukkar alltid lysta til å kose seg inne i sofakroken med brennande stearinlys, varm drikke i koppen og eit strikketøy i fanget opp.
Desse bileta er henta frå Sandnes Garn.
Sååå mange fine plagg. Småfeane kunne hatt bruk for dei alle ;)
Det er noko spesielt med flettemønster og meg. Eg elskar alle plagg med fletter på. Og jakka under her kjem eg garantert til å strikke til Alma.


I dag går alle mine varmaste medkjensle og gode tankar til Mali-Mo og familien som har opplevd det vondaste av det vonde. Å miste den vesle babyjenta si. Vesle Wilma. Me tenner lys for dåko i kveld
Ynskjer alle som er innom bloggen ei riktig god helg.

torsdag, august 27, 2009

Ta turen til kunstgalleri

Mi nydelege kusine har opna galleri midt i Stavanger sentrum, og på tirsdag tok me turen ned for å inspisere og bli inspirert :)
Samson på snart 7 år har tatt fleire av bileta. Eg syns det vert så flotte vinklingar på bileta han tar. Flinke guten til mammo si :) Og flinke kusina mi. Ho har full jobb ved sida av malehobbyen. Og nå også som drivar av Galleri HIJ. HIJ er initialane i namnet hennar for den som måtte lure ;)
Minifeen følte seg så til de grader heime her, at ho tok av seg både sokkar og sko og sprang barbeint rundt i galleriet (sko og sokkar ligg dumpa framfor benken).
Me andre likte oss kjempegodt også. Eg har lova å sy puter til å ha og kanskje selge i galleriet, så berre eg får "ånda" over meg skal eg setje i gong.

Herr Fe er første gjesteutstillar i galleriet, og det var kjempekjekt å sjå bileta hans stilt ut i galleri. Flinke Herr Fe også ;)

Galleriet ligg i Pedersgata 47, og er ope tirsdag og torsdag frå 18 til 20. I dag er det torsdag, så det er med andre ord ope i kveld. Ta deg ein tur om du er i distriktet :)

Tusen takk for alle kjekke kommentarar i det siste. Eg syns det er så artig at fleire vert inspirert av kvardagsbetraktningane og gjeremåla mine.
.
I dag er helgevasken faktisk unnagjort allereie. Kvar gong eg vaskar til helg gjer eg ein av tinga spesielt grundig. F eks vaskar eg kjøkkenet eller badet ekstra grundig. Sidan kjøleskapet vart reingjort i går, så tok eg resten av kjøkkenet i dag. Eg rensa til og med filtera i oppvaskmaskinen. Med huset i rein tilstand, så er det tid for egenpleie. Mikrofeen søv godt i Leandervugga, og eg skal ta fotbad og lese siste Maison. Etterpå skal dei to andre gullklumpane hentast tidleg og kanskje vert det bollebakst i dag :)
.
Ha ein fin torsdag du også !!

onsdag, august 26, 2009

Struktur på kvardagen

Nå er vesle, gode, blide babySimon blitt over 8 veker allereie. Det går så utruleg fint, og det er som om han alltid har vore her med oss :) Me har fått meir rutinar på mating, soving og stell. Og også på kvardagen nå som dei to eldste er ferdig med ferien og tilbake i full sving på skule og barnehage.
På ettermiddagane prøver me gjere litt kjekke ting saman. I går passa pappaen på mikrofeen, medan me andre gjekk på bjørnebærplukking. Minifeen hadde med seg den ultrakule tippehøneveska ho fekk hjå "onkel Kjartan". Han har vore i Amerika igjen, og kom heim med herlege gåver til heile gjengen :)
.
PS! På bildet over passerer me hagen med Stavangers finaste plen. På denne plenen er det ikkje eit einaste ugras, ikkje ein løvetann, og ikkje eit grasstrå som er lengre enn dei andre. Utruleg fasinerandes og misunnelesverdig i grunn :)

Nam nam, mange søte bjørnebær fann me. Må tilbake ein anna dag også, for det var mange som ikkje var modne enno.
Når ein er i full jobb er det sikkert fleire enn meg som sit og tenker på alt ein hadde fått gjort om ein berre var heime ein heil dag. Vel, dette er ikkje alltid tilfelle.
.
Vips er dagen over utan at eg får gjort det eg hadde tenkt.
Nå håpar eg at ei liste over små og større gjeremål skal få fart på sakene. Så kan eg streke ut etter kvart som ting vert ferdigstilt og eg kan føle meg flink... Eg diggar effektivitet og produktivitet :)
Øvst på dagens liste stod vaske kjøleskap. Me kjøpte eit Miele kjøleskap i mars i fjor. No Frost system skulle sørge for at ein slapp ise av kjøleskapet. Vel vel: her ser de mengdene is som har laga seg på to veker (to veker sidan eg sist reingjorde det). Kjøleskapet er tydelegvis ikkje heilt i form, service er bestilt på det, og eg satsar på at No Frost systemet igjen skal fungere optimalt om litt.

Nå er kjøleskapet iallefall av-isa, reint og ryddig, og eg skal i gong med middagsførebuingar. I godt humør og nøgd sidan eg allereie har fått streka ut fire ting på lista til nå i dag...

Sola skin i dag også, så nå er det straks på med joggeskoa og ut på tur her :)
Ha ein flott onsdag !

tirsdag, august 25, 2009

Male laminat?



Eg får mange kommentarar og mailar med spørsmål om korleis male laminat. Eg er ingen ekspert innan området, og eg kan overhodet ikkje ta ansvar for resultat hjå deg. Kan berre fortelje om våre erfaringar. Dersom du les det relativt nye innlegget Litt om alt, så finn du ut korleis me gjorde det.

Sidan eg ikkje rekk svare på alle e-postar og kommentarar eg får angåande kjøkkenet, tar eg med litt info om det også. Innlegget om korleis det såg ut før og etter at me pussa opp kjøkkenet finn de her. Dette var like etter at me flytta inn i huset vårt, og me malte altså den eksisterande innredninga først. Her brukte me vanleg kvit ferdigblanda Lady vannbasert maling. Så malte me laminaten på gulvet, og det innlegget finn de her.

Litt fleire Før-bilder ser de her

I ettertid har eg også malt benkeplatene frå svarte til kvite, og det innlegget finn de her . På benkeplatene brukte me også Trestjernes gulvmaling...
Då vil eg ynskje alle som skal til å male gulv masse lukka til. Men hugs at skit, støv og rusk og rask viser godt og at malte flater får ei heilt anna slitasje enn umalte flater.


Her skin sola, og eg og junior skal straks ut på tur ;)

Ha ein flott tirsdag du også

mandag, august 24, 2009

Dåpshelg

Det vart stille i bloggen denne helga, og det er fordi me hadde dåp for Simon på søndag. Me har hatt ei herleg, koseleg, latterfull og litt hektisk helg med venner og familie på besøk. Dåpskjolen er den samme som eg sydde til Alma. Nå er den plassert innerst i skapet igjen, i påvente av komande barnebarn ein gong i framtida, he he ;)

Med små protestar frå dåpsbarnet vart han døypt. Bestemor bar han, og storebror tørka han omsorgsfullt på hovudet *stolt hønemor*

Små protestar kom det også frå dåpsbarnet då dei yngste gjestene våre bytta på å halde han. He he, nydelege jenter som heilt tussete etter babyar :) Innimellom var det godt å kose kosekluten og tutten :)

Me feira dagen med fantastisk god mat på Sola Strand Hotel. I fare for å publisere bilete av gjester som ikkje vil på nett, får de berre sjå bilete av bordet etter at gjestene forlatt åstedet. Ein nydeleg plass å feire ein nydeleg dag
Ha ein flott mandagsskveld!

torsdag, august 20, 2009

Meir kvitmalte golv

Det er sikkert mange som rynkar på nasa og stiller seg uforståande til at me vil ha kvitt golv i gangen, men det ville me altså :) Med tre smårollingar og mange små gjester i hus må me uansett støvsuge kvar dag. Og det vart mykje meir heilheit i alt, nå som kjøkken og gang har likt golv.


Samstundes med bilete av nymalt ganggolv, får de også sjå siste nyheit på veskefronten min. Ei ugleveske av plastkvalitet. Stor og god, og fargerik :)
Den observante vil legge merke til at eine skapdøra har manglande knott. Og eg som skrytte av at her i huset var alle knottar på plass og alt var på stell. Samme dag som eg publiserte det innlegget lausna ei skapdør på badet, samt denne knotten i gangen. Er det ikkje typisk?
Ein ting som er på plass er iallefall filtknottar under korgene. Litt kan eg jo gjere slikt at golvet held seg fint ei stund. Malt laminat her også.
Her ventast det familiebesøk i kveld, så nå skal feen svinge tryllestaven over grytene. Ha ein fin torsdagskveld du også :)

onsdag, august 19, 2009

Strandtur med Herr Fe





Tusen takk for alle kjekke kommentarar på forrige innlegget mitt. Det er såå kjekt at me er fleire som er i samme bås, og som blir med på å drikke teen medan den framleis er varm ;)
Eg sit og nyt ein tekopp akkurat nå, og ser ut på skyene. Kjem det regn eller er det berre skya. Det er ein av dei største forskjellane mellom Bergen og Stavanger. I Bergen (budde der i 16 år) kom regnet garantert når himmelen var full av skyer. Her i Stavanger, iallefall som eg har erfart i 1.5 år, så kjem rett og slett ikkje alltid regnet sjølv om himmelen er mørkegrå. Veit ikkje kor mange gonger eg har sendt ungane ut i regntøy, og så har det vore heilt unødvendig. Hadde tenkt meg ut for å gå tur i dag, men surfar litt medan været får bestemt seg :)
Enn så lenge kosar eg meg med bildene frå gårsdagens strandtur med Herr Fe. Hugsar at Karna tipsa meg om Ølbergsstranda like etter at me flytta ned hit, og nå har det blitt ein av favorittplassane mine her nede.
Ha ein flott onsdag!
Related Posts with Thumbnails