lørdag, februar 21, 2009

Super laurdag


Eg er så lukkeleg. For ei tid sidan spurte Marie med bloggen *Blasse Vielfalt* om eg ville ha ein magasin-swap med henne. Noko eg sjølvsagt ville. Eg skulle få tyske magasin, og ho norske (Interiør magasinet hovudsakleg).

I dag henta eg pakken min på postkontoret, samstundes som eg sendte pakken hennar (treige Linda). I ettermiddag har eg kosa meg med tyske kjempekjekke blader, viser bilder derifrå i morgon kanskje.

Årsaken til lukkekjensla er først og fremst denne ranken med yndige nydelege små flagg som Marie har sydd til meg. Noko såååå fint og kjekt å få. Er de ikkje enge i at desse var knallfine? Fantastisk dekorative i nydelege fargar og band og blonder. Thanks a lot, Marie - You really made my day :)


Ein anna dag henta eg bilder til dei svarte rammene mine på posten, og nå er det endeleg ikkje lengre berre reklamebilete i rammene :) Tusen takk, snille Bodil.
Eg har i lange tider tenkt å vise fram nokre korger eg kjøpte (4 stk) til 70% rabattert pris hjå Hilmers Hus i januar i fjor. Dei vert brukt til alt i frå oppbevaring av huer, vottar og skjerf i gangen, til vaskemiddel og skittentøy på vaskerommet. At eg har sett dei samme korgene i interiørmagasina til ein vanvittig pris i samband av kva eg betalte for dei, gjer dei jo berre enno kjekkare å ha i hus :)
For første gong sidan eg gjekk på gymnaset har eg nå vinterferie. Eg treng neppe fortelle at eg gledar meg veldig til ei heil veke med fri til å gjere som me føler for. Ein tur heim til mammo gledar eg meg masse til også. Er det stille på bloggen, så veit de kvifor :)

fredag, februar 20, 2009

Fredag kveld

Det var jo nå eg skulle hatt ein bråte med før og etter bilete av gamle og nye vindu. Det einaste eg har å vise er dette tatt i skumringa i går kveld. Det store (270 cm breide og 140 cm høge) stovevinduet vårt er erstatta med eit tredelt vindu som de ser snurten av over. Likt slikt som var i huset opprinneleg.

Alle vindu er nå utskifta, bordkledning og isolasjon er på plass, og neste veke reknar eg med at nye ytterdørar og rekkverk på terassen er på plass. Kjempespennande.

Eg er stuptrøytt etter ei hektisk veke, og skal straks finne loppekassa. Dagens innlegg vert difor i kortaste laget :)
Ynskjer alle som er innom ei fin og god helg!

torsdag, februar 19, 2009

Bilete frå arkivet

På jakt i arkivet etter noko anna, dukka desse bileta opp. Bileta er eit par år gamle og viser min førstefødte i eit hue og hals-sett eg strikka til han. Så vidt eg hugsar komponerte eg mønsteret sjølv, og dekorerte begge deler med ein påsydd skotsk terrier. Settet vart strikka i alpakka frå Drops. Vert aldri lei av denne skitten-lyse-blå fargen i sortementet deira.

Den observante vil leggje merke til at også til desse hundane brukte eg ei bukse som sønnen hadde vokse ut or. Den same buksa som desse hundane vart sydd av.
Det er flinke Bodil-Bo som har tatt bileta (bombe :))
Sukk, eg kjenner at eg lengtar tilbake til tida der go'guten var så liten. Tida går så forbaska fort. Me må alle vere flinke til å nyte kvardagane og prøve senke tempoet. Det får vere dagens oppfordring frå meg :)
Ha ein fin torsdag!

onsdag, februar 18, 2009

Pure Blog

Foto: fra PureBlog
Jippi. Det er sikkert fleire enn meg som diggar Jane Cumberbatch?De veit, forfattaren av Ren Stil - ei bok dei fleste av oss heilt sikkert har. Vel, i dag oppdaga eg at guru'en min har blogg :) Dersom du ikkje har besøkt bloggen hennar før, så er det absolutt verdt eit besøk nå. Den nydelege bloggen finn du her og heimesida hennar finn du her.

Kos deg du også :)

tirsdag, februar 17, 2009

Narcisser

Når det gjeld blomstrar så har eg faste tradisjonar etter årstidene. Kvar vinter/vår har eg narcissar (pinseliljer) og blå perleblomstrar i hus. Andre blomstrande tradisjonar er sjølvsagt ranunklar, rosa peonar, Dronning Ingrid og stokkroser. Nå står narcissane i full blomst og sprer god lukt (aaaatsjoo) i stova. Nydelege er dei!
Huset er på halv åtte her for tida. Alle møblane står sentrert i midten av romma, då snekkarane skifter ut vindu, lister og styrer på. Men det vert så bra, at det er jammen verdt rotet. Det vert lite interiørblogging for tida med andre ord :)


Me har etterisolert huset, skifta blordkledning og nå vinduene, og merker kor mykje varmare det er inni hus. Varmepumpa står på mykje lågare temperatur enn før, men likevel er det varmt og godt. Herleg.

Så snart dei er ferdig med å byte ut vinduene, så er det ytterdørane som står for tur. Med innebygde spot'ar, som utebelysning i taket over inngangspartiet, og nytt rekkverk på terassen vert det bra. Til slutt :)

lørdag, februar 14, 2009

My valentine

Eg gjekk ein snarttur ut i lunsjen i går. Skulle sjå etter ei lita valentine-gåve til Herr Fe. Me er ikkje sånne som feirer denne dagen så voldsomt, men ein fin liten ting er jo berre kjekt. Men så er det det at Herr Fe er aldeles umulig å kjøpe noko til. Han har alt, og han treng ingenting i følgje han sjølv :) Ikkje et han sjokolade og ikkje er han overbegeistra for blomstrar heller.

Det heile enda med at eg ikkje fann noko som helst til min kjære mann, men enda opp med å kjøpe klær til ungane... Er det ikkje typisk?
Minifeen fekk ein nydeleg tunika frå den nye kolleksjonen til Cupcake by Cecilie West, og go'guten fekk seg ein genser som matchar veslesøster :)

Ellers har go'guten byrja intressere seg for fotografering, og har fått knipsa bilete med kameraet i dag. Her er resultatet:

Han tok bilete av julegåva minifeen fekk hjå nissen - allereie godt velbrukt, men superskjønn.

Ynskjer alle ei flott helg, og ein flott valentine-dag for dei som er opptekne av slikt :)

Tudelu!

PS! Smukken på bileta har minifeen hatt sidan ho vart født. Den er kokt og sterilisert mange mange gonger, men den er og blir favoritten og kan ikkje kastast. Av gammal vane kjøpte eg blåe smukkar i starten, heilt til dess me fekk kommentarar på at "for en søøøt liten gutt dere har fått ;)" *knis*

torsdag, februar 12, 2009

Tema: HUS


Eg fortset å vise fram ting eg sydde for åresvis sidan, men som eg aldri har publisert på bloggen før. I mange utanlandske bloggar har eg sett sydde bokomslag i alle slags utgåver. Eg fekk lyst til å prøve meg på eit omslag til ei skissebok eg har.

Bokomslaget vart sydd av naturfarga lin, med blårutete bomullsstoff som fòr. Som bokmerke sydde eg eit lite hus festa i eit raudrutete band:

Attåt bokomslaget sydde eg eit hus med ein nøkkelring i.


Eg må sei at eg ser fram til at det er helg snart. Det er supergodt å vite at ein har fleire dagar (iallefall to ;) ) på rad der ein kan gjere akkurat som ein vil. Tvilar på at eg rekk oppdatere i morgon, så derfor ynskjer eg dåko ei flott helg allereie nå!

tirsdag, februar 10, 2009

Snart onsdag igjen

Mmmm, ingenting er som ein god kopp te m/ ekte sukker innimellom slaga. Eg syns jo at det er ekstra stas når koppen er fin også. Burleigh koppane mine har eg vist fram mange gonger før, men dei er like fine kvar gong :) Eg byrja samle på desse ved ein tilfeldighet, då eg fann 6 frukost-asjettar til 10 kr per stykk på Fretex for nokre år sidan. Snakk om kupp.


Plantebordet på bilete over har fått kome inn i varmen. Bordet er superpraktisk med sinkbekledd topplate, skuff til oppbevaring av hanskar, frø og det ein måtte ynskje. Og plass til mange krukker og urner på hylleplata under.

Bordet vart kjøpt på Plantasjen i fjor, men eg rakk aldri male det før sesongen var over. Det har eg tenkt å fikse nå, så snart eg får tid. Kvitmalt og med ny knott på skuffa, så vert det knakandes fint til vårsesongen tar til for fullt :)

Eg har ikkje plan om den heilt store frøsåinga i år. I plantekassane skal me hovudsakleg ha poteter, sidan det var så stor suksess i fjor. Resten av hagen skal ommøblerast og planleggast skikkeleg, men først etter at hus og rekkverk er ferdigmalt og i skikkeleg stand. Først hus - så hage med andre ord.

Nå må eg gjere oss klare for morgondagen (finne fram klær, setje fram sekkar og utstyr). Ha ei god natt, eller evt ein fin onsdag

søndag, februar 08, 2009

Gratulerer med vel overstått morsdag til alle mammaer der ute.

Denne helga har det vore eit fantastisk nydeleg vèr. Me har testa ut både ski- og akeføre, og begge deler gjekk unna. Det er aaaaalt for mange år sidan eg sist hadde ski på beina, men nå er eg i gong veit de :) Herr Fe som er frå Lillehammer - og dermed ein meir erfarne skiløpar enn meg - var ikkje akkurat imponert over skiferdighetane mine, hehe. Nå leikar eg med tanken om anten vinter- eller påskeferie på fjellet. Her skal det trenast på å bli betre :)

Sånn av og til får eg veldig lyst til å strikke. Akkurat nå er det ei jakke til minifeen som er på pinnane. Eg strikkar jakka i merinoullgarn frå Drops, og håpar den vert fin. Føreløpig syns eg ribbestrikken trekkjer seg veldig saman, men satsar på at litt blokking i ettertid skal få fram stripeeffekten i strikket.
Sånn ellers har eg fått oppdatert bloggsjappo med nokre ting eg hadde igjen etter førjulssalget. Butikken finn de her.
Ynskjer alle ei strålandes fin komande veke. Måtte finværet var lenge!

lørdag, februar 07, 2009

God helg


For nokre veker sidan fekk eg utfordring om å vise bilde nr 6. i den 6.fotomappa mi. Eg hugsar ikkje i farten kven eg fekk utfordringa frå, men var det ikkje deg Emmeline :) ? Den 6. fotomappa mi er ei mappe med bilete over ting eg sydde rett etter minifeen vart født (dvs 1,7 år sidan). Inspirert av bertene som bærer små chihuahua'ar rundt i YSL-veskene sine, sydde eg Moss og Noa :)

Moss og Noa er to skotske terrierar sydde av stoff frå ei nydeleg tweed-bukse sønnen hadde som baby. Moss har fått seg strikka lyseblå genser med perlemorsknappar på, og ei veske med namnet på. Noa derimot fekk halsband med namnet på.

Bileta av hundane ( nr 6 og 7 i mappa) er tekne på ventilatoren me hadde i Bergen, og eg får nesten tilbakelengsel av å sjå snurten av den, he he.
Når eg først er inne på heimelaga ting med hundetema så kan eg vise fram denne veska eg sydde på same tida. Inspirert av japanske hobbybøker lagde eg denne linveska med broderte skotske terrierar og bokstavar i korssting på. Syns det var litt skjønt med med den diltande tredje hunden :)
Nå vart dette meir enn bilde nr 6, men eg fekk ei utfordring frå Marie i *Blasse Vielfalt* om å vise bilde nr 4 i den 4. fotomappa mi - så desse bileta får dekke den utfordringa :)

Så til Marit som lurer på om eg framleis ligg på sofaen og strikkar: nei, det gjer eg sjølvsagt ikkje :) Her er det full fart med jobb, husarbeide, oppussing og kos hand i hand. Strikkar ei jakke til minifeen innimellom slaga, og kosar meg med det.
Ynskjer alle ei flott helg. Snøen har lava ned i heile dag, så i morgon vert me nok utandørs mesteparten av tida :) Tudeluuu!

tirsdag, februar 03, 2009

Tirsdagskveld

God aften, god aften! I mangel på anna å syne fram, så får de sjå dei svarte rammene eg kjøpte forrige månad. Som de ser så manglar rammene innhald - utover reklamebileta som allereie var inni rammene. Eg har forøvrig bestilt svart-kvitt bilete av ungane, og håpar å få dei i hus snart :)
Det er så fantastisk kjekt at me nå får lysare og lysare dagar. Eg sit på jobben, ser på solskinnet og gledar med til å komme heim og stulle og stelle. Når eg endeleg er heime, susar timane fort. Og når roen senkar seg, ja, så har jammen mørket senka seg også. Er det ikkje typisk :)
Det går på fram med renoveringa av huset. Bordkledninga (trur den er original frå 50-talet) er i følgje snekkarane plukk roten. Somme av plankane har henge på plass berre av gammal vane i følgje dei. Kjenner eg får skikkeleg god kjensle av å vite at alt vert i skikkeleg stand nå. Sjølv om utearealet ser ut som ei slagmark, av gamle plankar, isolasjon og papp, så vert det så bra til slutt :)


Ellers må eg jo berre skrive om dagens - eller kanskje vekas eller månadens- høgdepunkt. Flinke, flotte og kjekke Emmeline in live action på NrK2 Sveip.


Eg låg på sofaen og las teikneserie for 6-åringen, og holdt på å få hjarteinfarkt då eg trudde eg hadde gløymt heile sendinga. Heldigvis fekk eg med meg heile greia, og det var knallkjekt å sjå. Eg er jo så teit når eg ser kjendte på TV, for på meg trilla tårene, hehe. Vart så rørt av å sjå henne, og høyre henne snakke om min og fleire andre sine bloggar :) Får gjenta etter Herr Fe: du er råkul Emmeline :)
Foto: Karna

Nå er strikkepinnane klare, og eg skal kapitulere litt med strikketøyet i sofaen. Ha ein flott tirsdagskveld!
Oppdatert onsdag; Karna var så snill å sende meg eit bilde der bloggen min er bakgrunn. Juhu. Den gode feen på TV :) Tusen takk, Karna!

søndag, februar 01, 2009

Heimelaga knappar

Eg har sett mange i bloggosfæren som har laga knappar sjølv av ulikt materiale. Desse knappane lagde eg for snart to år sidan, men først i dag er dei klare for publisering. Ting tar tid, ja :) Flogesopp-knappar av plastilina (var det ikkje det leira heitte, mon tru).

Eg kjøpte inn leire, og satte i gong. For å verte ekstra inspirert brukte eg sønnens spisebrikke med Elsa Beskows flogesoppdekorerte barn på :)

Eg erfarte fort at kombinasjonen av knall raud og kvit leire ikkje var like enkel. Under steiking vart ofte den kvite leira rosa, då den skarpe raudfargen smitta litt. Og ikkje minst måtte ein vere gullandes rein på hendene for kvar gong ein skulle ta i den kvite leira. Mykje pirk med andre ord.

Men resultatet vart jo bra. Her er somme av knappane montert på ei strikkejakke eg strikka til sønnen for åresvis sidan. Den vart strikka i Cashmerino aran frå Debbie Bliss, og har holdt seg kjempefin trass i heftig bruk. Mjuk, varm og god.

Med flogesoppknappar på vart jakka brått mykje meir jentete, og her er Bodil Bo si skjønne jente på skogstur iført jakka :)
Med seg på skogstur hadde dei også denne soppen eg sydde for mange år sidan. For dei som har fulgt bloggen min lenge, så hugsar de kanskje at eg og sønnen var med på ein babyswap ein gong. Der me sendte pakkar til to gutar i Australia. Hugsar de? Denne soppen skulle dei australske gutane få, men den vart for stor for forsendinga. Foto: Den gode feen og Bodil Bo
Soppen er sydd etter inspirasjon frå ei herleg teikning som hang på tannlegekontoret den gong me var små. Ja, eg trur jammen at det var Bodil som hadde teikna den også, hehe. Ei teikning av ein flogesopp med vindauga og dører i. Hugsar du den, Bodil? Som om ikkje det var nok Bodil, så er den raude speglfløyelen brukt i soppen restar frå ein raud vest Bodil hadde som liten. Dette måtte berre bli Bodils sopp ;)

Når me snakkar om dei australske gutane i swap'en, så må eg berre fortelje at gutane i ettertid har fått ein liten bror som er kalla opp etter sønnen min :) Kjekt!

Då gjenstår det å ynskje alle ein flott søndag!
Related Posts with Thumbnails