onsdag, juli 22, 2009

Osteiskake med daim

Yummi, dagens dessert her i huset er osteiskake med daim. Oppskrifta deler eg sjølvsagt med dåko :) Denne gong lagde eg dobbel oppskrift av fyllet, slik at kaka vart mykje høgare enn den vanlegvis er.



Osteiskake med daim alla Den gode feen

2 dl sukker
3 eggeplommer
1 philadelfia ost
1 ts vaniljesukker
Pisk dette godt.
3 dl fløyte
3 eggekviter
Piskast stivt.
Bland dei to rørene, og bland i hakka daim.
Hell dette over knuste Digestive kjeks og smelta smør til bunn.
Frys.

Iskaka kan varierast i det uendelige ved å blande med bær, Oreo Cookies etc etc... Den er også kjempegod heilt plain - utan verken Daim eller anna innblanding.

Velbekomme :)

tirsdag, juli 21, 2009

Legoland i Stavanger

Været har vore pyton dei siste dagane. Me har rigga oss til inne, med tende stearinlys og Lego over heile stova.
Fram med alle heftene, og forsøke å byggje opp igjen alle dei demonterte Lego-figurane. Kjekt for dei minste, og kjekt med glade ungar for dei vaksne.

Ha ein flott tirsdag :)

søndag, juli 19, 2009

Julebrus blir julibrus

Me har besøk av ein supersnill feriegjest i desse dagar. Sjå den nydelege antikke (?) barneleika ho hadde med seg til mikrofeen. Eg som elskar gamle leiker fall sjølvsagt pladask for denne. Tusen takk :)
Eg trudde liksom at eg hadde tatt så mange kjekke bilete denne helga, men det enda berre opp med dette bildet av En smak av sommar brusen frå Grans. Ha ha. Me her i huset vil absolutt påstå at dette er ein smak av jul. Men etikettane er nydelege og ungane elskar julebrus i juli :)

Ny veke står for tur.
Hei og hopp, tida fyk.
Håpar de har det fint de også :)
Klem frå Linda

lørdag, juli 18, 2009

Iris Hantverk


I min søken etter eit fint feiesett kom eg over dette nydelege settet produsert av det svenske firmaet Iris Hantverk. Bildet er lånt frå den nydelege butikken Ellis Corner.

Og ved å søke på Iris Hantverk, kom eg over ein bråte med fantastisk fine børstar. Dette bilete over og det under er frå nettbutikken C'est la vie



Og denne fantastisk fine badekarsbørsten er frå Julias Vita Drømmar:


Sukk, sukk, sukk, lurer på om mi kjære venninne som bur i Stockholm har god plass i bilen heim :) Feiekost og brett i kvit plast har eg jammen lyst å bestille. Det er vel ingen som tilfeldigvis har sett dette settet i Norge?

Ved å leite litt rundt på nettsidene til Iris hantverk kom eg over heimesida til den eine designeren, nemleg Tove Adman. Ho har designa fliser forma som eit teppe til utandørsbruk. Tenk å ha slike fliser inni eit drivhus/lysthus. Atter ein gong sukk, sukk, sukk. Det er godt å ha draumar og høgtsvevande planar :)

Me har hatt ei herleg helg så langt. I dag ausar regnet ned ute, og me kosar oss inne med god mat, modellkitt, puslespel, teikning og LEGO og DUPLO i ei skjønn forening.


Håpar du har ei god helg også :)


Klem frå Linda

fredag, juli 17, 2009

Glad i mat

Eg fortset min gratis reklamekampanje for Clas Ohlson ;) Dette serveringsbrettet i melamin, samt tilhøyrande tallerkar kjøpte eg til 29 kr per del. Herleg å ha på terassen eller på piknik eller på stranda. Det finst i fargane turkis, rosa eller oransje med kvite prikkar på. Kanskje i fleire fargar også ?

Eg viar heile dagens innlegg til gratisreklame ;) Er det fleire enn meg som pleier ta med seg Glad i mat magasina ein får gratis på ICA?

Eg pleier nemleg gjere dette, og har funne mange fantastisk gode oppskrifter inni der. Faktisk sparte eg på desse blada ein gong i tida. Dei siste par åra syns eg bladet har vore ganske kjedeleg og uinspirerandes, og har derfor berre skumma gjennom dei før dei har havna i resirkuleringsdunken.

Dei tider er det visst slutt på. Bladet er nyoppussa og fornya, og jammen er det mykje inspirasjon til god mat der inni.

Bileta er nydelege, stylingen kjempebra og oppskriftene supergode. Nam. Det geniale er også at bakerst i bladet finst det oversikt over alle matvarene ein treng til kvar og ein rett, så det er berre å rive ut og ta med seg på butikken. I dag vert ein del av dagens middag i Feens heim pølsefoccacia:
Nå er det helg igjen og sola skin. Hurra :)

God helg!

torsdag, juli 16, 2009

Papirrullar i lange banar

På Clas Ohlson selg dei desse rullane med gåvepapir til berre 12 kr rullen. Eg kjøper alltid inn ei ladning med gåvepapir når eg finn nokre fine og billige. Det er stadig ei gåve eller to som skal ut or huset, og papir er kjekt å ha på lager :)

Eg pleier oftast gjere helgereingjeringa torsdagen, men i går tjuvstarta eg. I dag stod me derfor opp til ryddig og nyvaska hus, så i dag skal eg berre kose meg med dei tre små feane :)

Ha ein fin torsdag du også!

onsdag, juli 15, 2009

Norden i hus

Eg har likt Ikea sitt Norden spisebord heilt sidan det kom, men frykta at den kvitmalte 220 cm's varianten var for langt for stova vår. Men sjå kva som kom på plass i dag. Jippi - det passa perfekt. Dei fire gamle stolane (også frå Ikea) er heldigvis framleis i produksjon og me skal spe på med to til. Dei får duge inntil eg har råd til sennepsgule Charles Eames stolar eller Navy chairs i ein sprek farge :) Bileta er tekne frå ein vinkel som gjer at den svarte vedovnen i bakgrunnen omtrent ser ut til å ha havna under bordet. Men det er heldigvis passe god avstand mellom den og bordenden i RL.
Ha ein superduper onsdag.

mandag, juli 13, 2009

Madame Köhlers rabarbrasaft

Nam, nam. Når ein ikkje har rabarbraplante i hagen, eller gidda til å safte sjølv, så er det godt at godsakene kan kjøpast ferdiglaga. Madame Köhlers rabrabrasaft er knallgod. Eg kjøpte flaska på Matsalen på Tvedt-senteret.
Tusen tusen takk for at de så rause har delt knallgode oppskrifter i forrige innlegget mitt. Kjempeglad for det, og er sikker på at me kjem til å teste kvar og ei av dei :) Tusen takk igjen.


Her er det sommarferie på alle mann, og pannekaker til ein sein lunsj vert tilberedt nå.


Ha ein fin mandag :)

lørdag, juli 11, 2009

Din beste smoothie

Etter at Food Processoren vår gjekk ad dundas, så har det vore dårleg med smoothies og heimelaga milk shake her i gården. Hin dagen kjøpte eg derfor ein blendar, og nå treng eg atter ein gong hjelp ;)

Me pleier som oftast lage deilig drikke av frosne jordbær, H-mjølk og litt sukker/splenda alt etter som. Godt det altså, men eg er supertakknemlig om eg får anledning til å vite DI beste oppskrift på smoothies. Kald drikke som i tillegg er sunn er ikkje å forakte.

Ha ein flott laurdag, me ventar besøk av ein kjekk familie ;)

fredag, juli 10, 2009

Valgets kvaler

Tusen takk for alle kommentarar og innspel angåande trappa vår, og angåande valg av gummigulv.

Myk Start: det er knottegulv eg har hatt lyst på i alle år, men har ikkje kjøpt det inn akkurat fordi eg har lurt på dette med reingjering og oppsamling av skit mellom knottane. Tusen takk, nå har eg fått svaret eg lurte på, og det vert nok ikkje knottar her då :)

Eg snakka jo om å behandle trappetrinna med kvitpigmentert olje, og kom på at me hadde ein boks med hvitkalket beis etter oppussing av stovegolvet.
Frå avkappet av trinna testa eg ut korleis dette vil ta seg ut. På ein del påførte eg beis ved hjelp av klut, og ein del med pensel. Den delen eg brukte klut på var absolutt mest vellukka, men nå er eg rett og slett usikker på om eg skal gjere noko i det heile. Herr Fe syns det er finast som det er, medan eg lid av valgets kvaler.

Kvaler fordi:
1) eg ynskjer ikkje at trappa skal bli glatt og dermed farleg å gå i
2) den dagen smaken er endra, og eg maler veggene burgunder eller mørkegrønne (grøss og gru) - då passer ubehandla eik desidert best
3) eg bør jo respektere Herr Fe sin smak også, sjølv om eg er ein mester i å overtale han. Snille Herr Fe :)

Så nå spør eg etter hjelp. Kva ville de ha gjort?

Sånn avslutningsvis, for å ikkje kjede dåko ihjel med trappetrinn-innlegg, viser eg fram to av favorittputene mine i heimen. Den med S på sydde eg til junior for fire år sidan cirka. Veldig enkel, men likevel veldig fin på rommet hans den dag i dag.

Puta over kjøpte eg på salg på Laura Ashley for ørti år sidan. Kjempeskjønn og inspirerer til å sy fleire ting av med hus på. Puta pyntar fint opp på rommet til Minifeen.

Ynskjer dåko alle ei super helg.

torsdag, juli 09, 2009

Trippe-Ti-Trapp

Erteblomstrane er allereie bytta ut, og i ettermiddag var det lavendel som vart sanka inn. Somme med lang stilk og somme med ekstremt kort stilk ;) Var så heldig at det stod to store lavendelbuskar i hagen frå før av, og for ei som elskar lavendel så er jo det rein og skjær lukke.

Trappa er så godt som ferdig.

Hurra.

Berre liming og litt finflikking av maling (klarte å skrape av litt her og der) som gjenstår før eg går laus med kvitpigmentert olje. Er kjempefornøyd.

Eit kjekt familieprosjekt. Eg er flink med meterstokken, vinkel og blyant. Herr Fe er flink med saga. Makrofeen (6-åringen) er flink å legge trinna på plass. Og sist men minst; mini- og mikrofeen er flinke til å sove søtt medan me andre jobbar. I botnen av trappa ser de eit av dei neste prosjekta i huset. Nemleg golvet i gangen. Det er bjørkefarga laminat per i dag. Midlertidig vurderer eg å male det, men på sikt har eg lyst på gummigulv... Det vert nok rådyrt, og me får spare litt først.

Tusen hjerteleg takk for alle fantastisk kjekke kommentarar. Kvar og ein gledar ei enkel sjel, og eg håpar på betre tid til å kommentere tilbake.


Ha det godt!

onsdag, juli 08, 2009

På rad og rekke

Hagen er i full blomst for tida. Vasane inne vert fylte av hageblomstrar med alt for kort stilk. Me har nemleg ein flink blomsterplukkar i familien :) Nå luktar det godt av erteblomstrar ved spisebordet.

Ha ein fin onsdag!

tirsdag, juli 07, 2009

Den som ventar på noko godt..

..ventar ikkje forgjeves *smil*.



Denne gigantiske gamle nydelege koppen gjekk det fleire månadar før eg kjøpte. Den er frå Figgjo Flint og laga i det kremfarga gamle porselenet eg likar så godt. Det syner ikkje på bilete kanskje, men den er stor. Sikkert dobbelt så stor som vanlege koppar. Den har godt handtak å halde i, og den passar Herr Fe sine hender perfekt. I dag tjuvlånte eg den til morgonteen.
Prisen var årsaken til at det gjekk lang tid før eg kjøpte den. Syns Fretex overpriste den då dei satte prislapp med 200 kr på. Eg lar ofte sjebnen bestemme i slike tilfelle. Står tingen der neste gong eg er innom, så betyr det at eg kanskje skal ha den :) Denne koppen stod der både andre, tredje, fjerde og femte gongen eg var innom. Minst. Heilt til prisen var halvert. DÅ slo eg til. Eg diggar 6.5-åringen min. Han er den beste, godaste, snillaste og finaste guten på jord. Fin i sjelo si er han også. Og eg diggar kompisane hans. Ærlege og tjappe i replikken. Med glade sinn og tannlause smil.
I går møtte me ein av kompisane under handleturen, og inviterte han på middag og leik i dag. Det første han sa var: "Då vil eg at me skal spisa pannekaker". Slikt diggar eg. Eg tar det som eit kompliment. At han likte pannekakene han fekk sist og vil ha det igjen. Nå er pannekakerøra ferdig og står og godgjer seg i kjøleskapet.
Pannekakerøre er noko eg (som alle andre) pleier mikse saman utan oppskrift. Men denne gongen målte eg faktisk opp kva eg hadde oppi. Sånn cirka. Så ynskjer du å prøve mine skikkeleg kaloribombe-pannekaker så blandar du saman røre av det som står på tavla. Jo lengre den står og sveller, jo betre er den. Vert den for tjukk etter svelling, så tilset eg meir mjølk eller vatn. Ein time og to før den skal steikast, takast den ut av kjøleskapet. Romtemperert røre vert nemleg lettast å ha med å gjere.
Her i huset serverast pannekakene saman med bacon, blåbærsyltetøy, smør og sukker. Eg veit dei som serverar poteter attåt. Dei som meinar at utan poteter er det ingen middag, he he. Men det er godt det også. Har du nokre gode serveringstips attåt pannekaker, som eg kan teste ut?



Nå gler me oss til vennemiddag og ein fin dag.

Ha ein fin dag du også

søndag, juli 05, 2009

Dundelina


For ei tid sidan fekk eg ein e-post frå Monica - designeren av barneklemerket Dundelina. Ho les bloggen min, og hadde så lyst å sende ei gåve til minifeen. Etter nokre dagar kom ei kjempefin gåve i posten. Det var ei bok av Roald Kaldestad (Dundelina og det gamle huset), ein av spøkelsefigurane (Elmert Elg) frå boka og ein nydeleg kjole. Tuuuusen takk!
Kjolen er sydd i eit herleg stoff av litt tung kvalitet, og har ein tøff fargekombinasjon av aqua og rødt. We love it :)
Håpar alle har hatt ei herleg helg! Me har slappa av i og rundt huset. Etter tips frå Bodil Bo kjøpte me rutsjebane/sklie som fører ut i plaskebassenget - og gjett om det har vore flittig i bruk.
v
Me får gjort litt arbeid innimellom all kosen også, og då kosar eg meg ekstra mykje. Nå er alle hekkane nyfriserte, sprekkene mellom gatesteinane er reinsa, grunnmuren er nymalt og det er kome opp trappetrinn i halve trappa inne. Det blir berre sååå fint, og eg er lukkeleg for at me valgte denne løysinga. Bilder kjem om litt :)
v
Ha ein fin søndag :)

torsdag, juli 02, 2009

Tredobla samling

Må berre vise dåko bilde av dei nye plastbrikkene eg fann på QXL. Lyseblå, kvite og fleire grønne. Kjøper ikkje fleire nå, for det er då grenser for kor mange minifeen kan ha bruk for :) Einaste må vere dersom eg finn fleire rosa, for det var jo det mamma hadde som liten.

Varmen forseinka arbeidet med trappa. Ikkje vits i å stå ute i tropevarmen å sage. Så me venter på ein frisk bris i lufta og sovande snille ungar. Trinna er i hus, så det er ikkje mykje som skal til. Dessutan medførte naboens nyklipte hekk at hekkeklipping måtte prioriterast i ei ledig stund i formiddag. Det er nok å ta tak i, det er det ingen tvil om :)

Ha ein flott torsdagskveld.

onsdag, juli 01, 2009

Etsy love

Det er lenge sidan eg har vist fram favorittar frå Etsy, men her kjem eit par eg kunne tenkt meg. Eg diggar keramikk i alle slags former og fargar, og på Etsy finst det eit hav av fine ting. Bildet over og under er frå denne selgjaren.
Og desse to frå denne selgjaren:


Kunne ha vist fram mykje meir, men oppfordrar i staden dykk å ta surfeturen inn der sjølv :)
Tudeluuuuu...

Hundekjeks og tusenfryd

Det er fint å pynte med blomstrar ein finn i vegkanten. Hundekjeks er ein stor favoritt, tusenfryd likeså. Vasar frå Ikea og mugge frå Västergården.

Ut for å kjøpe eiketrinn nå.

Ha ein nydeleg onsdag du også!
Related Posts with Thumbnails