fredag, juni 26, 2009

Med Playmo på teppet

I går fekk eg tid til noko eg knapt har hatt tid til etter at minifeen vart født, og det er å leike med eldstemann. Eg har sjølvsagt hjulpe han med leiker, bygd Lego, lese bøker og slikt, men ikkje skikkeleg leika. Det heng nok ikkje berre saman med at eg har hatt dårleg tid, men sjølvsagt også at han har rikeleg av leikekompisar han heller leiker med enn mora :)

Takk og lov!

I går fekk me tid til å leike med Playmoen ute. Kjekt!

Eg knipsa eit par bilder frå hagen medan eg først hadde kameraet ute. Som eg har sagt før, så er hagen ikkje førsteprioritet i år. Littegrann har eg dilla og dalla likevel. Den grøne vatnekanna kjøpte eg på Fretex i fjor. Det er rusta hol i botnen på den, men det gjer ingenting. Den står jo berre til pynt uansett. Fuglehuset kjøpte eg på Notre Dame i København for mange mange år sidan. Like fint den dag i dag. Hekken i bakgrunnen ser framleis litt skamforen ut etter at eg klipte den tidleg i vår...


Humleplante som klatrar på pinne, lavendel som snart blomstrar og blomkarse som veks frodig og grøn. Og god hjelpar i hagen også :


Sukk, så herleg det er med sommar. Og ikkje minst kjølefunksjon på varmepumpa ;)


Ha ei fortreffeleg god helg!!

8 kommentarer:

jordbærpiken sa...

Så koselig! Ja, det er så herlig å være ute i det nydelige været. Ha en god dag. :)

Anonym sa...

Så flott å se at du blogger om eldstemann!!!

God helg.

Den gode feen sa...

Takk anonym. Grunnen til at han ikkje er så ofte i bloggen, er at han er så stor nå, og er lett gjenkjenneleg. Det er for å beskytte han, at eg ikkje skriv så mykje om han :)

Tove sa...

Playmo er en STOR hit her i huset også! Og jeg syntes da hagen deres så kjempefin ut til å ikke være prioritert:)

Og kjøling på varmepumpa hørtes deilig ut:) Elsker sol og sommer, men når det er så varmt som nå må man enten være på stranda eller i skyggen..

Ha en flott sommerdag

Iselin sa...

Vi fikk nr. 3 ifjor på denne tiden... :)

En flott tid å få små på synes jeg.
Når jeg ser bilder av det lille knøttet ditt kjenner jeg at jeg ikke er riktig ferdig ned babylaginga.
Playmo er en hit her i huset også, alltid kos når "innelekene" kan flyttes ut i finværet.

God helg!

mali-mo sa...

Så koselig det var der i hagen, og herlig å se hagehjelperen og storeguttefeen in action ;)

Her i huset har lillemalien oppdaget en sværa kasse med Briotog hvor alt fra min og mannens barndom er samlet. SÅ gøy ;)

Idag venter bading og midagen blir pølsegrilling på stranden. Herlig!

Ønsker deg fortsatt flotte sommerdager med de tre små feene ;)

Noralill sa...

Så kjekt å leike ute i sola! Og med mor attpåtil! Eg synes det er så kjekt at ungane kan vera ute med alle leikene sine om sommaren, sjølv om det er typiske "inneleiker", det er jo ute me er (eller bør vera når sola skin..hihi)

Koselege bilete frå hagen, og kjekt å sjå at du har hjelp i hagen du òg. Tippar ho er flink til å plukke fine blomar i hagen, det har eg ei som er iallefall...

Ha ei flott helg!

Anonym sa...

På det playmo teppet hadde Sylve likt seg ser eg.. han og elsker riddera`og borge "tingeren"
Klem fra Linn

Related Posts with Thumbnails