tirsdag, september 01, 2009

Little people og stilretning og slikt

For nokre dagar hadde Emmeline eit kjekt innlegg om "Ti bloggeting jeg ofte blogger om". Ho utfordra oss andre til også å lage eit slikt innlegg. Å skrive litt om kva stilretning me tilhøyrer og lage ei liste over 10 ting me ofte bloggar om.Eg kjem neppe til å finne 10 ting, men ein gjengangar i bloggen min er at eg viser fram leiker og ting & tang frå barndommen min. Det har eg gjort alle dei fem åra eg har blogga - uavhengig av stilretning.

Emmeline har delt bloggejenter inn i tre kategoriar basert på stilretning; Jeanne d'Arc jentene, Retrojentene og New England jentene. Eg sjølv likar ikkje å definere meg inn under ein av desse stilretningane, sjølv om eg mest assosierer meg med retrojentene av dei tre nevnte kategoriar. Eg føler eg går litt i mi eiga retning utifrå kva eg likar, kva type hus eg bur i, kva økonomi eg har og utifrå modning. Eg kjører Lindas stilretning eg ;)

Eg har likt retro stoff og kitch ting heile livet. Eg har likt fattigmannslysestakar og designlampar om ein annen. Kvit keramikk, engelsk porselen, turkise glass, oransje plastkoppar i eit einaste sammensurium. Eg kjøper dei tinga eg likar og som passar inn i huset, i livet og som tiltalar meg. Eg har samla og kjøpt inn ting eg har likt så lenge eg kan hugse. Servicet me brukar til dagleg kjøpte eg for eksempel i forrige århundre (1. klasse på gymnaset) (blått kvitt engelsk Royal Mail service frå Myott).

Eg ynskjer å ha min eigen stil. Eg ynskjer å vere tidleg ute med nytt. Og eg vil helst ha ting som ikkje alle andre har. Altså basismøblane som Ektorpen, Billy'ane, Norden spisebordet osv er sjølvsagt ikkje til å unngå at er likt, men tinga som skapar den personlege stilen er heilt greit at varierer litt frå hus til hus og frå blogg til blogg. Putene, lampane og fargane bør helst bære mitt eige preg. Hurra for Elna :) Keep Calm and Carry on plakaten er forresten tatt ned frå veggen. På veggene har eg lyst til å ha kunst. Men ventar til lottomillionane skal rulle inn på kontoen :)

Vel, tilbake til gamle leiker. Desse gamle Little People bilane og figurane var bror min sine. Dei tilhøyrte eit tre etasjers parkeringshus. Parkeringshuset arva eit av søskenbarna våre, men dei fire bilane og figurane har me enno. Synd eg ikkje fann den finaste av figurane før eg skulle ta bilder. Det er ei blåkledd jente med brunt hår...
På Flickr er det grupper/pools for det meste, og også ein pool for vintage Fisher Price leiker. Der er det mange av desse Little People avbilda i alle slags utgåver. Eg tykkjer at dette bildet var ultrabra:
Foto: Flickr
Slik jente er det me har, men altså med blå kropp og brunt hår:
Foto: Flickr
Tirsdagen er godt i gong allereie. Dagen vart ikkje heilt som planlagt, sidan Alma vakna med feber. I staden har me lese barnebøker, sunge sangar, sett på Postman Pat og kost oss heile dagen. Akkurat nå søv både ho og mikroen på sofaen, og eg må få svong på huset før karane kjem heim. Ynskjer alle som er innom ein fin ettermiddag/kveld :)
I'll be back tomorrow ;)

14 kommentarer:

Jannicke sa...

Hurra for egen stil!
Jeg liker heller ikke å bli puttet i bås!
Flott innlegg! Klem :o)

Lene sa...

Utrolig moro bilde fra flickr!
Der inne kan jeg lett drømme meg bort noen timer...

God tirsdag! Og god bedring til lille Alma.

Lene.

Anonym sa...

Hei.
Slik "dokker" hadde jeg og som liten. Jeg hadde de med et ficher price dukkehus. Nå har jeg dukkehuset men mangler "dokkene". Vet du om noen plass hvor det er mulig å få takk i de?
Koselige minner : )
Rosa

Anonym sa...

Loved seeing the Fisher Price "children" watching a story on "T.V." Thanks for sharing.

Bea sa...

Så koselig å se igjen disse figurene:o)
Husker godt disse figurene fra hytta på Roan. Jeg og søstra mi elsket å leke med dem. Tror kanskje noen av dem har overlevd alle 12 barnebarn og like mange oldebarn. :o)

Flotte bilder!

Klem

Bo med Lena sa...

Hurra for å kjøre egen stil! Og du har, om jeg må få si det, en veldig fin stil. Me like:)

Her ble heller ikke dagen helt som planlagt. Her våknet også et småsykt barn og da må man improvisere. Men det ble en god dag likevel.

Ønsker deg en fin kveld.

BO sa...

Veldig bra!!! HEILT ENIG! Veldig bra skrive!
Synes me er ganske like der me veninnene frå øyo: Me har likt dei tingo me har likt kvar for oss, kjøyrt vår greia, samstundes som me har inspirert kvarandre! Kjekt å komma heim til Lena, til Ingrid og til deg! Å da er da viktigaste at ein merkar at heimen er harmonisk og at det som er der matchar personligheten/familien som bur der!
Trender følger ein, men mykje har med metning og modning!

På kunstfronten er jo eg litt i gang,uten millionærgevinst. :-)Vurdere nå sterkt eit bilete av Anda for tida...

lillebille sa...

Det med å definere stilen sin er ikke så lett. Men jeg er helt enig med deg. Jeg definerer også stilen min som min egen. Det er jo det som skaper særpreget og det levende. Man kjøper de tingene man liker uavhengig av stilarter og motetrender. Venninnen min pleier alltid å si til meg: Hjemme hos deg er det jo egentlig ingenting som passer sammen - men allikevel så er alt så harmonisk, kreativit og koselig!
Synes ikke at et hjem skal se ut som om det er tatt rett ut av en møbelkatalog jeg...

Flotte Fisher Price bilder :o) Vekker minner

Ha en fortsatt fin tirsdag!

sylysten sa...

Helt enig med deg og mange av de andre. Kan heller ikke puttes i noen bås, eller forresten det må kanskje være gjennbruksbåsen;o) Har ikke så mye som er kjøpt nytt lenger, bortsett fra at vi har bygd nytt hus, så da røyk nok den båsen også;o)))
Klem
Linda;o)

Petit sa...

"Little people" fra gamledager er gøyset, sa jenta mi for noen år siden. Min mor har masse little people fra jeg var liten, skal se om jeg kan få tatt litt bilder nestegang jeg er der... her snakker vi nemlig om mange godbiter som et lite tivoli, campingvogn, hus og barnehage m. lekeplass. For ikke å snakke om ei stor ferje...uff, nå ble det nesten på grensa til skryt her ;)

Den gode feen sa...

Rosa: eg er altid på utkikk etter desse på Fretex, Finn og QXL - men har ikkje funne enno :)

Petit: det er lov å skryte sjølv om eg vert dødsmisunneleg :) Gledar meg til å sjå bilder av samlinga di :)

Den gode feen sa...

Rosa: eg er altid på utkikk etter desse på Fretex, Finn og QXL - men har ikkje funne enno :)

Petit: det er lov å skryte sjølv om eg vert dødsmisunneleg :) Gledar meg til å sjå bilder av samlinga di :)

Linda S sa...

Mnååå søte leikane!! Lenge sidan sist eg såg sånne, men no når eg såg bildene dine så strauma minnene tilbake :)

Linda S sa...

(vart litt i stuss... det heiter kanskje ikkje strauma, men heller strøymde- på nynorsk) :)

Related Posts with Thumbnails