fredag, mars 05, 2010

Ei hyggeleg reprise?

Av og til er det er artig sjå seg tilbake. Akkurat i dag syns eg det er synd at eg har sletta dei gamle bloggane mine. For i over seks år har eg nesten dagleg sendt små smakebitar frå livet mitt, idèane mine og tankane mine ut i cyberspace, og delt med dåko som les bloggen.  Sletting har eg gjort innimellom med viten og vilje, for å oppnå ei slags ro. Ei ro fordi ingen lengre kunne leite seg bakover i arkivet og lese om kva som stod meg på hjarta til ei kvar tid. Det er jo rart med blogging, for de kjenner meg på ein måte, men eg kjenner ikkje fleirtallet av dåko som er innom. Eg er jo etterkvart ein erfaren bloggar, og syns ikkje lengre at ting er så skumle (å ikkje vere anonym, å bli gjenkjendt og ha eit milesvis langt arkiv utan å få panikk).

I dagens tilbakeblikk har eg funne fram to innlegg. Eit frå mars i totusenogåtte og eit frå mars totusenogni. Håpar dåko kosar dåko med innlegga ;)


Mars 2008:
Eg har lenge likt kombinasjonen av å bruke svarte ting til alt det kvite. Her kjem ein liten reprisekavalkade av litt av mine svarte ting...





 




















Kjenner at eg saknar leiligheten i Bergen når eg ser bileta. Det er noko med det å bu i ein leilighet kontra eit hus. Ein har meir kontroll. Nå bekymrar eg meg for om blyet rundt pipa ligg tett, om ventilasjonen er god nok i kjellaren, at me bør drenere utvendig og alt mulig i tillegg til oppussing inne. He he. Det er moro, men det er litt ansvar også. Mykje å planlegge, draume om og ønske seg. Tankane jobbar i høgtempo. Eg vil også vinne i Lotto, Emmeline! 


Mars 09:

Til jul/bursdagen min fekk eg ei kjempefin lysekrune av Bodil. Lysekruna er frå House Doctor og kjempedekorativ og skjønn.

Ting tar som kjendt tid, og i dag, tre månadar etter jul, vart kruna endeleg hengt opp over småfeane sin krok på kjøkkenet.

Kruna er for tida dekorert med malte påskeegg med pålimte babuska og sopp klistermerker. Vart ikkje det koseleg? Egga malte eg og 6-åringen for fleire år sidan, men nå er dei altså piffa opp med særdeles utypiske påskeklistermerker :)

Upsy Daisy er på teselskap saman med minifeen. Dei matchar visst både i fargar og til dels i hårfrisyre ;)
Tusen tusen takk for alle dei kjekke, og for meg, rørandes kommentarane på forrige innlegg. Eg set kjempestor pris på at de gidd legge igjen kommentarar, sjølv om eg er treig med å skrive tilbake (til dei av dåko som har blogg). Eg veit kor lett det er å sveipe innom ein blogg, og før ein veit ordet av det har ein surfa til neste. Så at nokon stoppar opp for å legge igjen ei helsing er kjempekjekt.


Ha ein fin lørdagskveld!!


Jepp, då var det tilbake til nåtida og det herlege faktum at det er helg igjen. Me hadde min herlege, livsglade og gode nevø på 5 år med oss heim igjen frå vinterferien. I morgon skal han reise heim til mammo og pappaen sin. Det har vore ei hektisk veke med fire ungar i hus, iallefall då den yngste og eldste av dei har vore sjuke. Men hektisk betyr ikkje at det ikkje har vore kjekt. Nevøen min er så god at han kunne ha flytta inn her på dagen hadde det vore opp til meg ;) Og det vert trist å levere han tilbake i morgon. Heldigvis er det ikkje lenge til påske.

Ha ei riktig riktig god helg der ute!
Klem frå Linda

PS! Nokre småtips frå meg:

Denne bloggen er verdt eit besøk. Ikkje berre eit, men mange faktisk  (Anna Malins Helt Enkelt).
Desse plastteppene er geniale. Søl? Berre tørk over teppet med ein fuktig mopp, eller rett og slett spyl teppet med hageslangen :)
Dette må då vere verdas søtaste koppar til sommarens piknikkar (har nokon sett desse i norske nettbutikkar?)
Verdas finaste vimpelrekkje til hagefesten.



11 kommentarer:

mi-rachel sa...

så gøy innlegg..å lese og se litt tilbake i tid:)

Hyttehuset sa...

Det er kjekt å sjå tilbake på alle måtar. Kjernen i ein sjølv blir så tydeleg då. Og så er det kjekke minne.

Ricekoppane treng du ikkje nettbutikk for å få fatt i, ta deg berre ein tur til Smak i Sandnes. Eg blir yr av glede i den butikken.

Nina sa...

Blogg blir litt som en dagbok. Så hyggelig å se tilbake i innleggene dine.

OG - forrige innlegg - bildeserien av en søt tulle i pene sko - det er det fineste jeg har sett på kjempelenge. Helledussen så storartede blinkskudd!

Stjerneteller sa...

Skal si du kommer sterkt tilbake etter en velfortjent minibloggpause! Kjempekjekke innlegg, nydelige bilder av prinsessen, mange gode mimrebilder (husker mange av dem, så kan gjerne bekrefte at du har hatt den svarte trenden lenge :)) Her har vi også en del svarte ting blant alt det hvite, men mer kjedelige ting som flatskjerm, høytalere og vedovn...Gøy med godnattkommentar på bloggen min også :) Ha fin helg!

Anonym sa...

Kjekt å se - kjekt å bli inspirert av deg:-)
Riktig god helg, klem Hege.

Emmeline sa...

Et veldig kjekt gjensyn;)

Husker begge disse innleggene veldig godt. Flotte innlegg og så husker jeg så godt leiligheten du hadde nedi veien her;) Syns den var så KUL. Husker at det nesten var finere der i virkeligheten enn på bildene på bloggen:) Var så IMPONERT over akkurat det. Gøy å se din flinke bloggejente:) Inspirerende syns jeg og JA Lottomillionen hadde vært greit å ha, men vi får vel gjøre så godt vi kan med det vi har i lommerusk. Det blir heldigvis NOE av det. Du og jeg for eksempel kan kose oss med Kitchen Aid--du i virkeligheten, og jeg i drømmene, mens stakkars Stjerneteller over her har en mann som har kjøpt et stort DROG av en maskin som han lager mat med. Stakkars stakkars Stjerneteller!
Da gjelder det å glede seg over de små tingene.... og det gir jo også litt glede;)KLEMS

Anna-Malin sa...

hej!

det är första gången jag är här och jag har kommit för att stanna ;)
underbar sida du har...
underbara saker du gör, jag blir glad av dem!!

tusen tack för inspirationen (och för din länk till mig....)
hoppas det går bra att jag lägger dig i min länklista.

nu ska jag fortsätta att läsa och njuta av allt fint..

kram
anna-malin

Blåbærpai sa...

Hei! ja, tru det eller ei, men eg har lese desse innlegga den gong dei var publiserte. Har fylgt bloggen din i allefall tre år.Hugsar godt til å byrje med, torde eg ikkje leggje att ein kommentar og følte eg sneik på ukjende ved å lese på bloggene deira..hihi!
God helg du flinke flinke bloggedame:)))

Tessi sa...

For et nydelig hjem du har:)

http://www.tessi-la-la-land.blogspot.com/

Lilliannes verden sa...

Nei, no blei eg glad! Eg syns det var utruleg kjekt å høyre at den fallt i smak :)
Eg skal ikkje ha noko i gjengjeld. At ein av mine gåver får komme på den hellige bloggen er godt nok for meg :D

mine drømmer sa...

Jeg blir så inspirert av bloggen din. Du har så mye lekre farger.:))
Ha en fin søndag!

Related Posts with Thumbnails