lørdag, januar 08, 2011

I lokalavisa :)



Eg er utruleg glad i lokalavisa vår - ja, lokalavisa frå der eg kjem ifrå - nemleg Kvinnheringen. Eg vart derfor veldig glad då dei ringte meg for eit telefonintervju ein dag. Dei hadde nemleg fått med seg at eg vann Dagbladets og Kulørs kåring. Ja, den andre lokalavisa i kommunen - Grenda- har også hatt ein reportasje. Den har eg imidlertid ikkje sett enno, så eg skal sjå om eg ikkje får henta den inn til bloggen også, hi hi.



Det florerer vel ikkje akkurat av bilete av meg sjølv på bloggen, så journalisten har leita lenge i arkivet før ho fann dette gamle 17.mai-bilete av meg og dei to eldste. Koseleg å sjå igjen. Og i grunnen rørandes å minnast kor små dei eldste var her, for det følest jo som om det var i forgårs.. Den vesle skjønne jenta i det midterste bilete er jenta til Bodil BO. Gu' kor åra fyk.




Eg veit ikkje om de klarar lese teksten som eg saksa frå avisa, men eg har iallefall gjort eit forsøk.

Ha ein super laurdag :)

13 kommentarer:

Refleksjon på livsvegen sa...

Så kjekt!!

god kreativ helg :-)

Stine Hoelgaard Johansen sa...

Tillykke med artiklen.
Hvor ser i fine ud, sødt med matrostøjet:)

stine

Hildemor sa...

Så kjekt, gratulerer med artikkelen. alltid spennende å titte innom hos deg:-).
Ha en fortsatt fin helg.
Hilde.

g u r o sa...

Så koseleg å lese! :)

Eg har jo fulgt med i bloggen din ei stund, og ser at den har endra seg litt no når den har vekse seg så stor og blitt så populær. Men du greier på ein flott måte å sjonglere dei kreative tipsa med andre interiørtips og ein passeleg dose familieliv, slik at vi kjenner oss att og kan inspirerast av alt det de finn på! Eg nyt det visuelle ved bloggen, saman med teksten og idèane! Takk for at du deler, Linda!! :)

Ønsker deg og dine ein strålande laurdag!
Varm klem frå Guro

Frk.Virrum sa...

Så kjekt!
Som utflytta sunnhordlending heier jeg selvsagt på deg!!

Ha en super helg!

Anette {foreldremanualen} sa...

Så koselig! :-D

HusmorDronninga sa...

Veldig koselig å lesa om deg i Kvinnheringen i dag.. (ja for avisa dumpar ikkje ned i postkassa før dagen etter, for oss som bur litt langt unna...)
Du gjer deg godt på trykk, og er på ingen måte nåken dårleg blogg-ambasadør frå heimkommunen :)

Tonje sa...

så fantastisk gøy! gratulerer med tittelen!

xx T

Karoline sa...

Hei! Gratulerer masse med tittelen :) Godt jobba!! :)
Ha en strålende helg videre :)

Klem KAROLINEMOR!

Taratei sa...

Heisann. jeg er en av dine annonyme lesere som har fulgt deg i mange år, jeg digger bloggen din :)Nå har jeg tatt steget å laget min egen blogg.
Ha en fin søndag.

Anonym sa...

Tillykke med artiklen! Godt gået

skb sa...

Lokalaviser er viktig. Sjølv om eg har budd i Bergen sidan tidleg 90-talet får eg Hallingdølen i postkassa tre gonger i veka. Skal eg prioritere lesetid mellom den og BT og DN ( som begge dett ned i postkassa kvar dag ) så vinn Hallingdølen.
God sundag.

Fru Schenk sa...

Hei! Så artig, nå har jeg vært følger på bloggen din i snart ett år og ikke før i dag har jeg fått med meg av du er fra Kvinnherad. Så moro! Jeg er selv født der, men familien min flyttet til sørlandet da jeg var tre år gammel. Jeg har fortsatt halve selkta der og tar meg jevnlig turen vestover.
Jeg liker bloggen din svært godt, og du har alltid så flotte bilder. Artig at Kvinnheringen også har snappet det opp.
Med ønske om en god søndag.

Hilsen Ingebjørg

Related Posts with Thumbnails