torsdag, oktober 27, 2011

Planen er klar


Plan for helga er klar. Herr Fe har kjøpt inn tre gresskar. Eit lite til minstemann, eit mellomstort til mellomstemann og eit stort til størstemann. Mor sjølv er ikkje sånn superfan av amerikanske tradisjonar, men her i Stavanger er Halloween STORT. Eller kanskje det er blitt sånn i heile landet etterkvart. Alt for ungane, så her er helgeplanen at det skal førebuast til Halloween på mandag :) Enn så lenge står gresskara og strålar på kjøkkenbordet saman med tomme fine skåler (Bloomingville).


Litt kakeinspirasjon frå Etsy til slutt:




 God natt og god fredag til deg der ute :)

6 kommentarer:

Anne sa...

Utrolig skjønne de skålene!!!

Frøken Fryd sa...

Oj oj, ja her er me klare også. Var ute og handla nytt kostyme til lillebror i går, han har snakka om dette lenge. Og vart livredd sidan me skal reisa til mormor og morfar i helga, han trudde Halloween var på laurdag ser du. Og på Stord er ikkje Halloween heilt det samme ;)

God helg!!

Klem Eli

Lille Liljehvit sa...

Morsomt! Jeg har liksom aldri pyntet til halloween, men har vært på noen halloween fester, og det er jo litt moro med det skumle :) Håper helgen blir bra :)

lilja

Fuglemamma sa...

Fuglefamilien har tatt et aktivt valg om å omfavne Halloween. Jeg synes det er fint med litt fest og moro og tente lys, også inni gresskar, nå som vi går mot mørketid og vinter. Gresskar-utskjæring er kjempegøy. Kos dere!

Felulah sa...

Vi er ikkje noko særleg på Halloweenfeiring vi heller, men skal aldri sei aldri. Får sjå kva ungane seie når dei veks til :) Nydelege dei skålene du har der!

Anja sa...

Så gøy :D og så mye fint

Related Posts with Thumbnails