torsdag, februar 09, 2012

Metamorfose


Metamorfose = forvandling eller omdanning.

Denne smykkeeska har gjennomgått metamorfose.
Ved hjelp av litt maling og dette fantastiske stempelsettet her (kjøpt i julegåve til meg sjølv frå Sweet Memories):....



...vart denne eska sjåande slik ut: 

På grunn av plassmangel på lokket, vart det ein fundamental feil i teksten. Everyday i eitt ord betyr kvardags- eller vanligvis. Every day derimot betyr kvar dag. Bommerten er kamuflert av eit lite hjarta. Vel, bommert og bommert. Vanligvis går jo også bra, hehe, om enn ikkje fullt like romantisk.  Og uansett: bodskapen er jo innlysande. Kanskje den perfekte valentinegåva kan skjulast oppi den vesle eska. Kinobilettar, godteri, eit kort med info om at barnevakt er fiksa og ein kveldstur i måneskinnet kan gjennomførast. Hmm, berre fantastien og den begrensa plassen set grenser her.

Her er det fullt køyr som vanleg. Nå skal små småtroll skyssast i seng, og så skal mammo på jobb igjen.

Ha ein fin kveld der ute!

PS! Trekninga er utsett til i morgon....det betyr at du kan slenge deg med om du ikkje har gjort det enno. 

11 kommentarer:

Gagn sa...

La merke til overskrifta di. Tok nettstudium i samfunnsfag i haust, og kobla no med dei metamorfe bergartane. Godt å få sjekka at noko sit att inni hovudet! Fin omdanning boksen din har hatt :)

aboxof-chocolate sa...

Det var virkelig en nydelig forandring! Du er så kreativ og flink :-)

cathrine - trettien [31] sa...

Flott boks, har også forvandlet en helt identisk boks til oppbevaring av fargestifter til ungene... Men det står fremdeles calvin klein på boksen, hehe....

Kathrine 'Glimt' sa...

cool... :) Elsker bokser som kan gjøre nytte på nytt.

Fru Gullhår sa...

Så kjekt med enkle tips til hjartedagen :-)
Boksen blei kjempe fin!
Hilde :o)

Velamarta sa...

Herleg! Har akkurat blitt ferdig med eksamen i geologi, og ja, eg fekk meg ein god latter av overskrifta :)Har aldri kome på å bruke metamorfose i andre samanhengar, men det funkar jo det og! God kveld

Lilli@Home sa...

Likte overskriften din:-) Boksen ble kjempestilig. Hilsen Lilli

Hyggestunder sa...

Super god ide! Æsken ser rigtig fin ud... Jeg kan straks se et bjerg af ligende æsker for mig,, for dem kan man da ikke få for mange af, vel? ;0)

AvMeg sa...

Stempling er kjempekjekt :-)

soisses-dasleben sa...

i really love stamps. and these are very special :) i like.

wish you a lovely weekend, dani

Anette {foreldremanualen} sa...

Wow - knallfin! :-)

Related Posts with Thumbnails