torsdag, mai 17, 2012

Hipp hipp

Så var feiringa av Norges nasjonaldag overstått for dette året. Puh :)



Vèret var ikkje på vår side i dag.
Eg kan sjeldan hugse kaldare, surare, og våtare syttande mai enn denne.
Brrrr, me formeleg hakka tenner medan me venta på storebror som gjekk i barnetoget.
Heldigvis gjekk skulen hans som nr 18 i år (var skule 51 av 52 ut i fjor), så me slapp stå to the bitter end i kulden i dag.


Dessverre knipsa eg så mange bilder i førekant, at når storebrors skule og klasse kom, så var batteriet flatt... Søren altså, men han er rett baki her på bildet over *peikar*. Som i fjor, fekk Alma gå siste stykket saman med storebror, og det var stor stas både for ho og for han i år også.
Me hadde ein kort visitt innom skulegården, men med det pyton vèret var det best å komme seg heim i varmen og til frysaren full av is. Heimelaga rømmegraut og pølser i brød stod også på menyen. Mmmm.

For dei som er intressert i slikt, er bunaden min ein Sunnhordlandsbunad som i grunnen er ganske lik Hordalandsbunaden, bortsett frå at dekoren er brodert med korssting i stadan for i perler. Det er valfritt om ein vil ha vevd forkle eller kvit linforkle med hardangersaum, og eg har sistnevnte. Bunaden vart i si tid sydd av mamma si koselege nabodame, Olga, og den er knallfin om eg skal seie det sjølv ;) Trur eg skal byrje bruke den var syttande mai.


Alma brukte mi sølje som eg hadde som liten. Superkoseleg. I tillegg hadde ho fått låne ein superfin bunad av mi superkjekke kollega. Ho elska bunaden og spurte faktisk om ho kunne få ha den på i barnehagen på mandag, he he. Måtte begeistringa vare ;)


Ein finfin dag feira akkurat slik me likar det er overstått. Herr Fe og Samson glimrar med sitt fråvere på bildene frå dagen, men var så absolutt til stades saman med oss.

I morgon er det planleggingsdag både på skule og barnehage, og me skal kosa oss heime. HERLEG.

Tudelu så lenge :)

14 kommentarer:

BO sa...

GRATULERA med dagen! :-)
Eg synes pelsbelte var fabelaktig. Trur ikkje bunadspolitiet har noko å utsetja på det! :-)
Her og regna da, men glimta jo litt til med opplett og sol. Me snakes!
Klem

Whitebite sa...

Flotte bilder fra oljebyen vår!!
du har knipsa hele to bilder av klassekamerat av jenta mi gjennom 10 år også..)

Neste år blir det sol og min 15 grader, det er allerede bestemt:)

Anonym sa...

Herlige bilder fra dagen, selvom været så ut som det kunne vært bedre ;)

Her hadde vi alle en bunadsfri dag av en eller annen grunn ;)

Cathrines Kreative Hjørne sa...

Hei,
og vel overstått 17. mai! Så fine dere var, og bunaden din er superfin! JA, den burde du bruke hver 17. mai!!! Så hyggelig når det er sydd av noen du kjenner!

Kald 17. mai, ja, det var det her også. Men vi koste oss INNE vi, så vi slapp unna blåfrosne fingre og regn i håret!

Nyt fridagen din!

Klem Cathrine :-)

Dans på roser... sa...

Haha! Så gøy! Pelsbelte.....=)
Vakker bunad du har.

Takk for titten.
Kathrin.

Loppedilla sa...

du tar så fine bilder :)

Lappeline ♥ sa...

vel overstått.......flotte bilder selvom dagen var kald.
Bunaden din er flott og jeg har 2 jenter som har lik....

Ønsker deg en flott dag i heimen :))

Edny sine puslerier sa...

For ein flott bunad du har!! Den må brukast og visast, ja;) Nydelege stemningsbilete som viser korleis 17.mai var hos deg, -og også hos meg;) Veret kan vi dessverre ikkje styre, så då må vi gjere det beste ut av det. Skjønne barn du har! Og kjekt å sjå konsentrasjonen om fingerstrikkinga. Det lovar godt for framtida;)

Darla sa...

Beautiful bunad. Looks like a festive day.

AvMeg sa...

Nydelig bunad du har :)

StrikkePia - Kristine sa...

Så fine bilder. Koselig!!

Og Alma er en nydelig jente. :-)
Så gøy at hun var så begeistret for bunaden. Måtte det vare!!

God Helg ønskes deg og dine. :-)

Liliana sa...

seems like fun ;)

The pictures are really pretty! :D

smileull sa...

Så utruleg flott bunaden din er!

Og så gler det eit informasjonsrådgjevarhjarte at du bringer fine bilete av flotte ungdomar i KFUK-KFUM-speidarskjorte! Eg meiner eg såg han her på landsleir for eit par år sidan, med ei litt meir moderat utgåve av denne flotte sveisen :D Kul fyr!

Vi kryssar fingrane for varmare ver til neste år :)

Marianne sa...

Hurra og vel overstått feiring!
Alltid like fint å komme innom bloggen din.
Det ligger en utfordring til deg på bloggen min hvis du har tid :)

Related Posts with Thumbnails