Ein av dei kjekkaste og stautaste på geologistudiet var Voss'ingen Helge Erik. Han fann den store kjærleiken i ei svensk jente då han ferierte med to andre geologistudent-kompisar på Cuba. Eg trur faktisk at denne ferien var i etterkant av studietida, for eg traff aldri denne Therese som han møtte. Og det må vere sånn cirka 10-15 år sidan.
Verda er lita, det får eg stadig bevis for. Du skjønar kanskje allereie kvar eg vil hen i kveld. Ein dag for eit par-tre veker sidan får eg nemleg e-post av ei som skriv at ho designar barneklede i bambusklede.
Merket hennar heiter
Tiljamid.
Ho er lokalisert på Voss.
Og ho lurer på om ho kan få sende meg klede til dei to yngste, slik at me får teste dei i bruk.
Kleda kom for nokre veker sidan. Mjukare klede i sprekare fargar skal du leite lenge etter. Dei er i bruk dag og natt (!) berre avbrote av nokre omgongar i vaskemaskina innimellom. Ungane elskar kleda, og eg diggar dei. Det kan ikkje bli betre enn dette.
Er du også på jakt etter mjuke, slitesterke barneklede, så finn du meir info om Tiljamid her og på bloggen deira.
Tusen takk Therese, hels mannen din frå meg :)
Bilderas her:
Håpar du nyt finaveret og solstråler der du er!
13 kommentarer:
Lindas estampas florais,para uma primavera florida.Um abraço.
Livet er fullt av tilfeldigheter. Nydelige klær!
Dejlige billeder og en hilsen fra Danmark
Kjempeflotte klær!!
Så fine plagg! Og for et morsomt sammentreff,
Verden er liten ;o)
Lykke til til Therese med klesmerket! Ser veldig flott og behagelig ut! Digger blomstermønsteret og fargene.
God helg!
For et sammentreff og for noen morsomme klær!
Har så utrolig sansen for smågrundere, og ja spesielt når de er kvinner- sorry gutta :)
Det spørs om det ikke blir litt handling her ja....
Takk for tips
Stina
ps, Er du opprinnelig Sunnmøring ? :D
Fiiine klær! :D
I dag laget jeg og Elena butikk, og solgte saft og sjokolade.
Det var virkelig storveis altså, tusen takk for inspirasjon!
klem fra Silje
Anonym: nei, eg er Sunnhordlending og ikkje Sunnmøring. Trur kanskje eg har ei navnesøster oppi der ein stad..
Er det ikke rart? At verden (og ihvertfall Norge) er så lite! Nydelige klær, likte buksa utrolig godt Ü
Haha, jammen er verda liten :) Det er like artig å oppdaga kvar gong kor lita den faktisk er. Spreke klede, og når dei er mjuke og behaglige så er jo borna solgt med ein gong - og det skjønner eg godt!
Eg vurderer spinning på fredag på Madla kl. 17:10 med ein instruktør som heiter Arvid - han er herlig "på sida". Han syng og formelig dansar på spinning sykkelen, og det er ein fantastisk måte å starta helga på. Eg får besøk av tre venninner på fredag, dei skal bli heile helga - kvalitetstid!!
Ha ei god, kort veke, Linda :)
Klem Eli
Kjempefine klær! :)
Ååå så fine bilder :)
Ekstra kjekt at dei blir flittig brukt :)
Helge Erik hilser.
Klem Therese
Ååå så fine bilder :)
Ekstra kjekt at dei blir flittig brukt :)
Helge Erik hilser.
Klem Therese
Legg inn en kommentar