søndag, juni 10, 2012

Sov godt


Hin dagen kom det pakke til meg i posten. Som de allereie veit, så elskar eg pakkar i posten. Jippi! Inni pakken låg det mjukaste sengetøyet frå BadaBoom. Sengetøy laga av bambus. Utruleg herleg kvalitet; silkeglatt & herleg. Sånn i det daglege er ikkje stryking av sengeklede noko eg syslar med. Til det er livet for kort, unnskuldar eg meg med. Men i føremiddag og anledning dette blogginnlegget så måtte derimot både strykebrett og strykejarn fram. For sengetøyet er nemleg så fantastisk herleg at det fortener på komme på bloggen.


Til vanleg lid eg av lakenskrekk, men i kveld gledar eg meg regelrett til å krype under dyna. Mmmm, kikk innom Badaboom og dei fantastisk gode sengklærne du også. Der finn du også meir info om kvifor sengekleda er så gode.

I morgon satsar eg på ein solfylt og fin søndag. Eg har nokre blogginnlegg på planleggingsstadiet, og håpar eg får sett idèane ut i verda i morgon. Då treng eg både sol, varme og opphaldsvèr, så kryss fingrane ;)

Finaste søndagen til deg i morgon!

8 kommentarer:

elviras drops sa...

Kunne tenkt meg eit slikt sengesett ja, kjenner til det med lakenskrekk:-)
Om ikkje barna dine ville late som dei sov, så fekk du no iallefall nokre blinkskot av dei. Utruleg skjønne barn du har.
Ynskjer dokke ein herleg søndag!
Klem frå Mari

Living Four Seasons sa...

God søndag til dere også! :-)

Den gode feen sa...

Tusen takk :)

Hilde sa...

Hei Linda!
Koss gjekk det det den såpa som du fekk tidligare? Den som skulle hjelpa mot eksem og sånn.

Solrun.. sa...

Hei...og takk for mange koslige og fine blogginnlegg...er innom deg hver dag.. :-)

Vil bare snu noe på hodet av det du skrev:Livet er for kort til IKKE å ligge i nystrøket sengetøy...gir bare den beste følelsen!!

Kos deg og ha en strålende søndag..

Tilonino sa...

Det så helt skjønt ut.
*tine*

Hege :) sa...

Spent på om du sov godt :)

Den gode feen sa...

Hege og andre som måtte lure: eg søv fantastisk godt i desse herleg mjuke og glatte sengklærne. Mmmmm, søv som ein stein med andre ord :)

Related Posts with Thumbnails