onsdag, august 01, 2012

Vennebyen


Me budde i Bergen den gong animasjonsserien Vennebyen vart lansert for første gong. Mannen bak serien var ein politimann frå Bergen som altså laga serien inspirert av ungane sin fascinasjon for utrykningsetatane. Eg hugsar eg tok med eldstemann på lanseringsfest i Konsertpalèet på Engen, og sidan den spede lokale start den gong har Vennebyen blitt fast innslag på TV2 sine morgonsendingar i helgene. Ja City of Friends har til og med ein internasjonal suksess. Gøy! Også heime hjå oss er Vennebyen populær, og kanskje særleg blant minstemann.

Simon fekk nemleg Vennebyen-temagåve til bursdagen, og sidan den gong har han "flytta" ut i hagen saman med Elfie, og Vennebyen-CD'en går non stop i bilen. No more mP3 på mammaen og storebror med andre ord. Men introsongen til serien er fengande og fin, så det går veldig bra å erstatte mP3 så lenge dei to minste er passasjerar.



I nettbutikken fann eg også Vennebyen-plaster og dei stoppa mang ei tåre denne sommaren. Som alle andre småbarndsforeldre veit, har plaster ei magisk effekt på skrubbsår.

Eg diggar at flinke norske menneske kjem seg opp og fram, så det er derfor eg kjem med denne hyllesten til Vennebyen i dagens comeback to Blogglandia innlegg ;)

Eg er tilbake med nytt innlegg i moron...trur eg ;)

Tudeluuu !

5 kommentarer:

24 sa...

Velkommen hit til vennebyen....trallala. Den serien er og blitt ein hit her i huset.
Søte dialektar og kjekke figurar.
Hurra for pappapoliti fra bergen som fekk til dette :)

ha ein fortsatt fin sommar, ein skikkelig sjønnas du har i teltet :)

sommar klem fra henriette

ozgrkdn sa...

Hi Linda,My daughter's blog LookbookUnlimited is began broadcasting...I hope, you do support her:)))Have a nice day:))

AvMeg sa...

Det så koselig ut i det teltet - det er sikkert kjempegøy for en liten kropp :)

LisaM sa...

Fengende melodi det der☺

Koselig å se deg tilbake☺

StrikkePia - Kristine sa...

Jeg bor like ved der Vennebyen har lokalene sine nord for Bergen Sentrum. Artig å bo i nærheten av noe som er så kjent og populært. Gikk forbi bilen deres i går. :-)

Ser ut som Simon koser seg i teltet sitt, og ja, plaster har en magisk virkning. Plassa på sa ene tantegutten min da han var liten. De har en klokketro på plaster, og det skal de småan få fortsette å ha. :-)

Håper dere har det fint på deres kant av verden i det sommeren så smått bikker over i høsten. Her har det ikke vært mye til sommer. :-)

Related Posts with Thumbnails