fredag, desember 14, 2012

Å sove godt


Litt nytt på soverommet har kome til i det siste.
I samme pakken som nattkjolen frå Designstjerner kom det nemleg nytt sengesett, også frå Beach House. Sengesettet er i fantastisk mjuk og god kvalitet då det er laga av bomullsjersey (t-skjortekvalitet). Inntil dette kom i posten var eg ikkje klar over at type sengetøy kan bestemme kor godt ein søv. Det er ikkje tull ein gong, eg søv betre i dette sengetøyet enn i vanleg bomullssengetøy. Det er vanskeleg å beskrive kor mjukt og godt det er. Bodil BO: dette er sengetøy for deg - du som hatar kreppsengetøy og andre harde tekstilar når du skal sove ;)

Etter å ha testa sengetøyet i nokre veker, kan eg gje det mine beste anbefalingar. Det beste av alt nett nå før jul, for dette er ei perfekt julegåve, er at alt frå Beach House framleis er på rabatt inne hjå Designstjerner. Eg trur jammen santen eg skal bestille meg eit par sett i kvit farge også. Julegåve til seg sjølv er vel lov? Eller kanskje eg heller skal kjøpe i bryllaupspresang til nokon eg kjenner som har gifta seg ;)

Har ein først fått noko nytt i hus ballar det ofte på seg. Ny vegglampe frå Living og julestjerne i vindauga frå Marksløjd of Sweden.

Det er problematisk å halde senga fint oppredd her i huset.
Her er det nemleg ein liten kar som elskar å hoppe i senga.
Det får han også lov til :)

Ha ei flott 3. søndag i adventshelg!

13 kommentarer:

Shus sa...

Sengetøyet såg veldig bra ut, og med beskrivingane dine er vel dette noko som bør komme på ynskjelista ;-)

Herleg kar som får lov å hoppe i senga!

Helsing frå Solveig

VeroNot sa...

Nydelig sengetøy! :-)
Ha en flotters dag!

Anonym sa...

Det er ei fryd å lese bloggen din. Så fint sengesett!

Håpar du ein gong får lyst til å skrive eit innlegg om korleis ein kan lage slike fine biletseriar som du har på veggen. Kan ein få til slikt med eit vanleg kompaktkamera?

God helg!
Anne Ma

Annfrid sa...

Sengtøyet så nydelig ut og hørtes deilig ut. Fin, fint soverom:-)

Ønsker deg en fin helg.

Klem fra Annfrid

Unknown sa...

Lækkert sengetøj...
-Og prøv lige at tjekke min blog om LilleSød sengesæt konkurrence og min nye web shop :)
Glædelig jul

Kine sa...

Woooow, jeg tror absolutt det har noe å si hvordan sengetøy man sover i! Jeg trives ikke i mitt, må nok prøve dette :)

Refleksjon på livsvegen sa...

Herleg innlegg!

Adventsklem

Anonym sa...

Hei,jeg lurer på hvor man får kjøpt den store kalenderen du har på kjøkkenet med de store tallene? Hva heter den?

Fint og inspirerende hjem du har. Titter innom ofte. Julehilsen fra Heidi

Den gode feen sa...

Heidi: sjekk ut lobelia.no :)

Hege Berge Andreassen sa...

Åh, så nydelig rom! Elska sengetøyet! Hvor er det kjøpt?

Her er det også hopping i senga vår med en gang muligheten byr seg! ;)

Ønsker deg og dine ei riktig fin jul!

Stor klem fra Hege

Hege Berge Andreassen sa...

Haha, nå kom det opp tekst til bildene, som ikke vistes førs her på min pc!
*rart*

Ja, men da vet jeg hvor jeg skal ønske meg sengetøy fra! :)

HEGEMOR.COM sa...

Jaaa, denne typen sengetøy er HELT fantastisk:):)
Men vet du, de selger AKKURAT maken på Home&Cottage til kun 645:) Altså mye billigere, men samme jersey kvaliteten:)
Jeg kjøpte nettopp på halv pris i tillegg;) DIGG:)
God jul:)
Hegemor

Anonym sa...

Så fin adventsstjerne! Kan du tipsa om nokon nettbutikkar som selger den?

Related Posts with Thumbnails