Litt nytt på soverommet har kome til i det siste.
I samme pakken som nattkjolen frå Designstjerner kom det nemleg nytt sengesett, også frå Beach House. Sengesettet er i fantastisk mjuk og god kvalitet då det er laga av bomullsjersey (t-skjortekvalitet). Inntil dette kom i posten var eg ikkje klar over at type sengetøy kan bestemme kor godt ein søv. Det er ikkje tull ein gong, eg søv betre i dette sengetøyet enn i vanleg bomullssengetøy. Det er vanskeleg å beskrive kor mjukt og godt det er. Bodil BO: dette er sengetøy for deg - du som hatar kreppsengetøy og andre harde tekstilar når du skal sove ;)
Etter å ha testa sengetøyet i nokre veker, kan eg gje det mine beste anbefalingar. Det beste av alt nett nå før jul, for dette er ei perfekt julegåve, er at alt frå Beach House framleis er på rabatt inne hjå Designstjerner. Eg trur jammen santen eg skal bestille meg eit par sett i kvit farge også. Julegåve til seg sjølv er vel lov? Eller kanskje eg heller skal kjøpe i bryllaupspresang til nokon eg kjenner som har gifta seg ;)
Har ein først fått noko nytt i hus ballar det ofte på seg. Ny vegglampe frå Living og julestjerne i vindauga frå Marksløjd of Sweden.
Det er problematisk å halde senga fint oppredd her i huset.
Her er det nemleg ein liten kar som elskar å hoppe i senga.
Det får han også lov til :)
Ha ei flott 3. søndag i adventshelg!























