fredag, desember 07, 2012

Nattkjole til deg?


I samarbeid med
BEACH HOUSE
skal eg få gje vekk to deilige nattkjolar til to av dåko som vert med i trekninga. Nattkjolen eg har fått er i fargen Bell White, og det er ein slik du kan vinne i valfri storleik om du er den heldige :)
 
Eg har alltid likt det enkle, men like fullt lekre designet på Beach House produkta. Akkurat nå har
 kampanje med 20 % rabatt på alle varer frå Beah House.
Slikt kan me lika :)
 
 
 
For å delta i trekninga (trekker ein vinnar søndag kveld) må du legge igjen ein kommentar på dette innlegget der du svarar på desse to spørsmåla:
 
1) I kva for tre fargar finst nattkjolen i?
 
2) Kva butikk kunne du tenke deg at Beach House sortementet passa inn i? 
 

Tvi Tvi !

onsdag, desember 05, 2012

Juleverkstad




Det er høgsesong for juleverkstad. Nesten ingenting er kjekkare syns eg, sjølv om eg må innrømme at det er aldri så lite frustrerande med glitter über alles.  Heldigvis er eg flink til å lukke augene for det meste som er frustrerandes og heller nyte augneblikket ;)

Er du på utkikk etter ein aktivitet som er kjekk for liten og stor? Då kan eg tipse om julepynt av lufttørkande Hobbyleire og stempel frå Panduro og ein gammal hekladuk. Me kjevla leira over ein hekladuken, og dermed fekk pynten ei litt meir spennande overflate.  Me brukte vanlege pepperkakeformer til å stikke ut. Resultatet vart både juledinosaurar (!), snøkrystallar og hjarter.
Leira var utruleg lett å jobbe med, og enklare aktivitet skal ein leite lenge etter.





Finfin onsdag til deg der du er :)

tirsdag, desember 04, 2012

Den fjerde


Den fjerde desember.
-12 kuldegrader på morgonkvisten.
Sol frå skyfri himmel.
Julestemning ute og julestemning inne.
Berre litt julestemning inne førebels.
Men me er jo berre komen til den fjerde.
Framleis tjue dagar igjen for å komme i rette modusen og rette stemningen.

Ha ein strålande fin fjerde der du er :)




søndag, november 25, 2012

KUBUS 4


KUBUS 4 By Lassen

I fleire år har den stått på ynskjelista mi.
Sjølve klassikaren innan lysestakar.
Designa i 1962 av den danske arkitekten Mogens By Lassen.

Kubus 4 kjem nå i vinterkvit farge, og det er den eg har fått i hus.
Juhu, ein ting kan strykast frå ynskjelista.
Eg har fått meg ein firkanta venn.
Ein venn for livet :)

Sidan sist har eg hatt bursdag, og då passa det liksom perfekt å bli sponsa med draumelysestaken. Her finn du fleire By Lassen -produkt og på Bazaren.
Med sistnevnte lenke bør det fylgje ein alarm. Det er nemleg fare for at kredittkortet ditt byrjar brenne....HER var det nemleg mykje fint til julegåver, seg sjølv, til huset, til mannen og ja you name it!

 Ha ein finfin søndagskveld :)


søndag, november 18, 2012

GULLAMANTER

Christine Sandtorv er ute med nytt album.
Nemleg Stjerneteller GULLAMANTER!
Har du høyrt finare namn på eit album?
Juhu, albumet kom i posten som gåve og bidrag til familiediskoen her i huset.

We love it!!!
Fantastisk herleg musikk


Forutan å ha verdas aller herlegaste stemme er Christine i tillegg ein fantastisk illustratør.
Eg kjendte hjarta hoppe i taket over illustrasjonen til "Vår egen butikk", for er det ikkje dei to minste her i huset som prydar den illustrasjonen mon tru?

Sjå berre liksemda her:


 med denne:





 

Eg velgjer å leve lukkeleg i trua på at det er henta inspirasjon herifrå denne kanten.

HERLEG!

Anbefaler albumet på det sterkaste. Både for liten og stor. Gåva kunne ikkje ha passa betre *mamma som er dødslei av Kardemommeby på non stop i bilen*.

Ha ein finfin søndagskveld :)

tirsdag, november 06, 2012

PO.P gje vekk

Hei hei der ute.

For ei tid sidan fekk eg pakke i posten frå Polarn O. Pyret.
Halsar til ungane designa av gatekunstnaren Finsta for PO.P
Eg fekk to raude for mange, og tenkte at kanskje du hadde lyst på dei?
Skriv du ein kommentar under dette innlegget er du med i trekninga.
Vinnaren kårast mandag 12. november.

Tvi Tvi!



mandag, november 05, 2012

Eplesmuldrepai


EPLESMULDREPAI

Vask epler og kutt opp i skiver. Bruk så mykje epler at du dekkjer botnen av ei ildfast form.

Bland smuldredeig:
3 dl havregryn
3 dl kveitemjøl
200 gram smelta meierismør
2 dl sukker

Fordel smuldredeigen over eplene. Steik på 180 grader i ca. 30 minutter. Serverast lunken med for eksempel vaniljeis, vaniljekrem eller vaniljesaus.

Mmmmm, velbekomme 



søndag, november 04, 2012

TEA-TOWEL

I åresvis har eg vore på jakt etter ein gammal synstestplakat.
Ein skikkeleg gammal ein.
Enn så lenge har ikkje draumeplakaten dukka opp.
Men dette kjøkkenhandkleet frå House Doctor er ganske fint det også.
Det ser jo ut som ein synstestplakat i tekstilform.

Ha ei super veke!

Novemberhelg

Med huset fullt av ungar vert helga ofte vel så hektisk som kvardagen, men på ein heilt anna måte.
Heile gårsdagen gjekk med til rydding, klesvask og husarbeide. Kjipt når det står på, men akk så herleg etterpå. Reint og herleg, levande lys og god samvittigheit. Eldstemann var oppteken med kameratar heile dagen, og dei to minste vart sysselsett med passande arbeidsoppgåver, eller dei leika ute og inne og rundt beina på meg. 

Oliventrærne frå terrassen har flytta inn for vinteren, så eg kryssar fingrane for at dei overlever i ei varm og tørr stove. Den finfine sølvpotta frå Nordal har eg kjøpt av alltid blide og skjønne Lisette. Lisette er ei av dei herlege Rogalandsbloggedamene eg har blitt kjendt med det siste året, og eg er lukkeleg over å få slike positive energisolstråler inn i livet mitt :)

Som Emmeline pleier seie: "Å gjere husarbeide er som å spade sand i Sahara", så nå er huset straks klar for ein ny omgong med støvsugaren. Sukk. Bilen skal også få seg ein omgong, før me stikk til byen. Husets kunstnar, Alma, har nemleg eit kunstverk utstilt på Sølvberget i samband med HJERTEFRED. Bytur og kunstutstilling står derfor på agendaen i dag :)


Ha ein fantastisk fin søndag!

søndag, oktober 28, 2012

Svarthola

Like utanfor Stavanger ligg ein av Norges eldste steinalderbusetjingar, nemleg Svarthola/Vistehola. Til der hadde me oss ein ettermiddags/kveldstur i går. Litt sånn på sparket, men desto kjekkare. Me satte oss i bilen med strandtur som mål. På vegen såg me skiltet til Svarthola, og der havna me altså :)
Flott haustvèr
Nydelege haustfargar
Glade ungar
Fine berg til å klatre på,
og ikkje minst blid mamma som til og med slengte seg i slengdissa (bildene frå dette er upubliserbare, he he he).

Alma hadde på seg den knallfine Molo-dressen sin for første gong, og den passa perfekt til den superskjønne hua som mor til Terese har strikka til henne - Tuuusen takk :)
På vegen heim tok me ein avstikkar til Ikea for å kjøpe pepperkakedeig. Det er nemleg litt av planen for denne dagen med den herlege ekstra timen....å bake årets første pepperkaker.

Ha ein fin søndag der ute!

lørdag, oktober 27, 2012

Stjernedryss

På ein sykkeltur i skogen tidlegare i haust hamstra me med oss fine og beine greiner.
I går vart nokre av greinene til denne stjerna.
Med stjerne på veggen og fyr i omnen vart det ein god start på dagen.
Vedomnen drøymer eg forøvrig om å byte ut med ein sånn stilig innebygd sak.

Nokon som har erfaring med om dei innebygde varmar like godt som desse smijernsomnane?

Finfin laurdag til deg!

fredag, oktober 26, 2012

MORE







Ha ei vidunderleg helg!

søndag, oktober 21, 2012

Strikka


Eg elskar strikkaklede.
Eg elskar å strikke.
Av og til iallefall.
Ein enkel utveg når eg ikkje rekk over alt er å kjøpe strikkaklede eg ikkje rekk strikke sjølv.
Denne genseren og sokkane me fekk frå P.OP var knallfine, og sørgjer for at eldstemann er varm og god.
Eg lurer på om eit prosjekt til minstemann heller er gjennomførbart for heimeproduksjonen. Eg syns nemleg denne bestefarstrøya er aldeles bedårandes.
 

Håpar du nyt fine haustdagar slik som eg :)

Ha ei flott veke!

fredag, oktober 12, 2012

Desireless


Det er fredag.
Det er fint vèr ute.
Det er på tide med 80-tals mimring.
Trykk på bildet og nyt både syn og lyd ;)

GOD HELG!

torsdag, oktober 11, 2012

Mmmmmm

Av og til vert eg så forferdeleg freista.
Denne gongen var det Feien og Fjong som fekk meg ut på "syndige vegar".
Smakebiten var fortreffeleg.
Heldigvis overvann fornufta, og kaka er trygt plassert i frysaren.
Håpar me får besøk snart slik at kaka kan serverast oppvarma med vanniljeis attåt ;)
Mmmm....

onsdag, oktober 10, 2012

Skaugum

På Interiør og Boligmessen i Bergen var eg så superduper-heldig å vinne Skaugumbestikk for seks personar i Pure White fargen. Tusen, tusen takk!
Det passa MIDT I BLINKEN, for eg samlar jo på dette bestikket. 
Grunnen til at eg vann, var at eg visste at Skaugum produserast på Geilo.

Eg elskar Skaugumbestikket. Eg hugsar det frå mormors kjøkkenskuffer. Og det minner meg om barndommens sommarferiar på Atløy då me rensa krabbeklør med Skaugumbestikk. Då eg i vaksen alder skulle starte samle på eigne knivar og gaflar var eg ikkje i tvil. Det måtte bli   SKAUGUM. Dette er nemleg norsk design på sitt beste. Knallfint og av ypperste kvalitet.

Stikk inn her og les meir om Skaugum of Norway.

 Frå før av har eg også Skaugumbestikk i teak - det kan du lese meir om her.

I dag kosar eg med heime med gutane i huset. Eldstemann har haustferie, og minstemann er forkjøla med lett feber.

Ha ein fin haustdag der du er!
Related Posts with Thumbnails