søndag, august 24, 2008

Lampeutfordring frå Bodil

For nokre dagar sidan fekk eg ei utfordring frå Bodil Bo om å visa den lampen eg likar best i huset og skrive om historien bak lampekjøpet. Det var jo nå eg skulle hatt BTC-lampar å vise fram. Men sidan dei kostar ca 3500 kr per stykk så trur eg ikkje det er det første eg kjem til å kjøpe meg. Desverre.
Denne lampen er ikkje den eg likar best i huset, men den er iallefall den mestfargerike og livlige me har.

I 2003 (når sønnen var 10 mnd gammal) måtte eg reise på jobbreise til Italia og vere borte frå han i 10 lange dagar. Herlighet kor eg lengta etter den vesle pluggen av ein godgut med det viltre krøllete håret, men det gjekk jo fint å vere borte frå han også. Italia er jo ikkje så aller verst å vere i. Det er ein grunn til at eg har vore der 11 gonger liksom.

På denne jobbreisa hadde me base i eit munkekloster i Venezia, og reiste rundt i området på møter og befaringar. På kveldstid var det heldigvis tid til å handle litt, og eg var lukkeleg då eg fann ein kjempekjekk leikebutikk. Ein slik butikk der dei selg skikkelege treleiker og slikt, som Sprell i Oslo og Pinocchio i Bergen. Eg fall pladask for denne lampen. Kikka på den i mange dagar, men den var veeeeldig dyr. Ein dag me var på møte i Bologna så hadde eg ti minutt åleinetid før eg skulle møte dei andre. Og der, i ein overfull krimskramsbutikk, stod ein lik lampe til berre ein brøkdel av prisen. JUHU! Slikt blir eg gira av veit du. Finne ting eg likar billig :) Lampen vart sporenstreks kjøpt og frakta heim til den vesle poden.

Den virkar slik at når lampen vert oppvarma av lyspæra, så snurrer innerdelen rundt og motivet i lampen visest på veggene og i taket på rommet. Det er nok vanskeleg på sjå på bildet, men motivet er symjande fiskar og sjøhestar. Og jammen har dei symjande fiskane vore til underhaldning for både han og fleire små gjester som har vore på overnatting hjå oss.
Nå har lampen gjort sin misjon på dette rommet. Til dagleg er den er plassert innerst i eit skap , men fekk komme fram i dagen igjen i dag. Den havnar nok snart på veslesøster sitt rom, kan eg tenke meg
Bodil er i lampemodus, så eg må utfordre tre nye til å vise fram sin favorittlampe i heimen, og då utfordrar eg:
Noralill
Haust
Borghildpia

Nå er det førebuing til ei ny veke som står på trappene, så det gjenstår berre å sei god natt og ynskje dåko ei finfin veke!

16 kommentarer:

BO sa...

Så fine bilete! Lampen er knallskjønn, og gir eit utrulig fint lys! Du må utfordra nokre til å visa fleire lampar, for eg er i lampemodus! Hehehehheehehhe!
Masse klem!

mali-mo sa...

For en flott lampe! Må være en drøm å være liten og ligge i sengen og se på lysbildene!

Og for en nydelig liten vaskkehjelp du har fått deg! Herlighet så skjønn hun var da! Kan du sende henne til meg når hun er ferdig der? ;)

mali-mo sa...

For en flott lampe! Må være en drøm å være liten og ligge i sengen og se på lysbildene!

Og for en nydelig liten vaskkehjelp du har fått deg! Herlighet så skjønn hun var da! Kan du sende henne til meg når hun er ferdig der? ;)

Daisys home sa...

Dette var en spesiell lampe,veldig fin.Ja jeg har også såkalt lampedilla,kjøper nye etter hvert og stuer bort.Og tar de frem igjen alt etter som.Ser du har en flink liten hushjelp,morro det med sånn hjelp av og til!Ha en fin uke.

Joanna sa...

Søt lampe! Veit du at eg vart rett nostalogisk her eg sitter... Eg hadde nemleg ei liknande ei, og mi lampe gjekk rundt. Den vart dessverre gitt vekk til syskenbarnet mitt og eksisterer ikkje lenger... Men du så fin den du kjøpte var!


Ha ei fin veke feen ;O)

Haust sa...

Oi, lampeutfordring! Her må eg visst gå i tenkeboksen! :)

Den der vaskehjelpa di må vere den søtaste vaskehjelpa eg har sett! Ja, med unntak av mine eigne små hjelparar her heime, sjølvsagt. ;) Det gjeld å la dei hjelpe til når dei har lyst, og håpe på at iveren held seg i åra framover...

Ha ei fin veke!

Karna sa...

Det var en fin historie....Sikkert ingen som har make heller, så det er klart denne var kjekk å ha når det kom gjester også!

Ha en fin ny arbeidsuke!

Anonym sa...

Nydelig blogg du har...veldig inspirerende å lese....Titter nok innom flere ganger.

Tonemi i anonymforkledning:-)

ENGEL sa...

å,den lampa var skikkelig søt!
skjønner godt at du bare måtte ha den!ha ei flott uke!

ENGEL sa...

å,den lampa var skikkelig søt!
skjønner godt at du bare måtte ha den!ha ei flott uke!

Smineset sa...

Utrolig arti og sjarmerende lampe!

Ha en super dag! :-)

Marianne G sa...

Flotte lampe-bilder. Ønsker deg en fin uke

a home far away sa...

Lampan är så gullig, skulle behöva en liknande faktiskt!

Ha en fin kväll

//Gunilla i Singapore

Mariquita sa...

Hei
Så fin lampe. Ble litt nostalgisk jeg også for min søster hadde en lignende da hun var liten - var nok litt misunnelig ja..

Så søt hun er :)

sandra sa...

¨å så søt lampe,å et koselig minne!! skulle gjerne hatt en slik lampe til gullet mitt!!

MOLLY sa...

Jeg er jo også litt lampegal, så denne lampen her skjønner jeg at du falt for:) det skal være sånne på barnerom til beundring og nytelse, og kjempefin tilhørende historie...jeg hadde vel stått og tutet høyt i butikken, med tanke på han der hjemme som skulle få den, og som var så langt borte...hehe;) Men hadde du ikke vært der ville han heller ikke fått gledes seg over den...
Blir nok like poppis på jenterommet;)
Her er vi så heldig å ha huset utsmykket med industrilamper, og lysarmatur på fler kilometer...haha!
et par lysekroner har kommet på plass, for å få gulvplass...hehe
men det er godt arbeidslys haha:)
Nå må jeg snart slukke lyset og ta natt, dagen flyr avgårde her, så det ønskes en super arbeidsuke til deg også, og håper det er greit å være tilbake i jobb:)

Related Posts with Thumbnails