tirsdag, mars 10, 2009

Nynorsk sensasjon

I siste utgåve av Elle Interiør er det ein aldri så liten nynorsk sensasjon i samband med interiørreportasjar. Eg har iallefall aldri tidlegare lese interiørreportasjar skrivne på nynorsk. Nå skal eg riktignok påpeike at eg ikkje har lese alle dei siste utgåvene av Elle Interiør, så det kan hende at nynorskbruken berre er ein sensasjon for meg :)



Heile reportasjen frå Paris-heimen til den svenske designeren Filippa K er skriven på flott nynorsk. Såå kjekt, iallefall i mine auger :) Nå trur de sikkert at eg er ein veldig forkjempar for bruk av nynorsk. Det er eg i grunnen ikkje. Eg tykkjer berre dette var ein frisk pust inni all bokmålen i bladet.



Elle Interiør er forøvrig eit blad eg tidlegare abonnerte på. Nå testar eg ut eit prøveabonnement for å sjå om dei klarar fange interessa mi igjen. Siste utgåve var veldig bra tykkjer eg, så dette lovar godt :)

Tusen takk for alle kjekke kommentarar på forrige innlegg!


Ha ein fin tirsdag :)

9 kommentarer:

Christina sa...

Merket meg det samme!! :)

Helt enig med deg..

Klem klem

BO sa...

La merke til den eg og -enig med deg, kjekt!
ELLE interiør kjøp eg alltid, for det er på mi favorittliste! Men nå må eg søren meg abbonera...gløyme jo alltid å senda inn dei lappane!

Orlaug sa...

Ja, det må no vere absolutt eit unntak.....med nynorsk i eit slikt blad.
So flott!

Tre Kusiner sa...

Veldig bra med nynorsk!!! Skal prøva det bladet, lenge sidan eg har kjøpt det no. Gode kvelden. Klem G

Noralill sa...

Oj! Dette høyres spennande ut...Eg er som du, berre littegrann lei av at ALT er på bokmål. Må jo berre vera kjekt for alle det, at me krydrar språket litt...??

Ha ein fin kveld.

Unknown sa...

Elle interiør har hatt nynorsk i minst eitt år, og det er supert. Til og med vanleg Elle har enkelte artiklar på nynorsk. Google t.d. signy Fardal og nynorsk så finn du litt info.

Den gode feen sa...

Det var det eg frykta Magfly - at eg var litt seint ute med desse opplysningane :) Fortel meir om min minst 1-årige pause frå bladet :) Nå skal det googlast :)

mette sa...

digg med variasjon på den fronten, også for oss bokmålere:)

alvorada sa...

Elsker nynorsk! :) Prøvde meg med en periode med nynorsk som hovedmål på videregående med varierende hell... :) Har kommet fram til at jeg egner meg bedre til å LESE nynorsk enn til å SKRIVE det. (fnis)

Related Posts with Thumbnails