mandag, mars 28, 2011

Sommartider??


Til den fyrste dagen med sommartid vakna me opp til vinterkvitt landskap og dalande store snøfnugg. Feberen set framleis i hjå enkelte av den yngre garde, og dagen har difor blitt nytt innandørs - sett vekk frå ein svippomtur til legevakt og apotek.


Innimellom strabasane har eg dilla litt med symaskina. Ein kjole etter Alma har blitt forminska til ein kjole til dukka. Eit raskt og enkelt prosjekt med eit nokolunde ok resultat.


Kjolen er full av skjønne knappar og applikasjonar, og det er jo toppers med gjenbruk av plagg :)


I min søken etter inspirasjon på dukkekledefronten fann eg denne bloggen med mange "tutorials" for "how-to-make-doll-clothes". Resultatet vart denne kjolen, sydd av eit gammalt babydynetrekk frå stofflageret :) Borrelåslukking i ryggen gjer det enkelt ved stadige klesskift.


Eg kom også over sida til Germandolls på Flickr, som altså lagar dei skjønnaste dukkeklærne og minidukkene i verda. Stikk inn og kikk du også.

Som de kanskje skjøna av det første bilete i dagens innlegg, er eg i gong med eit nytt restegarnsprosjekt. Desse er omsider ferdige, og etter å ha funne dei fantastiske vottane her, måtte eg berre setje i gong.  Først ut er vottar til Alma. Gutane i huset er ikkje så glad i vottar, så det spørs om eg ikkje skal lage eit par til meg også til slutt.


På oppussingsfronten går det ubeskriveleg sakte på fram. Me byrja først med å sparkle over strietapeten på veggene, men du og du kor vanskeleg det er å få det jamnt og fint. Her må det nok mange repeterte sparkle, tørke, pusse økter til. Mellom skapdørene enda det med at me fjerna tapeten for å få best mogeleg resultat. Akkurat nå ser store delar av veggoverflatene i gangen derfor slike ut. Aj aj aj, her ventar det timesvis med pussing, gitt:


Golvet i gangen var i grunnen hovudårsak til at me sette i gong med oppussing her. I fare for at enkelte besvimer av sjokk viser eg under tvil før-bilete over korleis det såg ut ;) : 


Det brunfarga filtteppet er heldigvis historie. For sjølv om veggene langtifrå er ferdige, har me fått nytt golv på plass. Me hadde besøk av nokre flittige golvleggjarar her ei helg, og då benytta me sjansen til å få litt hjelp. Gulvet er Markland frå Ikea, og eg blir meir og meir glad i det. Eg frykta at det kom til å vere skamglatt, sidan det har høgglansa overflate, men det er rett og slett ikkje eit problem i det heile. Så snart vegger og listverk er på plass, trur eg det vert finfint.


 Overgang mellom bad og ganggolv før:

 ...og overgang mellom bad og ganggolv etter. Og der fekk eg jammen vist fram nymalte skapdører på badet også ;) (skapdørene var før bøkefarga, men er nå mørkegrå).


Som du forstår, er me i full gong med oppussing både her og der. Progressjonen er berre så ubeskriveleg treig, he he. Men det er om å gjere å ikkje stresse, ikkje kave og heller nyte livet litt - ikkje sant?

Om du framleis heng med i dette milesvis lange innlegget, vil eg benytte anledningen til å ynskje deg ei flott komande veke. 
Klem frå Linda

16 kommentarer:

Francesca sa...

Linda, can I ask you where you get those beautiful dolls?

Unknown sa...

For ett flott gulv:o)
Det blir sikkert kjempelekkert i gangen når dere er ferdig.
Lykke til med resten av prosjektet:o)
Klem

Villblomsten sa...

Flotte dukkeklær :-)
og flott gulv :-)

Det hadde nok ikke fungert her i huset med hvitt gulv :-)
men jeg synes det er veldig flott å se på :-)

Anne Karins Mat og Vin sa...

Hei hei,
Så smart å gjøre om barnekjoler til dukkekjoler, og jammen ble de søte og fulle av nydelige detaljer. Så flink du er!:)
Herlig å få nye gulv på plass, og det ble jo kjempelekkert både på gangen og med de nymalte dørene på badet. Skikkelig stilfullt!:)) Man må bare ta tiden til hjelp, for det er myyye arbeid å pusse opp ja. Lykke til videre, blir nok helt toppers!
Klem Anne Karin

Anonym sa...

Linda, jeg er full av beundring for deg og din kreativitet, effektivitet og stil! Jeg synes du får gjort mye,jeg :-)
mvh Marianne M.

Hege A "The not so perfect mum-blogg" sa...

For et lekkert gulv!! Har ikke sett dette før, men det ble skikkelig lekkert! Og fin, fine dokkeklær! Regner med det var en dokkemamma som ble fornøyd da?? :D

Lemi sa...

Heihei! Dette blir flott! Men den sparklinga.. Huff.. Går det ikke ann å heller bruke sånn veggfornyer på rull? Som man lime over tapeten og det blir helt slett..

Hildemor sa...

Ser ut som dere har mye på gang ja:).
Gulvet ble kanonfint, har vært å sitt på det gulvet på ikea etpar ganger, vurderer å skifte ut parketten isteden for å male den.
Ha en fin mandag
Klem

Janne sa...

Så fint det blir hos dere!! Og flott kjole til dukken.. Ha en fin mandag!

Anonym sa...

Imponert over din kreativitet og arbeidslyst! Gulvet så veldig fint ut! Og skapdørene på badet også! Kan man spørre om du har malt dem selv, eller har du levert dem til til maling/spraying? Har du kode/navn på fargen?

Anne-Marie sa...

Hej! Jeg er en norsk, som bor i Danmark, og som derfor skriver på dansk nu: Jeg er helt vild med din blog, som jeg synes er superinspirerende!
Med hensyn til dukketøj, tror jeg du ville synes om en bog jeg lavede for nogle år siden på det danske forlag Olivia: "Strik og sy til dukken". Bogen er udsolgt, men fås på biblioteket her, måske kan man bestille fra Norge?
Mange hilsner fra Anne-Marie

Nin sa...

Så flott det blir!!Kjenner til frustrasjonen,haar så lyst at det skal bli ferdig fort!Vi kjøpte nylig funkis hus fra 1975 vi holder på å pusse opp..Og man har litt og kose seg med..Har ikke skjedd så mye siden 1975 frem til vi overtok.. :)Men vi får nyte alle de bittesmå fremskrittene..Og kose oss med planleggingen.. :)

Ha en fortreffelig uke!

Den gode feen sa...

Hei hei og takk alle saman :)

Anonym: eg har malt dei sjølv. Her viser eit bilde frå prosessen: http://dengodefeen.blogspot.com/2011/03/ordfattig-men-blid.html.

Fargekoden er: S8000-N. Glansgrad 25 på oljemaling frå Baronesse (tre /panel) vart brukt.

Lukka til :)

Lena sa...

Har dere vurdert å legge på sånn pappdekke (vet egentlig ikke helt hva det heter...). Det er en slags tapet som brukes til å legge over gammel strie, litt ujevne vegger osv for å få en helg jevn og fin overflate (som gips). Min svigerinne har brukt det i sin leilighet med utrolig bra resultater. I tillegg er det vistnok veldig enkelt å jobbe med og vil trolig spare dere for uendelig mange timer med sparkel og pussing... Tror de selger det i de fleste male-/tapetbutikker.

Lena

Den gode feen sa...

Hei hei Lena :) og takk for kjekke tips. Veggfornyar heiter det. Eg fekk til svar då eg spurte etter slik, at dette var sååå vanskeleg å arbeide med, og resultatet vart svært sjeldan bra. Derfor forkasta eg dette, og gjekk for sparkling. Men nå må eg jammne meg vurdere dette igjen, sidan svigerinna di hadde så gode erfaringar. Me har nemleg strievegger over det heile, og eg mislikar veggene sterkt...


Tusen takk igjen, ha ein finfin dag, Linda :)

Beate sa...

Å!! det var verkeleg eit knall fint golv!
Me skal snart bygga hus, og eg trur valget av golv blir kvit epoxy. Er noko usikker på glansgraden. (da det kan bestemmast)

Er det slik at du føler at du kan vaske deg ihjel no med kvit golv, eller går det greit?
Er mange som advarar mot det, men eg får meg ikkje til å legge noko anna enn kvit eg no:)

Ps: Gratulera so masse med nynorsk prisen! Det var vell fortjent:))

Helsing Beate:)

Related Posts with Thumbnails