Eg kan ikkje beskrive kor godt eg syns det er. Godt å ha fri. Godt å pusle heime. Godt å ha lange telefonsamtalar med vener ein ikkje har snakka med på ei stund. Fantastisk godt å kjenne sola varme i fjeset. Godt å kunne tørke klede utandørs. Godt å ha friske ungar. Ja, det er rett og slett godt å vere til.
Alma beundrar stolt kvitveisbuketten ho plukka på søndag. Me pakka sekken full av eplejuice, pølser og eingongsgrill og la i veg på jakt etter ein froskedam me hadde fått høyre om. Me fann dessverre verken froskar, froskeegg eller salamandarar i dammen. Lurer på om det er me som er blinde, for alle desse organismane vart observert i samme dam nokre dagar før me tok turen.. Jaja, blinde eller ei, me fann iallefall ein fantastisk kjekk skog til å leike i, og massevis av kvitveis. Her skal me tilbake, me gjer oss ikkje før froskane er observert!
Dei flinke NIB-jentene har fått seg ei eiga spalte i herlege ROM123, og under Tre eggende tips fann eg påskeegga våre så fint plassert :) Tusen takk! Egga vart måla av meg og eldstemann når han var 2.5 år (for seks år sidan). Egga overlevde utruleg nok flytteprosessen frå Bergen til Stavanger, og året etter vart dei same egga dekorert med klistermerker i eit spontant påskeverkstad me hadde.
Klistermerkene kjøpte eg hjå From Japan with love, men som det står i ROM123, har sikkert finfine Tamo.no liknande inne. Her er egga i all si prakt (reprisebilete):
Heimepåske er verkeleg å anbefale. Me har vore i ishallen, i skogen, på turar i nærleiken, og ikkje minste heime i hus og hage. Fått gjort ting me vanlegvis ikkje rekk over. Nå pakkar me derimot snart bilen full og reiser til Halsnøy for å besøke besto (mammo mi). I år vert det altså heimepåske kombinert med bortepåske. Heilt perfekt! Gledar oss til det :)
Ynskjer deg og dine ei riktig finfin påske!
19 kommentarer:
God tur til Perlo!! Håpar sola skin som i dag når de kjem fram!!
Klem frå Solveig
Innom med en påskeklem til denne fine bloggen:)
i didn`t understand a lot - but i saw the pic in that magazine... FANTASTIC :) congrats.
Så herlig påske dere har , også så herlig at dere har funnet hvitveis ;)
Det er så herlig med fridager og fint vær, håper det blir slik i hele påska for oss alle ;))
fortsatt God Påske til deg og dine - kos dere masse !!
PS;
Morsomt med bilder i Rom 123 ;))
hvilken skog, hvilken skog??! (Vålansskogen..?)
God tur, og påske!!
Kunne nesten tro du hadde inspirert meg til innlegget mitt ida;) Håper dere får en fortsatt fin påske :)
Whitebite: Me parkerte ved Vesle Stokkavatn, og gjekk nokre meter langs vatnet (3-500 meter kanskje). Tok så opp til venstre i eit kryss, og så første til høgre. Vegen gjekk oppover langs nokre hus. Til slutt kom me til ein rasteplass ved ein gammal grunnmur (restane av eit fjøs), der tok me inn til venstre og vips var me framm ved dammen og ein nydeleg lauvskog. Trur det er eit eller anna friluftssentre der. Var ein lavvo, bålgrue med benkar rundt, slengdisse i skogen og klartetrær og i det heile tatt. VELDIG kjekk plass for ungane. Om du ikkje finn fram, berre spør folk på vegen etter froskedammen så veit dei sikkert kor det er - var iallefall det eg fekk råd om :)
God tur :)
Dammen og skogen er på ein måte oppe på Byhaugen. Elendig forklaring frå meg altså, men eg er ikkje sånn superkjendt rundt om krin i distriktet enno :)
Så koselig eggepynt!!
God påske til dere - høres ut som dere nyter den til fulle! :D
Herlig! KJEMPE-fine dager nå! Ha en fortsatt fin påske, Linda!
p.s. påskeeggene er super-fine!
STOR klem
Anette:)
Hei Linda,
jeg hadde så klart samme spørsmål som Whitebite, men siden du allerede har svart får jeg bare takke for tipset. Copy - paste og vips er instruksene for veien til fiskedammen lagret på dataen. Kanskje vi finner den i påsken?
Et tips til deg; Trollskogen på Hundvåg er også fantastisk kjekk - for både store og små. Men du har kanskje vært der allerede? :)
Takk for en veldig inspirerende blogg. Har fått mange tips fra deg! Nå er stoff til pysjamas innkjøpt, og det blir spennende å se om det er så enkelt....Gøy å prøve iallefall. God påske til deg og dine!!
Høres ut som dere har ei kjempefin påske. :)
Kos dere videre!
Klem
Så skjønn jenta di er ... ♥
Og hvitveis, intent vakrere på denne årstiden, etter det tar syrinene over, jeg ELSKER våren ... ♥
Fine påskeegg med de kjente dukkene på - herlig ...!
klem til deg
Så søte og samtidig orginale egg :)
ahh, hvitveis..gleder meg til de titter frem her hos meg :)
God Påske!
B I R T E
Hvitveis er vår altså. Sjarmerende :D
Søte påskeegg! Et par dagar før påske gjekk det opp for meg at du faktisk hadde lagt ut oppskrift på den fine lua i ribbestrikk. Så i påska har eg strikka ei til dotter mi i grått og lilla, og ei til son min i grått og blått. Dei vart utruleg fine!! (Men eg er litt usikker på om det er eg som strikkar for fast, eller om oppskriftene var små? Strikka voksenluer til begge og dei er 2 og 4 år)
Heisann Linda!
Jeg snublet over bloggen din da jeg lette etter lekehus! Smeltet totalt for lekehuset Linda, og tror dette huset kommer til å bli kjøpt inn om kort tid. Du har jammen gjort det koselig i huset også! UTrolig flott!
Jeg ser på høyresiden av bloggen din at du har bilde av noen hjemmelagde ugler! Jeg forsøkte å finne ut mer om disse, men kunne ikke finne dem. Har du blogget om dem tidligere? hadde vært veldig gøy å sett mer om dem!
Takk for titten! :-)
Så kjekk blogg du har! :)
Er ofte innom for inspirasjon!
Ha ei fin uke!
Legg inn en kommentar