onsdag, november 16, 2011

Ein gul knapp


Det var ein nydeleg frostfull morgon i dag. Sommardekk på bilen er ikkje ein så veldig god kombinasjon med frost og spinnglatte vegar. Eg masa på Herr Fe om at han måtte få skifta dekk på sin bil, medan eg sjølv sette skjegget godt fast i postkassa i dag. Det er bra å ha fleksitid på jobb i slike tilfelle og me tok oss ein roleg start på dagen medan me venta på plussgrader og tinte vegoverflater.

Tida vart nytta godt. Eldstemann vart sendt på skulen (stakkars han ville nok helst kose seg heime), dei små kosa seg med barneTV, og eg rakk å svinge både støvsugar og mopp og fotoapparatet. Ja, eg rakk til og med flette håret til Alma, og det er ikkje kvar dag for å sei det mildt. Ikkje måte på effektivitet om eg skal seie det sjølv ;)




Årsaken til bildeknipsinga var først og fremst verdas finaste sko og verdas kjekkaste En gul knapp med denne bloggen. Eg har ønska meg Duckfeet-støvlettar i åresvis. Desse danske, dritfine (unnskuld ordbruken, men den er høgst naudsynt for å beskrive herlegheitane), støvlettane har eg hatt lyst på heilt sidan eg første gong såg dei i eit eller anna dansk magasin. Eg har imidlertid aldri kome over dei, men har visst at Ein gul knapp i Bergen har forhandla dei. Dei har berre hatt skorne for sal i den fysiske butikken og ikkje i nettbutikken. For å gjere ei lang historie kort:

Ein gul knapp har nå 50% rabatt på støvlettane, då dei skal slutte forhandle dei. Eg fekk kjøpe støvlettane utan å prøve dei på førehand via e-post-kommunikasjon. Støvlettane kom postvegen i går og eg trakka rett inn i dei som fot i hose. Dei er riktignok aldri så lite trange heilt øverst på skaftet, men dette skal gå seg til etterkvart. Eg har slitasjegikt i tærne, breide fotsålar og tjukke leggar, det er ikkje kvar dag eg finn såååå gode sko som er sååååååå fine. Dette kallar eg materiell lukke på sitt høgste.  Dette er sko som også passar oss med Mummitrollmammafasong, som Emmeline så herleg beskriv det som, og sjølvsagt også for dei utan Mummitrollmammafasong ;)




La du merke til dei like fine skorne på første bildet? Dei fekk eg!!! Skoparet er eit prøvepar frå butikken, og snillaste Thea hjå Ein gul knapp sendte dei med i pakken. Som ein takk for at eg gledar henne med bloggen min som ho så fint skreiv til meg. Eg har sjeldan opplevd makan til service, venlegheit og godhjartheit, og vart sjølvsagt rørt til tårer. Tusen tusen millionar takk, eg trur aldri eg kan klare å beskrive med ord kor glad eg er.

Det vert nesten  for mykje av det gode, for rausheten stoppar ikkje der. Denne superskjønne boksen med dei finaste knappane kom også. Herlighet Thea, eg er mållaus og lukkeleg glad.
Appellen etter dagens sikkert til tider kvalmandes glade innlegg (eg er elendig på å skjule glede) er: Er du ute etter Duckfeet sko til halv (!) pris, kontakt En gul knapp. Bur du i bergen stikk du sjølvsagt innom butikken.
Er du ute etter fantastisk god service, knallfine barneklede og dameklede? Stikk innom En gul knapp. Eg er iallefall ny stamkunde. Med så fine sko på beina, så kom heile sommardekkproblemtikken i skuggen. Eg klarte lausrive skjegget frå postkassa og kom meg både til og frå jobb utan den minste sladd på bilen. Juhu.

Fin onsdag til deg der ute :)

16 kommentarer:

Fru Fjeldhammer sa...

Ja, det skomerke der har kule sko! passer til navnet, jeg kjøpte meg et par i fjor men de passet rett og slett ikke bena mine, så de ble gitt bort!

Grattulerer, de er skikkelig hit!! *S*

Kos dere... her hjemme rår det sykdom!

klem

joppe sa...

Love them. Greeting from Belgium!

Ulla V. sa...

Tillykke med dine smukke Andefødder som vi kalder dem på dansk. :)) Jeg elsker også Duckfeet og har slidt mit første par i 2 år nu. Jeg drømmer om et par grønne støvler derfra også. Har du set deres hjemmeside? Der er mange sko og støvler at ønske sig.

Du vil bestemt ikke fortyde dit sko køb - og så fik du endda et par mørkeblå oveni. Hvor er det godt nok bare en butik ejer med et stort og varmt hjerte. Men du har fortjent det, synes jeg.

En dejlig november aften til dig. :))

Mona sa...

Jeg ELSKER mine Duckfeet!!!!!!!!!!!!!!!

Karen sa...

Så fine bilder :)
Helt herlige de knappene og boksen! Og bare elsket de øverste skoene. Kjempetøffe lisser!

debje sa...

very cool shoes and boots and ofcourse a little lovely lady :))

Frøken Fryd sa...

Gratulerer med nye støvelettar, eg husker at du spurte etter Duckfeet i Bergen også :) SÅ bra at du har fått no. Eg har hatt ein nydelig fri dag i dag, i fine været og berre snaddra meg og hatt det bra!

Stor klem, Eli

chili og kjærleik sa...

Trur faktisk nesten at En gul knapp er grunn til å flytte til Bergen, eg må i alle fall innom der når eg er på besøk hos storebror! Og dei har jo nettbutikk, med SÅ MASSE FINT!

Hurra for fantastisk service og gratulerer med kuuule sko og støvlettar!

EN GUL KNAPP sa...

Tusen takk Linda, for fine ord ♥ Jeg er glad skoene falt i smak :) knappene er noe jeg sitter og duller med på kveldstid, jeg kan ikke sy, så da får jeg bruke alt det finne stoffet jeg kommer over til å trekke knapper ;) Ha en herlig kveld!

Thea

Shus sa...

Åhh, dei var veldig fine! Og for ein service!! Sånt likar vi damer. Og til Thea, dei knappane var kjempefine!

Klem frå Solveig, som køyrer piggfritt i Kvinnherad...no good...

~Anna~ sa...

For eit fantastisk herleg innlegg! :) Ein må aldri unnskulde for å vere glad, vel? Eg synest ikkje bloggen er ein stad for klaging og sutring, (sjølv om det sjølvsagt kan passe å nemne det i blogginga, om ein har det spesielt tøft ein dag...) det er artigast å lese GLADE innlegg frå kreative og inspirerande bloggarar som deg! :)

Og så over til sjølve innhaldet: tøffe sko, nydeleg prinsesse, kule støvlettar og fantastiske ekstra-pakker! Du er heldig, og det er me óg, som får ta del i litt av dette. :)
Helsing frå Anna, som hittil har vore ein usynleg lesar, men som no vart så inspirert av både nydeleg nynorsk, ekte kvardagsglede og fine bilete, at dette vart ein KJEMPElang kommentar! ;)

Hanne Mette sa...

Så fine støvletter, også halv pris da! Det føles bra. :)
Skjønn lita snuppe du har også. Ser ut som en prinsesse! Tenker hun var fornøyd.
Klem fra Hanne Mette

Karinottilia sa...

Så fina stövlar! Nu blev jag bra sugen på ett par egna!

Rosa Rood sa...

Love these shoes! Remember me on the years of the 80…all of us wore Danish shoes like these :o)
Greetings from Amsterdam,
Maren

Whitebite sa...

herlig rimlandskap i Stavanger i dag!
ikke kjekt med glatte veier..men akk så vakkert!!

Kule sko. kule kuule sko.
rett og slett.

Lena sa...

Hei på deg! Utrolig koselig blogg du har, koser meg med hvert innlegg (for har jo fulgt deg en stund) :-)

Jeg har selv disse støvlettene og de er en fryd for beina! Skulle en dag tidlig i høst ut å finne pensko, men ramla over disse og de måtte jo bare bli med hjem :-) Har ikke angra et sekund (det er litt for varmt her i Trøndelagen enda til å bruke dem til daglig.. så gleder meg til kulda setter inn..)

Ha ei riktig så god helg!

Hilsen Lena

Related Posts with Thumbnails